Ot.prp. nr. 78 (1996-97)

Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova

Til innholdsfortegnelse

2 Undersøking om kommunal løyveordning for omsetning av videogram

1 Kommunane sine vilkår - undersøking I

Departementet ville med denne undersøkinga freiste å få oversikt over i kva grad kommunane har nytta seg av den gjeldande heimelen som opnar for å setje kommunale vilkår. og om dei ulike vilkåra som kommunane set er så samanfallande at dei i prinsippet kunne ha vore fastsett i forskrift for å gjere reglane meir oversiktlege.

Dei 22 punkta i undersøkinga dekkjer i hovudsak dei lokale vilkåra i kvar kommune. Sidan mange av vilkåra er ulikt formulerte. grunnar skjemaet seg på ei viss tematisk generalisering. Undersøkinga bygger på eit utval på 301 kommunar av totalt ca. 420. Alle dei største kommunane. rekna etter folketal. er med i utvalet.

Tabell 2.2.1 

Særskilte vilkår sett av kommunaneTAL%
1Løyvesøkjaren må ha fylt 18 år17457,6
2Løyve blir gitt til enkeltperson24982,5
3Løyve kan ikkje førast over til ein annan23377,2
4Løyve kan nektas dersom søkjar/eigar/dagleg leiar har vore straffa eller bøtelagt for krenking av §§ 211 eller 382 i straffelova, eller har drive verksemd i strid med reglane i lov om film og videogram26888,7
5Personalet i forretninga må ha fylt 18 år24179,8
6Kommunen har satt «tak» på talet for løyveinnehavarar72,3
7Kommunen går ut frå talet på innbyggjarar i kommunen når dei tildeler løyve10,3
8Kommunen har rett til å gjennomføre inspeksjon av/kontroll med verksemda til innehavaren av løyve20768,5
9Der skal eller bør vere breidd i tilbodet, særleg innan barnefilm og norskproduserte filmar25584,4
10Det blir stilt konkrete prosentkrav til utval når det gjeld barne- og norskproduserte filmar175,6
11For utleige kan ein krevje eit minimum av filmtitlar62
12For sal kan det krevjast eit minimum av filmtitlar00
13Det blir ikkje stilt krav til alderen på kunden62
14Kunden må oppfylle den anbefalte aldersgrensa på videogrammet26387,1
15Kunden må ha fylt 15 år165,3
16Kunden må ha fylt 15 år, men vere 18 år for å kjøpe/leige videogram med 18-års grense20,7
17Kunden må ha fylt 18 år31
18Andre krav til alder på kunden103,3
19Ein kan ikkje leige film på tvers av gjeldande vilkår for alder ved hjelp av fullmakt frå føresatte19263,6
20Det er ikkje tillatt med videoautomatar12742,1
21Det er ikkje tillatt med postordresal av videogram til forbrukar (kun sal over disk)11939,4
22Dersom der skjer brot på vedtektene blir løyvet inndregen28594,4

Hovudtendensar undersøking I

Stort sett alle kommunane i undersøkinga har vedteke eigne vilkår. Ser ein på svarfordelinga i tabell 2.1, kan det sjå ut som om kommunane praktiserer løyveordninga nokolunde likt. Mange kommunar har vedteke forslaga til løyvevilkår frå NKFF. Vilkåra i tabell 2.1 representerer i all hovudsak dei vilkåra som kommunane stilte då undersøkinga vart gjort. Departementet meiner at situasjonen er omtrent lik i dag. Som ein ser av tabellen, er 12 av dei 22 vilkåra fastsett i mellom 40 og 95 prosent av alle dei spurte kommunane, med eit snitt på 72 prosent. Dei resterande 10 vilkåra er det under 6 prosent av kommunane som har fastsett. Dette syner at det er nokre vilkår som jamt over blir meir praktiserte enn andre.

Undersøkinga har spesielt tatt føre seg vilkår som gjeld aldersgrenser for utleige og sal. Det syner seg at det berre er 2 prosent av kommunane som ikkje har sett krav til aldersgrense for sal og utleige. 98 prosent har spesifisert ulike krav til alder, og av desse er det heile 87 prosent som set same vilkår; at ein skal følgje den anbefalte aldersgrensa på videogrammet. Når det gjeld dei ulike krava som blir stilte til breidd i utvalet av videogram, syner det seg at det samla er 90 prosent av kommunane som set slike vilkår for løyve.

2 Kommunane sine syn på ordninga - undersøking II

Sidan det er kommunane som forvaltar løyveordninga, har departementet ønskt å kartleggje deira syn på ordninga, og korleis den blir praktisert. Eit spørjeskjema vart sendt alle kommunane i Noreg. Det kom inn 306 svar. Det vart spurt om løyveordninga burde oppretthaldast, eventuelt med kva grunngjeving. Vidare vart det spurt om kommunane ønskte å setje særskilde vilkår ved tildeling av løyve, eller om ein meinte desse burde vere felles for heile landet, gitt i forskriftene til lova. I denne samanhengen vart det også spurt om kva vilkår kommunane meinte var viktigast ved tildeling av løyve. Undersøkinga vart avslutta i desember 1994, og har gitt både eit kvantitativt og kvalitativt bilete av ordninga. Fordelinga i undersøking II kan oppsummerast i tre tabellar:

Tabell 2.2.2 

Svaralternativ. Kommunen meiner:TalPst.
A)Løyveordninga bør vidareførast. I tillegg bør kommunen kunne setje særskilde, lokalt tilpassa vilkår for tildeling16754,6
B)Løyveordninga bør vidareførast, men vilkåra for tildeling av løyve bør vere dei same over heile landet, det vil seie felles vilkår fastsett i forskrift8026,1
C)Løyveordninga bør ikkje vidareførast. Som ein følgje av det har kommunen ikkje ønskje om lokale vilkår for tildeling av løyve5317,3
D)Kommunen er i mot løyveordninga generelt, men dersom den blir vidareført ønskjer dei lokal styring. Svara kan vere grunna på feiltolkingar av skjemaet62,0
Sum306100

Tabell 2.2 syner den totale fordelinga av dei fire alternative svarkombinasjonane i spørjeskjemaet. I tabell 2.3 og 2.4 er spørsmåla om løyveordninga og eventuelle felles vilkår vurderte uavhengige av kvarandre.

Tabell 2.2.3 

Kommunane sitt forhold til:ForImotPst.
Løyveordninga80,719,3100
Å fortsatt kunne setje eigne vilkår56,643,4100

Synet på løyveordninga og synet på felles vilkår fastsett i forskrift er her analysert uavhengig av kvarandre. Talene tek utgangspunkt i tabell 2.2.

Når det gjeld synet på løyveordninga, viser undersøkinga ein oppslutnad blant kommunane på heile 81 prosent (A og B). 19 prosent meiner ordninga bør avviklast (C og D). Når det gjeld synet på å setje felles vilkår i forskrift, er fordelinga meir jamn. 43 prosent (B og C) er imot at kommunane skal ha heimel til å fastsetje eigne vilkår. 26 prosent (B) av desse meiner eksplisitt at det heller bør fastsetjast felles reglar i forskrift, medan ein av tala i punkt C ikkje direkte kan tolke at desse kommunane ønskjer felles reglar i forskrift.

Tala sett under eitt kan tyde på at kommunane ser det å ivareta omsynet til kontroll som viktigare enn det å leggje særskilde kulturpolitiske føringar på omsetningen.

Tabell 2.2.4 

Kommuner som ønskjer:TalPst.
Høve til å setje eigne vilkår16767,6
Felles vilkår for heile landet8032,4
Sum247100

Tabell 2.4 tek utgangspunkt i dei kommunane som vil vidareføre løyveordningane (A og B i tabell 2.2). Av desse er det ein tredel som meiner at vilkåra kunne ha vore felles. Talet kan tyde på at desse kommunane meiner at krava i lova og forskriftene i seg sjølve er dekkjande. Vidare kan ein sjå dette talet i samanheng med at svært mange kommunar har følgt dei vilkåra som KKL/NKFF oppmoda om, og at dei derfor høgst sannsynleg tenkjer seg at eventuelle vilkår for løyve i forskriftene til lova ville bli tilnærma likelydande.

Hovudtendensar undersøking II

Hovudinntrykket er at dei fleste kommunane meiner at omsynet til kontroll er den viktigaste grunnen til å vidareføre løyveordninga. Kommunane ønskjer sjølve å ha oversikt og styring med den lokale omsetninga av videogram. Mange ser det som rett at kommunen, som har lokal kjennskap til søkjarar, er den som skal ivareta ein slik kontroll. I svara frå spørjeundersøkinga legg nokre kommunar vekt på at sidan lova stadfestar at videogram er ei vare ein ønskjer å ha offentleg kontroll med, er det rett at dette blir utført i lokalsamfunnet utifrå eit nærleiksprinsipp. Sidan barn og unge er storforbrukarar av video, blir det framheva at løyveordninga verkar preventivt mot utgliding av regelverket.

Dei kommunane som vil oppretthalde praksisen med kommunale vilkår, meiner at det særleg er omsynet til at aldersgrensene blir følgt, og at det skal vere breidd i tilbodet, som er viktig. Særskilt er tilbodet til barn og unge nemnt. Mange kommunar ser det også som viktig å kunne setje grenser for talet på stadar som kan leige ut videogram og stille krav til at omsetninga skjer over disk.

Kommunane som er negative til ordninga, peikar særleg på vanskar med å praktisere vilkåra. Ofte handlar det om manglande kompetanse, at dei ikkje har kapasitet eller ressursar, eller at kommunen manglar rutinar for å gjennomføre slik kontroll. Mange meiner at marknaden for videogram er vanskeleg å kontrollere, og at løyve og kontroll burde vere Staten sitt ansvar.

Til forsiden