Ot.prp. nr. 78 (1996-97)

Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova

Til innholdsfortegnelse

1 Innleiing, samandrag m.v.

1.1 Bakgrunnen for forslaget

1.1.1 Allment

Departementet legg med dette fram forslag til endringar i film- og videogramlova. Vi legg også fram forslag om endringar i straffelova § 382 om forbodne valdsskildringar.

Gjeldande lov om film og videogram har no verka i om lag ti år. I desse åra er mediebiletet blitt stadig meir spesialisert og fragmentert. Vi har fått ein sterk auke i talet på fjernsynskanalar, som blir mottekne via kabelanlegg eller satellitt. Det har òg vore ein auke i talet på valdsskildringar i biletmedia. Videospelarar er blitt allemannseige, og videogram representerer i dag ein viktig kulturell faktor i Noreg. Målingar syner at det var om lag 50 millionar «publikummarar» som såg film på videogram i 1996. Til samanlikning var det i 1996 ca 11.5 mill. kinobesøk. Auken i omsetninga av dataspel er stor, og formidling av levande bilete via elektroniske nettverk blir meir og meir vanleg.

Stortinget har ved fleire høve gitt uttrykk for ønskje om revisjon av lova, jf. òg at Kulturdepartementet i St meld nr 32 (1992-93) «Media i tida» gjorde framlegg om ei vurdering av lova med forskrifter.

1.1.2 Regjeringas handlingsplan mot vald i biletmedia

I Regjeringas handlingsplan mot vald i biletmedia, som vart lagt fram i mars 1995, er det foreslått fleire tiltak som inneber vurderingar og eventuelle endringar av film- og videogramlova og forskriftene til lova. Dette gjeld mellom anna spørsmålet om klagerett på dei vedtaka Statens filmtilsyn gjer om aldersgrenser, og spørsmålet om eventuell førehandskontroll av videogram.

Vidare vart det gjort framlegg om at forbodsgrensa for valdsskildringar i fjernsynssendingar skulle skjerpast, slik at same norm skulle gjelde alle medium med levande bilete.

1.1.3 Teknologisk utvikling

Stadig meir vil digital lagring og overføring av levande bilete skape grunnlag for ulike interaktive tilbod og tenester formidla over tele- og kabelnetta. I hovudsak vil det vere marknaden som avgjer kva for teknologisk utvikling vi får på medieområdet, m a o er det forbrukarane sine reaksjonar og om dei er villige til å betale for tilboda som vil vere avgjerande for utviklinga framover.

Det er dei seinaste åra utvikla ei rekkje nye måtar å lagre levande bilete på, m.a. på diskett, laserplater, CD-ROM, men også ulike former for distribusjon av lyd og levande bilete frå ein sendar til ein mottakar over ulike nettverk, t.d. Internett.

Også utviklinga av ulike former for data- og TV-spel har skapt eit behov for ei nærare avklaring i høve til aktuelt lovverk, spesielt film- og videolova og straffelova § 382.

Då den gjeldande lova vart utforma, vart levande bilete i hovudsak distribuerte på filmrullar rekna for kinoframsyning og videokassettar for utleige. Lovreglane speglar dette.

1.1.4 Forholdet til EØS-avtala

På bakgrunn av klage frå Norsk Videogramforening, har EFTAs overvakingsorgan ESA stilt spørsmål om dei norske reglane for omsetning av videogram samsvarar med dei pliktene Noreg har teke på seg gjennom EØS-avtala. ESA meiner at fleire av våre ordningar for kontroll med omsetninga av videogram er i strid med EØS-avtalas artikkel 11, som set forbod mot kvantitative importrestriksjonar eller ordningar med tilsvarande verknad. ESA hevdar også at ordningane ikkje kan oppretthaldast med heimel i artikkel 13 i EØS-avtala. Artikkelen gir heimel for å gjere unntak frå artikkel 11 dersom ordningane er naudsynte ut frå omsynet til m.a. offentleg moral, orden og tryggleik.

Kulturdepartementet har på denne bakgrunnen gått gjennom reglane på ny for å tilpasse regelverket til dei krava som følgjer av EØS-avtala. Departementet har i brev til ESA sagt at det vil bli gjort framlegg om å endre og forenkle lova.

I 1994 gjennomførte departementet ei undersøking av praktiseringa av løyveordninga for omsetning av videogram. Gjennomgangen synte at det er naudsynt å presisere regelverket.

Regjeringa gjer framlegg om å fjerne registreringsplikta for forhandlarar, importørar og produsentar. Registreringsordninga for sjølve videogrammet blir oppretthalden, og i den samanheng blir ansvarleg distributør registrert. Som ei følgje av EØS-avtala vil det ikkje lenger vere høve til å krevje at distributørane skal ha adresse i Noreg. Merkeordninga for videogram blir derfor foreslått endra. I og med at ein no opnar for registrering av videogram frå EØS-landa, meiner regjeringa at det av kontrollomsyn er naudsynt å oppheve høvet for distributørane til å trykkje merke direkte på omslaget.

Med desse endringane meiner regjeringa at regelverket vil vere i samsvar med EØS-avtala. Departementet gjer framlegg om at gebyr for registrering og avgift til Norsk kino- og filmfond (NKFF) skal krevjast inn frå distributøren, og at dette skal skje før videogrammet kan omsetjast til forhandlarane.

I tillegg til at det er naudsynt å gjere tilpassingar av omsyn til EØS-avtala, gjer departementet framlegg om nokre redaksjonelle endringar i lova.

1.2 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I kapittel 2.1 gjer departementet greie for verkeområdet for lova og problem knytte til nye medium og ny teknologi.

I kapittel 2.2 blir det foreslått at reglane om valdsskildringar i straffelova § 382 blir gjort gjeldande også i lov om film og videogram. Dette blir gjort med ei tilvising til straffelova § 382. Likeins blir § 382, saman med § 211 i straffelova, gjort gjeldande i film- og videogramlova § 7 ved ei tilvising til straffelova § 382.

I kapittel 2.3 blir det foreslått at straffelova § 382 blir endra slik at han femner alle biletmedium, slik at også andre måtar for utbreiing enn sal eller leige av videogram blir omfatta. Dette vil m.a. ha som konsekvens at formidling av levande bilete frå databasar i Noreg gjennom t.d. Internett blir omfatta. Regjeringa foreslår også at regelen skal gjelde film, videogram og liknande. Dette inneber at også andre medium enn film/videogram blir omfatta av regelen, til dømes dataspel. Det blir også foreslått at paragrafen blir utvida til å gjelde offentleg framsyning, utan omsyn til om framsyninga skjer i næring.

I kapittel 2.4 foreslår regjeringa at det blir innført klagerett på enkeltvedtak som er gjort av Statens filmtilsyn i høve til aldersgrenser og forbod mot framsyning av film. Retten til å klage vil i første rekkje gjelde distributørane, men også Barneombodet skal etter forslaget ha klagerett. For vedtak i samband med omsetning av videogram finst det ein avgrensa klagerett etter gjeldande reglar som blir ført vidare.

I kapittel 3.2 blir det foreslått endringar i den kommunale løyveordninga for utleige og omsetning av videogram. Regjeringa går inn for at løyveordninga blir ført vidare, men foreslår at kommunane skal få avgrensa rett til å fastsetje vilkår for tildeling av løyve til omsetning av film og videogram i høve til no. Kommunane kan fastsetje vilkår om breidd i utvalet av videogram. Det blir også foreslått å lovfeste krav om at den som omset film eller videogram skal ha fylt 18 år, i tillegg til at kunden må fylle den aldersgrensa som filmen eller videogrammet har.

Kapittel 3.3 og 3.4 omhandlar ordninga med registrering og merking av videogram for omsetning i næring. Regjeringa går her inn for å halde ved lag kravet om registrering og merking. Det blir foreslått å oppheve ordninga med trykking av merke på kassett og omslag. Ordninga har ikkje fungert etter føresetnadene og vil dessutan av kontrollomsyn vere vanskeleg å oppretthalde i høve til utanlandske distributørar når det ikkje lenger kan krevjast at desse har ansvarleg importør i Noreg. Det blir foreslått å oppheve dei gjeldande registreringsordningane for importørar, produsentar og forhandlarar.

I kapittel 3.5 foreslår regjeringa å leggje om innkrevjingsordninga for avgifta som skal betalast til Norsk kino- og filmfond (NKFF). Avgifta for framsyning av film og videogram blir foreslått ført vidare slik ho er i dag. Når det gjeld sal og utleige av videogram, foreslår regjeringa ei kroneavgift for kvart omsett videogram. Det blir gjort framlegg om at avgifta blir knytta til registreringsmerket, noko som vil gjera innkrevjinga av avgifta mykje enklare enn i dag, m.a. fordi avgifta vil bli kravd inn frå distributørane og ikkje den enkelte forhandlaren. For at inntekta til fondet samla skal bli om lag den same som i dag, reknar departementet med at avgifta vil liggje på om lag kr 4 per merke.

Kapittel 3.6 tek føre seg spørsmålet om obligatorisk førehandskontroll av videogram som skal omsetjast i næring. Regjeringa reknar med at fleire videogram enn i dag vil bli førehandskontrollerte, men gjer ikkje framlegg om at førehandskontrollen skal vere obligatorisk og altomfemnande. Dette vil bli ei for dyr og arbeidskrevjande ordning i høve til det ein kan vinne med slik kontroll.

I kapittel 4 blir det gjort greie for dei økonomiske og administrative verknadene som vil følgje av ei lovendring. Det blir lagt til grunn at gebyret per merke må aukast for å dekkje utgiftene i samband med endringane.

Til forsiden