Klagesak vedkomande Fosen Mek. Verksteder AS (FMV)

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Justis- og politidepartementet

Saksnr. 200205577 EP
Dato: 28.06.2002

 

Klagesak vedkomande Fosen Mek. Verksteder AS (FMV) – spørsmål om staten har høve til å motrekne for mykje betalt tilskot mot nye utbetalingar under verftsstønadsordninga


Vi viser til tidlegare korrespondanse i saka, seinast Nærings- og handelsdepartementet sitt brev 20. juni 2002.

1. Innleiing

Problemstillinga er korvidt Eksportfinans ASA hadde rett til å motrekne statsstønad som Fosen Mek. Verksteder AS (FMV) har krav på for byggjenummer 69 og 70, med eit krav staten meiner å ha etter feilutbetalt statsstønad i samband med tidlegare byggjenummer.

Retten til å foreta motrekning er for det meste ulovfesta, og utvikla gjennom rettspraksis og juridisk teori. Grunnvilkåra for motrekning er at

  • krav (her: kravet om tilbakebetaling) og motkrav (her: kravet på statsstønad) består mellom dei same personane (gjensidigheit)
  • krava er komputable (dvs. at det motkravet går ut på, kan nyttast til å oppfylle hovudkravet)
  • motkravet (kravet om tilbakebetaling) er forfalle, og
  • frigjeringstida for hovudkravet (kravet på statsstønad) har kome.

I dette tilfellet er grunnvilkåra oppfylte.

Det at motkravet er omstridt, har ingenting å seie for retten til å motrekne. Dersom det seinare viser seg at motkravet ikkje eksisterte eller var av mindre omfang enn ein la til grunn, vil den som motrekna ha brote sine betalingsplikter.

Sjølv om grunnvilkåra er oppfylte, kan retten til å motrekne vere avgrensa gjennom lov eller anna særskilt rettsgrunnlag, som f.eks. avtale. Det finst ingen uttrykkjelege lovreglar om motrekning for det tilfellet ein står overfor her.

2. Føresegnene for støtte ved kontrahering av skip

Nærings- og handelsdepartementet har med heimel i stortingsvedtak 18. desember 1992, jf. EØS-direktiv 21/95, jf. EU-direktiv 90/684/EØF gitt føresegner for statleg støtte ved kontrahering av skip gjennom brev 6. februar 1996. Eit spørsmål er om desse føresegnene regulerer høvet til å motrekne.

Det står ingenting uttrykkjeleg om motrekning i føresegnene. Punkt 5.4 seier likevel noko om høvet til ikkje å utbetale tilsagte tilskot og å krevje utbetalt tilskot attende. I første setning under punkt 5.4 står det at ”[d]ersom det vert klårlagt at det er gjeve tilsegn om utbetaling av tilskot under denne ordninga på bakgrunn av misvisande eller feilaktige opplysningar, vil utbetalinga kunne bli halden attende.” Det vert også i dei neste setningane under punkt 5.4 vist til ”betalinga”. Ordlyden taler såleis for at ein her berre siktar til situasjonen rundt det enkelte oppdrag det blir gitt statsstønad til, og at ein ikkje tek sikte på å regulere høvet til motrekning i tidlegare utbetalingar.

På den andre sida gir føresegnene etter vårt syn heller ikkje haldepunkt for å seie at det ikkje skal vere høve til å foreta motrekning i statsstønaden. Føresegnene er såleis ikkje noko særskilt rettsleg grunnlag som grip inn i den alminnelege retten til å motrekne.

3. Spørsmål om retten til å motrekne er avskoren på ulovfesta grunnlag

Det er diskutert i juridisk teori om retten til å motrekne kan vere avskoren i særskilte tilfelle etter ei nærare vurdering av om det er urimeleg å tillate motrekning, jf. f.eks. Per Augdahl Den norske obligasjonsretts alminnelige del (5. utg. 1978) s. 84-85, Trygve Bergsåker Pengekravsrett (1994) s. 264-265 og Kai Krüger Pengekrav (2. utg. 1984) s. 346 og Motregning (manusutkast til § 30 i 3. utgåve av Pengekrav – publisert i kompendium i pengekrav utgave 1994 h) s. 21-23 og 29-30 (kompendiet s. 54-55 og s. 58). Ein slik ulovfesta avskjæringsrett er likevel sett på som relativt snever.

Rettspraksis har ved fleire høve avskore motrekningsrett på relativt fritt grunnlag, men det er vanskeleg å finne saker som har særleg overføringsverdi til dette tilfellet.

Lovavdelinga har i fleire uttalar gitt uttrykk for at ein må avgjere retten til å motrekne etter ei konkret totalvurdering, jf. bl.a. sak 81/2949 E (gjengitt på s. 147-149 i ”Lovavdelingens uttalelser” (1990)), sak  88/936 E (ikkje gjengitt) og sak 93/1035 E (gjengitt på s. 100-103 i ”Lovavdelingens uttalelser 1992-1995”).

Slik vi ser det, er vurderingstemaet korvidt reelle omsyn i det konkrete tilfellet gjer at det vil vere urimeleg å motrekne sjølv om grunnvilkåra for motrekning er oppfylt. Det er særleg omsyna til kontant betaling og isolerte oppgjer som vil vere sentrale, men også andre omsyn er relevante, jf. nedanfor.

Omsynet til kontant betaling går ut på at ein kreditor kan ha behov for å få dekka kravet sitt kontant. Omsynet til isolerte oppgjer er den interessa ein kreditor kan ha i at kravet vert gjort opp utan at andre krav vert trekt inn. Desse to omsyna glir til dels over i kvarandre.

Omsynet til kontant betaling

Når det gjeld omsynet til kontant betaling, vil det ofte vere slik at kreditor ser det som ein føremon å få kontant oppgjer i staden for redusert gjeld. Dette omsynet vil difor berre hindre motrekning dersom kreditor har eit særskilt behov for kontant betaling. Dette må ein avgjere på prinsipielt grunnlag. Det vil, i alle fall som hovudregel, ikkje vere tilstrekkjeleg at kreditor har stort behov for kontantar på tidspunktet for motrekning. Slik vil situasjonen ofte kunne vere. Dersom dette skal avskjære retten til motrekning, vil det føre til at hovudregelen nærast vert at motrekning ikkje er tillatt. Ein kan såleis ikkje leggje særleg vekt på at FMV var (og framleis er) i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. 

Lovavdelinga har i tidlegare uttalar lagt til grunn at omsynet til kontant betaling kan ha betydning i tilfelle der kreditor på meir generelt grunnlag har store løpande utbetalingar og liten grad av kontantar, jf. f.eks. sak 81/2949 E.

Her var det tale om motrekning overfor ein kommune, og ein la stor vekt på kontantomsynet. Dette hadde samanheng med at dersom kommunane ikkje kan foreta utbetalingar, vil det kunne gå utover rettskrav som borgarane har krav på, og andre servicetilbod kommunen skal yte. Det er med andre ord mange som kan bli skadelidande dersom store krav kommunen har blir brukt til motrekning. Vidare var det i denne saka tale om motrekning med øyremerka statstilskot, som ikkje kunne brukast på annan måte enn det som var fastsett av Stortinget. Kommunane sitt behov for kontantar er òg bakgrunnen for at lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova) § 53 set forbod mot at den som skuldar kommune eller fylkeskommune skatt, avgift eller gebyr, gjer opp desse gjennom motrekning.

Spørsmålet er om ein kan seie at næringsdrivande som FMV er i tilsvarande stilling.

Også næringsdrivande som FMV vil kunne ha store løpande utbetalingar og liten grad av kontantar. Omfanget og verknadene vil vanlegvis likevel ikkje vere samanliknbare med situasjonen for ein kommune. Det er òg andre tilhøve som skil ovannemnde sak frå denne saka, bl. a. samanhengen mellom krava, jf. nedanfor under punktet om konneksitet. Saka frå 1981 har difor etter vårt syn ikkje særleg overføringsverdi til dette tilfellet.

Føremålet med stønadsordninga til verftsindustrien er å tilføre norsk skipsbyggingsindustri oppdrag, ved at norske verft gjennom å få verftsstønad skal kunne tilby tenestene tilsvarande billegare. Ein har likevel krav på stønad uavhengig av om drifta går godt eller dårleg. Statstilskotet kan maksimalt utgjere 9 prosent av kontraktsverdien. Sjølv om dette isolert sett kan utgjere store verdiar, viser dette at skipsverfta for det meste må stole på ”eigne” inntekter. Dei kan ikkje basere den daglege drifta på statstilskotet.

På bakgrunn av det som er sagt ovanfor, meiner Lovavdelinga at kontantomsynet ikkje er noko moment av tyngde mot rett til motrekning i denne saka. 

Omsynet til isolerte oppgjer

Når det gjeld omsynet til isolerte oppgjer, vert spørsmålet om ordninga med statsstønad er av ein slik karakter at mottakarane har ei rettmessig forventning om utbetaling av stønaden sjølv om staten har eit krav på tilbakebetaling av stønad som er utbetalt tidlegare.

Stønaden blir gitt som stønad til det enkelte byggjenummer, men slik at ein samlar opp og utbetalar tre gongar årleg, jf. Nærings- og handelsdepartementet sine føresegner punkt 5.1. Av praktiske årsaker vert stønaden utbetalt på bakgrunn av eigenerklæring frå skipsverftet. Eventuell kontroll vert gjort i etterkant. Som nemnt ovanfor går det uttrykkjeleg fram av Nærings- og handelsdepartementet sine føresegner om statstilskot punkt 5.4 at ein er pliktig til å betale tilbake urettmessig tilskot.

Vi kan ikkje sjå at omsynet til isolerte oppgjer gjer seg gjeldande med større tyngde i denne saka enn i mange andre saker der det er aktuelt med motrekning. Ein kreditor som motset seg motrekning, vil gjerne ha ei interesse i at kravet blir betalt utan at andre krav blir trekt inn. Det må meir til enn dette for at omsynet til isolerte oppgjer skal vere avgjerande.

Konneksitet

I rettspraksis og teori er det lagt til grunn at retten til motrekning er vidare dersom krava er konnekse (spring ut av same rettshøve). Korvidt to krav er konnekse eller ikkje, vil ofte vere vanskeleg å avgjere. Slik vi ser det, er det meir fruktbart å tale om grader av konneksitet. I dette tilfellet kan ein vanskeleg seie at krava er absolutt konnekse, men det kan ikkje vere særleg tvil om at det er eit nært tilknytingstilhøve mellom krav og motkrav. Krava er basert på det same regelverket, og det har skjedd ei rekkje utbetalingar til FMV basert på dette regelverket opp gjennom åra. Den nære samanhengen mellom krav og motkrav er etter vårt syn eit sterkt argument mot å seie at det er urimeleg at staten har rett til å motrekne.

Sikring av kravet

Eit anna moment i totalvurderinga er at staten ikkje kan sikre sitt krav på eventuell tilbakebetaling av urettmessig utbetalt stønad på andre måtar enn ved å nytte motrekning i framtidige krav på stønad.

4. Oppsummering

Etter ei totalvurdering meiner Lovavdelinga at det ikkje ligg føre sterke nok reelle omsyn til å avgrense retten til motrekning på ulovfesta grunnlag i dette tilfellet.

Motrekninga Eksportfinans ASA utførte, var dermed etter Lovavdelinga sitt syn lovleg.