Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 3/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva innheheld mellom anna nytt om prosjektet Landskap i drift. Austrheim kommune satsar bevisst på eit levande kulturlandskap og dermed eit aktivt landbruk.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland er ute med ny utgåve av Fylkesnytt. Denne utgåva innheheld mellom anna nytt om prosjektet Landskap i drift. Austrheim kommune satsar gjennom eit samarbeid mellom grunneigarar, næringsaktører og brukarar på eit levande kulturlandskap og dermed eit aktivt landbruk.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

 

Bygdeutviklingsprisen til Økodrift Homlagarden AS

Bjørn B. Pedersen i Kvam er tildelt Bygdeutviklingsprisen 2009 for Hordaland. Han driv økologisk kalkunproduksjon som einaste i landet. Han driv og økologisk fruktproduksjon. I tillegg er han ein anerkjent keramikar.


Bjørn B. Pedersen i Kvam er tildelt Bygdeutviklingsprisen 2009 for Hordaland.
Foto: Leiv Vambheim

Produksjon og marknad
Pedersen har drive med økologisk kalkun sidan slutten av 1980-tallet. I 2009 vil produksjonen være ca 10 000 dyr og 56 tonn kjøt.

Pedersen har sjølv begrensa arealgrunnlag for kalkundrift, men har likevel sett gode utsikter til å oppskalere produksjonen. Dette gjer han gjennom å leige bygningar og beiteareal hos fem andre bønder i kommunen. Desse bøndene utfører delvis arbeidet med fôring og stell av kalkunane.

På eige bruk har Pedersen investert i eige kalkunslakteri. Han har også lagt ned betydelege ressursar i merkevarebygging og design.

Mestedelen av kjøtet selgast via Vestfold Fugl til ICA-kjeden, medan Økodrift Homlagarden AS foredlar og selg også ein del sjølv under eige merke til Coop og Meny-butikkar.

Det er sysselsett 9 personer og 3-4 årsverk i bedrifta, herav omlag halvparten kvinner. Pedersen har fått støtte av Innovasjon Norge til oppbygging av slakteri og til utvikling av bedrifta.

Kalkun på Holmlagarden AS
Kalkun på Holmlagarden. Foto: Holmlagarden AS

Homlagarden

BU-prisen
Juryen har lagt vekt på følgande:

  • Gardsbruket ligg i ein distriktskommune der det er viktig å bygge opp nye arbeidsplasser 
  • Bedrifta er under oppbygging men har oppnådd god omsetning og tilfredsstillande driftsresultat 
  • Pedersen er ein innovativ og dyktig bedriftsleiar, med vilje til nysatsing 
  • Bedrifta har ambisjonar og potensiale for vidare ekspansjon 
  • Eit godt døme på at sjølv små gardsbruk kan skape mange og gode arbeidsplassar 
  • Noregs einaste profesjonelle produsent av økologisk kalkun 
  • Pedersen har landet sin beste kompetanse på økologisk kjøtproduksjon 
  • Ei innovativ organisering av drifta, med involvering av mange gardsbruk, og god utnytting av ledige bygningar og areal

Juryen
I juryen for bygdeutviklingsprisen sit representantar frå Innovasjon Norge, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland bondelag og Hordaland bonde- og småbrukarlag.

Prisen er på kr 50 000 og vart utdelt av direktør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge under Hardangerkonferansen på Brakanes kurs- og konferansesenter i Ulvik.

Kva er bygdeutviklingsprisen?
Innovasjon Norge deler kvart år ut Bygdeutviklingsprisen. Prisen er ein næringsutviklingspris for kundar i Innovasjon Norge som har etablert ei vellukka bedrift med basis i bygdene og landbruket sine ressursar.

Formålet med prisen er mellom anna å synliggjere gode resultat frå landbruksrelatert næringsutvikling. I kvart fylke vert det kåra ein fylkesvinnar, og desse konkurrerer så om den nasjonale prisen.

Målgruppe
Hovedmålgruppa er bedrifter med næringsverksemd (utanom tradisjonelt landbruk) i tilknytning til landbrukseigedommar. Bedrifta må ha motteke finansiering frå Innovasjon Norge eller SND siste fem år til landbruksrelatert bedriftsutvikling.

Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriterier: 

  • Økonomisk resultat/lønsemd 
  • Sysselsetjing, særleg for kvinner og ungdom 
  • Miljøvurdering 
  • Utnytting av lokale ressursar, fortrinn og ringverknader i lokalsamfunnet 
  • Nyskaping/originalitet

Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50.000 kroner. Vinnarane deltek i konkurransen om den nasjonale prisen som er på 200 000 kroner.

Nærmare opplysningar kan ein få ved:
avd.leiar i Innovasjon Norge, Ole-Andreas Smette, tlf. 55 55 93 91.
eller direktør i Innovasjon Norge, avd Hordaland, Nina Broch Mathisen, tlf. 55 55 93 44.
eller Matattache ved Fylkesmannen si landbruksavdeling, Gunnar Nagell-Dahl,
tlf. 55 57 21 50.
 

Alt landskap tel!

Den første nasjonale landskapskonferansen etter at Noreg forplikta seg til å følje opp den Europeiske landskapskonvensjonen blei gjennomført i Bergen den 24. og 25. november. 230 deltakarar frå heile landet, frå kommunar, regionalt nivå, departement og ulike fagmiljø fekk mange interessante innspel frå politikarar og fagfolk.

Noreg vedtok som det første landet i Europa å sette i verk konvensjonen i 2004. Den europeiske landskapskonvensjonen sitt føremål er å verne, forvalte og planleggje landskap og organisere europeisk samarbeid. Konvensjonen omfattar alle typar landskap; by- og bygdelandskap, kyst- og fjellandskap. Konvensjonen legg særleg vekt på landskapet der folk bur og arbeider og der barn veks opp. Landskapet omfattar både kultur og natur. Det er personleg og inkluderande, fordi vi alle skaper vår eiga oppleving av landskapet på grunnlag av bruk, minner, assosiasjonar og kunnskap. Det er desse personlege erfaringane som gir landskapet kulturelle og sosiale verdiar, i tillegg til dei miljømessige og økonomiske. Eit viktig mål med konvensjonen er å styrkje enkeltmennesket og lokalsamfunnet si deltaking i arbeidet med planlegging, vern og forvalting av landskap.

Paneldebatt med politikarar.
Paneldebatt med politikarar. Frå venstre: Bjørg Tysdal Moe, Nestleiar i KS og varaordførar i Stavanger, Eivind Snorre Brenna, ordførar Vestre Slidre kommune, Terje Søviknes, ordførar i Os kommune og Jan Ivar Rødland, ordførar i Granvin kommune.

Konferansen fokuserte på ei ny forståing av landskapet, og kvardagslandskapet har fått ein ny og brei fokus. Dessutan blir landskapet i større grad definert som leveområde for folk, slik mennesket opplever det. Diskusjonane går ikkje så mykje på  vern av natur eller landskap, men i større grad i å revurdere kvardagslandskapa der vi bur og arbeider. Eit anna moment som er sterkt vektlagt er at landskapa endrar seg, både i forhold til naturen sine eigne prosessar og gjennom menneska sine inngrep. Oskar Puschmann i Skog og landskap illustrerte dette på ein glimrande måte gjennom sitt innlegg ”Landskap i endring”.

For å kunne dekkje eit så omfattande tema som landskap valte arrangørane å kjøre fagsesjonar med brei fokus: Vegen i landskapet, Klimautfordringar, Verdiskaping og planlegging (Landskap i plan).

Det ble vist to filmar som fokuserer på landskap; ein med fokus på kvardagslandskapet og ein som tok føre seg landbruk og kulturlandskap i ein historisk og bærekraftig samanheng (Demeters åkre). Filmen ”kvardagslandskapet” er finansiert av Miljøverndepartementet og Statens vegvesen, og kan tingast hjå Miljøverndepartementet ([email protected]).

Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune har dei siste tre åra gjennomført eit pilotprosjekt saman med fire kommunar i Hordaland, knytt opp mot landskap og landskapskonvensjonen. Dei fire kommunane er Samnanger, Sund, Lindås og Granvin. Prosjektet er nett avslutta og har tittelen: ”Landskap i kommunal planlegging”. Erfaringar frå prosjektet blei presenterte på konferansen.

Konferansen var eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Miljøverndepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Riksantikvaren, DN, KS og Statens vegvesen.

Alle føredraga vil bli lagt ut på Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland sine nettstader.

Landskap i drift

Prosjektet Landskap i drift hjelper deg med å leggja til rette for at du skal  trivast som brukar! I Austrheim kommune satsar brukarane stort på Aberdeen Angus med Landskap i drift.

Austrheim kommune har teke ei politisk avgjerd om å fokusera sterkare på å ha eit fint kulturlandskap og dermed aktiv landbruk. Mottoet ”ope landskap - ope sinn” gjev sterkt utrykk for korleis ein vil ha det i Austrheim. Når mange vil ha det slik, så treng ein aktive brukarar, interesserte grunneigarar, kunnskap og velvilje til å støtta opp om samarbeid på tvers av eigedomsgrenser.

Landskap i drift markering.
Laurdag 17. oktober vart det ein flott markering av prosjektet Landskap i drift i Sætremarka og Utkilen område. Begge område viser allereie resultat etter til dels kraftige ryddetiltak og bruk av beitedyr. Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

”Dette har me fått til å lukkast”, seier prosjektleiarar Rune Sætre (Området Sætremarka, 14 grunneigarar) og Øyvind Ullestad (Området ”Ukilen”, 3 grunneigarar) som i samarbeid med andre kollegaer og grunneigarar har sett i gong arbeidet med å rydda, setja opp gjerde og kjøpa inn dyr. Dei har fleire planer om kva dei skal gjera og korleis prosjekta skal utviklast vidare. Med sine 4 delmål legg prosjektet landskap i drift veldig godt til rette for at næringa kan vidareutviklast på mange måtar. Prosjektleiaren Bastian Hoffmann meiner at ein bør jobba meir heilskaplig måte mot attgroinga, slik at arbeidet mot attgroinga vert forankra berekraftig i tid framover. Difor gjev Landskap i drift ikkje berre midlar til gjerding og rydding, men òg til kunnskapsbygging blant forbrukarar, kompetansehevande tiltak for brukarar og til delmålet ”Entreprenørskap”. Eit døme på det kunne kanskje koma snart frå området ”Utkilen”. Her dyrkast det på ideen med å byrja med ”gardsmat”… LID-styret venter i spenning! Austrheim ville då kunne glede seg til gourmetbitar (Aberdeen Angus og villsau) frå kulturlandskapet rett utanfor døra!

Prosjektet landskap i drift finn ein fleire stader i fylket.

Me har ingen søknadsfrist - ta kontakt - me kjem gjerne ut på synfaring! 

Utkilen
Beiteområdet på Utkilen har allereie vore rydda i vår og dyra blei slepp ut på etter gjerde var satt opp på den største delen av beiteområdet. Beiteområdet går lengs riksvegen og lenges sjøen. Det har blitt allereie gjennomført ein kraftig ryddejobb og tidleg sumar var området klart for Angusene og villsauene som no skal ta resten av ryddejobben. Vidare har brukarane planer rom å setja opp ei bygning der dyra kan fôrast og finna tilflukt i tilfellet dårlig vær. Under markeringen i Utkilen vart det grilla Anguskjøt midt i prosjektområdet - lokal mat som smakte fortreffeleg i fint solvær og hyggelig selskap.

     Beiteområdet på Utkilen
Beiteområdet på Utkilen. Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Sætremarka
Sætremarka er det området der flest grunneigarar samarbeider og disponerar arealet sitt samanlikna med andre prosjekt som har fått stønad frå Landskap i drift. Dei 4 aktive brukarane har laga ein gjerdetrasè som omkransar i dag 500 daa. Målet er å utvida dette til 1000 daa totalt. Ryddearbeidet vart starta med 16 Aberdeen Angus som skal aukast i tall framover, saman med villsau som er kjente for å vera effektive, lette å ha med å gjera og kjøtleverandørar av god kvalitet.

Sætremarka. Sætremarka.
Sætremarka. Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

  

Krafttak for utsiktsrydding langs veg

Å kjøyra bil i det vakre fjord- og kulturlandskapet vårt er snart det same som å kjøyra i ein grøn tunnel.  Landskapet gror til. Men dette vil ein prøva å gjera noko med i Hordaland.  Råstoff til biobrensel og utsikt er produkta frå den siste satsinga til Landbruks- og matdepartementet. (LMD).

Hordaland fekk på seinsumaren kr 900.000 frå LMD.

Dette var midlar som etter søknad skulle fordelast til gode prosjekt rundt om i fylket. Kriteria var at skog og kratt langs veg skulle ryddast med for å opna for dei gode utsyna langs vegen, auka trafikktryggleiken og skaffa råstoff til biobrensel og sysselsetting i distrikta. Det kom inn 14 søknader, men midlane vart fordelt på 6 prosjekt.  Det var og eit krav at midlane skulle gå rett til utførande tiltak, ikkje til administrasjon.

Rydding er kostbart og kan utførast på mange vis. Ryddar ein  på feil måte vil  arealet vera attgrodd på få år, men med å arbeida på lag med naturen og fotosyntesen kan ein seinka attgroinga med fleire år.  Finn ein balansen mellom snauhogst, tynning og oppkvisting kan ein få til vakre ”gløtt” ut av tunnelen.

For å auke kompetansen på ”rydding  på lag med naturen” fekk alle lag som søkte om tilskot, enten dei var bønhøyrde eller ikkje, tilbod om 1-dags kurs i teknikken gjennom kurs frå Aktivt Skogbruk. Det vart og fletta inn ein liten bolk om rett skiltbruk og varsling i samband det praktiske arbeidet langs trafikkert veg.  Etter responsen vert det kurs i Vaksdal, Ulvik og Sunnhordland.  Vaksdal har allereie gjennomførd sitt kurs i Bergsdalen med 6 deltakarar. At ryddinga  virka etter intensjonen kan ein sjå på ”før og etter” bileta. 

      Før skogrydding.
  Etter skogrydding
Før og etter utsiksrydding.
Foto: Fylkesmannen i Hordaland