Ot.prp. nr. 63 (2004-2005)

Om lov om endringar i inkassolova (krav om å vere eigna m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i inkassolova (lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav) for å sikre at dei sentrale aktørane i inkassoforetaka er eigna til å drive inkassoverksemd i samsvar med lov, forskrift og god inkassoskikk. Formålet med framlegget er å førebyggje brot på lovgivinga og å styrke tillita til inkassobransjen. Departementet gjer også framlegg om nokre mindre endringar for å klargjere rettstilstanden på enkelte punkt. Endeleg inneheld proposisjonen eit forslag til endring av reglane om vilkår for inkassoløyve for å oppnå samsvar med EØS-avtalen.

Departementet foreslår å innføre krav om at dagleg leiar, styremedlem og eigar som har ein monaleg eigardel i inkassoforetaket, skal vere eigna. Dette vil vere eit generelt vilkår for å utøve inkassoverksemd. Dersom eit eksisterande foretak ikkje oppfyller vilkåret, vil Kredittilsynet kunne gi foretaket eller eigarane pålegg om å rette på forholdet, eventuelt kan tilsynet inndrage inkassoløyvet. Departementet foreslår at skjønet ved vurderinga av om aktørane er eigna, i hovudsak skal knyte seg til tidlegare straffbare forhold og misleg framferd på det økonomiske området.

Departementet foreslår også at den daglege leiaren og styremedlemmane må leggje fram politiattest. Ein slik regel gjeld allereie for faktiske leiarar i inkassoforetak. I framlegget legg departementet elles opp til at rutinane for å halde Kredittilsynet oppdatert om endringar i kven som er dagleg leiar, styremedlemmar og eigarar med monalege eigardelar, blir enkle, slik at foretaka ikkje blir pålagt større administrative byrder enn det som er naudsynt.

Departementet gjer vidare framlegg om ein generell heimel for å setje vilkår i løyve til å drive med ervervsmessig eller stadig inndriving av forfalne pengekrav for andre (framandinkasso). I dag har Kredittilsynet berre ein slik uttrykkeleg heimel til å setje vilkår for foretak som driv med ervervsmessig eller stadig oppkjøp av forfalne pengekrav og eiga inndriving av desse (oppkjøpsinkasso). Framlegget i proposisjonen her inneber ei klargjering av rettstilstanden.

Proposisjonen inneheld også eit forslag om å presisere at det berre er inkassoforetak som pliktar å opplyse om høvet til nemndshandsaming av inkassotvistar, jf. inkassolova § 10 andre ledd bokstav f.

For at eit inkassoforetak skal kunne få inkassoløyve, må foretaket ha fast forretningsstad i Noreg, jf. inkassolova § 5 første og tredje ledd. Departementet gjer i proposisjonen her framlegg om at fast forretningsstad i ein annan EØS-stat skal likestillast med fast forretningsstad i Noreg. Bakgrunnen for forslaget er omsynet til EØS-retten.

Til forsida