Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 1/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna ei sak om småkraftsatsinga i fylket.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva inneheld mellom anna ei sak om småkraftsatsinga i fylket.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

 

Pilotanlegg for biogass til Hordaland?

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland fekk umiddelbar respons då avdelinga for kort tid tilbake vende seg til kommunane i fylket for å undersøkje interessa og potensialet for å søke om deltaking i eit pilotprosjekt for gårdsbasert biogassproduksjon. To av kommunane i Sunnhordland ser no ut til å gå saman om utgreiinga av det lokale grunnlaget for ei slik satsing: råstoffleverandørar og marknad.

I Sverige og Danmark er dei alt komne langt på dette området. Nå skal ni store pilotanlegg byggjast rundt om i Norge. Landbruksvdelinga og Innovasjon Norge jobbar hardt for å få to av dei ni store pilotanlegga til Hordaland, og Etne og Sveio er spesielt peika på.

Måndag hadde landbruksavdelinga møte med bønder i Etne og Sveio kommune for å orientera om biogass. Bonden skal i framtida vera meir enn leverandør av mjølk og kjøtt. Han skal selja energi. Ein bonde kan tena gode pengar på å utnytta møkk til biogass.

Størst lønnsemd ligg i å utnytta biogassen til vassboren varme. Ein kubikkmeter biogass gir ti kWh. Blandar du inn 15 prosent matavfall/avskjer frå slakteri, tredoblast energimengda. Hestemøk er best, men også høns, storfe og gris går fint. Eit vanleg anlegg kostar frå 1.5 til 3,5 millionar kroner. Eit anlegg som tek imot møkka frå 150 kyr blir rekna som lite (5.000 kbm. gjødsel).

Innovasjon Norge er på mange sett premissleverandør for satsinga, og prosjektet med pilotanlegg spring ut frå bioenergiprogrammet til selskapet. I tillegg til å fungere som medfinansiør er Innovasjon Norge ein særs viktig kompetanseformidlar innan bioenergi. Erfaringane frå gardsdrevne biogassproduksjonar i Noreg er så langt ikkje tilstrekkelege for å kunne konkludere når det gjeld anbefalt teknologi eller forventa økonomi.

Dette er bakgrunnen for at landbruksavdelinga og Innovasjon Norge framleis vil vere tilbakehaldne når det gjeld stønad til biogassplanar utover dei pilotprosjekta som ein no har lagt opp til. Ein har behov for å hauste meir erfaring knytt til levedyktige verdikjeder. Etter kvart som erfaringane kjem frå pilotanlegga er tanken at desse skal danne grunnlaget for ei langt breiare satsing i åra framover. Ein ser føre seg at anlegga som kan verte innvilga stønad etter pilotstudien kan verte betydeleg mindre enn pilotanlegga. Grunnen til dette er at ein no i fyrste omgang vil prioritere stønad til bønder som samarbeider om å utvikle komplette verdikjeder knytt til biogassproduksjonen.

Prosjekt Småkraft i Hordaland - Seminar i Samnanger 3. mars

Prosjektet går no inn i sluttfasen etter 3 aktive år. 120 potensielle småkraftprosjekt har fått hjelp til å greia ut om bekken er liv laga som framtidig energikjelde. Konklusjonen er at det er ikkje gullstraumar alt vatn som går unytta i havet, men vi har eit stort potensiale for utbygging av fornybare og miljøvenlege energimengder i Hordaland.

Med bakgrunn i at kraftutbygging ved forrige hundreårsskifte ofte var eit resultat av at pengesterke oppkjøparar ”rana” til seg billege vassrettar rundt om i landet, har Landbruksavdelinga hjå fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune gått saman om å oppmuntra fallrettseigarar med utbyggingsplanar rundt om i fylket, til å undersøkja om det er liv laga å byggja ut og drifta mikro-, mini-, eller småkraftverk i eigen regi. Fleire kommunar og eit par kraftlag har og vore med på spleiselaget.

       Småkraftverk. Foto: FM i Hordaland
Småkraftverk. Foto: FM i Hordaland

Ein har gjennom prosjektet prøvd å bevisstgjera grunneigarane om kva verdiar som ligg i å gjera jobben sjølv, både for seg sjølv og for bygdene. Ved å bruka lokale krefter som konsulentar, entreprenørar, vareleverandørar og finansieringskjelder kjem verdiskapinga bygdene direkte til gode. Å nytte ressursane i bekker og elver er eit sers viktig bygdeutviklingstiltak. Småkraftutbygging vert sterkt medverkande til å kunne halda oppe busetnaden i bygdene.

Prosjektet har hatt midlar som fallrettseigarane i fylket har kunne søkja om tilskot for å greia ut om bekken deira kunne gje eit positivt bidrag til fortsatt å kunne bu i bygda og oppretthalda busetnad, drift på bruka og lokal næringsutvikling.

Prosjektleiarane Ottar Haugen og Anders Hassel Stub har hatt mange samtalar med fallrettseigarar der prosjektleiarane har vore den nøytrale parten som ikkje skulle selja noko. Tilbakemeldingar tyder på at dette har vore nyttig for aktørane.

Som eit tilleggsresultat frå prosjektet kan det nemnast at Samnanger kommune er interessert i å starta opp eit kompetansesenter for småkraft. Samnanger har det meste av kraftanlegg i alle dimensjonar, ligg sentralt til og har alle naturgjevne kvalitetar som skal til for å lukkast med eit slikt tilbod.

Prosjektet vert avslutta våren 2009, rundar av ein 3-årig prosjektperiode. Ved å invitere alle som har interesse for utbygging av mikro-, mini- eller småkraftverk til eit seminar den 3. mars som Olje- og energiministeren Terje Riis-Johannesen opnar med innlegget: ”Utsikter og framtid for småkraftnæringa”.

Ei oppsummering no ved slutten av prosjektperioden syner at det er formidable summar som vil verta investert.  Dette sjølv om berre ein del av dei planlagde tiltaka prosjektet har hatt kontakt med vert realisert. 

Seminaret er høgaktuelt då det fell godt saman med at arbeidet med at fylkesdelplan for småkraft skal ut på høyring. Som fyrste fylke i landet er Hordaland no i ferd med å utarbeide ein fylkesdelplan for små vasskraftverk. Ei arbeidsgruppe sett saman av representantar frå ein kraftkommune, fylkeskommunen og fylkesmannen har utarbeida eit framlegg til fylkespolitiske mål og retningsliner. Gruppa har også presentert eit utkast til omtale av 14 underområde der ein forventar størst utbyggingspress. Til grunn for vurderingane ligg kart knytt til småkraftpotensiale, sårbart høgfjell, fjordlandskap, biologisk landskap, inngrepsfrie naturområde, fisk, kulturminne, friluftsliv og reiseliv.

Fokus på ungt entreprenørskap ved bruk av garden som allmennpedagogisk ressurs

Hovudideen til Fylkesmannen i Hordaland bak prosjektet Grønt i skulen er at skulen gjennom deltaking i prosjektet får høve til å prøve ut garden som ressurs for allmennpedagogisk læring. Bøndene får også høve til å prøve ut om Inn på tunet og samarbeid med skule kan vere ei interessant tilleggsnæring for dei. I Hordaland har vi gjennomført prosjektet Grønt i skulen sidan 2005 med støtte frå Landbruks- og matdepartementet, som gjennom fleire år har sett av bygdeutviklingsmidlar til å utvikle eit tilbod om lokal og sunn mat, medrekna frukt og grønt, til barn og unge. I vidareføringa av prosjektet set vi no fokus på ungt entreprenørskap.

Rett før jul fekk fem skular i Hordaland melding om tilskot til allmenpedagogiske samarbeidsprosjekt mellom gard og skule. Dei fem skulane er: Søreide skole i Bergen kommune, Øystese barneskule i Kvam kommune, Fusa oppvekstsenter og Strandvik oppvekstsenter i Fusa kommune og Hystad skule i Stord kommune. Skulane vil no bruke kunnskapen frå prosjekt Grønt i skulen samtidig som dei legg inn ungt entreprenørskap og elevbedriftar inn i opplegget.

Eit gardsbruk er ein arena for svært mange ulike arbeids- og læringsprosessar. Lærarane og bøndene har mellom anna teke med matematikk, norsk, fysisk fostring og utvikling av elevane sine sosiale samarbeidsevner i sine gard-skuletiltak. Eit gardsbruk har også eit stort potensiale for å prøve ut ulike former for ungt entreprenørskap. Sal av krydderurter, grønsaker, bær, fruktpaiar, eggsalg og vedsalg er ymse former for ungt entreprenørskap ein kan gjennomføre på eit gardsbruk.  

Gjennom prosjektet Grønt i skulen har ulike skular gjort seg mange erfaringar. Nokre elevar har delteke i beiterydding, istandssetting av gjerde, stell og foring av dyr og matlaging. Nokre elevar har teke del i gardsslakting. Då har ein hatt fokus på korleis vi kan nytte mest mogleg av dyret til mat. I etterkant av heimeslakting har elevane vore med og laga lammerull, pinnekjøtt, smalahovud med meir. Dyrevelferd har også vorte sett på dagsorden, med fokus på at dyret har det så bra som mogleg fram til det vert mat.

      Barnehage på gardsbesøk. Foto: FM i Hordaland
Barnehage på gardsbesøk. Foto: FM i Hordaland

Det vert forska på bruk av garden som pedagogisk ressurs både nasjonalt og internasjonalt. Høgskolen i Bergen utarbeidde i 2007 ein evalueringsrapport frå opplæring på gardsbruk med erfaringar frå Hordaland. Rapporten slår fast at bruk av garden som pedagogisk ressurs har positiv effekt for elevane som får høve til å ha ein praktisk skuledag på ein gard.

Gjuvslandslia i Kvinnherad er Hordaland sitt bidrag til dei mest verdifulle kulturlandskapa i jordbruket

Etter ein omfattande prosess er Gjuvslandslia innstilt som eitt av dei 20 områda i det nasjonale utvalet av spesielt verdifulle kulturlandskap i jordbruket. Dette går fram av tilrådinga som Statens landbruksforvaltning, Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har sendt til Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet.

Gjuvslandslia er på om lag 100daa og omfattar 7 teigar med i alt 6 eigarar. Området inngår også som del av Gjuvslandslia landskapsvernområde, som har plantelivsfredning av barlind og kristtorn som føremål. 

Gjuvslandslia er eit høstingslandskap i utmark, som består av utslåtter under garden Gjuvsland på Varaldsøy. Området har eit særprega kulturlandskap med fleire trua og rike kulturmarkstypar, og særlig er slåttemarka artsrik. Andre biologiske verdiar er knytt til lauveng, høstingsskog og rik edellauvskog. Viktige sårbare og trua engartar er t.d. hjartegras, engstarr, augnetrøyst, steinstorkenebb og vill-lin. Viktigaste treslag er barlind, kristtorn og ask. Lia inneheld ulike kulturminne som er knytt til driftsforma, som bakkemurar, veiter, rydningsrøyser, utløer og naust.

Gjuvslandslia - utløe og naust på teig. Foto: Synnøve Kløve Graue
Gjuvslandslia - utløe og naust. Foto: Synnøve Kløve Graue

Områda i utvalet vil fungere som nasjonale referanseområde og utstillingsvindauge. Kriteria som er lagt til grunn for utvalet er særprega, representative kulturlandskap med store biologiske- og kulturhistoriske verdiar knytt til jordbruket i Noreg. Forvaltning og skjøtsel av områda skal baserast på samarbeid mellom grunneigarar, kommune og fylke, der grunneigaravtalar vert utgangspunktet for framdrift og tiltak innan områda. Det er for 2009 sett av totalt 8 millionar kroner til forvaltning av dei 20 områda. I tilrådinga er det foreslått at kr 200.000 går til Hordaland. Midlane kan nyttast til investeringstiltak som istandsetting og restaurering, og til årleg vedlikehald og skjøtsel. Det er utarbeidd ein eigen forvaltningsplan, med skjøtselsplanar og kostnadsoverslag for Gjuvslandslia.

 

Nasjonal parkkonferanse 12. - 13. mai

Vi inviterer med dette til Noregs første nasjonale konferanse for regionale og lokale landskapsparkar. På fleire stader i landet er slike parkar under utvikling, og nokre er allereie etablerte. Sjølv om parkane har ulike namn, knyt ein grunnleggjande filosofi områda saman. Dette er berekraftige næringar, varsam turisme og ivaretaking av det verdifulle grunnlaget i parkane, nemleg det unike natur- og kulturlandskapet. Den viktigaste ressursen i desse særskilte områda er likevel menneska som bur der. Dei og erfaringane dei har samla i arbeidet med og i parkane, har hovudfokus på konferansen.

Det er Fylkesmennene i Hordaland og Sogn og Fjordane, Hordaland fylkeskommune, Telemarkforsking og Aurland naturverkstad som står bak Parkkonferansen. Ein inviterer til spennande føredrag frå inn- og utland i Stalheim, og besøk i verdsarvområdet Nærøyfjorden eller i landskapsparkane er inkludert. Søknadsfristen er 1. mars. 

Medan føredragshaldarar frå England, Tyskland og Sveits vil gje oss innblikk i prosessar, problemstillingar og suksessar i arbeidet dei gjer i sine land, vil dei norske bidraga fokusere på utvikling av parkkonseptet i Noreg. Ein del av konferansen vil gå føre seg i "felten". Vi vitjar ekskursjonsmål i to Landskapsparkar i Hordaland og i UNESCO-verdsarvområdet i Nærøyfjorden.

     

 

 

Stalheim, Nærøydalen.  Foto: Svein Ulvland
Stalheim, Nærøydalen.  
Foto: Svein Ulvland

Interessa for å verta bonde er større enn nokon gong før

Dersom oppslutnaden om helgas konferanse "No e' da min tur! - ei framtid på bygda og i landbruket", kan brukast som mål på unge si interesse for bondeyrket, går næringa lyse tider i møte! 

Konferansen som vart arrangert på Kabuso i Øystese, samla omlag 180 ungdomar frå heile Hordaland. Fellesnemnaren for dei frammøtte var interesse for gardsbruk og gardsdrift, og nysgjerrigheit på forretningsidear og moglegheiter i næringa. Dyktige innleiarar frå forsking, organisasjonar og lokale lag bidrog til stort engasjement og gode diskusjonar. Ikkje minst vart foredraga frå unge praktiserande bønder i fylket godt motteke av tilhøyrarane. Med stoltheit og stor glød bidrog dei unge innleiarane med nyttig kunnskap om  korleis den enkelte kunne nytta sin kompetanse, sine interesser og sitt gardsbruk til beste for næringa og bygda.

Fylkesmannen si landbruksavdeling saman med Noregs Bygdeungdomslag, Hordaland Bondelag, Hordaland Bonde- og småbrukarlag og Gjensidige stod som arrangørar av konferansen. I fellesskap vil desse institusjonane òg utarbeide ein samla plan for vidare ungdomssatsing og rekruttering til landbruket og bygda.

Det har kome mange gode oppslag i lokalavisene i Hordaland i etterkant av konferansen i Øystese der unge bønder som vil satse i landbruket og i bygda fortel kva som er deira motivasjon for satsinga. 

Treng du informasjon om ungdomssatsinga i Hordaland eller om arbeidet med plan for ungdomssatsing, kan du ta kontakt med Eli Janette Fosso via epost: [email protected] eller telefon: 55 57 21 83.

Eg fann, eg fann!! Kva fann du no?

Logo Eg fann, eg fann!!"Eg fann, eg fann" vart ein suksess i 2004. Saman med Innovasjon Norge mobiliserte landbruksavdelinga 200 personer til å ta fatt på ein prosess for å virkeleggjere idear knytt til utvikling eige gardsbruk. No tar vi fatt i dette på nytt, og saman med Innovasjon Noreg og Hordaland fylkeskommune inviterer vi interesserte til eit breiare nettverk og høve til å samarbeide med andre bedrifter og lære av kvarandre.

Bakgrunn for at vi inviterer til denne mobiliseringa er at vi ynskjer å gje ein revitalisering til alle som driv med matproduksjon og reiseliv innanfor landbruket. Det har i lengre tid vore etterspurnad etter dette tilbodet.

Vi ser no at det er stor underdekning i marknaden på spesialprodukt frå landbruket. Det er og ei stor interesse frå forbrukarar og reiselivsnæringa til at desse produkta blir tilgjengeleg. Innan bygdebasert reiseliv har ein som mål å auka verdiskaping basert på mat, natur, kultur og aktivitetsbaserte opplevingar.

På tre samlingar i februar, mars og april vil vi medverke til å utvikle fleire suksesshistorier innan landbruk og reiseliv. Der vil vi gje interesserte personar og bedrifter motivasjon og inspirasjon til å skape noko nytt. Målgruppa er småskalaprodusentar innan mat og reiseliv og personar som går med ein forretningsidé som kan utviklast vidare. 

Det vert jobba med produktutvikling, nisje, forretningsutvikling, marknadstilpassing med meir. Her vert grunnlaget lagt for realisering, og søknader til Innovasjon Noreg står for tur. Vi kan og røpe at “verdsminister” Hans Christian Medlien frå Lucky Næroset vil vere med under samlingane. Han vil ta oss med på ein kreativ tur - med alt av galskap vi treng for å tenkje nytt.

Målsetting med Eg Fann - Eg Fann 2009:

  1. Nyetableringar og utvikling av eksisterande mat og reiselivsbedrifter 
  2. Auka kompetanse innan gardsturisme, matproduksjon, foredling, sal og distribusjon. 
  3. Nettverk / samarbeid og vidareutvikle eksisterande miljø 
  4. Gardbrukarar går frå ein produsent-situasjon til sal av foredla produkt og opplevingar