Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

NOU 2001: 3

Velgere, valgordning, valgte

Til innholdsfortegnelse

1 Utvalgets mandat, sammensetning m.v.

1.1 Oppnevning og sammensetning

Utvalget som skal vurdere valgloven og valgordningen – Valglovutvalget – ble oppnevnt ved kgl.res. 3. oktober 1997. Utvalget fikk følgende sammensetning:

Fylkesmann Sigbjørn Johnsen, Ringsaker, leder

Avdelingsdirektør (senere ekspedisjonssjef) Gunnar Andrésen, Nittedal

Kemner Egil Bjørgum, Kristiansand

Sekretariatsleder (senere generalsekretær) Karen Espelund, Trondheim

Partileder Harald B. Haram, Haramsøy

Programmedarbeider Geir Helljesen, Oslo

Advokat Harald Hove, Bergen

Sekretariatsleder Martin Kolberg, Lier

Førsteamanuensis Helge O. Larsen, Tromsø

Partisekretær Turid Leirvoll, Oslo

Tidl. stortingsrepresentant Eva Lian, Hof

Tidl. stortingsrepresentant Solveig Sollie, Skien

Universitetslektor Ingeborg Wilberg, Asker

Tidl. stortingsrepresentant Ingrid I Willoch, Fredrikstad

Politisk hovedrådgiver Inger Marie Ytterhorn, Oslo

Forskningsleder Bernt Aardal, Bærum

I tillegg ble student Anders Lamark Tysse, Oslo, oppnevnt som medlem av utvalget høsten 1997.

Eva Lian ble erstattet av lærer Bjørg Hope Galtung, Jondal, høsten 1997.

Solveig Sollie ble erstattet av generalsekretær Inger Helene Venås, Oslo, høsten 1998.

Bjørg Hope Galtung ble erstattet av lærer Kari Aakerholt, Hof, høsten 1999.

Prosjektleder Dag Arne Christensen og prosjektleder Steinar Dalbakk har vært sekretærer for utvalget.

1.2 Mandat

I det foredraget til kgl.res. som ligger til grunn for oppnevningen av utvalget uttales det bl.a.

«Regjeringa meiner at tida no er moden for ein gjennomgang av vallova og valordninga og set derfor ned eit utval for å utgreie saka.

Tidlegare utgreiingar

Fram til 1985 hadde vi to vallover. Ei for stortingsval og ei for kommune- og fylkestingsval. Dei to lovene var identiske på ei rad områder og var bygd opp etter den same systematikken.

Ved kongeleg resolusjon 28. mars 1980 vart det oppnemnt eit utval med mandat å gå gjennom vallova og komme med forslag til lovendringar. Utvalet vart breitt samansett. Det avga innstilling 21. januar 1982. Regjeringa la fram utkast til ny lov i Ot.prp nr 2 (1984 – 85) Om lov om stortingsvalg, fylkestingsvalg og kommunestyrevalg (Valgloven). Proposisjonen bygde i det vesentlege på vallovutvalet si innstilling. Etter behandling i Stortinget ble loven sanksjonert 1. mars 1985. Ei viktig endring var at vi fekk ei vallov og at lova om nominasjonsreglane også vart innlemma i den nye lova. Men departementet gjekk ikkje inn for utvalet sitt forslag om røysting på førehand i Postverket sin regi eller at førehandsrøyster skulle vere endelege. Departementet tok heller ikkje stilling til spørsmålet om gjennomføring av stortingsval og kommunestyre-/fylkestingsval samstundes.

Gjeldande rett

Grunnlova inneheld enkelte grunnleggjande reglar som vedkjem valordninga. Dette gjeld mellom anna vilkåra for og tap av røysterett, talet på stortingsrepresentantar og fordelinga av desse mellom fylka, metode for valoppgjer, kriterium for kven som kan veljast og prøvinga av om valet er gyldig. I fleire av paragrafane blir det vist til at nærare føresegner blir fastsett i lov. Reglane i Grunnlova gjeld berre stortingsval. Det vil difor ikkje vere i strid med Grunnlova å fastsetje avvikande reglar for fylkestings- og kommunestyreval. Nærare føresegner om val, både til Storting, kommunestyre og fylkesting, finst i dag i vallova frå 1985.

I den nye lova blei det lagt vekt på å få mest mogleg einsarta regler for alle vala. Dette pregar også lova sin systematikk, jf vallova § 1 der det heiter: «med mindre noe annet følger av den enkelte bestemmelse eller det enkelte kapitel, gjelder reglene i loven for alle tre valg.» Dei punkta der det er spesialreglar for det enkelte val, gjeld i første rekke krava til vallista sitt innhald, veljarane sitt høve til å rette på listene og med det påverke personvalet, valoppgjeret og prøvinga av om valet er gyldig. Dessutan er reglane om kven som kan veljast og røysterett ulike. Det same gjeld reglane om fritak for val.

Frå og med stortings- og sametingsvalet i 1997 er den praktiske gjennomføringa av førehandsrøystinga overført frå kommunane til Posten.

Behov for ein gjennomgang av vallova

Det har vore eit klart framsteg med ei felles lov. Men lova er blitt svært omfattande, noko som ikkje berre skuldast at lovene er blitt slått saman, men og at detaljnivået er høgt. Lova er heller ikkje konsistent når det gjeld detaljregulering på alle område. Ho er og uoversiktleg. Sidan 1985 har lova vorte endra føre kvart val. Endringane fører med seg uforholdsmessig mykje arbeid. Det er som oftast ikkje nok å endre ein paragraf, av di mange av reglane heng saman. Vi har fått ei vallov som er vanskeleg å administrere, både lokalt og sentralt. Mellom anna set dei stadige endringane store krav til opplærings- og informasjonsarbeid.

Når det gjeld dei demokratiske sidene av vallova, skal ho bidra til ei rettferdig valordning og sikre god kontroll med valavviklinga. Veljarane sine rettar skal og bli tatt vare på gjennom mellom anna høve til å rette på listene. Ved dei siste vala har vi likevel sett ein tendens til synkande deltaking, spesielt ved lokalvala. Det er derfor grunn til å sjå nærare på om vallova og valordninga er med på å forsterke denne tendensen. I denne samanhengen kan det vere behov for å vurdere om ordninga gjev god representativitet. Desse problemstillingane var sentrale på ein lokaldemokratikonferanse som dåverande kommunalminister Gunnar Berge tok initiativ til etter lokalvala hausten 1995. Dei blei følgd opp m.a. i svaret som kommunalminister Kjell Opseth gav til ein interpellasjon frå reprsentanten Eva Lian i Stortinget 6.2.97.

Grunnlova inneheld i §§ 50 – 64 sentrale føresegner om valordninga ved stortingsval. Det gjeld t.d. vilkår for røysterett og rett og plikt til å stille til val, og reglar om gjennomføring av valoppgjer (Lagües metode og ordninga med utjamningsmandat). Det er naturleg at utvalet – i samband med ein gjennomgang av valordninga – og kan vurdere føresegnene om val i Grunnlova. Mellom anna bør utvalet sjå på fordelinga av føresegner mellom vallova og Grunnlova, i og med at endring av føresegnene krev ulik prosedyre avhengig av kor dei står. Utvalet skal derimot ikkje sjølv kome med framlegg om endring av Grunnlova.»

Utvalget fikk følgende mandat:

«Lovteknisk gjennomgang:

  1. Utvalet skal kome med framlegg til til ei ny vallov som sikrar veljarane sine rettar og gjev god kontroll med førebuing og avvikling, samstundes som ho er effektiv. Lova bør gje ei valordning som er lett å forstå og gjev god informasjon både til veljarane og dei som har ansvaret for gjennomføringa av vala. Valordninga må vere lett å administrere både lokalt og sentralt.

  2. Utvalet skal vurdere Grunnlova sine føresegner om val, herunder forholdet mellom Grunnlova og vallova. Dette inneber at utvalet ikkje skal gjere framlegg om konkrete endringar i Grunnlova.

Praktisk førebuing, gjennomføring og organisering av val

  1. 3

    Utvalet skal drøfte erfaringer med postrøysting.

  2. Utvalet skal vurdere kven som skal ha ansvaret for å utarbeide manntalet, på kva datagrunnlag det skal gjerast og i kva form det skal produserast, herunder bruk av edb.

  3. Utvalet skal drøfte reglane for valoppgjer.

  4. Utvalet skal vurdere om det er tenleg at andre sentrale organ enn Kommunal- og arbeidsdepartementet kan ha oppgåver i samband med gjennomføring av val.

  5. Utvalet skal drøfte ordninga med røysting utanriks.

  6. Utvalet skal drøfte ulike ordningar for publisering av valresultatet og kven som skal ha ansvaret for det.

Valordning og demokrati

  1. 9

    Utvalet skal vurdere korleis og kor mykje innverknad veljarane skal ha på personvalet gjennom retting på listene.

  2. Utvalet skal drøfte spørsmålet om representativitet, t.d. kjønnskvotering.

  3. Utvalet skal drøfte årsaker til den låge valdeltakinga og vurdere om det kan etablerast tiltak i valordninga som kan motverke denne tendensen.

  4. Utvalet skal drøfte og vurdere reglar for nasjonale og lokale folkerøystingar.

  5. Utvalet skal vurdere tidspunkta for dei ulike vala, om ein bør ha ein felles valdag, om kommunestyra/fylkestinga bør bestemme tidspunktet for kommunestyrevalet/fylkestingsvalet sjølve og liknande

Generelt

  1. 14

    Utvalet kan og ta opp andre spørsmål omkring den norske valordninga og utviklinga av lokaldemokratiet som til dømes senka røysterettsalder ved kommuneval.

  2. Utvalet bør hente inn internasjonale erfaringar.

  3. Utvalet bør foreslå ei systematisk kartlegging av korleis ei ny vallov verkar, og korleis den generelle valforskinga bør leggjast opp.»

1.3 Utvalgets arbeid

Utvalget har hatt i alt 29 møter, derav flere to-dagers møter.

Utvalget foretok høsten 1998 og høsten 1999 studiebesøk i hhv. Danmark og Sverige, og fikk informasjon om valg og demokrati i disse landene, fra representanter for Indenrigsministeriet og forskningsmiljøer i Danmark, og fra representanter for forskningsmiljøer og politiske partier – bl.a. ungdomsrepresentanter – i Sverige.

Vinteren 1999 ble det arrangert et seminar i Tromsø i regi av utvalget. Tema for seminaret var ulike for former for medvirkning fra innbyggernes side i demokratiske prosesser.

Representanter for utvalget var tilstede som observatører ved det direkte ordførervalget i London våren 2000.

Representanter for utvalget har deltatt i møter og konferanser der temaer av interesse for utvalgets arbeid har vært tatt opp.

Utvalget har innhentet rapporter og notater fra en del personer som arbeider med problemstillinger av betydning for utvalget. Enkelte av disse har også deltatt i utvalgets møter.

Utvalget har hatt møte med representanter for Sametinget.

Utvalget har videre hatt møte med representanter for Posten og for de datafirmaer som arbeider med utvikling av løsninger innenfor feltet valg og EDB.

Til toppen
Til dokumentets forside