Reindrift

Reindrifta er ei arealavhengig næring. Reindrifta sitt vern mot annan bruk av deira beiteareal er i utgangspunktet sterkt. Plan- og bygningsloven er den sentrale lova for arealforvaltning innanfor reinbeiteområda. På denne sida finn du oversikt over relevante ressursar og omsyn.

Kommunar og fylkeskommunar har nasjonal og internasjonal plikt og ansvar for å ta omsyn til reindrifta. Retten til å utøve reindrift er ein sjølvstendig rett der rettsgrunnlaget er alders tids bruk og sedvane. Det er viktig at dei verktøya som ligg i plan- og bygningsloven blir brukt slik at reindrifta har tilgang på dei areala som er nødvendig.  

Reindrift er ein del av samisk kultur og næringsutøving. I pbl. §3-1- bokstav c er det særskild framheva at planar innanfor lova "skal sikre naturgrunnlaget for samisk kultur, næringsutøvelse og samfunnsliv". 

Samisk kultur er sterkt knytt til naturen og er derfor avhengig av god ressursforvaltning. Ved planlegging og saksførebuing er det viktig å ta omsyn til tidlegare inngrep i det aktuelle området. Der reindriftsinteresser vert råka, skal dei samla effektane av planar og tiltak innanfor det enkelte reinbeitedistriktet vurderast. Ofte kan det vere eit krav om konsekvensutgreiing. 

I pbl. §5-1 andre ledd står det at kommunen har eit særskilt ansvar for å sikre medverknad frå grupper som treng spesiell tilrettelegging.  Samiske interesser kan til dømes vere eit slikt omsyn i planlegginga. 

Sameloven §4-4 slår fast at kommunen og fylkeskommunen har plikt til å konsultere om tiltak og arealplanar som kan påverke samiske interesser. Det er viktig at alle dei aktuelle samiske interessene blir identifisert og involvert så tidleg som råd i prosessen for å komme til semje. Les meir om konsultasjonsplikt i samiske saker 

 

 

Rettleiing og ressursar

Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet: Reindrift og plan- og bygningsloven 

Sametinget: Sametingets planveileder 

Kommunal- og distriktsdepartementet: Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2023–2027

 

Kommunal- og distriktsdepartementet: Lovkommentar til plandelen av plan- og bygningsloven  

Lovdata: Lov om endringer i sameloven mv. (konsultasjoner) 

Kommunal- og distriktsdepartementet: Konsultasjonsplikt i samiske saker (regjeringen.no) 

Nettsider om reindrift hos Landbruksdirektoratet:  www.landbruksdirektoratet.no/nb/reindrift 

 

 

Ansvar og roller

Det er ei nasjonal og internasjonal plikt og ansvar for kommunen å ta omsyn til reindrifta. Sameloven §4-4 slår fast at kommunen har ei plikt til å konsultere om tiltak og arealplanar som kan påverke samiske interesser. 

 

Det er ei nasjonal og internasjonal plikt og ansvar for fylkeskommunen å ta omsyn til reindrifta. Sameloven §4-4 slår fast at fylkeskommunen har ei plikt til å konsultere om tiltak og arealplanar som kan påverke samiske interesser. 

 

Staten har ei nasjonal og internasjonal plikt og ansvar å ta omsyn til reindrifta. Statsforvaltaren har ei praktisk viktig rolle i at omsynet blir teke vare på.