Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

5 Juridisk samarbeid

5.1 Sivilrettsleg samarbeid

Styringskomiteen for sivilrettsleg samarbeid (CDCJ) har som formål å fremje effektive og demokratiske rettssystem i medlemslanda. Komiteen arbeider særleg for å fremje juridisk samarbeid innanfor forvaltningsrett, barne- og familierett, sivilprosess, statsborgarskap og asyl- og flyktningspørsmål. Komiteen har eit svært breitt arbeidsfelt og ei lang rekkje ekspertgrupper og komitear underordna seg.

Av viktige resultat i 2009 kan det nemnast tre rekommandasjonar som er førebudde i CDCJ og dei underordna komiteane, som alle vart endeleg vedtekne av Europarådets ministerkomité 9. desember 2009. Det gjeld i) CM/Rec(2009)11 om framtidsfullmakter, ii) CM/Rec(2009)12 om forsvunne personar og personar ein reknar med er døde og iii) CM/Rec(2009)13 om barns statsborgarskap. Noreg har delteke aktivt i utforminga av desse rekommandasjonane, både i underordna ekspertkomitear og i styringskomiteen (CDCJ).

Ekspertgruppa om barnevennleg rettspleie fekk forlenga mandat ut 2010 for å lage retningslinjer for medlemslanda når det gjeld behandling av barn i sivile saker og strafferettssaker, både for domstolane og ved andre former for konfliktløysing. Det vart òg gjeve mandat ut 2010 til ei ny ekspertgruppe (CJ-S-MG) for å lage utkast til ein rekommandasjon om tilgang til rettsmiddel for migrantar og asylsøkjarar.

5.2 Strafferettsleg samarbeid

Justisdepartementet deltek på vegner av Noreg i Europarådets styringskomité for strafferettsleg samarbeid (CDPC). Ei hovudsak på plenarforsamlinga i oktober 2009 var den tredje tilleggsprotokollen til den europeiske konvensjonen om utlevering av 13. desember 1957, med forklarande rapport. Tilleggsprotokollen omhandlar forenkla utleveringsprosedyre i saker der den som er kravd utlevert, samtykkjer til utlevering. Noreg har vore representert i utarbeidinga av teksten og slutta seg til denne. Saka er oversend til Ministerkomiteen for endeleg vedtak. Ei anna viktig sak er ny konvensjon om kamp mot forfalska legemiddel og andre medisinske produkt, i tillegg til andre truslar mot folkehelsa. Noreg støttar arbeidet som er gjort, sidan det vil forbetre både pasientrettar og forsvarlege tenester. Teksten skal behandlast av Ministerkomiteen i løpet av våren 2010. I tillegg behandla styringskomiteen tilrådingar som er knytte til kriminalomsorg. Noreg ser på denne tilrådinga som viktig og ønskjer velkome det arbeidet som er gjort. Det er svært vanskeleg å lage harmoniserte reglar innanfor kriminalomsorg som samtidig inkluderer organiseringa i dei ulike landa.

Innanfor det strafferettslege samarbeidet har gruppa for påtale (CCPE) og gruppa for domstolane (CCJE) utarbeidd ei vurdering om forholdet mellom dommarar og påtalemakter, den såkalla Bordeaux-erklæringa. Saken vart lagd fram for ministerkomiteen i januar 2010.

Europarådets gruppe for effektivisering av justissektoren (CEPEJ) har som mål å bidra til effektivitet og god funksjonalitet i justisvesenet i medlemslanda. CEPEJ legg annakvart år fram ein rapport om dei europeiske rettssystema basert på innrapportering frå medlemslanda. To norske domstolar, Nedre Romerike tingsrett og Frostating lagmannsrett, er med i eit nettverk av europeiske domstolar som mellom anna ser på ulike tiltak for å redusere saksbehandlingstida i domstolane.

Det vart halde to plenumsmøte i CEPEJ i 2009. Arbeidet har mellom anna gått ut på å førebu eit møte mellom dei nordiske landa og ei intern evalueringsgruppe i CEPEJ i Oslo i mai 2010.

5.3 Folkerettsleg samarbeid

Noreg legg stor vekt på arbeidet i Europarådets folkerettskomité (CAHDI). Komiteen samlast to gonger i året og omfattar leiarane for rettsavdelingane i utanriksdepartementa i dei 47 medlemslanda, som har ansvaret for folkerettslege spørsmål. I tillegg har leiarane for rettsavdelingane i utanriksdepartementa i observatørstatane Canada, Israel, Japan, Mexico og USA, saman med folkerettsrådgjevarar frå FN, EU-kommisjonen, Interpol og NATO, delteke i møta. Ekspedisjonssjef Rolf Einar Fife i Utanriksdepartementet vart hausten 2008 vald til leiar i komiteen.

CAHDI er eit forum for meiningsutveksling og samordning av synspunkt om aktuelle folkerettslege spørsmål. Komiteen drøftar folkerettslege spørsmål som er viktige for Europarådets mandat, med fokus på styrking av den internasjonale rettsordenen, den internasjonale rettspleia og menneskerettane. Sentralt på dagsordenen står viktige tema som er til behandling i hovudkomiteen for folkerettslege spørsmål i FNs generalforsamling, medrekna kodifikasjon og vidareutvikling av folkeretten i regi av FNs folkerettskommisjon.

CAHDI har drøfta og gjeve råd om forholdet mellom Europarådskonvensjonar og EU-rettslege forpliktingar. Komiteen gjennomfører òg systematiserte gjennomgangar av atterhalda statar har teke til sentrale multilaterale traktatar. Slik kan ein samordne reaksjonane på uhaldbare atterhald, t.d. uspesifiserte reservasjonar til menneskerettstraktatar med tilvisning til nasjonal konstitusjon eller sharia (islamsk rett). Vidare drøftar komiteen aktuelle tema innanfor internasjonal humanitærrett, praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen og Europarådets arbeid i den internasjonale kampen mot terror.

På oppmoding kjem CAHDI òg med erklæringar til Ministerkomiteen. Komiteen utarbeidde våren 2009 ei folkerettsleg vurdering av om enkelte effektivitetsfremjande prosedyrar frå protokoll 14 til Den europeiske menneskerettskonvensjonen kan takast i bruk mellombels. Vurderinga var med på å danne grunnlaget for vedtaket av ein endringsprotokoll – protokoll 14bis – på Europarådets utanriksministermøte 12. mai 2009.

5.4 Internasjonal terrorisme

To nye Europarådskonvensjonar som har som formål å nedkjempe terrorisme, trådde i kraft i 2007 og står i sentrum for samarbeidet på dette feltet: konvensjonen om førebygging av terrorisme og konvensjonen om finansiering av terrorisme.

Konvensjonen om førebygging av terrorisme pålegg mellom anna statane å kriminalisere offentleg oppfordring til terrorhandlingar, rekruttering til terrorisme og opplæring i terrorhandlingar. Noreg bidrog aktivt til utarbeiding av konvensjonen. Frå norsk side har vi vore særleg opptekne av at arbeidet skal gje konkrete resultat, og av å unngå at arbeidet til Europarådet og FN overlappar kvarandre. Konvensjonen tredde i kraft 1. juni 2007. Noreg underteikna konvensjonen 9. april 2008 og er no i ferd med å ratifisere han.

Kriminaliseringsforpliktingane i konvensjonen er i norsk rett gjennomførde i ein eiga fråsegn om oppfordring, rekruttering og opplæring til terrorhandlingar, jf. gjeldande straffelov § 147 c (vedteken og i kraft frå 3. desember 2008) og ny straffelov § 136 (vedteken ved lov av 7. mars 2008, ikkje i kraft).

Ifølgje konvensjonen skal partane rådføre seg med kvarandre med jamne mellomrom, mellom anna for å utveksle synspunkt på bruken av konvensjonen og for å kunne utarbeide forslag som kan leggje til rette for og betre den effektive bruken av og gjennomføringa av konvensjonen. Noreg tok del i den første konsultasjonsrunden som vart gjennomførd i mai 2009.

Europarådet har oppnemnd ein eigen ekspertkomité for kamp mot terrorisme, CODEXTER. I CODEXTER deltek, i tillegg til medlemslanda i Europarådet, også enkelte andre statar (m.a. Canada og Mexico) og internasjonale organisasjonar (m.a. FN, EU, OSSE og OAS) som observatørar. Møta i komiteen fungerer som eit informasjonsutvekslingsforum mellom statar og med dei internasjonale organisasjonane som driv med antiterrorarbeid. Kampen mot terrorisme er eit viktig samarbeidsområde mellom Europarådet og OSSE.

CODEXTER har i lengre tid diskutert spørsmål knytte til bruken av Internett til terrorformål. I samband med det halvårlege møtet i gruppa i april blei det, i samarbeid mellom Europarådet og Organisasjonen for amerikanske statar (OAS), arrangert ein konferanse om bruk av Internett til terrorformål. I tillegg har CODEXTER i 2009 diskutert mellom anna utfordringar knytte til bruk av falsk identitet. Komiteen har òg arbeidd vidare med å samle og utveksle informasjon om korleis mellom anna kriminaliseringsforpliktingane i konvensjonen er følgde opp av medlemslanda. Dette gjeld ikkje minst kriminalisering av oppfordring til terrorhandlingar og forholdet til ytringsfridomen.

I juli 2009 fekk CODEXTER i oppgåve å sørgje for effektiv bruk og gjennomføring av konvensjonen om førebygging av terrorisme i perioden mellom konsultasjonsrundane. Komiteen diskuterer no korleis det institusjonelle rammeverket, metoden og prosedyren for ein slik oppfølgingsmekanisme bør vere, og skal etter planen treffe ei avgjerd om etableringa av ein slik oppfølgingsmekanisme i første halvår av 2010.

Frå 1. januar 2010 er Noreg representert i byrået til CODEXTER for ein periode på to år.

5.5 Kampen mot korrupsjon

Regjeringa prioriterer verdssamfunnets kamp mot korrupsjon høgt. Korrupsjon kan ikkje aksepterast i nokon form. Kampen mot korrupsjon er ei prioritert oppgåve for Europarådet. Korrupsjon er ein trussel mot dei verdiane Europarådet er grunnlagt på for å oppretthalde og vidareutvikle: demokrati, rettsstaten og menneskerettane. Noreg har ratifisert både Europarådets sivilrettslege konvensjon mot korrupsjon og den strafferettslege konvensjonen med tilleggsprotokoll.

GRECO – Group of States Against Corruption – er overvakingsorganet i Europarådet for den nasjonale gjennomføringa i medlemsstatane av organisasjonens antikorrupsjonsinstrument. GRECO vart etablert i mai 1999 som ein utvida delavtale og har i dag 47 medlemer. Det vert arrangert 4–5 plenumsmøte per år. Justisdepartementet leier Noregs delegasjon til GRECO. GRECO er i dag eit etablert og velkjend organ i den internasjonale innsatsen for å nedkjempe korrupsjon.

GRECO er no i ferd med å gjennomføre den tredje evalueringsrunden. Tema for denne evalueringsrunda er kriminalisering av korrupsjon i samsvar med Europarådets strafferettslege konvensjon og innsyn i partifinansiering i samsvar med Europarådsrekommandasjon 2003/4 om felles reglar mot korrupsjon i finansieringa av politiske parti og valkampanjar.

Noreg vart evaluert av GRECO i 2009. Delrapport I omhandlar dei norske straffeføresegnene mot korrupsjon. Hovudkonklusjonen frå GRECO er at føresegnene i straffelova (§ 276a, § 276b og § 276c) held ein høg standard og fullt ut oppfyller dei krava som følgjer av Europarådets strafferettslage konvensjon og tilleggsprotokollen. GRECO tilrår likevel at Noreg vurderer om det er ønskjeleg å heve strafferamma for påverknadshandel (§ 276c) til ti år, slik at det vert opna for bruk av kommunikasjonskontroll, og vurderer å setje i verk passande tiltak for å unngå at skuldspørsmålet i saker om grov korrupsjon vert avgjort av jury. Tilrådingane inneber at spørsmåla skal vurderast på departementsnivå. Desse tilrådingane vert vurderte av Justisdepartementet.

Delrapport II, om innsyn i partifinansiering, munnar ut i seks tilrådingar. Tilrådingane krev at det vert gjeve større grad av innsyn i forhold som gjeld inntekter, utgifter, aktiva og gjeld i partia. Vidare omhandlar rapporten skjerpa krav til rapportering og verdsetjing av ikkje-pengemessige gåver og «politiske avtalar», sikring av revisors sjølvstende, etablering av eigna uavhengig tilsyn med partifinansiering og innføring av passande (fleksible) sanksjonar for brot på partifinansieringslova. Det vert òg tilrådd å vurdere å innføre ei plikt til å rapportere om inntekter og utgifter i samband med valkampanjar. Delrapport II vert følgd opp av Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Det vert no utarbeidd eit høyringsbrev (januar 2010).

I 2010 vil GRECO, i tillegg til å arbeide vidare med tredje evalueringsrunde, vurdere innhald og metodikk i fjerde evalueringsrunde. Det er venta at fjerde evalueringsrunde vil starte i 2011.

Til forsida