Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

10 Utdanning og forsking

Samarbeidet på utdannings- og forskingsområdet i Europarådet skjer i regi av to styringskomitear, ein for utdanning (CDED) og ein for høgare utdanning og forsking (CDESR).

10.1 Høgare utdanning og forsking

Styringskomiteen for høgare utdanning og forsking (CDESR) har tre sentrale arbeidsområde: internasjonal godkjenning av høgare utdanning, Bologna-prosessen og konkrete prosjekt. Særleg dei to førstnemnde er viktige for Noreg.

Godkjenningsarbeidet er basert på UNESCO-/Europarådskonvensjonen om godkjenning av kvalifikasjonar når det gjeld høgare utdanning i Europaregionen (Lisboa-konvensjonen). Konvensjonen er heilt sentral for arbeidet med utvikling av politikk og verktøy for godkjenning av høgare utdanning mellom landa i Europa – og i praksis òg andre verdsdelar. Den rivande internasjonale utviklinga i høgare utdanning gjer at det stadig må utviklast nye supplerande tekstar til konvensjonen.

Bologna-prosessen har 46 deltakarland. Det er no vedteke at målet om å gjennomføre eit europeisk rom for høgare utdanning innan 2010 skal forlengjast til 2020. Europarådet bidreg på fleire måtar: ved å delta i den internasjonale oppfølgingsgruppa ( Bologna Follow-up Group ), ved å utarbeide grunnlagsdokument og ved å assistere landa i Søraust- og Aust-Europa gjennom rådgjeving og eigne ministermøte. Sidan ministermøtet i Bologna-prosessen i London i 2007 har i tillegg Europarådet koordinert erfaringsutveksling om utviklinga av nasjonale kvalifikasjonsrammeverk mellom deltakarlanda.

Styringskomiteen for høgare utdanning og forsking starta i 2007 eit såkalla flaggskipsprosjekt om rolla universiteta speler i skjeringspunktet mellom humanisme og marknad. Det har vorte halde fleire konferansar for å kaste lys over ulike problemstillingar i prosjektet, som held fram ut 2010.

Komiteen har også prosjekt om tverrkulturell dialog og andre tema som er viktige for det tverrgåande arbeidet i Europarådet, som ansvaret høgare utdanning har for å fremje ein demokratisk kultur.

For å gjere arbeidet i komiteen meir synleg har CD-ESR dei siste åra arrangert ein årleg konferanse i serien Council of Europe Higher Education Forum og – sidan 2004 – publisert resultata av arbeidet sitt i bokserien Council of Europe Higher Education Series.

10.2 Skule og opplæring

Styringskomiteen for utdanning (CDED) har ansvar for samarbeidet om skule og opplæring. Språkopplæring, historieundervisning, opplæring i demokrati, menneskerettar og tverrkulturell dialog er viktige område innanfor dette samarbeidet. Noreg har delteke aktivt og støttar opp om aktivitetane til Europarådet på desse områda. Eit viktig prosjekt har i denne perioden vore arbeidet med eit europeisk charter om opplæring i demokratisk medborgarskap og menneskerettar, som etter planen skal vedtakast i 2010.

Noreg betalar eit årleg grunntilskot og deltek i verksemda til det europeiske senteret for moderne språk (European Center for Modern Languages – ECML) i Graz. Arbeidet i regi av språksenteret vert organisert som prosjekt i tematiske fireårsprogram. Hovudtema i programmet for 2008–2011 er fleirspråksbruk, kontinuitet i opplæringa og innhald og opplæring i andre fag gjennom framandspråk. Dei viktigaste målgruppene og deltakarane er lærarutdannarar, forskarar og personar som på annan måte er involverte i utviklingsarbeid og nettverk innanfor framandspråkopplæring. Norske ressurspersonar deltek på ulike nivå i utviklingsprosjekta i regi av ECML. Noreg har bidrege økonomisk til Europarådets prosjekt « Languages policies and the right to equality education for all ».

Noreg deltek i prosjektet « The Image of the Other in History Teaching » som vart avslutta i 2009. Målet for prosjektet var tredelt: å føreslå generelle retningslinjer for utvikling av historieundervisning innanfor rammeverket for tverrkulturell dialog, å føreslå strategiar, metodar og instrument for å bruke desse generelle retningslinjene i spesifikke prosjekt og å kome med forslag om opplæringa til involverte i læringsprosessen innanfor historiefaget. Det vart halde ei rekkje seminar på europeisk nivå i samanheng med prosjektet, og Det europeiske Wergelandsenteret har hjelpt til med å arrangere en konferanse for lærarar. Noreg har bidrege økonomisk til sluttkonferansen som skal haldast i 2010. Noreg har òg bidrege økonomisk til prosjektet « Shared histories – for a Europe without dividing lines ».

Noreg har delteke aktivt i prosjektet « Policies and Practices for Teaching Socio-Cultural Diversity » og støtta prosjektet både økonomisk og fagleg. Prosjektet vart leidd av den norske professoren Anne Lise Arnesen ved Høgskulen i Østfold. Prosjektet vart ferdigstilt i 2009, med ein oppsummerande avslutningskonferanse i Oslo 26.–28. oktober 2009.

Europarådets arbeid med prosjektet « Lære gjennom historia (Teaching Remembrance) » er eit viktig felt innanfor arbeidet med opplæring i menneskerettar og demokratisk medborgarskap. Noreg støttar arbeidet til Europarådet på dette området.

Utdanningsdirektoratet har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet arrangert skrivekonkurransen til Europarådet « How do you imagine the European citizen in the future? » i samband med 60-årsjubileet til Europarådet. Målgruppa var ungdom i vidaregåande opplæring. Vinnaren av konkurransen deltok under markeringa av 60-årsjubileet til Europarådet i Strasbourg.

10.3 Det europeiske Wergelandsenteret

Noreg og Europarådet har samarbeidd om å opprette Det europeiske Wergelandsenteret (EWC), et ressurssenter for medlemsstatane til Europarådet når det gjeld opplæring i tverrkulturell forståing, menneskerettar og demokratisk medborgarskap. EWC, som er lokalisert i Oslo, starta arbeidet i februar 2009.

Senteret er organisert som ei eiga stifting, med grunnfinansiering frå Noreg. I samsvar med vedtektene for stiftinga har Kunnskapsdepartementet ein liaisonoffiser som skal fungere som eit bindeledd mellom departementet og senteret. Gjennom denne ordninga har departementet vore i nær kontakt med senteret og hatt fagleg utbytte av arbeidet til senteret.

29.–30. mai 2009 vart det arrangert opningskonferanse i Oslo som samla 140 politikarar og ekspertar frå Europa og Midtausten. Temaet for konferansen var « Building Bridges: Education for Intercultural Understanding, Human Rights and Democratic Citizenship, from Policy to Practice ». Konferansen hadde deltaking på høgt politisk og administrativt nivå, både nasjonalt og internasjonalt.

I samarbeid med Europarådet har det hausten 2009 vore arrangert lærarutdanningsseminar om historieundervisning, « The Image of the Other in History Teaching », og om demokratisk skuleleiing, « Democratic School Governance ». Senteret er i gang med å byggje opp ein nettverksdatabase for ekspertar på områda menneskerettar, demokratisk medborgarskap og tverrkulturell forståing. Dette arbeidet vil bli avslutta i 2010.

Til forsida