Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om bustadutbygging spmgir mjølkeproduksjon.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om bustadutbygging spmgir mjølkeproduksjon.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.   

Bustadutbygging gir mjølkeproduksjon

Det er stor aktivitet med utbygging av bustader og industri i Nordhordland og nordre del av Bergen. Noko av overskotsmassane endar på garden til Magnar Askeland, og gir grunnlag for vidare mjølkeproduksjon.
 Beite laga av tilførte massar i framgrunnen. Bak kyrne var tidlegare ein dal, som no er fylt opp med om lag 80.000 kubikkmeter og er under oppdyrking.

Beite laga av tilførte massar i framgrunnen. Bak kyrne var tidlegare ein dal, som no er fylt opp med om lag 80.000 kubikkmeter og er under oppdyrking. (Foto: Ø. Vatshelle)

 
Det er stor aktivitet med utbygging av bustader og industri i Nordhordland og nordre del av Bergen. Noko av overskotsmassane endar på garden til Magnar Askeland, og gir grunnlag for vidare mjølkeproduksjon.

Magnar Askeland og naboen Helge Henanger ved Frekhaug i Meland driv mjølkebruk med kvote på høvesvis 185 og 360 tonn, og er blant dei store mjølkeprodusentane i Nordhordland. Planering og mottak av massar gjennom dei siste 13 åra har medverka til at dei klarar å halde oppe produksjonen, i eit landskap som frå naturen si side har mykje haug og hammar. Askeland har òg misst ein del areal til utbygging.

Dei fleste utbyggingsprosjekta gir store overskot av massar, gjerne også meir enn estimert. På eit utbyggingsprosjekt i utmarka ved Askeland sin gard, blei overskotsmassane berekna til 12.000 kubikkmeter, medan den reelle mengda har blitt nær 90.000 kubikkmeter.

Fleksibelt massemottak
Steinmassane som dei tek imot blir brukt til å lage vegar på arealet som skal dyrkast opp. Gode vegar er viktige for at entreprenørane kan køyre med fulle lass. Vegane fungerer òg som drenering. Seinare kjem dei til nytte som driftsvegar, flittig brukt av turgåarar frå bustadområda i nærleiken.

Askeland byggar opp ein voll rundt arealet før blaute jordmassar blir dumpa i midten. Slik klarar dei å gjere nytte av også våt utmarksjord, i tillegg til faste massar. Dei to mjølkeprodusentane har alltid nok prosjekt på gang til at både stein og myrjord kan brukast på rette plassen med det same. For å vere interessante for entreprenørane, må dei kunne ta imot ulike massar og store kvanta. På det travlaste har dei teke imot 120 billass med hengar om dagen, tilsvarande 2.000-2.500 kubikk.

Stor innsats for å få produktiv jord
Dei får betalt per lass, og brukar inntekta på vidare handtering av massane. Askeland og Henanger er særs godt nøgde med maskinførar Marius Bergesen som jobbar hos dei mesteparten av året. Dei leigar òg inn ulike ungdommar. Sjølve oppdyrkingsarbeidet kostar truleg rundt 20.000 kr/daa.

På blaut jord kan det gå 5-6 år før den siste finpussen på arealet er gjort. Blaute jordmassar får eit lokk med sand over. Arealet må takast att fleire gonger med påfyll, tørking av massar, drenering og ny jordarbeiding. Overflata blir forma med fall slik at vatn skal renne av. Det trengst røynsle for å tilpassa massane til terrenget rundt. Dei våte massane søkk gjerne saman eit par meter.

Tenkjar areal framfor kubikk
Areala blir sådd til fortløpande, og brukt til beite før dei blir ferdig dyrka opp til slåttemark. På den måten er arealet heile tida i produksjon. Til einkvar tid er det lite open jord, og det blir lite tilgrising med køyringa. Produktiv slåttemark og tråkksterke beite er det viktigaste målet for dei to mjølkeprodusentane. Det er omfattande for gardbrukarane å organisere dette sjølv, men dei meiner at det absolutt er verd innsatsen.

Henanger er skeptiske til resultatet når hovudmålet er å bli kvitt mest mogleg massar. Landbruksnæringa har mange dårlege erfaringar når entreprenørar skal stå for sluttføringa. Det er gjerne manglande kunnskap om korleis det øvste jordlaget skal vere bygd opp og korleis dreneringa bør bli gjennomført, eller det er ikkje gjort skriftleg avtale om alle detaljane.

Tett samarbeid med kommunen
Tett samarbeid med kommunen er ei av føresetnadene for at ein har klart å få i stand slik bruk av tilkøyrde massar i Meland. Lovverket er ikkje tilpassa dagens situasjon, og kvart av dei ulike dyrkingstiltaka kan komme i gråsona i høve til kva regelverk dei skal bli handsama etter. Askeland og Henanger skryt av kommunen som har vore innstilte på å finne gode løysingar.

Kommunen må vurdere om saka skal bli vurdert ut frå plan- og bygningslova med behov for dispensasjon frå LNF-føremålet i kommuneplanen. Dersom dette ikkje er nødvendig, kan handsaming som bakkeplanering (Forskrift om forureining, kap. 4) eller som nydyrking vere tilstrekkeleg. Det er òg aktuelt med dispensasjon frå krav i miljøplan.

Dersom arbeid med massedeponi til dømes inneber trafikk langs skuleveg, støy for naboar eller fare for naturmangfald kan det vere krav om reguleringsplan for å vurdere tilhøva. For framtida burde masseforvalting vere del av kommuneplanane i Hordaland, slik at ein står klar til å sikre god bruk av utbyggingsmassar.

Tiltak mot ureining
Askeland og Henanger må vere nøye med kva masser dei tek imot. Dersom det skulle komme restavfall i nokre av lassa, sit dei sjølv med ansvaret for forureining og opprydding. Berre reine jord-, grus- og steinmassar kan nyttast til utfylling. Innhaldet av helse- og miljøskadelege stoff må vere under normverdiane i forureiningsforskrifta.

Sjølv avrenning av «reine» jord- og steinpartiklar til vatnet kan påverke miljøtilhøva i vassdrag. Ved bruk av sprengstein er det ekstra viktig å unngå direkte avrenning grunna skarpe partiklar og nitrogenforbindelsar som er skadeleg for fisk og anna liv.

Det har vore diskutert om oppdyrkinga på gardane har medverka til at elvemuslingen i Mjåtveitelva blei utrydda i 2012. Askeland meiner at dei har god kontroll på erosjon og næringsavrenning med vollar mot elva, fangdammar og rask etablering av plantedekke.

Det er òg viktig med tiltak for å hindre spreiing av frø og planterestar frå framande artar. I samband med flytting av jordmassar på Bømlo har til dømes den svartelista arten boersvineblom etablert seg på stadig nye område, og det er alt brukt store ressursar i forsøk på å fjerne førekomstane.. 

Inn på tunet og kommunal fornying

Kommunal sektor er viktigaste kunde for dei fleste Inn på tunet-tilbydarar, men marknad og kontinuitet i innkjøp er ei utfordring. Prosjektet Inn på tunet i Indre Hardanger er eit fleirkommunalt fornyingsprosjekt, styrt av kommunal leiing, og skal føra til gode modellar for samhandling med overføringsverdi i regionalt og nasjonalt Inn på tunet–arbeid. 

I to år (2013-14) skal tre kommunar i Indre Hardanger; Odda, Ullensvang og Eidfjord, samarbeide om utvikling og bruk av Inn på tunet-tenester regionen. Prosjektet er finansiert med skjønnsmidlar frå Fylkesmannen, ikkje med bygdeutviklingsmidlar, og rådmennene i dei tre kommunane utgjer styringsgruppa i prosjektet. Denne forankringa er svært viktig for å oppnå resultatvinst. Gjennom informasjonsarbeid, rådgjeving og kompetansehevingstiltak mot både kjøpar- og tilbydargruppene, skal prosjektet løfta Inn på tunet som aktuelt tenestetilbod innanfor oppvekst, psykiatri, rusomsorg, arbeidstrening og demensomsorg. 

Prosjektleiar er Ragna Flotve, som har brei røynsle frå kommunale prosessar og næringsutvikling. - Næringsutviklingsperspektivet og samfunnet sitt behov for nye tenester til brukargruppene må sjåast i samanheng, understrekar ho. - For å få dette til må det utviklast effektive og tilpassa organiseringsmåtar, og synleggjera at tilboda skapar økonomisk og samfunnsmessig vinst. 

Røynslene frå Inn på tunet i Indre Hardanger og dei fire andre Inn på tunet-løft-kommunane i Hordaland, har allereie gitt verdfulle innspel til korleis ein systematisk kan arbeide med å gjera Inn på tunet til eit framtidsretta tenestetilbod i kommunane. Innspela vert inkludert i den nye regionale Handlingsplanen for Inn på tunet i Hordaland, som skal lanserast 1. februar 2014.

I august var forskarar og kommunal- og statleg forvalting samla til drøfting om kommunal satsing på Inn på tunet i Kvinnherad, ein av Inn på tunet-løft-kommunane.

I august var forskarar og kommunal- og statleg forvalting samla til drøfting om kommunal satsing på Inn på tunet i Kvinnherad, ein av Inn på tunet-løft-kommunane. (Foto: Frøydis Lindén)

Kostbar drenering i Hordaland

Tilskot til drenering av jordbruksjord har vore ei etterlengta ordning. Så langt har det likevel vore mindre pågang av søkjarar enn venta i Hordaland.

Etter at gravemaskina har gjort jobben, må ein gjerne ta i bruk traktor og handreiskap for å få ønska resultat med nedløp og tilkopling til eksisterande røyr.
Etter at gravemaskina har gjort jobben, må ein gjerne ta i bruk traktor og handreiskap for å få ønska resultat med nedløp og tilkopling til eksisterande røyr. (Foto: Leif Trygve Berge, Norsk Landbruksrådgiving Hordaland.)

Det er stort behov for å fornye og oppgradere dreneringa på dyrka areal i Hordaland. Fylket har mykje nedbør og tett organisk jord. Nær halvparten av dyrka jord i Hordaland er ikkje sjølvdrenerande i følgje estimat frå Skog og Landskap. På dette arealet finst mange gamle grøfter i dårleg stand.

Kostbar drenering
Ei årsak til relativt få søknader så langt kan vere at kostnadane med grøfting er høge i Hordaland. Med den faste tilskotssatsen på 1000 kr per dekar eller 15 kr per meter, vil tilskotet utgjere 10-15 prosent av kostnadane. Det kan tenkjast at mange ikkje ser seg råd til å grøfte fordi kostnadene blir for store og, tilskotet blir for lite. Det er òg tale om gardbrukarar som set i gang grøfteprosjekt utan tilskot, sidan dei ikkje ser seg tent med den låge tilskotssatsen.

Gravemaskina er noko av forklaringa på høgare dreneringskostnader i Hordaland enn på flatbygdene på Austlandet. Små areal eller mykje stein gjer at dei effektive metodane med rådalshjul eller kjedegravar oftast er umogleg. Ved reparasjon av våte parti får ein ekstra arbeid med tilkopling til eksisterande røyr. På myrjord må det vere tett mellom grøftene, og det er ein stor jobb å stabilisere grøftebotn. Stive røyr med stor dimensjon blir tilrådd for å unngå vasslås og tetting av slam.

Håpar på meir drenering framover
Det er ikkje gjort i ei handvending å innføre ei ny tilskotsordning. Grunna høgt arbeidspress på landbrukskontora har det teke litt tid før tilskotet blei lyst ut i alle kommunane. Ein del søknader kjem inn i desse dagar. Hausten er normalt full av nedbør, og ikkje den beste tida for grøftegraving her i vest.

Vi håper på auka dreneringsaktivitet gjennom vinteren og til våren. Grasdyrkinga inneber mykje køyring med tunge maskiner. For mykje vatn i jorda gir fare for jordpakking, med påfølgjande avlingsreduksjon og auka tap av næringsstoff til luft og vatn.

Dreneringshefte
For å få dreneringssystemet til å fungere godt i lang tid framover er det viktig med kunnskap om korleis ein skal handtere ulik jord og terreng. Mange praktiske tips er samla i heftet "Drenering – teori og praksis" som Fylkesmennene på Vestlandet og Sørlandet har gitt ut i samarbeid med Bioforsk og Norsk Landbruksrådgiving.

Sitkagran - verdfull ressurs på rett stad! 

Fylkesmannen i Hordaland har utarbeidd ei brosjyre om treslaget sitkagran. Treslaget tek mykje spalteplass i media, der skognæringa skryt av sitkagrana medan miljøverninteressene er sterkt kritiske.

Sitkagran har si naturlege utbreiding i Nord-Amerika og vart innført til Europa på 1830-talet. I Noreg er treslaget mest nytta i ytre strok langs kysten i samband med skogreisingsplanane frå 50-talet. I Hordaland utgjer sitkagran om lag 10 prosent av granarealet, som igjen utgjer 18 prosent av fylkesarealet. Lokale bestandar finst særleg ved kysten, men treslaget er altså relativt lite utbreidd i fylket - i motsetnad til debatten.

Brosjyra er eit fagleg bidrag om treslaget for skogproduksjon, samstundes som negative verknader og ønskjelege avgrensingar vert omtala. 

Sitkaskog
Sitkaskog (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)
 

Sterk satsing på lokale parkar

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) gir utviklingsmidlar til fleire lokalparkprosjekt rundt i landet. Dette styrker det lokale engasjementet i bygdene og mogleggjer lokal reiselivsbranding.

Logo, landskapsparkar
Logo, landskapsparkar (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

I 2013 vart det løyvd 9,5 millionar kroner over Verdiskapingsprogrammet for lokale og regionale parker. 2,25 millionar, eller 26 prosent av løyvingane gjekk til lokale parker (landskapparkar). Dette er eit viktig signal for liknande prosjekt rundt i landet. Lokale landskapaparkar får herved ei "sentral godkjenning" for bygdestyrt organsiering og prosesstyring. "Meir makt til lokalsamfunna" krev regjeringa si samarbeidserklæring. Lokalinitierte landskapsparkar der nærings- og forvaltingsinteresser vert vega for og imot, der samarbeid, entusiasme og satsingsvilje råder, kan være eit svar på denne målsetinga.

Lokale landskapsparkar starta som eit pilotprosjekt i Hordaland i 2006. Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Noreg tok initativ til eit regionalt program for lokale utviklingssonar basert på landskapsveridar over fleire år. Etter invitasjonsrunden vart 6 og seinare 8 parkar med i arbeidet. I 2011 vart prosjektet avslutta og parkane i Hordaland fortsatte prosessane på eigenhand. I 2012 vart Norske Parker som ein paraplyorganisajon for regionale og lokale parkar etablert.

KRD sitt verdiskapingsprogram har no sørga for at lokale parkar er under utvikling i fleire fylke. I 2013 fekk Tjøtta-Alstahaug Landskapspark og Okstindan Natur- og kulturpark i Nordland og Kystparken i Sollund i Sogn tildelt prosjektmidlar, i tillegg til Åkrafjorden og Stalheim Landskapsparkar i Hordaland.

Mat frå Fjord-Noreg i Berlin

Også i 2014 er mat frå Hordaland med på stormessa for mat og landbruk, Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin. Fokuset er mat- og kulturopplevingar for tyske turistar.

Som tidligare år satsar Landbruks- og matdepartemenet og Innovasjon Noreg stort på den norske presentasjonen på IGW. Messa er den største forbrukararenaen og det viktigaste møtepunktet for landbruk og mat- og bygdebasert reiseliv.

Noreg har i fleire år markert seg med ein stor og tydeleg designa stand der regionane har vore presentere i alt sitt mangfald. Aktørane på Vestlandet har lenge samarbeidd for ei heilskapleg framvising av matkultur og besøksmål i Fjord-Noreg. Måltidets Hus i Stavanger er prosjektleiar. Fylkesmennene og Innovasjon Noreg sine kontor på Vestlandet har etablert eit nettverk for å gje satsinga eit godt innhald kvart år. Toppkokkar frå regionen vår lagar smaksfulle matkreasjonar som underbyggjar fortelinga om Vestlandet som reisemål.

Kven som vert invitert med til IGW i 2014 er no avklart. I løpet av haust/vinter og før messa startar 17. januar 2014 ynskjer vi å presentere deltakarane frå Hordaland: Eikhaugen Gard, Håheim Gard, Skakke Foredling, Ostegården og Evanger pølsefabrikk.

Den norske standen ved Grüne Woche 2013
Den norske standen ved Grüne Woche 2013 (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

 

Kulturlandskapsprisen 2013

Fylkesmann Lars Sponheim delte ut Kulturlandskapsprisen 2013 på kr 50 000,- til Toril L. og Johan Børsheim for deira mangeårige innsats for arbeid med restaurering og utvikling av husmannsplassen Kvemmadokkje i Ulvik.

Fredag 18. oktober vart årets pris delt ut for den 18. gongen på eit arrangement på Kvemmadokkje på Børsheim gard i Ulvik. I 1995 tok landbruksdirektør Ole Bakkebø initiativ for å etablere ein pris som skulle fremme merksemda rundt den rolla som bonden har utover det å være matprodusent, men også å være ein forvaltar og skjøttar av landskapsverdiar i jordbrukets kulturlandskapet i Hordaland.

Årets tema for prisen var "Ny bruk av ledige landbruksbygg". Dette temaet er knytt til dei utfordringane som ligg i at fleire og fleire bygg går ut av bruk og forfell på gardsbruka kringom i Hordaland og landet elles.

I år har vi jakta på kandidatar som har vist interesse og kompetanse på å ta i bruk dei ledige landbruksbygga, og hatt som strategi å forvalta og skjøtta bygga på ei fram i frå måte, og skapt ny næring med utgangspunkt i eigne ressursar.

Kommunane i Hordaland melde inn 20 kandidatar. Juryen for prisen er breitt samansett av representantar frå Hordaland fylkeskommune, kommunane i Hordaland, Universitetet i Bergen, Norsk Landbruksrådgjeving, Hordaland Bondelag, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Fylkesmannens landbruks- og miljøvernavdelingar. Fylkesordførar og Fylkesmann deler anna kvart år prisen på eit arrangement hjå prisvinnaren. Vinnaren av årets pris vert Hordaland sin kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen i 2014.

Juryen valde å prioritere 4 av totalt 20 kandidatar, før den einstemming valde Kvemmadokkje på Børsheim gard i Ulvik som vinnar av Kulturlandskapsprisen 2013. Juryen grunngjev tildelinga av prisen med:

"Eigarane av husmannsplassen Kvemmadokkje på Børsheim gard i Ulvik har på ein heilskapleg måte restaurert bygningane på husmannsplassen samstundes om kunnskapen om dei tradisjonelle driftsformene på ein husmannsplass har vore vidareført. Både bygningar og dei gamle kulturmarkane som ligg i nær tilknyting til plassen er restaurerte og tatt i bruk til slått og beite. Eigarane har i prosessen med restaurering knytt til seg kompetanse frå nokre av dei dyktigaste handverkarane i regionen, samstundes som dei har tatt utdanning innan lokalhistorie og restaureringsteknikkar. Denne kompetansen er vidareformidla gjennom dei årlege husmannsplasstreffa eller ved guida omvisingar. For å skape ny næring på plassen har dei tatt bygga i bruk til servering og overnatting. Kreativiteten har vore svært stor når det gjeld å skape ny næring og merksemd rundt produktet. Både bygg og landskap er nytta som arena for formidling, konsertar og teater både med lokale og internasjonale artistar. Kvemmadokkje er eit framifrå døme på korleis ny bruk av ledige landbruksbygg vert ein ressurs for garden, og vil verte nytta som døme og inspirasjon for andre i fylket som går med tilsvarande idear.

Kvemmadokkje husmannsplass i Ulvik.
Kvemmadokkje husmannsplass i Ulvik. (Foto: S. Sørli.)