Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

1 Innlegg av utanriksminister Jonas Gahr Støre på det 119. ministermøtet i Europarådet, Madrid 12. mai 2009

Innlegg i debatten om Europarådets verksemd og prioriteringar

President,

La meg få takke Spania – og deg personleg – for den svært gode jobben den spanske formannskapen har gjort. No ser vi fram til å samarbeide nært med den påtroppande slovenske formannskapen, på same måte som med Miguel Ángel Moratinos.

For 60 år sidan underteikna ti land Londontraktaten, og Noreg var eitt av dei. Vi starta på eit ambisiøst prosjekt der vi ville styrkje demokratiet, rettsstaten og respekten for menneskerettane i heile Europa.

Seks tiår seinare har vi mykje å feire – og å fokusere på, men vi må sjå framover. La meg få kome spesielt inn på tre område.

Først har vi sjølve kjerneområdet for organisasjonen: grunnleggjande verdiar og menneskerettar.

Vi har oppretta ei imponerande samling standardar på europeisk plan. Dette har vore med på å leggje grunnlaget for europeisk integrering. Det er likevel mykje arbeid som står att før vi har nådd ambisjonen vår om å gjere demokrati og menneskerettar til ein realitet i heile Europa.

Den europeiske menneskerettsdomstolen er ein hjørnestein i systemet for vern om menneskerettane. Difor er det stadig aukande etterslepet av saker ved domstolen ein alvorleg trussel mot effektiviteten og truverdet til heile systemet.

På denne bakgrunnen vil Noreg samtykkje i at enkelte prosedyrar i protokoll 14 vert midlertidig sette i verk, slik at domstolen får auka kapasitet. Eg meiner at situasjonen krev resolutt handling. Vi må òg sikre at heile protokoll 14 vert sett i verk. Og vi må i tillegg vedta andre tiltak, sidan det er klart at protokoll 14 i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg.

Konflikten i Georgia og konsekvensane av konflikten krev òg handling frå Europarådet si side. Vi set stor pris på engasjementet til Menneskerettskommissæren og verdset dei konstruktive forslaga frå Generalsekretæren. Vi er uroa over mangelen på tilgang til områda som er ramma av konflikten, og oppmodar alle partar om å gje internasjonale organisasjonar fri tilgang.

Det andre området er tryggleik.

Det første møtet mellom partane i konvensjonen om førebygging av terrorisme vart halde i dag, og vi vert minna om det forferdelege terroristangrepet i Madrid i juni 2004.

Det er når vi vert sette på dei hardaste prøvene at det er vanskelegast å vere trufast mot kjerneverdiane våre. Men då er det endå viktigare å sikre at tiltaka vi gjennomfører, er i tråd med pliktene våre etter folkeretten.

Det tredje området er sjølve organisasjonen.

På toppmøtet i Warszawa i 2005 konkluderte vi med at reform av organisasjonen er eit høgt prioritert område. Utfordringa er å sikre at vi arbeider effektivt, samtidig som vi gjer Europarådet meir politisk relevant. Vi er no på veg mot å nå dette målet.

Dette krev klarare politisk prioritering og fokus, i tillegg til pragmatiske partnarskap med andre regionale og internasjonale organisasjonar.

Den neste generalsekretæren skal veljast i juni. Noreg meiner at vi no treng ein sterk og visjonær leiar. Vi må sikre at Rådet hentar ut heile potensialet sitt og held fram med å vere politisk relevant i Europa.

Dette er grunnen til at Noreg har nominert vår tidlegare statsminister og utanriksminister og noverande stortingspresident, Thorbjørn Jagland, som kandidat til stillinga som generalsekretær. Eg er overtydd om at Jagland er den leiaren Europa og denne organisasjonen treng.

Eg har sterk tru på framtida for denne organisasjonen. I dag må vi vere like dristige, visjonære og viljefaste som leiarane som grunnla Europarådet for to generasjonar sidan. Og vi må arbeide iherdig for å nå målet vi har sett oss: eit demokratisk og samla Europa.

Innlegg i debatten om nominasjon av kandidatar til generalsekretærstillinga

La meg gjere det klart heilt frå starten av at Noreg har ein kandidat. Eg har ei prinsipiell tilnærming til dette. For det første trur eg det er opplagt for alle at mykje kan gjerast for å betre kommunikasjonen mellom ministrane og parlamentarikarane. Eg meiner at den nye generalsekretæren må vie merksemda si til dette, og det må vere ein del av reformprosessen i denne viktige organisasjonen.

Når dette er sagt, er eg ikkje samd med min belgiske kollega. Eg meiner at prosessen som vart sett i gong med brevet frå Carl Bildt, har vore open og i samsvar med regelverket. Ministerrepresentantane har gjort det heilt klart ved to høve at dei har føreslått to kandidatar til generalsekretærstillinga som vil bli førelagde for parlamentarikarane i juni. For første gong har dei brukt kriteria som vart definerte av statsminister Juncker. Dette har dei gjort på grunnlag av fire førsteklasses kandidatar etter at dei hadde intervjua alle fire. Avgjerdene var heilt klare når det gjeld røystetalet, og dette meiner eg gjer at utvalet av kandidatar tydeleg uttrykkjer synspunkta til regjeringane som er representerte i Europarådet.

La meg ganske enkelt få seie at den spanske formannskapen har samanfatta situasjonen svært godt. Eg vil få lov til å sitere det formannen sa i samband med dette for nokre dagar sidan. Formannen merkte seg at fleirtalet i komiteen ikkje såg nokon grunn til å gå gjennom resolusjonsforslaget frå ministerkomiteen som vart godkjend på det 1055. møtet, og som skal leggjast fram for ministrane i Madrid. Resolusjonsforslaget fekk oppslutning frå eit stort fleirtal som støtta dei to kandidatane som vert nemnde i forslaget, slik at det ikkje er tvil om komiteen sitt syn på dei ulike kandidatane. Vidare samla komiteen seg om resolusjonsforslaget med full respekt for det gjeldande regelverket og med bruk av forrettane sine.

Eg er einig med formannen, og eg meiner at det vi no skal drøfte, er ambisjonen regjeringane våre har hatt dei siste åra om å gje generalsekretæren høgare prestisje og ei sterkare røyst ved å ta med og bruke kriteria som statsminister Juncker har føreslått. Her er det rett nok ikkje snakk om vitskapelege kriterium, men eg trur at representantane våre, sannsynlegvis med instruksjonar frå hovudstadane, har gjort synspunkta sine godt kjende i desse to drøftingane. Eg er difor imot endringar til dette forslaget, og eg føreslår at ministrane står ved avgjerda og sender desse to namna vidare til parlamentarikarane i juni.

Takk, president.

Til forsida