§ 21-7 - Svar på spørsmål om løyve til å oppføre ein bustad etter plan- og bygningsloven når tilkomstvegen har mellombels bruksløyve

Vi viser til din e-post datert 26. juni 2022. Departementet beklagar lang saksbehandlingstid.

Slik vi forstår e-posten er spørsmålet ditt om kommunen kan gi løyve til å oppføre ein bustad når tilkomstvegen er regulert til offentleg veg og det er gitt mellombels bruksløyve til vegen. Det blir elles føresett at vilkåra for å gi byggjeløyve er oppfylt. Om svaret er ja, ønsker du at departementet klargjer kva for vurderingar som kommunen skal legge til grunn.

Departementet kan ikkje ta stilling til konkrete enkeltsaker, og vi svarer derfor på generelt grunnlag.

Departementets svar

Innleiing og problemstilling

Vi går ut ifrå at spørsmålet må løysast på bakgrunn av ei tolking av plan- og bygningsloven (pbl.) § 27-4, som stiller krav om tilkomst i byggjesaka. Spørsmålet her blir om tilkomstkravet kan være oppfylt, når den aktuelle byggjetomta har tilkomst via ein offentleg veg som har fått mellombels bruksløyve.

Kravet om tilkomst i plan- og bygningsloven § 27-4

Det følger av pbl. § 27-4 første ledd at:

"Før opprettelse eller endring av eiendom til bebyggelse eller oppføring av bygning blir godkjent, skal byggetomta enten være sikret lovlig atkomst til veg som er åpen for alminnelig ferdsel eller ved tinglyst dokument​ eller på annen måte være sikret vegforbindelse som kommunen​ godtar som tilfredsstillende. Avkjørsel fra offentlig veg må være godkjent av vedkommende vegmyndighet, jf. veglova​ §§ 40 til 43."

Føresegna i pbl. § 27-4 skal sørge for at tilkomst er sikra «før opprettelse eller endring av eiendom til bebyggelse eller oppføring av bygning blir godkjent». Hovudregelen etter føresegna er at eigedomen skal vere tilknytt veg som er open for alminneleg ferdsel, anten direkte eller indirekte, jf. første ledd første og andre alternativ. Omsynet bak kravet om tilknyting etter føresegna er at eigedomen skal kunne nyttast som føresett. Kravet er også gitt av samfunns- og beredskapsmessige omsyn.

Det må gjerast ei konkret vurdering i kvar einskild sak om kravet til tilkomst etter pbl. § 27-4 er oppfylt.[1] Offentlege vegar vil som regel vere opne for alminneleg ferdsel, men tiltakshavar må dokumentere at vegen er open for alminneleg ferdsel dersom det er tvil om det.

Der byggjetomta har fasade til ein veg som er open for alminneleg ferdsel og det ikkje er nødvendig med vegforbindelse over annan manns grunn, er det berre krav om at sjølve avkøyrselen må være lovleg. Tiltakshavar må i slike tilfelle sørge for løyve om avkøyrsle frå vegstyresmakta for at tilkomstkravet skal vere oppfylt, jf. pbl. § 27-4 første ledd siste punktum. Dette vil likevel ikkje vere nødvendig om avkøyrsle går fram av arealplan.[2]

Skjer tilknytinga indirekte til veg som er open for alminneleg ferdsel, må tiltakshavar i tillegg dokumentere ein rett til å kunne nytte ein eksisterande privat veg, eller rett til å kunne opparbeide tilkomst (stikkveg) over det arealet som ligg mellom vegen open for alminneleg ferdsel og eigedomen til tiltakshavar. Ein slik rett kan dokumenterast ved tinglyst erklæring eller til dømes ved å vise til avtale med grunneigar(ar), at ekspropriasjon er gjennomført eller at vedtak om førehandstiltreding er gitt.[3]  Ved vurderinga av om tilkomstkravet er oppfylt, må bygningsstyresmakta i kommunen vurdere om det i stor grad er sannsynleg at ein domstol vil kome til at tilkomsten er sikra.[4] Departementet har i fleire saker lagt til grunn at dokumentasjonen til tiltakshavar må gi uttrykk for eit sterkt sannsyn for vegrettens omfang og eksistens for at vilkåret «sikret» skal vere oppfylt. Det er også eit krav om at tilkomsten skal vere «tilfredsstillende». Dette kravet opnar for at kommunen kan stille krav om standard og bredde. Det er opp til kommunens skjønn å avgjere om vegforbindelsen er «tilfredsstillende» i det einskilde tilfelle, jf. Ot.prp. nr. 45 (2007-2008) s. 186.

Tilfelle der den offentlege vegen ikkje er ferdigstilt

I vilkåret «sikret» i pbl. § 27-4, ligg det ikkje eit krav om at tilkomst må vere opparbeida før løyve blir gitt, det er tilstrekkeleg at retten er dokumentert.[5]

Departementet har i sak 16/5378 lagt til grunn at det ikkje er tilstrekkeleg å vise til at veg er regulert til offentleg veg etter arealplan og sidan vil bli opparbeidd etter pbl. § 18-1 første ledd og overteken av kommunen etter femte ledd i same føresegn. Før vegen er opparbeida og overteken av kommunen vil arealet som regel vere eigd av private. Tiltakshavar må i slike tilfelle, som nemnd over, anten vise til tinglyst dokument eller at tomta på annan måte er «sikret vegforbindelse som kommunen godtar som tilfredsstillende».

Dersom ein byggjetomt har tilkomst frå ein offentleg veg, som er open for alminneleg ferdsel, og vegen er opparbeida og har fått mellombels bruksløyve, må kommunen gjere ein konkret vurdering av om tilkomsten er sikra, sjå utgreiinga over.

 

Vedlegg:

Sak 16/5378

Sak 14/4467

Sak 22/735

 

[1] Sjå fråsegn i sak 22/735 (lagt ved).

[2] Pedersen, O.J og P. Sandvik m.fl. «Plan- og bygningsrett del 2 Byggesaksbehandling, håndhevelse og sanksjoner» 3. utg. (2018) s. 480-481

[3] Sjå fråsegn i sak 14/4467 (lagt ved) og sak 16/5378 (lagt ved)

[4] Sjå fråsegn i sak 20/3814 (publisert)

[5] Sjå også Innjord, Frode A. og Liv Zimmermann «Plan- og bygningsloven med kommentarer» bind II (2020) s. 863