Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

9 Idrett, kultur og media

9.1 Idrett

Europarådet er den einaste arenaen der styresmaktene i alle dei europeiske landa kan drøfte idrettspolitiske spørsmål. Europarådet har to konvensjonar på idrettsområdet, høvesvis om antidoping og kamp mot tilskodarvald. Noreg deltek fast i gruppene som overvaker oppfølginga i medlemsstatane av desse konvensjonane.

Noreg deltek òg i møta i ad hoc-komiteen med ansvar for å koordinere synspunkta til dei europeiske landa i saker som er knytte til Verdsantidopingbyrået (WADA). Utvikling av dialogen mellom europeiske styresmakter og WADA har vore eit sentralt tema òg i 2009. Samarbeidet ser no ut til å vere inne i eit konstruktivt spor.

Noreg er medlem av den utvida delavtalen for idrett (EPAS) som vart oppretta i 2007. EPAS omfattar no 32 land. Det mest sentrale for Noreg er den rolla EPAS speler som arena for alleuropeiske idrettsministermøte og som forum for utvikling av politikk og standardar på idrettsfeltet.

Viktige oppgåver i 2009 har vore å følgje opp vedtaka frå den europeiske idrettsministerkonferansen i desember 2008 på områda etikk og autonomi i idretten, i tillegg til den vidare kursen for arbeidet i EPAS.

9.2 Kultur

Styringskomiteen for kultur (CDCULT) har i 2009 arbeidd med oppfølging av kvitboka til Europarådet om tverrkulturell dialog. Kvitboka er det viktigaste politiske dokumentet i organisasjonen på feltet tverrkulturell dialog. Her vert prioriteringane for Europarådet formulerte, og boka skal vere eit rettleiande verktøy nasjonalt, regionalt og lokalt. Den religiøse dimensjonen i den tverrkulturelle dialogen har fått plass i dokumentet. Det vert lagt vekt på verdien av tverrkulturell dialog som grunnlag for fred og berekraftig utvikling i Europa og naboregionane, i tillegg til i internasjonale samanhengar.

CDCULT har òg arbeidd med oppfølging av ministererklæringa som vart vedteken på kulturministerkonferansen i Baku, Aserbajdsjan, i desember 2008. Det europeiske Wergelandsenteret i Oslo vert brukt i dette arbeidet med vekt på arbeid med tverrkulturell utdanning, menneskerettar og demokratisk medborgarskap.

Oslo by deltek i Europarådets prosjekt for tverrkulturelle byar der kulturelt mangfald vert brukt som ein strategisk ressurs for å stimulere kreativitet og innovasjon i byane i framtida.

CDCULT fortsette òg med arbeidet med å gå gjennom kulturpolitikken i medlemslanda og la særskilt vekt på tiltak for å fremje kulturelt mangfald.

Som eit ledd i oppfølginga av UNESCO-konvensjonen om kulturelt mangfald oppdaterer medlemslanda presentasjonane sine i Europarådets publikasjon over kulturpolitikken i medlemslanda, www.culturalpolicies.net . Kompendiet vert knytt direkte til oppfølginga av kvitboka om tverrkulturell dialog. Norsk kulturpolitikk er presentert i kompendiet.

CDCULT arbeidde vidare med å definere ein strategi for tverrkulturelt samarbeid blant medlemslanda, mellom Europarådet og aktuelle geografiske naboområde og for å vidareutvikle forholdet til andre internasjonale organisasjonar.

9.3 Media og nye kommunikasjonstenester

Medieutviklinga fører til stadig nye kommunikasjonstenester. Styringskomiteen har difor fått utvida mandatet sitt og fått namnet Styringskomiteen for media og nye kommunikasjonstenester (Steering Committee on the Media and New Communications Services, CDMC). Mediespørsmål vert òg behandla i m.a. Den faste komiteen for fjernsyn over landegrensene (T-TT), som er oppretta i kraft av ein særskilt konvensjon. Noreg deltek i desse komiteane og i ekspertkomiteen for nye media (MC-NM).

CDMC behandlar mediespørsmål først og fremst i ein menneskerettsleg samanheng. Komiteen skal bidra til eit europeisk samarbeid om media og nye kommunikasjonstenester for å verne og fremje menneskerettane og grunnleggjande rettar, særleg ytrings- og informasjonsfridomen i samfunn med kulturelt mangfald. CDMC skal ta omsyn til teknologiske, rettslege, politiske og økonomiske endringar som gjeld kommunikasjonstenester, m.a. i lys av globaliseringa.

CDMC har vurdert eit nytt tiltak for overvaking av ytringsfridomen på mediefeltet. Det har ikkje vore stor tilslutning til ein omfattande overvakingsmekanisme, særleg pga. faren for overlapping med eksisterande organ. Noreg og fleire andre land har vore positive til at styringskomiteen utgreier om ein kan få til ei styrkt overvaking av vilkåra for ytringsfridomen i form av ein enklare mekanisme som vert lagd til eit eksisterande Europarådsorgan. CDMC oppretta deretter ein ad hoc-komité med mandat til å utarbeide ein slik modell for overvaking av menneskerettane på mediefeltet. Mandatet inneber at det ikkje skal etablerast nokon nytt styringsorgan, men at overvakinga skal skje ved hjelp av eksisterande institusjonar.

Den nye modellen, som har fått tilslutning frå CDMC i 2009, vil innebere auka informasjonsinnhenting, koordinering og teknisk bistand. Ei ny eining i sekretariatet skal samle informasjon om utviklinga frå ulike kjelder (Menneskerettsdomstolen, menneskerettskommissæren, OSSE m.m.). Ministerkomiteen vedtok 13. januar 2010 ei erklæring om tiltak for å fremje respekt for artikkel 10 i menneskerettskonvensjonen. Generalsekretæren skal rapportere til Ministerkomiteen og Parlamentarikarforsamlinga om oppfølginga av overvakingsordninga og skal presentere ei evaluering etter tre år.

Ein ministerkonferanse om mediespørsmål vart halden i Reykjavik 28.–29. mai 2009. Formålet med konferansen var mellom anna å utvide mandatet for arbeidet i Europarådet til å omfatte både media og nye kommunikasjonstenester. Konferansen samla 299 deltakarar, medrekna representantar frå europeiske og nasjonale ungdomsorganisasjonar, m.a. frå Noreg. Konferansen vedtok ei politisk erklæring, tre resolusjonar og ein aksjonsplan for verksemda til Europarådet dei næraste fire åra.

Det var knytt stor interesse til behandlinga av ein resolusjon om antiterrorlovgjeving og konsekvensar for ytringsfridomen. Resolusjonen inneber at medlemslanda forpliktar seg til å gjennomgå lovgjeving og/eller praksis med jamne mellomrom for å sikre at antiterrrorismetiltaka er i samsvar med Europarådets standardar for ytrings- og informasjonsfridomen. Russland reserverte seg mot dette punktet i resolusjonen.

Europarådskonvensjonen av 1989 om fjernsyn over landegrensene er ratifisert av 31 land, mellom anna Noreg. Den faste komiteen for fjernsynssendingar over landegrensene har utarbeidd eit forslag til endringsprotokoll for revisjon av konvensjonen. Forslaget er i hovudsak samanfallande med EU-direktivet om audiovisuelle medietenester. Forslaget er sendt til Ministerkomiteen, men saka er lagd til side pga. synspunkt frå EU. Kommisjonen viser til avgjerder i EF-domstolen (C-467/98 Open Skies) og uttaler i brev av 23. oktober 2009 til Europarådet at medlemslanda aleine ikkje kan inngå internasjonale avtalar på område som fell inn under EUs kompetanse. Saka vert no vurdert av sekretariatet i samarbeid med Kommisjonen.

Etter ministerkonferansen i Reykjavik i mai 2009 er det oppretta ein ny ekspertkomité med fokus på framveksten av nye medium og rolla dei har og vil få i det nye informasjonssamfunnet. Den overordna dagsordenen for komiteen (MC-NM) er å undersøkje om definisjonen av media og kommunikasjonstenester, med tanke på framveksten av nye medium som for eksempel sosiale medium, kan vere uendra i det nye informasjons- og kommunikasjonssamfunnet. Komiteen skal mellom anna utgreie korleis Europarådets standardar som er utvikla for tradisjonelle medium, kan brukast når det gjeld nye medium. Ekspertkomiteen skal vidare undersøkje kva utfordringar som er knytte til ytringsfridom, privatliv og andre grunnleggjande rettar på Internett for den enkelte, og spesielt for barn og unge.

Under CDMC vart det i 2009 òg oppretta ein ny rådgjevande komité som skal vurdere nærståande rettar for kringkastarane og eventuelt utarbeide eit utkast til konvensjon. Bakgrunnen er m.a. at medlemslanda i Verdsorganisasjonen for immaterialrett (WIPO) ikkje har klart å verte samde om substansen i eit tilsvarande globalt rettsleg instrument, medan nær sagt alle europeiske land har vore positivt innstilte. Noreg har støtta initiativet om eit rettsleg instrument om vern av rettane kringkastarane har til eigne sendingar, kringkastingssignal m.m., men meiner som mange andre land at det er avgjerande at EU støttar arbeidet med ein konvensjon i regi av Europarådet.

Ministerkomiteen vedtok i 2009 ei tilråding om vern av barn mot skadeleg innhald på informasjons- og kommunikasjonsfeltet. Ministerkomiteen vedtok i 2009 òg ei tilråding til medlemslanda om nasjonal filmpolitikk og kulturelt mangfald.

Noreg ratifiserte i 2009 den europeiske konvensjonen om samproduksjon av film (ETS 147). Norsk deltaking i konvensjonen vil gjere det enklare for norske filmprodusentar å samarbeide om produksjonar med andre europeiske produsentar.

Til forsida