Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

8 Barn og ungdom

8.1 Barne- og familiepolitisk samarbeid

Hovudaktiviteten i det barnepolitiske samarbeidet er forankra i programmet « Eit Europa for og med barn ». Ein ny strategi for innsatsområde i programmet for perioden 2009–2011 er utvikla med viktige bidrag frå Noreg. Ministerkomiteen slutta seg til strategien i november 2008. Hovudprioriteringa i strategien er å fremje barn og unges medverknad, eliminere alle former for vald mot barn, sikre at barns rettar vert tekne omsyn til innanfor alle politikkområde i Europarådet, medrekna familiepolitikken, og tryggje rettstryggleiken og rettsvernet for barn og unge på alle samfunnsområde.

Når det gjeld eliminering av alle former for vald mot barn, vart det i 2009 utarbeidd retningslinjer for nasjonale strategiar for vern av barn mot alle former for vald. Retningslinjene byggjer mellom anna på nasjonal politikk frå fire medlemsland, deriblant Noreg, tilrådingar frå FNs barnekomité og FNs verdsomspennande studie av vald mot barn. Noreg bidrog i tekstutforminga i ein eigen redaksjonskomité. Retningslinjene og strategien vart presenterte for medlemslanda i 2009 i eit nyetablert forum for barns rettar i regi av Europarådet. Retningslinjene vart vedtekne som tilråding av ministerkomiteen i november 2009. Noreg vil delta i forumet.

Mandatet for ekspertkomiteen for sosialpolitiske tiltak for familiar og barn (CS-SPFC) gjekk ut 30. juni 2009. Ekspertkomiteen har vore leidd av Noreg. Blant tiltaka komiteen avslutta i 2009, var ferdigstilling av ein ny database for familiepolitikk i 41 medlemsland, medrekna dei 27 EU-landa. Databasen er no tilgjengeleg på heimesida til Europarådet. Planen er at basen skal oppdaterast annakvart år. Han gjev ei god oversikt over mellom anna økonomiske ytingar og tenestemessige tiltak og ordningar for barnefamiliar. Det er òg laga dokument som inneheld komparativ analyse av medlemslandas familiepolitikk og djuptgåande studium av familiepolitikken i enkelte medlemsland.

Databasen, analysen av familiepolitikken og oppfølginga i medlemslanda av Europarådets tilrådingar nr. 5 (2005) om rettane til born som bur i institusjon , og nr. 19 (2006) om ein politikk for å støtte positivt foreldreskap vart presenterte på Europarådets familieministerkonferanse i Wien i juni 2009. Hovudtemaet for konferansen var innverknaden dei økonomiske, kulturelle, personlege og sosiale faktorane har på fødselstala i medlemslanda. Noreg har sagt seg villig til å vere vertskap for den neste familieministerkonferansen, som etter planen skal finne stad i 2013.

På justisministerkonferansen i Lanzarote i oktober 2007 vart det vedteke ein resolusjon om barns rettar i møtet med rettsvesenet. Som følgje av resolusjonen vart Europarådet bede om å utarbeide europeiske retningslinjer som skal ivareta barns rettar både i sivile og strafferettslege prosessar og i forvaltningsmessig samanheng.

I samband med dette er det oppretta ei ekspertgruppe med norsk deltaking. Oppgåva til ekspertgruppa er å utforme praktiske retningslinjer til dei respektive styresmaktene som byggjer på gjeldande konvensjonar og standardar, i tillegg til å finne og tette hol i vernet av barns rettar. Arbeidet med retningslinjene byrja våren 2009 og skal ferdigstillast frå ekspertgruppa si side sommaren 2010.

8.2 Ungdomspolitisk samarbeid

Arbeidet i Europarådet med ungdomspolitiske saker vert utvikla og gjennomført i nært samarbeid mellom medlemslanda, frivillige internasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar, nasjonale ungdomsråd i medlemslanda og andre grupper som arbeider med barne- og ungdomsspørsmål internasjonalt. Denne samarbeidsforma set Europarådet i ei særstilling samanlikna med andre mellomstatlege organisasjonar. Samarbeidet mellom medlemslanda finn i første rekkje stad i styringskomiteen for ungdomsspørsmål (CDEJ), som omfattar alle dei 49 landa som har slutta seg til kulturkonvensjonen til Europarådet. Dei ikkje-statlege barne- og ungdomsorganisasjonane og andre relevante partnarar har ein eigen rådgjevande komité. Styringskomiteen og den rådgjevande komiteen møtest i Felleskomiteen for å drøfte og ta avgjerder om hovudprioriteringane på barne- og ungdomsområdet.

I arbeidet på ungdomsområdet forvaltar Europarådet store ressursar gjennom drifta av ungdomssentra i Strasbourg og Budapest og ved fordeling av tilskot frå Det europeiske ungdomsfondet. Det er etablert ein eigen programkomité, med åtte representantar frå departementa som har ansvar for ungdomspolitikken i medlemslanda, og åtte representantar frå frivillig sektor representert ved internasjonale barne- og ungdomsorganisasjonar og nasjonale ungdomsråd. Gjennom dette såkalla co-management-systemet vert det avgjort kva organisasjonar som får gjennomføre kurs i ungdomssentra, og det vert fordelt midlar frå Det europeiske ungdomsfondet til ulike barne- og ungdomsprosjekt.

Europarådet har inngått ein samarbeidsavtale med EU-kommisjonen på ungdomsområdet. Avtalen omfattar tilbod om opplæring og leiartrening for europeisk ungdom, et samarbeid om forsking og kunnskapsinnhenting på barne- og ungdomsområdet og samarbeidet med dei ikkje-europeiske landa i Middelshavsområdet og Midtausten. Samarbeidsavtalen omfattar også prosjektet med ein europeisk kunnskapsdatabase om ungdoms situasjon i medlemslanda.

Europarådets 8. konferanse for ministrar med ansvar for ungdomspolitikk i Kiev, Ukraina, i oktober 2008 vedtok ei erklæring med retningslinjer og tilrådingar for Europarådets politikk på ungdomsområdet. Erklæringa trekkjer spesielt fram den tverrsektorielle karakteren ungdomspolitikken har, saman med behovet for ei betre samordning av barne- og ungdomspolitikken i Europarådet. Vidare vert det lagt vekt på samarbeidet med Europakommisjonen på ungdomsområdet og den rolla dei to ungdomssentra og Det europeiske ungdomsfondet speler som ungdomspolitiske verkemiddel. Det vart vedteke konkrete tilrådingar og retningslinjer på områda menneskerettar og demokrati, det mangfaldige samfunnet og sosial inkludering av ungdom i samfunnet. Ministerkomiteen følgde opp erklæringa med ein resolusjon om Europarådets ungdomspolitikk, som vart vedteken 25. november 2008. Resolusjonen omfattar alle vesentlege punkt i erklæringa frå Ungdomsministerkomiteen.

I 2009 har Styringskomiteen for ungdomsspørsmål og Felleskomiteen drøfta korleis resolusjonen frå Ministerkomiteen skal gjennomførast i praksis. Gjennomføringa av Europarådets program « Eit Europa for og med barn » vart òg drøfta, og ungdomssektoren tok på seg ei spesiell rolle for å fremje barns medverknad i samfunnslivet og slutta seg til forslaget om å etablere ein rådgjevande ad hoc-komité på området barns og ungdoms medverknad. Felleskomiteen diskuterte òg evalueringa og oppfølginga av kampanjen « All Different – All Equal ». Det er òg starta eit arbeid med å fornye og effektivisere prosessane med internasjonal evaluering av nasjonal ungdomspolitikk i medlemslanda.

Til forsida