Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

13 Dyrevern

Til grunn for arbeidet med dyrevern i Europarådet ligg ønsket frå medlemslanda om ein samordna innsats for å vareta dyrs helse og velferd ved produksjon, transport og bruk av dyr. Utgangspunktet er prinsippet om at vi har eit etisk ansvar for at dyrs helse og velferd ikkje vert utsett for unødig risiko der det er nødvendig å bruke dyr.

Europarådet har sidan 1960-tallet utforma fem konvensjonar som omhandlar dyrevern, og Noreg har ratifisert alle. Konvensjonane fungerer som referansepunkt ved utforminga av mange nasjonale lovverk og for relevante delar av EU-regelverket. Under konvensjonen for vern av produksjonsdyr er det oppretta ein fast komité (T-AP) som utarbeider nye og harmoniserer eksisterande tilrådingar for etiske standardar ved hald av ei rekkje artar.

Det årlege møtet i T-AP vart i 2009 halde 1.–3. desember. Noreg er representert ved Mattilsynet. For tida arbeider komiteen mellom anna med å utforme eigne standardar for oppdrettsfisk. Det er gjort klart at det er usikkert om komiteen kan oppretthaldast, på grunn av dårleg økonomi og manglande personalressursar. Arbeidet med å vedta nye tilrådingar kan tidvis trekkje ut, noko som delvis skuldast manglande ressursar i sekretariatet for komiteen.

Til forsida