Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

12 Regionalt og kommunalt samarbeid

Den europeiske komiteen for lokalt og regionalt demokrati (CDLR) arbeider med lokalt sjølvstyre, kommunal økonomi og forvaltning og den statlege styringa av kommunesektoren. Komiteen har ein god dialog med Europarådets kongress for lokale og regionale styresmakter. I 2009 omfatta arbeidet mellom anna demokratisk medverknad, reformer på regionalt nivå, erfaringar med modeller for interkommunalt samarbeid og tiltak for å dempe verknadene av finanskrisen.

Noreg var representert på Europarådets 16. konferanse for ministrar med ansvar for lokalt og regionalt demokrati i Utrecht, Nederland, 16.–17. november 2009. Hovudtemaet for konferansen var godt lokalt og regionalt styresett i turbulente tider og behovet for forandringar. Den finske ministeren Mari Kiviniemi la fram ein rapport om korleis arbeidet i Europarådet med lokalt og regionalt demokrati kan betrast. Konferansen vart samd om ein felles europeisk handlingsplan for arbeidet med godt styresett på lokalt og regionalt nivå for dei komande åra. Sentrale element er at Europarådet må møte utfordringa gjennom å bli meir synleg for innbyggjarane heime, at medlemslanda må utvikle sterkare eigarskap og samarbeidsformer i nettverk på alle styringsnivå, òg på tvers av land, at organisasjonen må bli meir open, og at interne samarbeidsformer, fleksibilitet og effektivitet må betrast. Det må utviklast ein gjennomgåande kommunikasjonsstrategi for arbeidet med lokalt og regionalt demokrati for å lukkast med dette.

Før årsskiftet 2009 vart det utarbeidd ein kommunikasjonsstrategi med tiltaksliste for arbeidet i Europarådet med lokalt og regionalt demokrati. Noreg vil i 2010 vere ein pådrivar i arbeidet med oppfølging av kommunikasjonsstrategien og synleggjeringa av arbeidet til Europarådet på dette feltet, både heime og ute.

På ministerkonferansen i Utrecht underteikna Noreg tilleggsprotokollen til charteret for lokalt sjølvstyre om retten til medverknad i sakene til lokale styresmakter . Protokollen vart ratifisert av Noreg 16. desember 2009. Tilleggsprotokollen representerer ei fornying av det europeiske charteret for lokalt sjølvstyre ved at det tek opp forholdet mellom lokalforvaltninga og innbyggjarane. Protokollen fastlegg prinsippet om at innbyggjarane har rett til medverknad som ein individuell rett, og pålegg medlemsstatane å leggje til rette for slik medverknad gjennom ulike tiltak. Dette kan m.a. være informasjonstiltak, etablering av prosedyrar for å involvere innbyggjarane, ordningar for innsyn i dokument hos lokale styresmakter og mekanismar for handtering av klagar.

Noreg er pilotland i 2009–2010 for implementering av strategien for innovasjon og godt styresett. Arbeidet siktar mot at det skal etablerast ein årleg europeisk pris for innovasjon og godt styresett til kommunar som oppnår gode resultat og utvikling. Arbeidet vert leidd av den felles plattforma for strategien for innovasjon og godt styresett på lokalt nivå ( Stakeholders’ Platform on the Strategy for Innovation and Good Governance ). Her er Ministerkomiteen, Parlamentarikarforsamlinga, Kongressen for lokale og regionale styresmakter, Konferansen for frivillige organisasjonar og CDLR representert. Strategien inneheld tolv prinsipp for godt styresett. I verktøyet for eigenevaluering er det utvikla indikatorar for kvart av dei tolv prinsippa, som kommunen sjølv skal vurdere seg opp mot. Det vert òg stilt spørsmål til politikarane og innbyggjarane om resultata i kommunen.

Noreg testa verktøyet i Sørum kommune i 2009 og vil fortsetje utprøvinga i dei norske pilotkommunane i 2010. Seks pilotland deltek og har starta eit oppfølgingsarbeid: Belgia, Bulgaria, Italia, Nederland, Noreg og Ukraina. I Noreg har KS hovudansvaret for prosjektet i samarbeid med Kommunal- og regionaldepartementet. Europarådets senter for ekspertise på lokalreformer utfører sekretariatsoppgåver og stiller til disposisjon verktøy og metodar.

Senteret for ekspertise på lokalreformer vart oppretta i 2006 som eit prøveprosjekt og vart i 2008 vedteke vidareført på permanent basis. Senteret har eit rådgjevande styre der Kongressen for lokale og regionale styresmakter i Europarådet og CDLR er representerte, med ein norsk representant. Senteret arbeider med prosjekt som skal styrkje kapasiteten i kommunesektoren i arbeidet med leiarskap, offentleg etikk, tenesteyting og innbyggjarane sin medverknad i lokale avgjerdsprosessar.

Forum for demokratiets framtid arrangerte den femte sesjonen sin 21.–23. oktober 2009 i Kiev, Ukraina, med hovudtemaet «Valsystem: styrking av demokratiet i det 21. hundreåret». Forumet samla 400 deltakarar.

Til forsida