Innspel til profesjonsmeldinga
Nyheit | Dato: 27.04.2023 | Kunnskapsdepartementet
Regjeringa inviterar interesserte partar til å kome med innspel til stortingsmeldinga om profesjonsutdanningane.
Regjeringa skal leggje fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane i løpet av våren 2024. Meldinga, som førebels går under namnet profesjonsmeldinga, skal innehalde tiltak som bidreg til at samfunnet har god tilgang på kompetent arbeidskraft, at profesjonsutdanningane gir rett kompetanse og at vi har utdanningar som rekrutterer frå heile befolkninga. Hovudvekta skal vere på dei rammeplanstyrte lærar-, ingeniør, helse- og sosialfagutdanningane.
Det norske velferdssamfunnet har stor oppslutning og er prega av høg tillit, men velferdsstaten står likevel framfor fleire utfordringar. Noreg har ei lita befolkning og landet er stort og langstrekt. Lågare fødselstal og ei eldre befolkning gir færre personar til å løyse oppgåvene i velferdsstaten framover. Samtidig er det sannsynleg at forventningane og krava til velferdstenestene vil vere like høge eller høgare enn i dag, i åra som kjem.
– Det er kandidatar frå profesjonsutdanningane som driv heilt sentrale delar av den norske velferdsstaten, og som vi veit det er store behov for også i framtida. Gjennom dei seks innspelsmøta vi har hatt rundt i Noreg har vi fått diskutere både styrkar og utfordringar i utdanningssystemet med engasjerte folk. No vil vil ha endå fleire råd om korleis vi kan utdanne nok folk med god kompetanse til å jobbe og bu i heile landet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe
No ber regjeringa alle interesserte og aktuelle partar om innspel til arbeidet. Innspillbrevet går mellom anna ut til alle kommunar, universitet, høgskular og relevante organisasjonar. I tillegg kan sjølvsagt alle andre gå inn på nettsida til meldinga, lese brevet og levere svara sine.
Les grunnlag for innspel til profesjonsmeldinga
Innspelene legges fortløpande nederst på denne siden
Alle høyringssvar blir gjennomgått før dei blir synlege på regjeringa.no. Svar som inneheld truslar eller æreskrenkingar blir ikkje lagt ut.
Frist for å senda innspel til meldinga er 15.juni.2023.