Planforsking for ei berekraftig samfunnsutvikling

KDDs satsing på planforsking er godt i gang ved forskingsmiljø i heile landet. Prosjekta skal utvikle kunnskapsgrunnlaget slik at planlegging etter plan- og bygningsloven bidreg til ei berekraftig samfunnsutvikling.

Miniseminar om pågåande planforskning 

Fredag 22. april i år hadde planavdelinga kalla inn prosjektleiarane frå dei fem pågåande prosjekta innan planforskning til ein fagdag i departementet.

Formålet med seminaret var å presentere målsettingar med prosjekta, innhald, framdrift og nytteverdi for samfunnet. Du finn eit redigert opptak nedanfor. Her kan du sjølv sjå ferske presentasjonar av dei tema og prosjekt du har interesse av.

Nett-tv Planforsking for en bærekraftig samfunnsutvikling

Se sendingen her

Se sendingen her

Introduksjon ved kontorsjef Grete H. Haugdal i planavdelinga, KDD. Ordstyrar var seniorrådgjevar og FoU-koordinator Espen Koksvik i planavdelinga, KDD. 

Presentasjonar (pdf)

Om planforskning

Prosjekta ser på relevante tema som kommunal planlegging, attraktiv sentrumsutvikling, bustadpolitikk i byane, fritidsbustader og lovverk.

Kunnskapen som kjem ut av prosjekta skal kunne brukast av politikarar, forvaltninga og andre samfunnsaktørar. Eit viktig moment er også å auke kjennskapen til planfaget for kommande studentar og dermed styrke kapasiteten i den offentlege planlegginga.

Det er Forskingsrådet som på vegne av KDD lyser ut, evaluerer, tildeler og følgjer opp dei enkelte prosjekta. Planavdelinga i KDD held i dialogen med Forskningsrådet.

Prosjekta er samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv (Forskningsrådet).

Nordlandsforskning, OsloMET ved Norsk Institutt for by- og regionforsking (NIBR), Transportøkonomisk institutt (TØI) og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) står for dei fem prosjekta som er i gang. Fleire spanande partnarar frå m.a. offentleg forvaltning, forskings- og utdanningssektoren og privat sektor er trekt inn i prosjekta

Nokre av prosjekta starta opp i 2020 og skal gå ut 2023, medan NMBU sine starta opp hausten 2021 og skal gå ut 2025.

Se også presentasjonen nye forskningsprosjekter på planområdet v/Janike Harsheim, spesialrådgiver, Forskningsrådet (pdf) på Nettverkssamling for regional og kommunal planlegging 2021.

 

Nærare om prosjekta

Field of goals - Co-production and implementation of the Sustainable Development Goals in regional and local planning

Nordlandsforskning skal i dette prosjektet sjå på korleis FNs berekraftsmål kan implementerast i lokal og regional planlegging. Dei legg ut informasjon, rapportar m.m. på fieldofgoals.no.

 

Strategic Housing - The Social Sustainable City - the Role of Strategic Planning for Local Housing Markets Heterogeneity

OsloMET ser på kva rolle planlegging har, og kan ha framover, som verkemiddel for å utvikle ein sosial, berekraftig, bustadpolitikk i byane. Sjå meir frå prosjektet Strategic housing.

 

Citycentre - Planning, knowledge and collaboration for developing vibrant and attractive city centres

Transportøkonomisk institutt – TØI skal i sitt prosjekt sjå på korleis små og mellomstore byar kan planlegge for utvikling av meir attraktive og levande sentrum. Byane, Kongsberg, Tønsberg, Lillehammer og Arendal er valde ut som case-byar. Følg Citycentre prosjektet her.

 

Secplan - Planning for sustainable second-home development

NMBU har med seg ei rekke partnarar i dette prosjektet som har som mål å styrke planlegginga av fritidsbustader/hytter til å bli meir berekraftig. Vestfold og Telemark fylkeskommune, Valdres Natur og kulturpark og Øystre Slidre kommune er valde case-områder. Følgje Secplan prosjektet her.

 

Landtime - The Planning and Building Act between market demand, land policy, sustainability, temporality, and intergenerational justice

Det NMBU-leia samarbeidsprosjektet LANDTIME skal utvikle kunnskapsgrunnlaget om korleis planlegging etter plan- og bygningsloven (PBL), saman med relevant sektorlovgjeving, fremjar ei berekraftig samfunnsutvikling. Prosjektet har ei rekke nasjonale og internasjonale partnarar.  Les meir på Landtime prosjektet sine nettsider.