Ot.prp. nr. 78 (1996-97)

Om lov om endringar i film- og videogramlova og straffelova

Til innholdsfortegnelse

2 Verkeområde, vald i biletmedia, klageordning m.v.

2.1 Verkeområde til lov om film og videogram

2.1.1 Gjeldande rett

Verkeområdet til film- og videogramlova er fastsett i § 1, som lyder slik:

«§ 1. Verkeområde og definisjonar

Denne lova gjeld framsyning og omsetning av film og videogram i næring. Lova gjeld ikkje tilhøve som er regulerte i lov 4. desember 1992 nr. 127 om kringkasting.

Film er etter denne lova fotografiske eller teikna bilete som er sette saman på ein slik måte at dei lagar ei levande rørsle.

Videogram er etter denne lova eit elektronisk signal for lagring og attgiving av levande bilete som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar. Departementet kan avgjere at denne lova skal gjelde på Svalbard, Jan Mayen og på anlegg og innretningar på den norske delen av kontinentalsokkelen. Departementet kan fastsetje dei særskilde reglane dette krev.»

Paragrafen fastset det saklege verkeområdet for framsyning og omsetning av film og videogram i næring og definerer kva som ligg i omgrepa film og videogram. I Ot prp nr 20 (1986-87) er det uttalt (s. 18):

«Med framsyning i næring tenkjer vi på verksemd der sjølve framsyninga har eit økonomisk siktemål. Det er ikkje avgjerande om verksemda går med overskott eller tap. Vanleg kinoframsyning fell såleis inn under lova. Det same gjeld framsyning i samband med næringsverksemd, sjølv om framsyninga ikkje er det hovudsaklege ved verksemda.

Grensedraginga mellom framsyning i og utanom næring vil truleg vere mest vanskeleg når det gjeld framsyning av videogram, ettersom videoteknikken gjer det mogleg med framsyningar på stader og i situasjonar der film ikkje er aktuelt. Framsyning i forretningar, restaurantar, diskotek, hotellresepsjonar, på messer o.l. vil som hovudregel vere knyte til næringsverksemd. Det same gjeld framsyning på hotellrom og i butikkvindauge ut mot offentleg stad. Slike døme fell inn under verkeområdet til lova. Departementet meiner likevel at nokre av desse framsyningsformene bør vere unnatekne frå kravet om kommunal konsesjonsplikt, jf. merknadene til § 2 i lovframlegget.

Framsyning av film og videogram i undervisning, på politiske møte o.l. fell derimot utanom verkeområdet til lova. På same måten må ein vurdere framsyning på sjukehus, i sjukeheimar, aldersheimar, fengsel m.m. Det same gjeld framsyning i filmklubbar som blir drivne på same ideelle måte som klubbane i Norsk Filmklubbforbund. (...) «Omsetning i næring» dekkjer både sal og utleige. Omgrepet skal tydast på same måte som uttrykket «ervervsmessig omsetning» i Ot prp nr 64 for 1984-85 Om lov om merking og registrering av videogram m.v. Det heiter her m.a.:

«For at et videogram skal omfattes av loven må det ha vært beregnet på eller vært gjenstand for omsetning innenfor en virksomhet som har økonomisk formål. Omsetningen av videogram behøver ikke å være virksomhetens hovedbeskjeftigelse. Loven vil helt klart omfatte omsetning av videogram fra en bensinstasjon, selv om videogramomsetningen skulle spille en helt ubetydelig rolle sammenliknet med virksomheten forøvrig. Det bør imidlertid kreves at virksomheten har en viss kontinuitet. Leilighetsvise overdragelser av videogram som ikke tidligere har vært registreringspliktige, bør som hovedregel ikke utløse registreringsplikt.»

Med film forstår vi fotografiske eller teikna bilete som er sette saman på ein slik måte at dei lagar ei levande rørsle.

Med videogram forstår vi eit elektronisk signal som er skrive inn på eit medium eller ein informasjonsberar for lagring eller attgiving av levande bilete. Definisjonen dekkjer både videoband og videoplater. I regelen vil eit videogram ha både bilete og lyd, men lova dekkjer òg videogram som berre har levande bilete. Innspelte kassettar eller kassettar som berre inneheld lyd, fell utanom verkeområdet til lova.»

Sidan lova vart sett i kraft, har det vore ein omfattande auke av framsyning av film på hotellrom. I dei fleste høve skjer dette ved at gjesten må tinge og betale særskilt for å sjå bestemte filmar. Filmane blir sende ut til fjernsynsapparata på bestemte tider frå ein sentral på hotellet via hotellet sitt kabelanlegg. Sjølv om dette systemet ikkje var særleg vanleg då den gjeldande lova vart vedteken, er det heilt klart at dette er framsyning i næring, og at verksemda såleis fell inn under lova. Det same vil vere tilfelle dersom liknande framsyning av filmar skjer heime hos folk, og filmane er formidla over tele- eller kabelnettet frå ein sentral som driv dette i næringsverksemd på ein måte som ikkje er kringkasting. Etter dei gjeldande reglane skal den som driv slik verksemd ha løyve, filmane skal vere kontrollerte på førehand og det skal betalast avgift til Norsk kino- og filmfond.

Dersom mottakaren, etter tinging, sjølv kan velje når han vil sjå filmar som blir formidla over tele- eller kabelnettet, fell dette inn under lova som omsetning. Dette vil i prinsippet vere som om han hadde leigd ein videokassett.

TV- og dataspel, som oftast er sette saman av bilete skapt av datagrafikk, er ikkje blitt vurderte til å vere omfatta av lova. Slike spel krev ein så aktiv medverknad frå brukaren at det ikkje utan vidare er naturleg å oppfatte dette som eit videogram.

2.1.2 Høyringsnotatet og høyringsfråsegnene

I høyringsnotatet vart det peika på at gjeldande reglar om merking av videogram er problematiske når det gjeld omsetning av film frå ein sentral over telenettet. Det vart vist til at det vil vere lettare å løyse dette når ein veit meir om kva slags teknologi som vil bli brukt ved formidlinga. Departementet peika også på at det bør kunne gjerast unntak frå kravet om førehandskontroll dersom framsyninga skjer i heimen eller på liknande stad, t.d. i hotellrom, og frå kravet om merking der det ikkje er mogeleg å merkje på vanleg måte fordi det blir formidla over tele- eller kabelnettet. I begge høve var det ein føresetnad at det blir stilt krav om alternative kontroll- og merkeordningar som passar betre.

Nokre av høyringsinstansane peika på at det må klargjerast kva som fell inn under lova. Kommunale kinematografers landsforbund (KKL) meinar det er eit problem at nokre CD-ROM blir omfatta av lova, og andre ikkje. Dette, og spørsmålet om dataspel, bør etter KKLs meining klargjerast av departementet. Norske kinosjefers forbund meiner at lova bør femne om film over tele- og kabelnett. Også levande bilete på CD-ROM, diskettar etc, må vere omfatta, i tillegg til visse former for dataspel.

2.1.3 Regjeringas vurdering

2.1.3.1 CD-ROM m.v.

Då lov om film og videogram vart vedteken var det ikkje vanleg med andre lagringsmedium enn kinofilm og videokassettar. Det er difor reist spørsmål om korleis lova skal avgrensast mot nye medium, og kva som gjeld for nye distribusjonsmåtar av levande bilete.

I utgangspunktet dekkjer lova alle former for lagring av levande bilete. Dette vil i dag hovudsakleg gjelde videokassettar og laserplater. Nye medium med stor nok lagringskapasitet til film, brer no om seg. Ein spelefilm som blir lagra på eit slikt medium fell inn under definisjonen av eit videogram i lova. Regjeringa meiner det må skiljast mellom dei media som i all hovudsak inneheld levande bilete, og dei som berre har sekvensar av levande bilete som inngår i eit meir omfattande presentasjonsmateriale, t.d. leksikon. Det må vere innhaldet, og ikkje lagringsmediet, som avgjer kva som fell inn under lova. Ein må ta utgangspunkt i føremålet med lova, noko som vil føre til at t.d. leksikon på CD-ROM naturleg fell utanfor. Bilete og tekst som er lagra på slike CD-ROM-plater vil likevel vere omfatta av dei allmenne reglane om t.d. pornografi og valdsskildringar.

Data- og TV-spel, som blir distribuerte på diskett eller på anna vis, er som nemnt ikkje blitt vurdert til å vere omfatta av lova. Slike spel krev ein så aktiv medverknad frå brukaren at det ikkje utan vidare er naturleg å oppfatte dette som eit videogram eller ein film etter § 1. Samstundes er utviklinga på dette området akselererande, og mange spel har etter kvart fått svært naturtru grafikk- og lydeffektar. Regjeringa har difor vurdert om slike spel bør regulerast av film- og videogramlova, men er kome til at den noverande ordninga bør halde fram. Dette har samanheng med dei praktiske vanskane med å la dataspel vere omfatta av lova. For det første krev spela ein aktiv brukar. Dette inneber at ein ved kontroll av dataspel må kunne spele igjennom alle nivå i spelet, noko som vil ta svært lang tid. Kontroll med dataspel vil såleis vere svært tids- og ressurskrevjande. Det vil også vere vanskeleg for filmtilsynet å avgjere kva spel som bør vere gjenstand for nærare kontroll. Dei same problema vil reise seg i høve til kommunane som skal gi løyve til omsetning av dataspel.

2.1.3.2 Nye former for framsyning og omsetning av film og videogram

I dei siste åra har nye formar for framsyning av film og videogram i næring blitt aktuelt, noko som gjer det naudsynt å sjå på reglane i lova i høve til denne utviklinga. Dette gjeld t.d. framsyning av:

  • film på eigne filmkanalar over kabelnett på hotell der hotellet tek særskilt betaling for tenesta

  • film på offentleg transportmiddel, t.d. buss, fly og ferjer

  • digitalisert film frå databasar til brukarane over tele- og kabelnett, eller via Internett.

Dei reglane som gjeld i dag er ikkje alltid føremålstenlege i høve til nye formar for framsyning og omsetning av film og videogram.

Regjeringa meiner det er viktig at ein i størst mogleg grad utformar reglane slik at den teknologiske utviklinga ikkje er avgjerande for kva lova femner om. Der utviklinga av nye formar for framsyning og omsetning gjer dei gjeldande reglane, som er baserte på fysiske eksemplar, uaktuelle, må det vere høve til å fastsettje alternativ og gjere unntak slik at reglane kan gjennomførast i praksis. Samstundes må ein heile tida ha føremålet med lova i mente, slik at ein unngår å regulere høve som meir tilfeldig fell inn under lova. Regjeringa meiner t.d. at det i forskrift skal kunne gjerast unntak frå kravet om førehandskontroll dersom framsyninga skjer i heimen eller på liknande stad, t.d. i hotellrom, og frå kravet om merking der det ikkje er mogeleg å merke på vanleg måte fordi formidlinga skjer over tele- eller kabelnett. Det bør også vere høve til å gjere unntak frå kravet om løyve og avgift til NKFF der dette ikkje kjem i strid med føremålet til lova. Regjeringa gjer derfor framlegg om at det i forskrift skal kunne gjerast slike unntak. Dette kan t.d. vere at det i staden for vanleg merking av videogram blir sett krav om alternativ merking - t.d. digital - av filmar som blir omsette over datanett. Det blir gjort framlegg om at gebyret for registrering av videogram skal dekkje auka utgifter til kontroll.

Når det gjeld utsending av film og videogram over tele- eller kabelnett er det enno for tidleg å seie kva for teknologi og løysningar som her vil bli dei dominerande i åra som kjem. Dette må også sjåast i samband med utviklinga av digitalt fjernsyn. Regjeringa vil såleis vurdere spørsmåla i høve til anna lovverk på medieområdet, m.a. kringkastingslova.

2.2 Kriterium for forbod - lov om film og videogram § 4 og § 7

2.2.1 Gjeldande rett

I dag gjeld det ulike kriterium for kva som blir rekna som pornografi og ulovleg vald i film og videogram alt etter om det gjeld framsyning i næring, omsetning (sal eller utleige) i næring, eller framsyning i fjernsynssendingar. For grafiske framstillingar, som liknar mykje på det som i film- og videogramlova blir definert som «levande bilete», t.d. dataspel, er det inga lovregulering når det gjeld valdeleg innhald. Det same gjeld formidling av bilete med valdskildringar gjennom elektroniske oppslagstavler.

Ved lov 6 januar 1995 nr 3, jf. Ot prp nr 8 og Innst O nr 20 (1994-95), vart lov om film og videogram endra slik at det same kriteriet no blir lagt til grunn ved vurdering av valdsskildringar både i framsyning og omsetning av film og videogram i næring utanom fjernsyn.

For film eller videogram som skal synast fram i næring gjeld film- og videogramlova § 4 andre ledd, som lyder:

«Statens filmtilsyn må ikkje godkjenne for framsyning i næring bilete som tilsynet meiner strir mot lov eller krenkjer sømd eller verkar forråande eller moralsk nedbrytande.»

For omsetning av film og videogram gjeld film- og videogramlova § 7, som fastset at videogram som «Statens filmtilsyn meiner er i strid med reglane i straffelova § 211 eller som tilsynet meiner verkar forråande eller moralsk nedbrytande», ikkje kan registrerast for omsetning. Her gjeld også straffelova § 382 første ledd, men dette har lite sjølvstendig verde då film- og videogramlova § 7 legg ei strengare norm til grunn.

Ved framsyning i fjernsyn gjeld straffelova § 211 om forbod mot utbreiing m.a. av film og bilete med utuktig eller pornografisk innhald, og straffelova § 382 andre ledd, som set forbod mot at det med formål å underhalde blir gjort «bruk av grove voldsskildringer i fjernsynssending eller i formidling av slik sending her i riket.»

Etter gjeldande rett er det såleis ei strengare norm som gjeld for skildring av vald i «levande bilete» ved framsyning og omsetning i næring enn i fjernsynssendingar.

For pornografi gjeld ei noko strengare norm for framsyning av film og videogram enn ved omsetning og framsyning på fjernsyn, fordi kriteriet «krenkjer sømd» i film- og videogramlova § 4 blir vurdert til å vere noko strengare enn ordlyden i straffelova § 211. Kriteriet «krenkjer sømd» gjeld dermed berre for framsyning på kino og for framsyning av videogram i næring. Kriteriet fastset ei noko strengare norm enn det som gjeld for omsetning av videogram og for framsyning i fjernsyn, der straffelova § 211 gjeld. Dette heng saman med at kriteriet «krenkjer sømd» ikkje finst i straffelova § 211, som nyttar omgrepa «utuktig eller pornografiske». Forskjellen mellom dei to paragrafane inneber i praksis at ved omsetning av videogram og ved framsyning i fjernsyn er det ein til vanleg kallar «mjukporno» tillate, medan dette som hovudregel ikkje er tillate ved framsyning på kino. Omgrepet mjukporno nyttar ein til vanleg om film som berre skildrar seksuelle handlingar på ein slik måte at dei ikkje strir mot straffelova § 211. Dei gjeldande kriteria i film- og videogramlova tillet ikkje framsyning av filmar som berre har slike seksuelle skildringar som mål, men tillet einskilde scener der dei går inn som ein naturleg del av historia i filmen.

For TV- og dataspel og formidling av levande bilete via elektroniske oppslagstavler, t.d. gjennom Internett, gjeld straffelova § 211 for pornografisk skildring, men det finst inga lovregulering av valdsskildringar i slike medium med mindre formidlinga kan definerast som utgjeving, sal eller utleige av film eller videogram i næring og såleis fell inn under straffelova § 382 og lov om film og videogram.

2.2.2 Høyringsnotatet

Departementet gjorde i høyringsnotatet framlegg om at reglane i straffelova og lov om film og videogram skulle samordnast slik at ein ville få ei sams norm for kva som skulle vere tillate av valdsinnslag. Departementet drøfta òg om norma for tillatne pornografiske innslag burde endrast.

Departementet bad òg om høyringsinstansane sitt syn på om det same burde gjerast med omsyn til regulering av pornografiske skildringar. Dette kunne gjerast ved at ein i film og videolova viste til straffelova § 211. Dette ville i så fall innebere ei lemping for kva som ville vere tillate av pornografiske skildringar på kino.

Det vart foreslått at kriteria «forråande» og «moralsk nedbrytande» i film- og videolova §§ 4 og 7 skulle bli erstatta med ei tilvising til straffelova § 382 om forbod mot grov vald i biletmedium, samstundes som det vart gjort klart at den grensa for valdsskildringar som i dag gjeld i §§ 4 og 7 også skal gjelde i høve til § 382.

Det vart vidare foreslått å ta kriteriet «strir mot lov» ut av film- og videolova § 4. Kriteriet kom inn i filmlova i 1913 og det er no uklårt kva som ligg i det.

2.2.3 Høyringsfråsegnene

Det er allmenn oppslutning blant høyringsinstansane om at film- og videolova ikkje bør liberaliserast for å tillate «mjukporno».

Til spørsmålet om valdsnorma og tilvisinga til § 382, viser Barneombodet til at det skal meir til for å bli dømd etter straffelova, og meiner at framlegget med å vise til § 382 såleis i realiteten vil innebere ein liberalisering av kva som blir tillate av vald ved både ved framsyning av film/videogram og omsetning av videogram i næring. Kristelig kringkastingslag går i mot å fjerne «moralsk nedbrytande». Justisdepartementet sluttar seg til at nivået som er lagt til grunn i nogjeldande lov om film og videogram bør førast vidare i straffeloven § 382.

2.2.4 Regjeringas vurdering

Når det gjeld pornografiske skildringar, ønskte departementet som nemnt å få høyringsinstansane sitt syn på om det her burde skje ei endring. Regjeringa meiner at gjeldande reglar bør oppretthaldast på dette området.

Med omsyn til valdsskildringar vil departementet halde fast på framlegget om å erstatte «forråande» og «moralsk nedbrytande» i film- og videolova §§ 4 og 7 med ei tilvising til straffelova § 382. Framlegget vil ikkje føre til ei liberalisering i høve til det som gjeld i dag.

Regjeringa gjer vidare framlegg om å ta ut kriteriet «strir mot lov» frå film- og videolova, slik at Statens filmtilsyn berre skal måtte ta omsyn til skildringar av valdeleg og pornografisk karakter. Ved sida av at kriteriet sjeldan blir brukt, er det her særleg lagt vekt på at det ofte vil vere vanskeleg å trekkje opp grensa for kva som er straffbart når det gjeld t.d. rasisme og blasfemi. Omsynet til ytringsfridomen talar for at det ikkje bør vere førehandssensur ut frå desse kriteria, men at eventuelle brot blir følgde opp etter straffelova sine allmenne reglar.

2.3 Vald i biletmedia - straffelova § 382

2.3.1 Gjeldande rett

Straffelova § 382 set forbod mot omsetning (utgiving, sal eller utleige) av film eller videogram i næring der det for å underhalde er gjort utilbørleg bruk av grove valdsskildringar. I tillegg er det eit krav at omsetninga skal skje i næring. Paragrafen gjeld også grove valdsskildringar i fjernsyn. Han har i dag slik utforming:

«§ 382. Med bøter eller med fengsel inntil 6 måneder eller med begge deler straffes den som i ervervsvirksomhet utgir eller frambyr til salg eller leie film eller videogram der det i underholdningsøyemed er gjort utilbørlig bruk av grove voldsskildringer.

Det samme gjelder den som gjør slik bruk av grove voldsskildringer i fjernsynssending eller i formidling av slik sending her i riket. Straffansvaret omfatter likevel ikke den som bare har deltatt i den tekniske virksomhet i tilknytning til sendingen eller formidlingen.

Medvirkning straffes på samme måte. Uaktsomhet straffes likt med forsett.

Paragrafen gjelder ikke for film eller videogram som Statens filmkontroll har godkjent til ervervsmessig framvisning.»

Straffelova § 382 gjeld levande bilete. I forarbeida, jf. Ot prp nr 54 (1981-82), viste Justisdepartementet til at det då ikkje var eit stort problem med enkeltbilete som skildra vald, og var samd i Straffelovrådet sitt forslag om ikkje å ta med korkje teikna eller fotografiske enkeltbilete i § 382.

Paragrafen gjeld i dag ikkje for offentleg framsyning av film eller videogram. Det er i forarbeida vist til at film og videogram etter lova som galdt i 1982 ikkje kunne synast fram offentleg utan førehandskontroll. Ved lovendringa i 1987 vart dette endra slik at det er framsyning i næring som er avgjerande for førehandskontroll, ikkje offentleg framsyning.

Når det gjeld sensur for framsyningane til filmklubbane, la Straffelovrådet til grunn at «Klubbframvisninger vil som regel måtte regnes som offentlig visning etter nåværende filmkontrollov». I Ot prp nr 54 (1981-82) meinte Justisdepartementet «at utkastet til straffebestemmelse ikke bør omfatte framvisning i videoklubber så lenge slik framvisning omfattes av Filmkontrollens myndighet etter kinoloven.». Fleire filmklubbar vart på 1970- og 80-talet bøtlagde for å ha synt film i strid med dåverande filmlov. I 1987 vart filmlova endra slik at førehandskontroll ikkje lengre var knytt til offentleg framsyning, men til framsyning i næring. Med dette fall framsyningane i filmklubbane utanfor verkeområdet til lova, noko som inneber at det ikkje gjeld noko grense for kva valdsskildringar ein kan syne i klubbane, uavhengig av om framsyninga er offentleg eller ikkje. I Innst O nr 35 (1986-87) la komiteen m.a. til grunn at «... lova ikkje må tolkast slik at forbodne filmar kan synast i filmklubbar, og ber departementet vera særleg merksam på dette.».

I § 382 er vurderingstemaet utforma som ein rettsleg standard der det er sjølve valdsskildringa som er gjenstand for vurdering. Dette er omtalt slik i Ot prp nr 54 (1981-82), s. 14:

«Straffelovrådet peker på at man ved beskrivelsen av den straffbare handling står overfor to muligheter. Man kan for det første velge en «kausal» formulering, dvs. at man rammer den voldsskildring som kan virke forrående, brutaliserende, avstumpende osv. Det andre alternativ er å beskrive den straffbare handling uten å bringe inn skildringens mulige skadevirkninger. Straffelovrådet uttaler (s 16):

«Straffelovrådet antar at det ikke vil være hensiktsmessig å benytte den første av de nevnte formuleringsmåter. Etter denne tas det inn som en del av selve gjerningsbeskrivelsen at voldsskildringen må ha en bestemt virkning. Her bringes med andre ord et komplisert bevistema inn i selve straffbarhetsbedømmelsen, nemlig spørsmålet om voldsskildringers skadelige virkninger. En slik løsning vil lett føre til at bevisføringen i den enkelte sak, med gjennomgåelse av foreliggende forskningsmateriale, vil få et uforholdsmessig stort omfang. At voldsskildinger kan ha slike virkninger, er nettopp bakgrunnen for en straffebestemmelse, og det må anses unødvendig ved hver enkelt sak å bringe dette kompliserte spørsmål direkte inn i bevisbedømmelsen. Straffelovrådet antar derfor at et straffbarhetskriterium som gir en karakteristikk av selve skildringen som sådan, vil gi den beste løsning.» (...)

Straffelovrådet antar videre at selve voldsskildringen bør beskrives gjennom en rettslig standard, og ikke gjennom en mer utfyllende og konkret beskrivelse. Straffelovrådet antar at en slik mer utførlig og beskrivende form i realiteten ikke sier mer enn en kortfattet rettslig standard. De forhold som straffebestemmelsen skal beskrive - grove skildringer av vold - er dessuten så uensartete og varierte at det neppe vil være mulig å finne fram til et enkelt, men samtidig presist, uttrykk for hvor grensen skal trekkes mellom de skildringer som går inn under loven og de som faller utenfor. Voldsskildringen kan således forekomme i ulike sammenhenger, den kan være kort- eller langvarig, den kan være mer eller mindre virkelighetsnær osv.

Departementet er enig med Straffelovrådet i at en rettslig standard er den mest hensiktsmessige måte å beskrive voldsskildingen på.»

I gjeldande § 382 i straffelova er det eit krav at den utilbørlege valdsskildringa både skal ha til formål å underhalde og at ho skal vere grov. Straffelovrådet uttalte, jf. Ot prp 54 (1981-82) s. 39:

«Å stille som vilkår for straffbarhet at bruken av voldsskildringene er skjedd «i underholdningsøyemed», kan strengt tatt sies å være overflødig. Den nødvendige begrensning ligger allerede i «utilbørlig bruk». Men ved uttrykkelig å nevne underholdningsøyemed, får man bedre fram hva man ønsker å ramme: Den spekultative utnyttelse av interesse for vold som underholdning. Utenfor bestemmelsens anvendelsesområde faller skildringer som er gjort ut fra andre øyemed og som bør være tillatt uten hensyn til grovheten av den vold som skildres, f.eks dokumentarskildringer av krigshandlinger. På den annen side er det ikke tilstrekkelig å gi skildringen et skinn av historie eller vitenskap. Man kan bli nødt til å ta konkret stilling til om det er en seriøs framstilling eller et rent spekulasjonsprodukt.

Bestemmelsen er bygget opp omkring en standard («utilbørlig bruk») som gir anvisning på en helhetsvurdering av voldsskildringen. Det er ikke nok bare å se på grovheten av den vold som skildres. Flere momenter har betydning: Om skildringen er langvarig, om den voldelige atferd er fanget inn i påtrengende nærbilder eller om den finner sted på lang avstand, i hvilken sammenheng voldshandlingen er inntatt, om skildringen er virkelighetsnær osv.»

Ved høyringa av Straffelovrådet sitt framlegg var det nokre av høyringsinstansane som var i tvil om det burde vere eit krav om at skildringa skulle ha til formål å underhalde. Justisdepartementet uttalte til dette (s. 23):

«Departementet ser ikke bort fra at bevisføringen kunne forenkles noe dersom uttrykket «i underholdningsøyemed» tas ut. Etter departementets oppfatning bør dette utrykket likevel beholdes. Det kommer da klarere fram hva straffebestemmelsen tar sikte på å ramme, noe som har pedagogisk betydning. Departementet vil også understreke at straffebestemmelsen antakelig stort sett vil bli anvendt i tilfeller hvor det foreligger virkelig grove voldsskildringer, m.a.o i tilfelle hvor voldsskildringen klart ligger innenfor det straffbare etter utkastet. Det må antas å være relativt sjelden at grensetilfeller fremmes for domstolene.»

Nokre høyringsinstansar var den gong i tvil om reglane burde avgrensast til «grove» valdsskildringar. Det vart påpeika at ei valdsskildring som blir brukt utilbørleg som underhaldning generelt burde omfattast av straffelovbestemmelsen. Andre meinte at grensa for det ein vil ramme vart for snever, og at difor ordet «grove» burde gå ut. Justisdepartementet uttala til dette (s. 24):

«Etter departementets oppfatning må formålet med straffebestemmelsen først og fremst være å gi mulighet for å gripe inn overfor de virkelig grove voldsskildringer. Slik departementet ser det, må man akseptere at det i film og videogram finnes voldsskildringer som en i og for seg kunne være foruten, men likevel ikke er så grove at det er grunn til å la omsetning være straffbart. Slike voldsskildringer må motvirkes ved andre virkemidler. Departementet er etter dette enig med Straffelovrådet i at ordet «grove» bør være med i straffebestemmelsen.»

Eit forbod mot valdsskildringar må sjåast i høve til den ytringsfridomen som etter Grunnlova gjeld i Noreg. I Ot prp nr 54 slutta Justisdepartementet seg til straffelovrådet sin konklusjon om at det i denne samanheng ikkje var naudsynt å gå nærare inn på ei grensedraging mot ytringsfridomen (s. 35):

«Rådet finner det nemlig klart at et så snevert avgrenset forbud mot voldsskildringer i film og videogram som Rådet foreslår, ikke kommer i strid med den yttringsfrihet som grunnloven gir krav på.»

2.3.2 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet at straffelova § 382 skulle regulere innhaldet i all formidling av levande bilete, utan omsyn til distribusjonsform. Departementet gjorde difor framlegg om at lovteksten, på same måten som § 211 i straffelova, også skulle omfatte dei medieformene som kan karakteriserast som «liknande» eit videogram, til dømes dataspel eller TV-spel.

Det vart vidare foreslått at paragrafen ikkje lenger skulle avgrensast til næringsverksemd og at han skulle gjelde all offentleg framsyning. Dette ville m.a. dekkje formidling av levande bilete frå databasar og gi ei klår lovheimla grense for kva valdsskildringar som ein kan syne fram i m.a. filmklubbar.

I tillegg til utgiving, sal eller utleige foreslo også departementet at § 382 skal ha med «eller på annen måte søker å utbre», slik at anna formidling, til dømes spreiing av levande bilete frå databasar i Noreg via Internett, fell inn under regelen.

Vidare foreslo departementet i høyringsnotatet at kriteria «forråande» og «moralsk nedbrytande» i film- og videogramlova §§ 4 og 7 skulle gå ut, og at det i desse paragrafane blir vist til straffelova § 382, slik at Statens filmtilsyn ikkje kan godkjenne film eller videogram som strir mot reglane i straffelova. Fordi reglane i § 382 i dag er tolka noko meir liberalt enn kriteria i filmlova, foreslo departementet at norma frå filmlova skulle leggjast til grunn i ny § 382. Kulturdepartementet la vurderinga frå straffelovrådet til grunn for framlegget i høyringsnotatet, jf. Ot prp nr 54 (1981-82). Sjølv om det i gjeldande lov om film og videogram er nytta uttrykket «forråande», meinte departementet at ein burde halde fast ved ein rettsleg standard for vurdering av om skildringa er straffbar. Det vart også vist til at det ikkje er noko i forarbeida til dei to lovane som skulle tilseie nokon stor skilnad etter gjeldande rett, men fordi Statens filmtilsyn ikkje har tolka reglane slik, foreslo departementet at den strengaste tolkinga også skal gjelde i høve til § 382.

Departementet la i høyringsnotatet til grunn at ein framleis bør ha med som kriterium i § 382 at valdsskildringa skal vere «grov». Men fordi det vart gjort framlegg om at paragrafen skal gjelde alle biletmedium, foreslo departementet at kriteriet «underholdningsøyemed» skulle gå ut av § 382. Det ville då vere standarden «utilbørleg» som avgjer om ei valdsskildring er lovleg eller ikkje. Det skulle såleis ikkje vere naudsynt å bevise at ei valdsskildring, som t.d. er gjort tilgjengeleg i ein database, har som formål å underhalde.

Særskilt med tanke på spreiing gjennom datanettverk bad departementet om høyringsinstansane sitt syn på om utviklinga dei seinare åra har gjort at ein no burde vurdere å ta med enkeltbilete i lovteksten, slik at ikkje berre levande bilete, men også enkeltbilete, uavhengig av framstillingsmåte, blir regulert i lova.

2.3.3 Høyringsfråsegnene

Dei fleste høyringsinstansane stør forslaget om å utvide verkeområdet til straffelova § 382. Når det gjeld departementets spørsmål om at lova også skulle gjelde enkeltbilete, er det få instansar som i det heile har uttalt seg om saka.

Justisdepartementet uttaler:

«Justisdepartementet antar at det bør vurderes å fasette et forbud også mot voldsskildringer i enkeltbilder. En annen sak er at det regelmessig vil være grunn til å akseptere noe mer ved enkeltbilder enn ved levende fremstilling. Generelt vil vi bemerke at den teknologiske utvikling gjør at man i størst mulig grad bør ha strafferegler som er uavhengige av medium og fremstillingsform, for å unngå unødig prosedyre omkring tekniske spørsmål vedrørende reglenes virkeområde m m.»

Forbrukarombodet uttaler:

«Etter FOs syn er det på grunn av den økende voldsbruk en ser også via enkeltbilde, lite hensiktsmessig å skille på en slik måte at regulering her helt utelates. Som det fremgår av notatet vil virkningen av vold i enkeltbilde være mindre, og vurderingen av hva som vil være ulovlig vil derfor bli en annen. Det anses likevel å være av betydning å markere en grense for hva som skal tillates også ved bruk av enkeltbilde.»

Justisdepartementet peikar på at å ta ut «i underholdningsøyemed» frå § 382 kan bli misoppfatta slik at paragrafen vil omfatte nyheitssendingar m.v., men har på den anna side forståing for at det kan vere ein fordel å unngå spørsmålet om ei skildring er gjort i underhaldningsøyemed som bevistema. Justisdepartementet går av den grunn ikkje mot at «i underholdningsøyemed» går ut av § 382.

TV 2 er sterkt imot at ein tek ut «i underholdningsøyemed» frå lova. Dei meiner at kriteriet framleis må vere med, fordi det sikrar fri faktaattgiving. Dei finn omgrepet «utilbørleg» vanskeleg å bruke. Framlegget bør etter TV 2 sitt syn ikkje fremjast før ytringsfridomskommisjonen har avslutta sitt arbeid.

Norsk redaktørforening og Norsk journalistlag ønskjer ei nærare og meir konkret drøfting av framlegget om å ta ut omgrepet «i underholdningsøyemed», og forholdet til ytringsfridomen. Det blir vist til at ordlyden blir meir uklår i høve til Grunnlova § 100. Departementet blir bede om å sørgje for at rettstilstanden for nyheiter og dokumentarprogram framstår like klår og uavkorta i ny lov som i lova i dag.

I spørsmålet om å utvide straffelova § 382 til å gjelde alle medium, er det svært få innvendingar. Norsk filmklubbforbund er negative. Forbundet har sterke innvendingar mot framlegget om at forbodet skal femne all offentleg framsyning. Dei meiner dette strir mot ytringsfridomen, og peikar på filmklubbane som uavhengige kritikk- og debattforum, og behovet for å ta for seg fenomen som inneber valdelege og pornografiske skildringar. Korkje § 211 eller § 382 bør etter forbundet si meining gjelde for filmklubbverksemd «slik den drives av forbundets medlemsklubber».

2.3.4 Regjeringas vurdering

Regjeringa gjer framlegg om at § 382 bør utvidast til å femne om alle medium og andre utbreiingsmåtar enn utgiving, sal og utleige. Vidare meiner vi at paragrafen skal gjelde offentleg framsyning og at valdsnorma frå lov om film og videogram § 4 skal leggjast til grunn i § 382 i straffelova.

Regjeringa er ikkje samd med Norsk filmklubbforbund i at det vil vere eit urimeleg inngrep i ytringsfridomen å gjere § 382 gjeldande for offentleg framsyning. Som det er gjort greie for under pkt. 2.3.1 var dette regelen fram til 1987. Ved lovendringa var det då Stortingets føresetnad at lovendringa ikkje skulle føre til at forbodne filmar skulle kunne synast fram i filmklubbar. Det vil etter framlegget ikkje gjelde noko krav om førehandsgransking av filmar som filmklubbane set opp, med mindre framsyninga skjer i næring.

Regjeringa foreslo i høyringsnotatet å ta ut kriteriet «i underholdningsøyemed». Høyringsinstansane er negative til dette, m.a. av omsyn til problema med avgrensing til nyhende- og aktualitetsprogram. Departementet reknar med at dette vil bli vurdert av Ytringsfridomskommisjonen. Departementet reknar med at dette også vil gjelde skildringar i enkeltbilete og teikneseriar, og gjer difor ikkje noko framlegg om regulering av slike skildringar no.

2.3.5 Konsekvensar for dei ulike biletmedium

For framsyning av film og videogram i næring vil endringa i straffelova § 382 ikkje få nokre konsekvensar. Same norm som no vil bli lagt til grunn. For omsetning av videogram får det av same grunn heller ingen konsekvensar.

For fjernsynssendingar inneber forslaget ei viss skjerping i høve til no, jf. at § 382 også gjeld kringkastingsverksemd. I praksis vil endringa ikkje ha konsekvensar for dei norske kringkastingsselskapa.

Framlegget om at lova også skal gjelde offentleg framsyning, vil m.a. ha som konsekvens at slik framsyning i filmklubbane fell inn under lova.

Framlegget vil innføre eit strafferettsleg ansvar for formidling av valdelege levande bilete same kva for medium som blir nytta. Dette inneber at § 382 no vil gjelde både elektroniske oppslagstavler og ulike interaktive program, til dømes på TV- og dataspel og CD-ROM. Nokre av dei dataspela som finst på marknaden i dag har truleg valdsskildringar som vil vere ulovlege etter framlegget. Det blir ulovleg å omsette desse etter at lova har blitt sett i kraft.

2.4 Klage over vedtak i Statens filmtilsyn

2.4.1 Bakgrunn og gjeldande rett

Det er i dag høve til å klage over enkeltvedtak som gjeld registrering av videogram etter film- og videogramlova § 10. Klagene blir avgjorde av Klagenemnda for videogramregistrering.

Det er ikkje høve til å påklage dei vedtaka Statens filmtilsyn gjer etter film- og videogramlova §§ 4 og 5 om framsyning av film i næring, jf. lova § 6.

Spørsmålet om høve til å klage på vedtak i samband med førehandskontroll har tidlegare vore drøfta fleire gonger, m.a. av kinolovutvalet i NOU 1983:9, jf. også Ot prp nr 20 (1986-87) s. 16:

«Avgjerdene i Statens filmkontroll byggjer på skjønnsmessige vurderingar. Sjølv om Statens filmkontroll har personale med høg kompetanse på det pedagogiske, psykologiske og filmfaglege feltet, er det mogleg å reise kritikk mot avgjerdene - også blant folk innanfor desse fagområda. Dersom det skulle opprettast ei klagenemnd, ville ho måtte ha folk med dei same kvalifikasjonane som Filmkontrollen, men nemnda ville få langt færre saker til avgjerd og såleis få langt mindre røynsle i slike vurderingar enn dei har som til dagleg arbeider i Statens filmkontroll. Dette kan i sin tur føre til ein mindre konsekvent praksis når det gjeld sensurgrensene. På den andre sida vil ei slik klagenemnd kunne ha ein korrigerande funksjon som i somme høve kunne vere av det gode.

Det må òg takast stilling til om alle avgjerder i Statens filmkontroll skal kunne påklagast. Dersom usemje om aldersfastsetjing eller spørsmålet om kva og kor mykje som skal klippast vekk, skal kunne klagast inn for ein høgare instans, kan ordninga bli både omstendeleg og dyr. Klageretten kan til dømes avgrensast til filmar som blir totalforbodne av Statens filmkontroll. Dette er derimot eit så lite tal kvart år at det knapt gir grunnlag for å opprette ei eiga nemnd. Langt dei fleste filmane kan synast fram offentleg etter meir eller mindre klipping.

Alt i alt har ikkje departementet funne god nok grunn til å setje fram forslag om å opprette ei eiga klagenemnd. Bakgrunnen for dette er m.a. at det har vore liten strid om avgjerdene i Statens filmkontroll, og at dei praktiske problema og utgiftene i samband med etableringa av ei klagenemnd ikkje vil stå i noko rimeleg høve til det ein oppnår.»

Departementet har tidlegare varsla at spørsmålet om høve til å klage over vedtak i Statens filmtilsyn etter §§ 4 og 5 vil bli vurdert i samband med revisjonen av film- og videogramlova.

2.4.2 Forholda i dei andre nordiske landa

I Sverige, Danmark og Finland kan det klagast over tilsvarande vedtak. Dette gjeld ikkje i Island. Eit gjennomgåande trekk ved klageordningane i dei andre nordiske landa, er at dei aktuelle vedtaka berre kan påklagast av distributøren.

I Sverige blir klagar over avgjerder tekne av Statens Biografbyrå vurderte av ein eigen forvaltningsdomstol. Retten er samansett av to juristar, ein sakkunnig innanfor film og ein psykolog eller pedagog. Det er mogleg å anke avgjerdene vidare til «Regjeringsretten», men dette skjer ikkje ofte. Retten har berre kompetanse til å oppretthalde vedtaket eller til å setje ei lågare aldersgrense. I Noreg har vi ikkje nokon parallell til ein slik domstol.

I Finland finst det ei klagenemnd som vurderer klager over vedtak tekne av Statens Filmgranskningsbyrå. Klagenemnda har 11 medlemmer, som blir oppnemnde for tre år av gongen. Klagenemnda skal ha pedagogisk og psykologisk kompetanse. Filmbransjen er representert.

I Danmark kan distributøren påklage vedtak av Statens Filmsensur til ei klagenemnd som har fem medlemmer. Nemnda blir oppnemnt av Kulturministeriet, og medlemmene skal anten ha pedagogisk eller psykologisk utdanning.

2.4.3 Høyringsnotatet

Departementet la i høyringsnotatet fram forslag om ei klageordning også for vedtak om forbod eller fastsetjing av aldersgrenser for framsyning i næring. Det vart gjort framlegg om ei klagenemnd til å behandle klager på vedtak Statens filmtilsyn gjer etter film- og videogramlova.

Departementet la i høyringsnotatet til grunn at dei generelle klagereglane i forvaltningslova bør gjelde for klageordninga. Spørsmålet om ikkje berre distributørane, men også andre med rettsleg klageinteresse bør ha høve til å klage over vedtaka i Statens filmtilsyn, vart vurdert i høyringsnotatet. Departementet la i høyringsnotatet til grunn at Barneombodet har slik rettsleg klageinteresse på vegner av barn. Ein distributør vil vanlegvis kunne ha interesse av å påklage vedtak der han meiner ein film er vurdert for strengt, medan andre - særleg Barneombodet - normalt vil ha interesse av å påklage vedtak der Statens filmtilsyn har vurdert filmen for mildt.

2.4.4 Høyringsfråsegnene

Statens filmtilsyn stør opprettinga av ei klageordning for vedtak om aldersgrenser, men meiner at berre distributøren skal kunne klage, og peikar på det dilemmaet som oppstår dersom andre får klagerett og distributøren klager før filmen har hatt premiere.

Justisdepartementet uttaler:

«Justisdepartementet er enig i at det etableres en klageordning. Vi er imidlertid skeptiske til Kulturdepartementets antagelse om at Barneombudet etter gjeldende rett har rettslig klageinteresse. Vi stiller oss også tvilende til om en slik motivuttalelse i en særlov vil være tilstrekkelig til å fastslå at ombudet har klageinteresse. Dersom man ønsker å innføre en rettslig klageinteresse for Barneombudet, bør det fastsettes særskilt. Etter vår oppfatning bør det også sies mer om omfanget av den rettslige klageinteresse ellers. Det er f eks et interessant spørsmål om foreldre, evt deres organisasjoner, har rettslig klageinteresse. Dette bør vurderes i forarbeidene.»

Norske filmbyråers forening stiller òg spørsmål om kven som kan ha klagerett, og peikar vidare på at den endelege sensuren må vere bestemt den dagen filmen har premiere, og ikkje tre månader frå premieren.

Barneombodet meiner at Barneombodet bør ha høve til å klage:

«Forutsatt at ikke Barneombudet har klageinteresse i dag, blir spørsmålet om det kreves lovendring for at Barneombudet skal kunne klage på vedtak truffet av Statens filmtilsyn. Det kan tenkes at legalitetsprinsippet krever hjemmel i lov for Barneombudets klageadgang. Blant annet fordi Barneombudets klagerett kan gripe inn i distributørens mulighet til å slippe tvist om saken.»

2.4.5 Regjeringas vurdering

Sensur av film og videogram er vedtak som har store økonomiske konsekvensar for filmdistributørane. Vedtak om ei særskild aldersgrense vil få direkte innverknad på inntektspotensialet til ein film. Meiner distributøren at Statens filmtilsyn ikkje har gjort riktig skjønnsmessig vurdering, skal dei kunne klage på dette. Dei må òg kunne klage dersom Statens filmtilsyn gjer vedtak om å forby ein film. I tillegg meiner departementet at barna sine interesser gjer det ønskjeleg med ei klageordning.

Desse hovudhensyna ligg til grunn når departementet held fast på framlegg om ei klageordning for distributørane. Dette har fått brei tilslutning i høyringa.

Regjeringa har vurdert ulike løysningar for korleis ein best kan stø omsynet til barna og har kome til at Barneombodet bør kunne klage på sensurvedtak; anten på eige initiativ eller etter varsling frå publikum, men at andre enn Barneombodet og distributøren ikkje bør ha klagerett. Regjeringa har kome til at heimelen for ein klagerett for Barneombodet bør fastsetjast direkte i lova, slik at det ikkje skal vere nokon tvil med omsyn til om det ligg føre rettsleg klageinteresse.

Barneombodets klagerett bør vidare vere avgrensa til å gjelde sensurvedtak om film for barn, noko som tilseier klage på filmtilsynets vedtak om fastsetjing av aldersgrenser, men vil ikkje gjelde vedtak om å forby ein film eller vedtak om aldersgrense på 18 år.

Regjeringa meiner at det òg må vere klagerett etter at filmen har hatt premiere. Dette vil ikkje gjelde filmar som det er klaga på før premieren. Det vil ikkje vere tilfredstillande om Barneombodets klagerett skal vere avskoren etter at filmen har hatt premiere. Ein kan ikkje rekne med at Barneombodet skal ha oversikt over alle filmane før premiere. Barneombodet må difor ha høve til å vurdere klage på grunnlag av reaksjonar og debatt om filmen etter premieren. Publikum vil kunne vende seg til Barneombodet om dei meiner ein film har fått feil aldersgrense. Barneombodet vil ikkje ha nokon plikt til å klage på grunnlag av reaksjonar frå publikum.

For å redusere ulempene ved at vedtaket kan bli omgjort etter premiere, meiner regjeringa at Barneombodet bør få høve til å kunne be om framsyning av sensurerte filmar før premiere, slik at klagen kan bli vurdert før filmen kjem på marknaden. Ein kan ikkje vente at Barneombodet skal ha nært kjennskap til dei om lag 200 filmane som kvart år blir sensurerte i Statens filmtilsyn, men ombodet kan t.d. ønskje å vurdere filmtilsynets vedtak på grunnlag av debatt om filmen i utlandet. Vanlegvis går det fleire månader frå filmtilsynet gjer sitt vedtak til filmen får premiere. Det vil derfor likevel normalt vere mogleg å få avgjerd i ei klagesak før filmen har premiere. I tillegg til omsynet til distributøren sine interesser vil denne ordninga gjere det mogleg for ombodet gjennom klage å sikre at omdiskuterte filmar ikkje kjem på marknaden med for låg aldersgrense.

Barneombodet skal også få melding dersom distributøren klagar på filmtilsynets vedtak. Ombodet vil då få høve til å sjå filmen og å uttale seg.

Eit eventuelt vedtak om ny aldersgrense som følgje av ein klage etter at filmen har hatt premiere, vil - i tillegg til konsekvensane for den konkrete filmen - få retningsgjevande effekt for filmtilsynets framtidige vurderingar av aldersgrenser. Departementet føreset rask sakshandsaming i nemnda.

Regjeringa gjer ikkje framlegg om klagerett for andre enn distributøren og Barneombodet. Dette avgrenser m.a. dei praktiske problema og utgiftene i samband med ei klageordning.

2.4.6 Oppnemning av dei sakkunnige i Statens filmtilsyn

Etter gjeldande lov er det departementet som skal peike ut sakkunnige medlemmer i Statens filmtilsyn. Dette er etter regjeringas oppfatning ikkje lenger føremålstenleg. Regjeringa foreslår at regelen blir oppheva og at dei sakkunnige frå no blir tilsette av Statens filmtilsyn.

Noverande krav legg vekt på pedagogisk/psykologisk kunnskap og røynsle og filmkunnskap. Departementet legg vekt på at slik kunnskap framleis må finnast i filmtilsynet, men vil òg peike på at med det nye mediebiletet er det viktig å sikre størst mogleg breidd blant medarbeidarane, slik at òg annan fagleg bakgrunn enn pedagogisk/psykologisk og filmfagleg blir representert. Dette inneber at § 6 må opphevast.

Til forsiden