Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

2 Det politiske samarbeidet i Ministerkomiteen

2.1 Arbeidet i Ministerkomiteen

Situasjonen i landa i Sør-Kaukasus og på Vest-Balkan har dominert det politiske arbeidet i Ministerkomiteen òg i 2009.

Konflikten mellom Georgia og Russland om dei georgiske utbrytarområda Sør-Ossetia og Abkhasia har vorte drøfta kvar veke i Ministerkomiteen sidan konflikten starta i august 2008.

Konflikten på Kypros har stått fast på dagsordenen i Ministerkomiteen sidan 1974. Prosessen rundt samanslåingsforhandlingane har vorte teken opp med jamne mellomrom i Ministerkomiteen i 2009.

Utviklinga i Armenia og Aserbajdsjan er underlagd ein eigen overvakingsmekanisme i regi av Ministerkomiteen, med vekt på å følgje med på korleis dei to landa etterlever forpliktingane dei tok på seg då dei vart medlemer av Europarådet.

Vidare har spørsmål knytte til observasjon av val og folkeavstemningar i fleire medlemsland og konfliktar i og mellom medlemsland vore drøfta i Ministerkomiteen. Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet observerte i 2009 vala i Albania, Bulgaria, Moldova, Makedonia, Montenegro og Aserbajdsjan.

Diskusjonen om Europarådet si rolle i Kosovo etter sjølvstendeerklæringa har i 2009 vore prega av større vilje frå dei landa som har hatt dei mest markerte posisjonane, til å syne ein viss grad av pragmatisme. Dette har gjort det mogeleg å verte samde om eit breiare sett av aktivitetar for Europarådet.

I tillegg til faste politiske spørsmål har det vore omfattande drøftingar i Ministerkomiteen om menneskerettar, demokrati og rettsstat i dei nye medlemslanda, i tillegg til drøftingar av reformforslag og forbetringar i tilsynsarbeidet. Ministerkomiteen har òg følgt situasjonen for nasjonale minoritetar og for media i fleire land.

Ministerkomiteen følgjer òg prosjektsamarbeidet nøye. Prosjekta omfattar fremjing av godt styresett, respekt for menneskerettane, utvikling av lokaldemokrati, rettsvesen, tverrkulturell dialog og utdanning, kamp mot organisert kriminalitet, tiltak mot menneskehandel, korrupsjon, valdsbruk i nære relasjonar, rasisme og diskriminering. EU-kommisjonen finansierer omkring 80 % av prosjektarbeidet retta mot dei nye demokratia, medan Europarådet bidreg med fagkompetanse. Noreg er òg ein stor bidragsytar.

Dei viktigaste sakene på utanriksministermøtet i Madrid 12. mai 2009 var innstilling av kandidatar til stillinga som generalsekretær, foreløpig iverksetjing av to prosedyrar i protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen med sikte på å auke saksbehandlingskapasiteten i Menneskerettsdomstolen i påvente av russisk ratifikasjon av protokoll 14, vidareføring av arbeidet for å styrkje samarbeidet mellom Europarådet og EU og for organisatorisk reform av Europarådet og konflikten mellom Russland og Georgia. Kviterussland var tema for ein uformell diskusjon på arbeidslunsjen til ministrane.

Ministerkomiteen vedtok med stort fleirtal å innstille berre to av dei fire nominerte kandidatane til generalsekretærvervet, norske Jagland og polske Cimoszewicz. Bakgrunnen var ei avgjerd frå Ministerkomiteen om å gjere Europarådet meir synleg og politisk relevant ved å velje ein generalsekretær med erfaring på høgt politisk nivå og dermed bryte med ein lang tradisjon der generalsekretæren kjem frå Parlamentarikarforsamlinga. Et forsøk frå Belgia på å få omgjort avgjerda, fekk støtte frå ein svært liten krins av land.

Tilnærma alle land understreka i Madrid kor viktig det er med tiltak for å sikre framtida til Den europeiske menneskerettsdomstolen, og mange oppfordra Russland til å ratifisere protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen, slik at heile konvensjonen kan tre i kraft. I mellomtida ønskte dei fleste velkomen avtalen som vart inngått same dag om foreløpig gjennomføring av to prosedyrar i protokoll 14, saman med vedtaket av protokoll 14bis som inneheld dei same to prosedyrane (jf. nærare om dette under punkt 2.2 og 3.1.)

Ministrane gav si støtte til dei seks menneskerettslege og humanitære prinsippa Menneskerettskommissæren har sett opp for konflikten mellom Russland og Georgia, og inviterte Generalsekretæren til å føreslå prosjekt med sikte på å gjenopprette demokrati, menneskerettar og rettsstat i konfliktsona.

Det vart vedteke å vidareføre arbeidet for ei styrking av samarbeidet mellom Europarådet og EU og den pågåande organisatoriske reformprosessen av Europarådet.

Ministrane vedtok òg ei erklæring i høve Europarådets 60-årsjubileum og ei erklæring om fremjing av reell likestilling ( Making gender equality a reality ).

2.2 Ministerkomiteens arbeid med menneskerettane

Spørsmålet om reformer for å sikre effektiviteten og framtida til Menneskerettsdomstolen var ei hovudsak for Ministerkomiteen òg i 2009. Russland har lenge vore den einaste konvensjonsstaten som ikkje har ratifisert protokoll 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), og har dermed hindra protokollen i å tre i kraft. Protokollen utgjer ein viktig del av reformpakka som vart vedteken av Ministerkomiteen i 2004 for å sikre framtida til Menneskerettsdomstolen (EMD). Protokollen vil forenkle behandlinga av dei enklaste sakene ved domstolen og gjere han meir effektiv. Då det våren 2009 framleis ikkje såg ut til at Russland ville ratifisere protokoll 14 med det første, vart det på utanriksministermøtet 12. mai 2009 semje om foreløpig iverksetjing av to av prosedyrane i protokoll 14 som er særleg viktige for effektiviteten til domstolen. Iverksetjinga gjeld for dei statane som samtykkjer særskilt til det. Dette omfattar føresegnene om at éin dommar (i staden for tre) skal kunne avvise openbert grunnlause klagar, og om at tre dommarar (i staden for sju) skal kunne avseie dom i saker som ikkje reiser nye spørsmål om tolking av konvensjonen (repeterande saker).

Ministerkomiteen vedtok å arbeide vidare ut frå to alternative framgangsmåtar for foreløpig iverksetjing av dei to prosedyrane: 1) gjennomføring av ein statspartskonferanse i margen av utanriksministermøtet for å inngå av ein avtale – heretter kalla Madrid-avtalen – om mellombels verknad av dei to prosedyrane i protokoll 14 (avtalen vart inngått ved konsensus, men mellombels verknad gjeld berre i forhold til statar som samtykkjer særskilt til det) og 2) vedtak på utanriksministermøtet av ein ny protokoll 14bis som inneheld dei same to prosedyrane som statspartsavtalen omfattar, og som – i motsetning til protokoll 14 – ikkje krev ratifikasjon av alle medlemsstatar for å tre i kraft. Medlemsstatane kan velje den framgangsmåten dei føretrekkjer, ut frå kva dei ser på som den raskaste og/eller mest føremålstenlege løysinga.

Noreg underteikna protokoll 14bis 27. mai 2009, same dagen som protokollen vart opna for underteikning. Noreg tok ikkje atterhald om seinare godkjenning av protokollen og gav samtidig fråsegn om mellombels verknad av føresegnene. Protokollen fekk mellombels verknad for Noreg 1. juni 2009 og tredde i kraft 1. oktober 2009. Ni land hadde per 10. mars 2010 ratifisert protokoll 14bis, og ytterlegare tolv hadde underteikna han, medan ti statar hadde valt å gje fråsegn om mellombels verknad av prosedyrane i protokoll 14 i samsvar med Madrid-avtalen.

Hausten 2009 kom det positive signal frå Russland om at protokoll 14 kunne verte ratifisert. 15. januar 2010 gav den russiske statsdumaen samtykke til ratifikasjon, og 18. februar 2010 ratifiserte Russland protokollen. Protokoll 14 trer dermed i kraft 1. juni 2010.

Sjølv om iverksetjinga av protokoll 14 vil føre til ei omfattande effektivisering av arbeidet ved EMD, er det på det reine at protokollen åleine ikkje er tilstrekkeleg til å skape balanse mellom talet på innkomne klagar til domstolen og talet på saker domstolen klarer å kvittere ut, i tillegg til å ta unna dei store restansane som har bygd seg opp.

På utanriksministermøtet i Madrid i mai 2009 ønskte difor ministrane velkomne intensjonane til Sveits om å organisere ein høgnivåkonferanse om framtida for Menneskerettsdomstolen under formannskapen sin i Ministerkomiteen. Konferansen fann stad i Interlaken, Sveits, 18.–19. februar 2010. Noreg deltok aktivt i førebuingane av Interlaken-konferansen (jf. punkt 3.1 og 4.1).

Ministerkomiteen vedtok i februar 2009 mandat for ei ekspertgruppe som skal utarbeide utkast til ei tilråding til medlemslanda om tiltak for å kjempe mot diskriminering basert på seksuell legning og kjønnsidentitet og for å sikre menneskerettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT-personar). Dette er ei oppfølging av eit nordisk-baltisk initiativ frå 2007 for å styrkje innsatsen til Ministerkomiteen for å fremje respekt for rettane til denne gruppa. Noreg har delteke aktivt i arbeidet i arbeidsgruppa.

På grunnlag av ein interimsrapport frå arbeidsgruppa som er oppretta for å vurdere ein ny Europarådskonvensjon om vald mot kvinner og vald i nære relasjonar, gav Ministerkomiteen i mai 2009 grønt lys for å halde fram med dette konvensjonsarbeidet langs dei linjene arbeidsgruppa har føreslått (jf. nærare under punkt 4.4 – vald mot kvinner og vald i heimen).

Ministerkomiteen vedtok 1. juli 2009 ei erklæring om menneskerettar i fleirkulturelle samfunn og retningslinjer for menneskerettsvern i samband med hurtigprosedyrar i asylsaker.

2.3 Samarbeidet med EU, OSSE og FN

Ministerkomiteen har i 2009 halde fram med arbeidet med fullt ut å utnytte potensialet for styrkt samarbeid som ligg i Samarbeidsavtalen av mai 2007 mellom Europarådet og EU. Regjeringa prioriterer samarbeidet mellom dei to organisasjonane høgt og vedtok difor i 2008 å finansiere ei nyoppretta stilling som Europarådets spesialrepresentant til EU.

Eit viktig resultat av avtalen er at det er ein klar auke i konsultasjonane mellom Europarådet og EU på område av felles interesse. Det praktiske samarbeidet er òg i vekst. EU finansierer såleis størstedelen av handlingsplanane til Europarådet i dei nye demokratia på Vest-Balkan og i Sør-Kaukasus, i tillegg til i Ukraina og Moldova.

Regjeringa er nøgd med at det i 2008 vart inngått ein avtale mellom dei to organisasjonane om samarbeid mellom Europarådet og det nye EU-byrået for grunnleggjande rettar (EUs menneskerettsbyrå). Europarådet har oppnemnt ein uavhengig representant til å sitje i organa til EUs menneskerettsbyrå, og Ministerkomiteen får regelmessige rapportar om samarbeidet. Sidan Europarådet er aktivt på dei fleste av innsatsområda til byrået, trengst det god koordinering mellom dei to organisasjonane. Byrået skal fokusere på datainnsamling, vitskapleg forsking og statistikk, i tillegg til å formulere tilrådingar til EU-institusjonane og EU-landa som er knytte til gjennomføring av EU-regelverket. Europarådet fokuserer derimot først og fremst på normsetjing og overvaking av menneskerettane. Gjennom tett koordinering er det difor håp om at dei to organisasjonane kan dra gjensidig nytte av kvarandre, og at dei kan unngå dobbeltarbeid.

Særleg viktig er det at EUs Lisboa-traktat, som tredde i kraft 1. desember 2009, inneheld ei føresegn som forpliktar EU til å tiltre den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Protokoll 14 til EMK opnar for ei slik tiltreding frå EU si side. For at denne tiltredinga skal kome i stand, må EU og Europarådet verte samde om korleis EU skal slutte seg til konvensjonen. Medlemslanda i Europarådet og EU vil måtte godkjenne tiltredinga og vilkåra ho byggjer på. EU og Europarådet innleidde 8. januar 2010 forhandlingane om EUs tiltreding til EMK.

Regjeringa ser på EUs tiltreding til EMK som ønskjeleg fordi det vil styrkje vernet av menneskerettane i Europa ytterlegare og bidra til å utvikle og sikre ein felles europeisk rettspraksis i menneskerettssaker. Når EU tiltrer EMK, vil alle EU-borgarar ha høve til å klage EU inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD).

Samarbeidet mellom Europarådet og OSSE har òg utvikla seg positivt i 2009. Samarbeidet er tett, og det vert ofte utarbeidd felles innspel og tiltak på dei fire samarbeidsområda kamp mot terrorisme, vern av nasjonale minoritetar, kamp mot menneskehandel og fremjing av toleranse og ikkje-diskriminering. Høgkommissæren for nasjonale minoritetar i OSSE, Knut Vollebæk, tek aktivt del i dette samarbeidet og har styrkt samarbeidet med Menneskerettskommissæren. Det er likevel brei semje om at det er potensial for å utdjupe samarbeidet ytterlegare med sikte på å unngå dobbeltarbeid. Dette gjeld m.a. arbeidet mot menneskehandel.

Etter at FNs nye råd for menneskerettar vart oppretta, er det lagt til rette for regelmessig og styrkt samarbeid mellom FN og Europarådet. I 2008 vedtok FNs generalforsamling ein resolusjon om samarbeidet mellom FN og Europarådet. Noreg engasjerte seg særleg for å få inn tilvisingar til samarbeidet for å styrkje situasjonen til menneskerettsforsvararane. Resolusjonen reflekterer i tillegg på ein god måte det kontinuerlege samarbeidet mellom FN og Europarådet om barns rettar, menneskehandel, rasisme, tortur og minoritetar og tverrkulturell dialog.

2.4 Arbeidet til Europarådet i medlemslanda

I tillegg til dei faste drøftingane av aktuelle politiske spørsmål er det etablert mekanismar for å sjå til at medlemslanda oppfyller pliktene som er knytte til menneskerettskonvensjonen og andre grunnleggjande konvensjonar. Svake institusjonar innanfor rettsvesenet, behov for fengsels- og politireform, menneskehandel, stillinga til media og diskriminering av minoritetar og utsette grupper er felles utfordringar særleg for dei nye demokratia. Forholdet mellom fleirtalsbefolkninga og ulike minoritetar, i tillegg til uløyste territoriale spørsmål, er ein viktig bakgrunn for konfliktar i enkelte medlemsland.

Europarådet har difor utarbeidd handlingsplanar til støtte for menneskerettane, demokratibygging og utvikling av rettsstaten i dei nye demokratia. Størst omfang i 2009 hadde samarbeidet med Ukraina. Andre viktige samarbeidsland er Russland, Serbia, Bosnia-Hercegovina, Montenegro, Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Ukraina, Moldova og Albania. Noreg gjev bidrag til enkelte handlingsplanar i samsvar med målsetjingane til Europarådet og sine eigne målsetjingar og arbeider for best mogeleg samordning mellom dei ulike bilaterale og multilaterale aktørane.

Feltkontora er den lokale vidareføringa av Europarådet i dei ti aktuelle samarbeidslanda. Gjennom desse kontora har Europarådet nær kontakt med styresmakter, frivillige organisasjonar, utdanning, media og andre målgrupper. Feltkontora har ei viktig rolle i gjennomføringa av dei ulike tilsyns- og overvakingsfunksjonane til Europarådet. Dei har òg oppgåver knytte til prosjektarbeid og yter praktisk stønad i forkant av val i nært samarbeid med OSSE for å sikre at det institusjonelle rammeverket er på plass (såkalla førvalsassistanse omfattar manntal, valkommisjonar, klageordningar, uavhengig radio- og TV-dekning, vallovgjeving, finansiering av parti).

Vest-Balkan

Europarådet vidareførte i 2009 arbeidet for å stabilisere og betre forholda på Vest-Balkan med vekt på respekt for menneskerettane, godt styresett og oppbygging av rettsstatlege ordningar. Serbia, Bosnia-Hercegovina og Montenegro er underlagt formalisert overvaking knytt til oppfylling av forpliktingane dei tok på seg då dei vart medlemer.

Serbia har langt på veg oppfylt dei fleste forpliktingane dei har teke på seg. Samarbeidet mellom Europarådet og Serbia gjekk difor over i ein ny fase i 2009. Dialogbasert observasjon har no erstatta den tidlegare overvakinga. Trass i at Serbia har hatt god framgang, er det ein del problem som står att. Europarådet vil difor halde fram med å støtte gjennomføringa av forpliktingane til Serbia og langsiktig reform. Problema som står att, gjeld særleg mangelen på eit fullstendig og vilkårslaust samarbeid med den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Parlamentet fungerer heller ikkje på ein tilfredsstillande måte. Forseinkingar i lovgjevingsprosessen fører til at vedtak vert blokkerte. Det trengst reform av rettssystemet, og Ministerkomiteen tilrår at Serbia ratifiserer Madrid-konvensjonen og Europarådets sosialpakt. Serbia vert òg oppfordra til å vedta lover om antidiskriminering, val av nasjonale minoritetar og det sivile samfunnet i tråd med standardane til Europarådet.

Rammevilkåra for arbeidet til Europarådet i Kosovo vart endra i 2008 som følgje av sjølvstendeerklæringa til Kosovo. Mange medlemsland som har godkjent at landet er sjølvstendig, meiner at arbeidet til Europarådet bør bidra til å styrkje dei statsberande institusjonane, medan enkelte andre land har kravd at arbeidet skal vere nøytralt når det gjeld den folkerettslege statusen til Kosovo, i samsvar med tryggingsrådsresolusjon 1244. Det er likevel generell semje om at innbyggjarane i Kosovo er omfatta av, og har krav på å nyte godt av, dei standardane og rettane som gjeld innanfor det geografiske nedslagsfeltet til Europarådet. Det er òg etter kvart større grad av semje mellom medlemslanda om kva aktivitetsområde Europarådet skal gå inn på. I 2009 vart programma for kulturarv, utdanning og det sivile samfunnet intensiverte. Det er vedteke å setje i gang eller vidareføre 18 prosjekt innanfor vern om menneskerettane, rettane til minoritetar, antikorrupsjon, kulturelt mangfald, folketrygd og vern av religiøse og kulturelle minnesmerke. I tillegg kjem det eit nytt prosjekt retta mot personar med rombakgrunn som lever i miljøfarlege leirar.

Det vart gjennomført kommuneval i Kosovo 15. november 2009. Ettersom Serbia hadde tilrådd serbiske borgarar å boikotte valet, var valdeltakinga frå serbarar lågare enn ein kunne ha ønskt. Valet vart elles gjennomført på ein hovudsakleg tilfredsstillande måte.

Ministerkomiteen gjekk i 2009 gjennom korleis Montenegro etterlever forpliktingane sine. Det vart generelt lagt vekt på den positive utviklinga i Montenegro og på at Montenegro heilt eller delvis har oppfylt 80 prosent av forpliktingane sine etter at landet vart medlem i 2007. Arbeidet med reform av rettsvesenet og mot korrupsjon har hatt ei positiv utvikling det siste året, men det må gjerast ein større innsats på dette området. Den faglege bistanden frå Europarådet til landet har særleg vore konsentrert om arbeidet med ny grunnlov. I denne samanhengen er hovudutfordringane vern av minoritetar, eit sjølvstendig rettsvesen og iverksetjing av menneskerettskonvensjonen. Andre viktige saker er effektiv straffeforfølging av krigsforbrytarar og avklaring av status for romflyktningar frå Kosovo. Desse prioriteringane er ein del av den treårige handlingsplanen for Europarådets arbeid i landet som vart vedteken i 2008.

Bosnia-Hercegovina har dessverre hatt mindre framgang når det gjeld etterlevinga av forpliktingane sine. Ei rekkje forhold gjev grunn til uro. Dette gjeld spesielt den forverra politiske situasjonen i landet og dei gjentekne forsøka på å utfordre Dayton-avtalen og undergrave arbeidet til dei statlege institusjonane. Europarådet vedtok i 2009 eit treårig samarbeidsprogram for Bosnia-Hercegovina. Arbeidet som er knytt til reform av grunnlova, er spesielt viktig, og det vert lagt vekt på å oppheve fråsegner som er i strid med den europeiske menneskerettskonvensjonen. Ministerkomiteen vedtok òg i 2009 å fornye dialogen om konstitusjonell reform, innføre tiltak for å avgrense den aukande segregeringa i utdanningssystemet, halde fram med eit fullt samarbeid med ICTY og sørgje for ei effektiv gjennomføring av strategiane for justissektoren, krigsbrotsverk og ungdomsforbrytarar. Den faglege støtta er òg konsentrert om strafferettslege sider av menneskerettskonvensjonen, ombodsmannsinstituttet, arbeid for å få fengselsforholda i tråd med menneskerettane og reform av utdanningssektoren.

Noreg vidareførte i 2009 støtta til prosjekta Europarådet gjennomfører på Balkan, gjennom det norske fondet for Vest-Balkan og samarbeidet med Europarådets utviklingsbank (CEB). Fondet gjer det m.a. mogeleg for banken å gjennomføre pilotprosjekt og forundersøkingar som leier til at det vert gjeve større lån til bustadbygging, repatriering av flyktningar, institusjonsutvikling, kvinneretta tiltak og bistand til små og mellomstore bedrifter. Verksemda til fondet er høgt verdsett av landa på Vest-Balkan og andre medlemsland.

Europarådet arbeider aktivt for auka merksemd om situasjonen til romfolket på Vest-Balkan. Romfolket utgjer ofte ei sosialt, økonomisk og politisk marginalisert gruppe. Europarådet har medverka til etableringa av eit eige romforum i Strasbourg, der utsendingar frå romfolket og minoriteten dei reisande møtest for å drøfte aktuelle spørsmål. I 2009 vart det vedteke å forlengje samarbeidet mellom Europarådet og forumet med to år.

Sør-Kaukasus

Landa i Sør-Kaukasus er blant dei høgast prioriterte i arbeidet med å fremje gjennomføringa av kjerneverdiane til Europarådet, som er knytte til menneskerettane, demokrati og rettsstatsprinsipp. Dei uløyste konfliktane i regionen skaper slik sett endå ei utfordring.

Konflikten mellom Georgia og Russland om dei georgiske utbrytarområda Abkhasia og Sør-Ossetia har prega dagsordenen til Europarådet i 2009. Dei fleste medlemslanda meiner at dei underliggjande utfordringane, som er knytte til at standardane til Europarådet ikkje vert etterlevde, forsterkar konfliktane i regionen. Dei har difor peikt på at det trengst ein handlingsplan for å styrkje demokratiske institusjonar, menneskerettar og godt styresett, i tillegg til tillitsskapande tiltak mellom utbrytarområda og resten av Georgia og mellom Georgia og Russland. Sjølv om det som følgje av russisk motstand ikkje har vore mogeleg å få til dette, har Ministerkomiteen drøfta arbeidet til Europarådet på desse områda og utviklinga på menneskerettsområdet jamleg på basis av kvartalsrapportar frå generalsekretæren. Det har vorte viktigare at Europarådet er til stades i Georgia etter at FN og OSSE ikkje lenger har utplassert personell i landet. Europarådet kan yte vesentlege bidrag til institusjonsbygging og reformarbeid som går føre seg i Georgia, m.a. når det gjeld lovgjeving, styrking av rettsstaten og menneskerettane. Slik sett er òg det norske styrkebrønnteamet i Tbilisi (NORLAG) eit viktig bidrag. Sidan 2004 har det norske ekspertteamet samarbeidd nært med georgiske styresmakter, institusjonar og organisasjonar om utvikling og reform av rettsvesen og kriminalomsorg, der det trass i viktige framskritt framleis står att utfordringar.

Et treårig samarbeidsprogram med Aserbajdsjan vart vedteke i 2009. Arbeidet for å styrkje vernet av menneskerettane og for å fremje juridisk reform er spesielt viktig. Aserbajdsjan har framleis utfordringar med vallova, behandlinga av regimekritikarar og opposisjon og sjølvstende i rettsvesenet. Situasjonen for politiske fangar har vorte debattert i Ministerkomiteen med oppfordringar til landet om å setje fri politiske fangar og sørgje for at alle er sikra ein rettferdig rettargang.

Europarådet vedtok i 2009 ein toårig handlingsplan for Armenia . Denne handlingsplanen er eit resultat av langvarige forhandlingar og dekkjer så å seie alle kompetanseområda til Europarådet. Halvparten av støtta frå Europarådet går til eit prosjekt for å styrkje rettsvesenet. Då Armenia vart teken opp som medlem i Europarådet samtidig med Aserbajdsjan, vart det knytt ei rekkje vilkår til medlemskapen. På mange område har òg Armenia framleis eit godt stykke att til det kan seiast at landet fullt ut etterlever medlemskapsforpliktingane sine når det gjeld handheving av rettsstatsprinsipp og grunnleggjande menneskerettar. Europarådet har ein viktig tilsyns- og oppfølgingsfunksjon på desse områda også overfor Armenia.

Russland, Ukraina, Moldova og Kviterussland

Samarbeidet mellom Europarådet og Russland omfattar styrking av menneskerettane, rettsstaten, utvikling av lokalt sjølvstyre, barns rettar og utdanning. Kampen mot finansiering av terrorisme og kvitvasking av pengar er òg viktige område.

Europarådet har også eit omfattande samarbeid med russiske styresmakter om Tsjetsjenia. Menneskerettskommissæren har dei siste åra spelt ei sentral rolle i dette samarbeidet. Siktemålet er å innføre rettsstatsprinsipp og utvikle menneskerettsstandardar i samsvar med grunnleggjande konvensjonar og andre instrument i Europarådet for befolkninga i Tsjetsjenia. Aktivitetane er retta mot tilsette i regionadministrasjonen, parlamentet, ombodsmannen, frivillige organisasjonar og embetsmenn som er ansvarlege for gjennomføring av dommar. Opplæring i menneskerettar er eit viktig verkemiddel. Det har vorte arrangert rundebordskonferansar for å fremje dialog og forsoning der alle viktige grupper («klanar») har delteke.

Europarådet er den einaste internasjonale organisasjonen som gjev støtte til denne typen aktivitetar i Tsjetsjenia. Menneskerettskommissæren har på bakgrunn av besøk i Tsjetsjenia i 2009 rapportert om ein auke i talet på terroraksjonar med tap av menneskeliv både i Tsjetsjenia og Ingusjetia. I Tsjetsjenia har frivillige organisasjonar rapportert om ein auke i talet på bortføringar og forsvinningar sidan slutten av 2008. Nokre av sakene impliserte deltaking frå rettshevdande styresmakter. Europarådet ser svært alvorleg på denne utviklinga. Menneskerettskommissæren har mellom anna oppfordra til vidare innsats for å betre og styrkje rettsvesenet, påtalemakta og etterforskingskompetansen i Tsjetsjenia.

Samarbeidet mellom Europarådet og Ukraina femner vidt. Saksfeltet spenner frå internasjonalt samarbeid i kriminalsaker, kamp mot korrupsjon, styrking av sjølvstendet til rettsvesenet, medielovgjeving, førebygging av finansiering av terrorisme og kvitvasking av pengar til styrking av sosialt samhøyr, utdanning for tverrkulturell dialog, ungdomspolitikk og sport. Europarådets handlingsplan for Ukraina er den mest omfattande organisasjonen har.

Ukraina har hausta lovord for aktivt engasjement i utarbeidinga av handlingsplanen for 2008–2011 og for å ha konsentrert planen om område der det ifølgje overvakingsmekanismane til Europarådet trengst forsterka innsats. Positive utviklingstrekk i Ukraina i 2009 er at landet har styrkt praktiseringa av den europeiske menneskerettskonvensjonen, og at det er vedteke ei juridisk antikorrupsjonspakke. Det står likevel att fleire utfordringar både på desse og andre område.

Europarådet har ei rekkje aktivitetar for å hjelpe Moldova , både når det gjeld å utforme lovgjeving og å styrkje iverksetjinga av vedtekne lover. Viktige område er styrking av sjølvstendet til rettsvesenet, kampen mot korrupsjon og kvitvasking av pengar, større pressefridom og større grad av pluralisme i media, i tillegg til styrking av det lokale sjølvstyret. Europarådet har spesielt understreka kor viktig det er at styresmaktene sørgjer for full gjennomføring av tilrådingane frå Venezia-kommisjonen når det gjeld utforminga av ei ny vallov. 

Europarådet vedtok i 2009 å samarbeide med EU om ei «demokratisk pakke» for Moldova. Formålet er å betre menneskerettssituasjonen generelt. Meir spesifikt går tiltaka mellom anna ut på å styrkje parlamentet, støtte utviklinga av pluralistiske medium, avhjelpe «iverksetjingsgapet» av lover, sikre at folk må stå til ansvar for menneskerettsbrot, og forbetre forvaringssystemet i fengsla.

Valet i april 2009 og opptøyane som kom i kjølvatnet av det, leidde til stor uro. Europarådet har vore aktivt engasjert i samband med vala både i april og juli. Representantar frå Europarådet konkluderte mellom anna med at det ikkje fanst noko system for å handtere slike opptøyar. Det vart særleg understreka at politivald ikkje kan tolererast, og at dei ansvarlege må stillast til ansvar. Europarådet gav fagleg støtte for å sikre eit rettferdig val 29. juli. Arbeidet til Europarådet var spesielt retta mot å sikre korrekte manntalslister og overvake korleis media dekka valkampen og valet. Det vart avdekka kritikkverdige forhold på desse områda. Den politisk fastlåste situasjonen når det gjeld val av president, gjev òg grunn til uro. På den positive sida har Moldova i løpet av året hatt framgang når det gjeld å gjennomføre reformer for å verne menneskerettane og verkemåten til demokratiske institusjonar.

Noreg yter vesentlege bidrag til justissektorreform i Moldova gjennom Styrkebrønnen (NORLAM), som samarbeider tett med Europarådets feltkontor i Moldova. Styrkebrønnen har seks medarbeidarar og er eit av dei største bilaterale prosjekta Noreg har i Moldova. NORLAM er saman med Europarådet representert i ei ny nasjonal reformgruppe for justissektoren. Gjennom denne gruppa har NORLAM ein unik sjanse til å påverke reformarbeidet på nasjonalt nivå. Våren 2009 vart det gjennomført ein uavhengig gjennomgang av dei to norske styrkebrønnprosjekta i høvesvis Moldova og Georgia. Gjennomgangen viste at NORLAM i Moldova har hatt stort gjennomslag i arbeidet med å påverke nasjonal rettsreform, òg når det gjeld straffenivå.

Kviterussland er det einaste landet i Europa som ikkje er medlem av Europarådet. Det har likevel i fleire år eksistert eit samarbeid med det sivile samfunnet i landet. I lys av den politiske utviklinga og ønsket frå Kviterussland om eit nærare samarbeid er det i 2009 vedteke å utvide samarbeidet til å omfatte styresmaktnivået. Det er såleis vedteke at Kviterussland skal inviterast på møte ved særskilte høve når saker som gjeld Kviterussland direkte, skal diskuterast. Dette representerer ei endring samanlikna med tidlegare praksis og inneber ei tilnærming til landet. Det er òg starta opp eit arbeid om tiltreding for Kviterussland til enkelte europarådskonvensjonar. Europarådet vil kunne innleie eit meir omfattande samarbeid med styresmaktene i Kviterussland dersom situasjonen i landet vert betra på område som menneskerettar og demokrati. Landet praktiserer dødsstraff, og dette er ei hovudhindring for medlemskap.

Europarådet oppretta i 2009 eit informasjonspunkt i Kviterussland som mellom anna skal spreie kunnskap om arbeidet til Europarådet. Infopunktet har gjennomført to kampanjar, høvesvis mot vald i heimen og mot dødsstraff. Det vert arbeidd med å gjere infopunktet meir synleg. Kviterussland slutta seg i 2009 til Europarådets delavtale om samarbeid i alvorlege miljøkatastrofar og starta prosessen med å ta del i konvensjonen om menneskehandel.

2.5 Budsjettet

Europarådets budsjett for 2009 innebar tilnærma null realvekst. Det ordinære budsjettet var på 205 millionar euro, medan budsjetta for dei ulike delavtalane var på 36 millionar euro. Budsjettfordelinga reflekterer prioriteringane som er nedfelte i handlingsplanen frå Warszawa-toppmøtet: styrkje menneskerettar, demokrati og rettsstaten og byggje eit inkluderande og humant Europa.

Noregs totale bidrag var i 2009 på 4,78 millionar euro, der 4,0 millionar euro gjekk til det ordinære budsjettet og pensjonsfondet. Noreg deltek i ti av Europarådets tolv delavtalar. Noreg gav òg 0,78 millionar euro i frivillige tilskot til handlingsplanar og aktivitetar, i tillegg til 0,7 millionar euro i tilskot til Menneskerettsfondet.

For Noreg var det ei prioritert oppgåve i 2009 å arbeide for auka ressursar til Domstolen og dei andre menneskerettsinstrumenta, mellom anna menneskerettskommissæren.

Til forsida