Ot.prp. nr. 78 (1996-97)

Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova

Til innholdsfortegnelse

5 Departementets merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 2

Endringane i andre ledd inneber at kommunane i tillegg til å trekkje løyvet attende, kan nekte ein søkjar løyve dersom han har brote reglane i lov og forskrifter eller straffelova §§ 211 eller 382 eller dei vilkår kommunen har sett for utleigeverksemd.

Gjeldande tredje ledd blir oppheva og erstatta av reglar som gir kommunen heimel til å gjennomføre naudsynt kontroll med videohandlarane. Også Statens filmtilsyn skal kunne drive slik kontroll.

I fjerde ledd blir den heimelen kommunane i dag har til å fastsetje vilkår for framsyning av film og videogram vidareført.

Nytt femte ledd fastset nærmare reglar for sal og utleige av videogram. Alle som omset videogram i næring skal ha kommunalt løyve, såframt departementet i forskrift ikkje har gjort unntak etter paragrafens siste ledd. Paragrafen set krav om at den som omset videogram til kunden i løyvepliktig verksemd skal vere 18 år eller eldre. Ei verksemd som omset videogram, anten faghandlarar eller andre, kan difor ha tilsette under 18 år, men regelen inneber at desse ikkje kan selje eller leige ut videogram til kunden. Vidare blir det no lovfesta at videohandlarar ikkje kan leige ut eller selje eit videogram til kundar som har lågare alder enn det som er sett som rettleiande aldersgrense for videogrammet. Tidlegare sto kommunane fritt til å fastsetje vilkår for løyve til omsetningav videogram. Dette blir no innsnevra til berre å gjelde breidd i utvalet av videogram ved utleige av videogram. Kommunane kan såleis om dei ønskjer det formulere krav til breidd i utvalet for dei som skal leige ut videogram, anten det er faghandel eller nokon som har videogram som supplement til anna omsetning. Vilkår om breidd kan innehalde følgjande element: krav om mangfald i sjangerutvalet, ein nærare bestemt del norskspråklege videogram og ein nærare bestemt del film som høver for barn og unge. Vilkåra kan formulerast som eit generelt krav om eit visst tal på titlar eller som ein viss prosentdel av tilbodet. Kommunane står fritt til å fastsetje eitt eller fleire av vilkåra, og eventuelt formulere ulike vilkår på dei ulike områda. Vilkåra som blir fastsette må vere rimelege i høve til det som finst på marknaden. Kommunane kan ikkje sette andre vilkår enn desse. Departementet strekar under at det ikkje blir gjort framlegg om endringar når det gjeld høvet til å setje vilkår for framsyningav film og videogram i næring.

I nytt sjette ledd blir heimelen i gjeldande fjerde ledd til å gi forskrift om unntak frå kravet om løyve vidareført samstundes som det blir innført heimel for departementet til å fastsetje nærmare reglar i forskrift om breidd i utvalet ved utleige av videogram.

Til § 3

Endringa i paragrafen inneber at avgifta for omsetning og framsyning av film og videogram skal innkrevjast etter to ulike system.

Første ledd vidarefører regelen om at den som driv framsyning av film og videogram i næring skal betale ei avgift til NKFF på 2,5 prosent av bruttoomsetninga.

Andre ledd inneber at avgiftsinnkrevjinga for omsetning av videogram no blir lagt på distributørleddet, jf. pkt. 3.5. Endringa er knytt til omlegginga av merkeordninga for videogram.

Reglane i gjeldande andre ledd blir vidareført i nytt tredje ledd der departementet òg gjer framlegg om ein unntaksheimel for avgifta. Dette heng saman med dei formene for framsyning som skjer i næring, men der det ikkje er høveleg å krevje avgiftsbetaling. Til dømes kan framsyning av film på fly og ferjer vere aktuelle unntak. Departementet vil i forskrift fastsetje nærmare regler om innkrevjing, unntaks-, overgangs- og refusjonsordningar.

Til § 4

Endringa i andre ledd er nærmare omtalt i pkt 2.2.

I tredje og fjerde ledd er «avgift» endra til «gebyr» slik at det klårare kjem fram at dette er betaling for arbeid som blir gjort av Statens filmtilsyn. Gebyret skal òg dekkje ein del av utgiftene til klagenemnda, jf. pkt. 2.4.

Til § 6

Gjeldande § 6 blir oppheva. Etter gjeldande første ledd er det departementet som tilsetter dei sakkunnige medlemmene i Statens filmtilsyn. Slik tilsetjing blir no overført til Statens filmtilsyn, jf. merknader i kap. 2.4.6. Gjeldande andre ledd gir departementet heimel til å fastsetje nærmare forskrifter om verksemda i Statens filmtilsyn. Dette følgjer av allmenn forvaltningsrett og kan difor takast ut. Gjeldande tredje ledd gir unntak for klageretten i høve til vedtak etter §§ 4 og 5 i lova. Dette blir oppheva, jf. framlegget til § 6.

Etter gjeldande § 10 skal klager over enkeltvedtak som gjeld videogramregistrering avgjerast av ei klagenemnd. I § 6 første ledd blir klageordninga utvida til å gjelde alle enkeltvedtak som Statens filmtilsyn gjer etter lova.

Når det gjeld vedtak om aldersgrenser skal klageretten berre gjelde for distributørar og Barneombodet, sjå nærare om dette i pkt. 2.4. Med distributør må ein her forstå den som vil bringe filmen på marknaden, og såleis først må levere han til førehandskontroll. I høve til vedtak om forbod etter § 4 andre ledd vil det berre vere distributøren som har rettsleg klageinteresse.

I tillegg til distributøren skal berre Barneombodet kunne klage på vedtak etter § 5, då det er desse vedtaka som har konsekvensar for barn. Barneombodet kan likevel ikkje klage på vedtak om aldersgrense på 18 år, dersom bakgrunnen er at ombodet meiner innhaldet strir i mot norma i § 4, og filmen difor skulle vore forbode. Ombodet kan klage på vedtak om 18-årsgrense dersom ombodet meiner filmen burde hatt 15-årsgrense. Når det gjeld alle andre vedtak om aldersgrenser kan Barneombodet klage både med omsyn til for høge og for låge aldersgrenser.

I paragrafens siste ledd er det gitt heimel for departementet til m.a. å gi nærmare reglar om klageordninga og verksemda til klagenemnda. Dette vil t.d. vere reglar om Barneombodet sin rett til å sjå filmar før premiere.

Til § 7

Gjeldande første ledd andre punktum blir oppheva, sjå pkt. 3.3.

Tilvisinga i andre ledd til straffelova § 382 svarar til endringa i § 4. Som i § 4, er det i § 7 ikkje meininga å gjere innhaldsmessige endringar i nivået for kva som skal være tillate av valdelege skildringar.

Endringa i andre ledd siste punktum er ei redaksjonell endring, bortsett frå at det med endringa er distributøren som har rett til å få videogrammet vurdert.

Endringane i tredje og fjerde ledd er berre av redaksjonell karakter.

Til § 8

Endringane i første ledd inneber at det er distributøren som skal merke videogram som skal omsetjast i næring.

Andre ledd blir ført vidare, men i tillegg blir det gjort framlegg om heimel til å gjere unntak frå kravet om merking, jf. pkt. 2.1.3.2.

Til § 10

Gjeldande første og andre ledd blir oppheva.

Gjeldande tredje ledd blir nytt første ledd og gir heimel for gebyr for registrering og merking av videogram, jf. § 8. Gebyret skal gå til drift av videogramregisteret. I hovudsak gjeld dette administrasjonskostnader knytte til ekspedering og registrering av videogram, samt trykking, utsending og refusjon av merker. I tillegg til dette skal gebyret dekkje ein del av kostnadene ved drift av Klagenemnda for film og videogram og auka stikkprøvekontroll ved registrering og auka kontroll i videomarknaden.

Til § 14

Første ledd blir endra ved at det no er leiaren for eit distributørfirma som blir strafferettsleg ansvarleg, jf. endringane i § 8.

Til § 382 i Straffelova

Endringane i første ledd gjer at det ikkje lenger berre er utgiving, sal og utleige, men også utbreiing på anna vis, som blir omfatta. Formuleringa «eller på annen måte søker å utbre» omfattar m.a. spreiing av levande bilete over kabel- eller telenett, og formidling frå norske databasar, t.d. gjennom Internett. Vidare blir § 382 endra til å omfatte dei media som er «lignende» film og videogram. Dette gjeld m.a. dataspel og liknande, uavhengig av lagringsmedium. Til dømes vil eit slikt spel lagra på ei datafil som blir lasta ned via datanettverk vere omfatta. Enkeltbilete vil derimot ikkje vere omfatta av omgrepet «lignende».

Endringa i andre ledd gjer at § 382 no også vil gjelde offentleg framsyning, sjølv om framsyninga ikkje skjer i næring. Til no har framsyning i filmklubbar ikkje vore regulert av § 382, fordi dei ikkje har drive næringsverksemd, men etter endringa vil offentleg framsyning i filmklubbar òg vere omfatta av paragrafen.

I tillegg til standarden «utilbørlig» må det òg vurderast om skildringa har skjedd i «underholdningsøyemed» for å avgjere om ho er lovleg eller ikkje. Departementet vil i denne samanhengen streke under at det i dei tidligare forarbeida til paragrafen ikkje er sagt noko som skulle tyde på at vurderinga av kva som er utilbørlege valdsskildringar etter § 382 skal vere mindre streng enn det som gjeld etter film- og videolova § 4, og at det er det same nivået som skal leggjast til grunn. Vi vil vidare peike på at ei valdsskildring vil kunne sjåast som underhaldning dersom skildringa av reint spekulative grunnar er gitt eit skinn av å vere historie, vitskap eller liknande.

Det blir elles vist til det som er sagt om paragrafen i pkt. 2.3 og Ot prp nr 54 (1981-82).

Til forsiden