Ot.prp. nr. 78 (1996-97)

Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova

Til innholdsfortegnelse

Forslag til lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova

I

I lov 15 mai 1987 nr 21 om film og videogram blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 skal lyde:

§ 2. Kommunal løyveordning

Framsyning og omsetning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt. Dette gjeld ikkje omsetning av film eller videogram for vidareomsetning.

Løyvet kan givast for ein periode på opptil fem år. Løyvet kan nektast ellertrekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova. straffelova § 211 eller § 382eller bryt vilkår som er sette ved tildeling av løyvet.

Kommunen og Statens filmtilsyn har rett til å gjennomføre naudsynt kontroll med at den løyvepliktige verksemda blir driven i samsvar med dei reglane som gjeld.

Kommunane kan fastsetje vilkår for løyve til framsyning av film og videogram. Det kan ikkje fastsetjast vilkår som inneber totalforbod mot framsyning av film eller videogram i ein kommune.

Ved omsetning av videogram skal den som omset videogram til kunden i løyvepliktig verksemd ha fylt 18 år. Det kan ikkje omsetjast videogram til den som ikkje har nådd den aldersgrensa som er sett for videogrammet. Kommunane kan fastsetje krav til breidd i utvalet når det gjeld utleige av videogram.

Departementet kan i forskrift gi reglar om breidd i utvalet oggjere unntak frå kravet om løyve.

§ 3 skal lyde:

§ 3. Avgift til Norsk kino- og filmfond

Den som driv framsyning av film og videogram i næring. skal betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2.5 % av bruttoomsetninga. Dei avgiftspliktige skal føre særskild rekneskap for slik framsyning.

Den som vil ha eit videogram registrert for omsetning i næring. skal betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond per videogram. Stortinget fastset satsane.

Departementet fastset i forskrift nærmare retningsliner om avgiftsgrunnlag. utrekning og innkrevjing av avgifter.bruken av midlane og kan gjere unntak frå kravet om avgift.

§ 4 skal lyde:

§ 4. Førehandskontroll

Film eller videogram som skal synast fram i næring. må på førehand vere godkjent av Statens filmtilsyn. Departementet kan gi forskrifter om førehandskontroll av film og videogram som skal omsetjast til forbruker.

Statens filmtilsyn må ikkje godkjenne for framsyning i næring bilete som tilsynet meiner krenkjer sømd eller strir mot straffelova § 382.

Den som vil ha ein film eller eit videogram vurdert av Statens filmtilsyn. skal betale eit gebyr som blir fastsett av departementet.

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå kravet om førehandskontroll og betaling av gebyr.

§ 6 skal lyde:

§ 6. Klagenemnd for film og videogram

Enkeltvedtak som Statens filmtilsyn gjer etter denne lova kan påklagast til Klagenemnda for film og videogram. I høve til vedtak om aldersgrenser gjeld fristen på tre månader i forvaltningslova § 29 andre ledd først frå det tidspunkt ein film eller eit videogram blir gjort tilgjengeleg for publikum. I tillegg til distributøren kan Ombodet for barn og unge (Barneombodet) klage på dei aldersgrensevedtaka som har verknad for barn.

Klagenemnda blir utpeikt av departementet. som i forskrift gir nærmare reglar om klageordninga og om verksemda til klagenemnda.

§ 7 skal lyde:

§ 7. Registrering av videogram

Videogram som skal omsetjast i næring. må vere registrert i eit videogramregister i Statens filmtilsyn.

Statens filmtilsyn kan vurdere eit videogram før det blir registrert. Også videogram som alt er registrerte. kan vurderast. Eit videogram som Statens filmtilsyn meiner er i strid med reglane i straffelova § 211 eller § 382. kan ikkje registrerast. Det same gjeld videogram som er funne rettsstridig ved dom. vedteke førelegg eller som etter avgjerd av påtalemakta eller forhørsretten skal inndragast eller sperrast fordi det er eller kan vere i strid med reglane i straffelova § 211 eller § 382. Ansvarleg distributør kan likevelkrevje at videogrammet blir vurdert av Statens filmtilsyn.

Ein kopi av kvart videogram som er vurdert av Statens filmtilsyn. skal arkiverast i Norskfilminstitutt. Det same gjeld videogram som etter dom eller vedteke førelegg er funne rettsstridig og som blir inndrege.

Departementet gir i forskrift nærmare reglar om registrering av videogram.

§ 8 skal lyde:

§ 8. Merking av videogram

Videogram som skal omsetjast i næring skal merkast av distributøren.

Departementet fastset i forskrift nærmare reglar for merkinga. og kan i forskrift gjere unntak frå kravet om merking.

§ 9 blir oppheva.

§ 10 skal lyde:

§ 10. Gebyr for registrering og merking m.v.

Det skal betalast gebyr for registrering og merking m.v. Departementet fastset nærmare forskrifter om gebyr og om innkrevjing. Stortinget fastset satsane.

§ 12 blir oppheva.

§ 14 første ledd skal lyde:

Ansvarleg leiar for eit distributørfirma kan straffast med bot eller fengsel opptil tre månader om han i næring omset videogram som han kunne straffast for etter § 211 eller § 382 i straffelova om han hadde kjent til innhaldet. Han er likevel straffri om han godtgjer at han ikkje kan leggjast noko til last med omsyn til kontroll av innhaldet i videogrammet eller tilsyn med. rettleiing eller instruks for avløysarar. medarbeidarar eller underordna.

II

I Almindelig borgerlig Straffelov av 22 mai 1902 nr 10 blir det gjort følgjande endringar:

§ 382 skal lyde:

§ 382. Med bøter eller med fengsel inntil 6 måneder eller med begge deler straffes den som utgir eller frambyr til salg eller leie eller på annen måte søker å utbre film. videogram eller lignende der det i underholdningsøyemed er gjort utilbørlig bruk av grove voldsskildringer.

Det samme gjelder den som gjør slik bruk av grove voldsskildringer ved offentlig framvisning. herunder i fjernsynssending eller i formidling av slik sending her i riket. Straffansvaret omfatter likevel ikke den som bare har deltatt i den tekniske virksomhet i tilknytning til sendingen eller formidlingen.

Medvirkning straffes på samme måte. Uaktsomhet straffes likt med forsett.

Paragrafen gjelder ikke for film og videogram som Statens filmtilsyn ved forhåndskontroll har godkjent til framvisning eller omsetning i næring.

III

Ikraftsetjing

Lova her tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Dei enkelte reglar i lova kan setjast i kraft til ulik tid. Kongen kan gje overgangsreglar.

Til forsiden