Norsk innsats for nedrusting og ikkje-spreiing

Traktaten om ikkje-spreiing av kjernefysiske våpen (NPT) er berebjelken i det globale nedrustings- og ikkje-spreiingsregimet.

NPT har vareteke global tryggleik i over 50 år. NPT-regimet har lykkast i å hindre spreiing av kjernevåpen, og det har lagt grunnlag for nedrusting gjennom 1990-talet og fram til i dag. I ein meir krevjande tryggingspolitisk kontekst med global polarisering og rustningsdrivande åtferd av land som Kina og Russland, er det viktig å støtte opp om NPT, og framme tiltak som er samlande og handlingsorienterte.

NPT kviler på tre hovudpilarar: 1) ikkje-spreiing, 2) fredeleg utnytting av atomenergi og 3) nedrusting. Noreg arbeider systematisk for å hegne om NPT og dei tre pilarane. Verifikasjon av nedrusting, sikring av og openheit rundt materiale som kan spaltast (fissile materiale), tiltak for å redusere risikoen for bruk av kjernevåpen, mangfald i deltaking og kompetanse- og kapasitetsbygging om nedrusting og rustningskontroll er viktige satsingsområde. Noreg har leidd det internasjonale arbeidet for nedrustingsverifikasjon over fleire år. Noreg tek òg initiativ for betre forståing av nedrusting og irreversibilitet – det vil si kva det betyr at nedrusting ikkje kan reverserast. Dette er viktig for å skape tillit til framtidig nedrusting.

Atomprogramma i Nord-Korea og Iran understrekar betydninga av eit sterkt, globalt ikkje-spreiingsregime. Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) har eit sentralt mandat i å oversjå at statspartane overheld ikkje-spreiingsforpliktingane sine. Som leiar av sanksjonskomiteen for Nord-Korea støttar vi opp om Tryggingsrådets avgjerd om at Nord-Korea må gi avkall på masseøydeleggingsvåpena sine og ballistiske missilprogram.

Noreg har ein tydeleg profil innan kjernefysisk nedrusting, og vil ytterlegare auke innsatsen for ei verd utan atomvåpen. Noreg vil vere til stades som observatør ved statspartskonferansen for traktaten om forbod mot atomvåpen (TPNW).