Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Hordaland 2/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Bergen som satser på treskoler.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Bergen som satser på treskoler.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.    

Bergen satser på treskoler

Skognæringa vert ofte karakterisert som ei tung og traust næring i ein stadig mer dynamisk verden.  Det er lett å dra parallellar til sjølve skogen, som står der i år som han gjorde i fjor.  Og dei som jobbar i en bransje der verdiane vert teke ut ein mansalder etter at investeringane er gjort, må nødvendigvis læra seg å halda roa, tenkje langsiktig.  Men det er også ein styrke her.  Skogbruket har ei god sak å formidla, nemleg bærekraft.  Spesielt har klimadebatten ført til at stadig fleire har innsett at skog og tre er ein viktig del av løysinga.  Om skognæringa er tung og traust, har den ein enkel og jordnær bodskap å selje og det gjev resultat på sikt.

Den 8.mai vart første spadestikk til nye Søreide skole teke av byråd Harald Victor Hove.  Prosjektet er med i ”Tid for Tre”, et delprogram under ”Framtidens byer” . Eit program som stiller krav til 50 % reduksjon av samla klimagassutslipp frå energibruk, materialbruk og transport , sammenlikna med dagens praksis.  Skulen skal etter planen verta ferdig for innflytting i desember 2013. Det er Skanska Norge som står for bygginga og skal eige og drifte det i 25 år medan Bergen kommune er leietakar og tek over bygget etter denne perioden. 

Fylkesmannen i Hordaland, saman med Bergen kommune og fleire gode krefter har arbeidd i kulissane i lengre tid for at byggenæringa skulle vurdera trebyggeri som eit økonomisk og miljømessig godt alternativ.  Endelig har ballen teke til å rulle. I tillegg til Søreide skole, skal nye Ulsmåg skole som skal være ferdig i 2014, også byggjast i tre og fleire prosjekt vil det bli.

Nye Søreide skole: Oppstart i mai 2012 og vert ferdig i desember 2013. Eit bygg med oppvarma bruksareal på ca. 6500 m2 fordelt på 3 etasjar. Bygget skal husa 70 tilsette og 600 elevar frå 1. til 7. trinn, fordelt på 3 hovuddeler med fellesområde mellom kvar del. Skulen vert eit førebileteprosjekt for den norske BREEAM sertifiseringa.

Nye Søreide skole

Nye Søreide skole (Arkitekt/Illustrasjon: Asplan viak Skanska)

Den internasjonale matbyen Bergen

Bergen kommune sendte i desember eit interessebrev til UNESCO med ynskje om å bli UNESCO Creative City of Gastronomy. No jobbar prosjektgruppa med fundamentet for søknaden.

Fiskeriforum Vest har fått i oppgåve å utarbeide ein grunnlagsstudie for og i samarbeid med Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland. Håpet er å få ei god oversikt over kva som er status og potensial for ei sterk satsing på mat i regionen vår. Dette vil ved positiv oppslutning resultere i det faglige grunnlaget for UNESCO søknaden.

På ein workshop 11.mai vil handplukka aktørar diskutere innhaldet og moglegheiter i ein søknad. Kva slags særpreg har mat og landskap i Bergensregionen? Kva gjer oss interessante for å bli ein UNESCO-matby? Søknadsarbeidet må gjerast av eit gastronomisk nettverk, frå aktørar som produserer, leverer og sel «vestlandsmaten» til konsumenten i Bergen. Styringsgruppa ynskjer å setje fokus på matkulturen vår, skape nye sjansar for utvikling, arbeidsplasser og opplevingar i særklasse. Den lokale maten, kjøtt, fisk, vilt, frukt, grønsaker og bakst er arven vår som vi kan være stolte av. Denne vil gje besøkjande ei oppleving dei vil elske.

Østersund i Sverige er ein av dei 3 byene i verda som har fått denne status som UNESCO Creative City of Gastronomy, i tillegg er dei kåra til å være Mathovedstaden i Sverige. På workshopen vil Fia Gullikson, Matambassadør for Østersund, formidle erfaringar og satsingar frå Østersund og Jämtland.

Matfestival på Bryggen i Bergen

Matfestival på Bryggen i Bergen – eit av Noreg sine stader på Unesco si verdsarvliste. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

Fylkesmannen køyrde Inn på tunet i Sveio

Kva er Inn på tunet? Representantar frå helse, -utdanning og landbruksavdelinga og embetsleiinga hjå Fylkesmannen i Hordaland, var i slutten av februar inviterte til ein fagdag om Inn på tunet i Sveio.

 

Inn på tunet
Den nasjonale strategien for Inn på tunet definerar konseptet slik: Inn på tunet er tilrettelagde og kvalitetssikra tenestetilbod på gardsbruk i drift til jord-,skog-og hagebruk. Aktiviteten i tilbodet er knytta opp til garden, livet og arbeidet der. Tilbodet skal gi læring, utvikling, meistring og trivsel for brukarane.

   Inn på tunet-logo

Nasjonal satsing
Nasjonal strategi for Inn på tunet vart lansert 20. februar. Den legg vekt på at ein må framheva det samfunnsnyttige aspektet ved Inn å tunet - tilbod. Det er ikkje lenger berre ein attåtnæring for bønder, men eit gode heile samfunnet kan hauste frå. Tilbodet kan tilretteleggast på eit mangfald av måtar, slik som fagturen viste.

Ny nytte av dyra
I Sveio fekk ein sjå kva Straumøy gard i samarbeid med Sveio kommune, har fått i gang dei siste åra. I fjøset blant nysgjerrige kje, blei det forklart kvifor eit Inn på tunet–tilbod kan opplevast som positivt for dei som er brukarar av tilbodet på garden. På Straumøy gard er erfaringa at kontakt med dyr er bra for urolege elevar, og kan fungere som eit binde ledd for dei med sosiale problem til andre menneske på garden. Dyra er fordomsfrie og kontaktsøkande, men samstundes viljesterke og treng grensesetting og empati for å ha det godt.

Aktivitetar knytt til dyrehald kan vere god sosial trening og terapi for mange som har behov for tilbod innan helse-og psykiatri. Bonde og sjukepleiar Marianne Haugland kunne fortelja korleis personar med minnessvikt og demens har hatt stor framgang og nytte av Inn på tunet – tilbodet på hennar gard.

Garden som læringsarena
G. Grimseth frå lærarutdanninga på Høgskulen i Bergen, har forska på Inn på tunet tilboda i skulen, og hevdar at alle born treng ein variert læringsarena som dette tilbodet representerar.

Garden som læringsarena er rik på stimuli og sanseopplevingar, noko som kan lette læringsprosessar og gjera skuledagen meir variert og meiningsfull.

Alle fag i bruk
Det er viktig å knytte alle aktivitetane for skuleelevar på garden opp mot læreplanane og læringsmåla i skulen, då aktivitetane på garden er ein del av skuledagen for elevane.

Då dei til dømes bygde skjulet for kalvane på eit beite, var det ei oppgåve heile klassen var involverte i. Det er mykje matematikk og naturfag i planarbeidet, men også norsk og historie kan inkluderast i slike oppgåver. Dei bygde skjulet med tømmer frå eigen gard, og heile byggeprosessen ga elevane ein praktisk læreperiode med eit høve til å forstå samanhengane i korleis me nyttar ressursar i naturen.

Kvalitetssikring
I 2012 skal kvalitetssikring av Inn på tunet – tilbod vektleggast. Bøndene har frå 2012 fått eit eige kvalitetssikringssystem for Inn på tunet tenestene sine. Det skal sikre gode HMS løysingar, men óg at kontraktar og oppfyljing frå kjøparane si side er sikra. Inn på tunet-tilbydarane i Hordaland vert kursa i 2012, og får snart revisjonar av kvalitetssikringssytemet sitt gjennom Matmerk si godkjenningsordning.

Inn på tunet hjå Fylkesmannen i Hordaland
Landbruksavdelinga har ansvar for å koordinera arbeidet med Inn på Tunet hjå Fylkesmannen i Hordaland. Turen til Sveio var startskotet for dette samarbeidet på tvers av avdelingane hjå Fylkesmannen. I diskusjonane på Straumøy gard blei det peika på fleire område som helse-, utdanning- og landbruksavdelinga skal samhandle om, med utgangspunkt i dei ulike lovverk. Det vart bestemt at Hordaland skal fornye strategi- og handlingsplanen sin for Inn på tunet, med ein tverrfagleg forankring hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Inn på tunet illustrasjon
 

Meir lokal mat til folket

I dag gjekk det offisielle startskotet for arbeidet med matstrategien i Hordaland. Eit resultat skal bli ei forpliktande og inspirerande felleserklæring for meir lokal mat på alle fat.

På det første styremøtet for utarbeiding av matstrategien i Hordaland, fekk styremedlemmene presentert ein første idéskisse over korleis strategiprosessen kan gjennomførast. Her gjeld det å lære av andre som har jobba med liknande prosessar. Prosjektleiar Anders Waage Nilsen frå Dreis AS viste m.a. døme frå Vancouver regionen i Canada der systemberekraft står i fokus. Men også Trøndelagsfylka har arbeidd godt med ein matstrategi. Ikkje minst vil UNESCO Creative City of Gastronomy søknaden til Bergen kommune være ei viktig inspirasjonskjelde. No gjeld det å samla alle gode krefter for ein best mogleg jobb. Matstrategien for fylket vårt skal ikkje bli ein "papirtiger", men tvert imot verta inspirerande, visjonær, konkret på potensielle tiltak og ansvarsgjevande for å bli best på lokalmat i landet.

I Bergen vert det arrangert kvart år den største lokalmatfestivalen der aktørane viser fram lokale produkt med særpreg og av høg kvalitet. Vi har i regionen mange store og mindre store produsentar og leverandører av sjø- og landbruksmat og sterke kompetansemiljø innan matproduksjon. Sjømat og landbruk jobbar i desse dagar tett saman for å skrive ein best mogleg søknad frå lokalmatbyen Bergen til UNESCO Creative City of Gastronomy.

Vi har så klart utfordringar knytt til matproduksjon og mest kanskje til distribusjon av lokal mat. Korleis får t.d. kundane, restaurantar og butikkar tilgang til den lokale maten frå sjø og land? Dette vil matstrategien setja fokus på og føreslå tiltak som forserer "meir lokal mat på alle fat".

Vi gled oss til dette arbeidet som er viktig og riktig å gå i gang med no! Alle er hermed inviterte til å kome med forslag, idear, kritikk og innspel. Prosessleiaren og styringsgruppa vil leggje opp til workshops, dialogmøter og ein høringsfase i løpet av prosessen. Følg med og bli med! Alle er hjarteleg velkomne til å ta del i arbeidet.

Styrings/arbeidsgruppa frå venstre: Jan-Per Styve, Anders Waage Nilsen, Dirk Kohlmann, Ole Bakkebø, Torhild Eide Torgersen, Ole Andreas Smette og Tanja Hoel.

Styrings/arbeidsgruppa frå venstre: Jan-Per Styve, Anders Waage Nilsen, Dirk Kohlmann, Ole Bakkebø, Torhild Eide Torgersen, Ole Andreas Smette og Tanja Hoel. (Foto: Victor Jensen, Fylkesmannen i Hordaland)

Ole Bakkebø, landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Hordaland
Jan-Per Styve, strategi- og næringsdirektør i Hordaland fylkeskommune
Ole Andreas Smette, avdelingsleiar hjå Innovasjon Norge
Tanja Hoel, dagleg leiar Fiskeriforum Vest

Arbeidsgruppa:
Anders Waage Nilsen, prosessleiar frå Dreis AS
Torhild Eide Torgesen, prosessleiar frå Skible, HUB Bergen
Tanja Hoel, dagleg leiar, Fiskeriforum Vest
Dirk Kohlmann, seksjonsleiar utvikling hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Store utbetalingar etter avlingstap i 2011

Det blir betalt ut 8-9 millioner kroner i erstatning etter dårleg avling i frukt og gras førre år. Den kalde og våte vekstsesongen er årsaka til det som blei den verste sesongen på fleire tiår.

Totalt i fylket kom 153 søknader om erstatning, og det blei hektisk for forvaltninga. Særleg på landbrukskontora i Indre Hardanger gjorde dei ein stor jobb med søknadane. Samla tap er berekna til å utgjere minst 18-19 millioner kroner.

Dårleg klima for frukt
Dei klimatiske tilhøva for fruktdyrking i Hardanger har ikkje vore så dårlege sidan 1960-talet. Frå andre veka i mai slo det om til kulde og mykje nedbør. I slikt ver blir det lite aktivitet av bier og andre insekt i blomen, og pollineringa i frukttrea blei dårleg. På tidlege sorter og tidlege plasser blei pollineringa gjerne unnagjort før kulda kom rundt 10. mai.

Sommaren var generelt kald og regnfull, og frukta kunne bli lita sjølv der pollineringa gjekk greitt. Enkelte plommesortar fekk i tillegg mykje korkskade i skalet, utan at ein klarte å finne årsaka til dette. Det blei spekulert i om mykje nedbør med oskenedfall frå vulkanutbrotet på Island kunne vere medverkande.

Store tap i frukthagane
Berre på frukt kom det inn 112 søknader i fylket om erstatning etter avlingssvikt, og tillegg 3 søknader på bær. For frukt blei det betalt ut erstatning på om lag 7,7 millionar kroner til ca 100 av søkjarane. Samla tap for desse er rekna til å vere om lag 16 millioner kroner, samanlikna med gjennomsnittsavling for kvart bruk dei siste fem åra og med verdi rekna etter standard satsar. Resten av tapet blir dekka av gardbrukarane sjølv gjennom eigendelen.

Lokale variasjonar
Størsteparten av erstatningssøknadene på frukt kom naturleg nok i Ullensvang, der fruktdyrkinga har størst omfang. Blant dei som hadde stort nok avlingstap til å få erstatning, hausta ein i snitt ca. 40 prosent av normal mengd. Avlingstapet ser ut til å ha vore størst i Ulvik. I Ullensvang var det høgare avlingsprosent på austsida av Sørfjorden enn på vestsida.

 
 
Dårleg ver i bløminga. Opedal - Ullensvang.

Kulde og nedbør i bløminga var medverkande til dårlege fruktavlingar i Hardanger i 2011. Frå Opedal i Ullensvang herad. (Foto: Endre Bjotveit, Norsk Fruktrådgiving Hardanger)

Vatn i graset
2011 var òg eit utfordrande år for grasdyrking i fleire område, med vinterskade etter isdekke. I den våte sommaren blei det i tillegg vanskeleg å fornye enga og fleire attlegg drukna. Både slått og beite på seinsommaren blei vanskeleg med dei våte tilhøva. Nokre måtte la store delar av andreslåtten og ein eventuell tredjeslått stå att på bøen.

Halve grasavlingar
Innan grovfôr kom det inn 38 søknader om erstatning etter avlingssvikt, flest frå "midtre strok" som Kvinnherad, Osterøy, Vaksdal og Etne. Blant dei som har fått erstatning, blei avlinga i snitt berekna til å ligge på knapt halvparten av normalen. Dette fekk store konsekvensar for einskilde, med fôrkjøp og i nokre tilfelle nedslakting av dyr, med dei økonomiske konsekvensane det førar med seg også på sikt. 

Avlingstapet blir ikkje rekna i rundballar
Fleire blei gjerne overraska over å ikkje få erstatningsutbetaling sjølv om ein hausta så lite surfôr at tapet såg ut til å vere langt høgare enn eigendelen. Nær ein fjerdedel av søkjarane fekk avslag på søknaden om erstatning grunna at avlingstapet ikkje var stor nok i høve til eigendel.

Årsaka er at nedgangen i avling ikkje blir rekna berre ut frå slåttearealet og hausta surfôr og høy samanlikna med dei føregåande åra. I erstatningsutrekningane blir òg avling frå alt beitearealet rekna med. Berekna avlingsprosent blir då høgare enn den ville blitt ved til dømes teljing av rundballar. Avlingstapet kan då bli mindre enn dei 30 prosent som eigendelen utgjer.

Våren 2012 er også kald, og mange har byrja å bli bekymra for både pollineringa i frukttrea og for grasvekst. Vi kryssar fingrane for at 2012 gir ein mykje betre vekst enn førre år.