Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

4 Det faglege samarbeidet på hovudområda. Menneskerettar og likestilling

4.1 Menneskerettar

Styringskomiteen for menneskerettar (CDDH) arbeider med utvikling og vern av menneskerettane. Komiteen møtest to gonger i året og har ei rekkje underordna komitear og ekspertgrupper.

Hovudtema for CDDH var òg i 2009 utfordringane som er knytte til dei omfattande og stadig veksande restansane EMD står overfor. Sjå òg punkt 3.2 i meldinga om Menneskerettsdomstolen.

CDDH var involvert i arbeidet med utarbeiding av ein ny protokoll 14bis til EMK i lys av at Russland ikkje hadde ratifisert protokoll 14 på det dåverande tidspunktet. Noreg var blant dei første landa som underteikna protokoll 14bis, og gav samtidig ei erklæring om provisorisk bruk av protokollen. Sjå òg punkt 2.2 og 3.1 i meldinga.

CDDH har vidare, på bakgrunn av arbeidet i ei underliggjande refleksjonsgruppe, lagt fram ein aktivitetsrapport som føreslår ytterlegare tiltak – ut over protokoll 14 og den tilhøyrande reformpakken – for å sikre eit effektivt kontrollsystem over tid. Komiteen var sterkt involvert i dei faglege førebuingane av Interlaken-konferansen.

CDDH ferdigstilte i 2009 ei erklæring om menneskerettane i multikulturelle samfunn. Erklæringa vart vedteken av Ministerkomiteen 1. juli 2009. CDDH har vidare oversendt til Ministerkomiteen for vedtaking forslag til retningslinjer for vern av menneskerettar i samband med hurtig avgjerd i asylsaker og tre tilrådingar om høvesvis diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar, menneskerettar for medlemer av dei væpna styrkane og effektive rettsmiddel mot for lange rettsprosessar.

Ei undergruppe under CDDH arbeider med retningslinjer for å unngå straffridom ved alvorlege krenkingar. CDDH vil òg vere involvert i arbeidet med EUs tiltreding til EMK.

Hovudoppgåva til CDDH er framleis reform av EMD. Det er oppretta ei eiga reformgruppe (DH-GDR) som skal arbeide med oppfølging av Interlaken-erklæringa framover.

4.2 Likestilling

Styringskomiteen for likestilling (CDEG) arbeider for like sjansar og like rettar for kvinner og menn, med nedkjemping av kjønnsbasert vald og med integrering av kjønnslikestilling i Europarådet og medlemslanda. Mandatet til komiteen byggjer på resolusjonen og handlingsplanen frå den politiske erklæringa og handlingsplanen frå toppmøtet i Warszawa i 2005 og ministermøtet i Stockholm i 2006.

Komiteen utarbeidde i 2009 ei erklæring om å oppnå de facto likestilling mellom kjønna. Erklæringa vart vedteken på utanriksministermøtet i ministerkomiteen i Madrid 12. mai 2009.

CDEG har sluttført arbeidet med å lage ei handbok i integrering av kjønns- og likestillingsperspektivet i budsjettarbeid (« Gender budgetting »). Denne handboka vart følgd opp med konferanse i Aten i mai med norsk deltaking.

Ei anna hovudsak for CDEG i 2009 har vore førebuingane til ministerkonferansen for likestilling i Baku, Aserbajdsjan, 25.–26. mai 2010. Komiteen har laga utkast til resolusjonstekst og handlingsplan for konferansen.

Deltakarlanda i CDEG har per 2009 ikkje blitt samde om forslag til tilrådingar om kvinner og menns roller i konfliktførebygging og fredsarbeid. Usemja omhandlar spørsmål om abort etter overgrep i krig og konflikt.

4.3 Menneskehandel

Arbeidet mot menneskehandel er styrkt i stor grad ved at Europarådets konvensjon mot menneskehandel tredde i kraft 1. februar 2008. Noreg blei part i konvensjonen 1. mai 2008. Konvensjonen var per januar 2010 ratifisert av 26 land og underteikna av ytterlegare 15 land.

Konvensjonen baserer seg i hovudsak på same definisjon for menneskehandel som den såkalla Palermo-protokollen til FN-konvensjonen mot grenseoverskridande organisert kriminalitet, men Europarådskonvensjonen gjeld i tillegg for handel med menneske innanfor grensene til det enkelte landet og for uorganisert verksemd. Europarådskonvensjonen har som formål å førebyggje utnytting av menn, kvinner og barn m.a. til prostitusjon, tvangsarbeid og organhandel. Han skal særleg sikre reelt vern av ofra og menneskerettane deira, men òg sørgje for straffeforfølging av bakmenn.

Konvensjonen set opp ein todelt overvakingsmekanisme. Den uavhengige ekspertgruppa «Group of Experts against Trafficking in Human Beings» (GRETA) skal føre tilsyn med at statspartane etterlever konvensjonsforpliktingane sine. Det meir politiske organet, Partskomiteen, som er sett saman av representantane for statspartane i Ministerkomiteen, skal på grunnlag av rapportane og konklusjonane frå GRETA gje tilrådingar til statspartane om tiltak mot menneskehandel.

Partskomiteen møttest for første gong i desember 2008. Komiteen vedtok då forretningsorden og valde medlemer til GRETA (13 av 15), mellom dei norske Hanne Sophie Greve, lagdommar og tidlegare dommar ved Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Medlemene vart valde for ein periode på fire år, med start 1. januar 2009. (Partskomiteen skal velje dei to siste medlemene av GRETA i byrjinga av 2011.)

Partskomiteen møttest to gonger i 2009. Ved begge høva stod den vanskelege ressurssituasjonen i GRETA på dagsordenen. Noreg gjekk i forhandlingane om Europarådsbudsjettet for 2010 inn for at GRETA skulle få tilstrekkelege ressursar til å utføre overvakingsarbeidet sitt på ein kvalitativt god måte. Dette resulterte i eit revidert budsjettforslag frå Generalsekretæren om ein ytterlegare auke i GRETA-budsjettet.

Eit anna tema for partskomiteen har i 2009 vore overlapping av aktivitetane på menneskehandelsfeltet mellom Europarådet og andre regionale organisasjonar som OSSE og EU. Partskomiteen vedtok i mars 2010 å halde ein tematisk debatt om koordinering mellom dei internasjonale organisasjonane som arbeider på menneskehandelsområdet, dvs. Europarådet, EU, OSSE og FN.

GRETA møttest for første gong i februar 2009. Den norske medlemen, lagdommar Hanne Sofie Greve, vart vald til president for GRETA. Gruppa har vedteke å gjennomføre fireårige overvakingssyklusar, der den første vil starte med eit spørjeskjema til statspartane. Formålet er å gje GRETA ei oversikt over det nasjonale rettslege rammeverket mot menneskehandel og for vern av ofra. Dei ti første landa som vart partar til konvensjonen, vil få tilsendt spørjeskjemaet tidleg i 2010, og GRETA vil besøkje og vedta rapportar for desse landa innan utgangen av 2010. Noreg vil få tilsendt spørjeskjemaet innan februar 2011, og det er planlagt at ein rapport om Noreg skal vedtakast innan utgangen av 2011. Statspartane er bedne om å utpeike eit nasjonalt kontaktpunkt for rapporteringa om menneskehandel. For Noregs del vil dette vere nasjonal koordinator for menneskehandel i Justisdepartementet.

Handel med menneske som har som formål å fjerne organ, er ein del av det større problemet menneskehandel, og vert dekt av Europarådskonvensjonen mot menneskehandel. Ein felles Europaråds- og FN-studie frå 2009 understrekar likevel at det er viktig å skilje mellom på den eine sida menneskehandel som har som formål å fjerne organ, og på den andre sida handel med organ, vev og celler meir generelt, som ikkje er dekt av noko internasjonalt rettsleg instrument. Det er ulovleg å tene pengar på menneskekroppen og delar av han, eit prinsipp som vart fastslått for første gong i eit rettsleg bindande instrument i 1997 (i Europarådskonvensjonen om menneskerettar og biomedisin, artikkel 21). Samtidig finst det ikkje nokon internasjonal godkjend definisjon av omgrepet «handel med organ, vev og celler».

Den felles Europaråds- og FN-studien tilrår difor at det vert utarbeidd eit internasjonalt rettsleg instrument som gjev ein slik definisjon, som omfattar tiltak for å førebyggje handel med organ, vev og celler og for å verne ofra for slik handel, og som inneheld føresegner om straff for denne typen verksemd. Ministerkomiteen vedtok i januar 2010 å be dei relevante styringskomiteane i Europarådet, saman med GRETA, om synspunkt på denne tilrådinga med sikte på å vurdere om det bør utarbeidast ein ny Europarådskonvensjon på området. FNs generalforsamling vedtok hausten 2009 med konsensus ein resolusjon om FNs kriminalitetsprogram, der det mellom anna er teke med ein referanse til Europaråds- og FN-studien. Referansen er ei godkjenning av studien blant medlemslanda i FN.

4.4 Vald mot kvinner og vald i heimen

Europarådskampanjen for å kjempe mot vald mot kvinner og vald i heimen vart avslutta sommaren 2008. Sjølve kampanjen var basert på at det enkelte medlemslandet gjennomfører tiltak nasjonalt og rapporterer til det sentrale nivået for å få oversikt over situasjonen på europeisk nivå. Kampanjen avdekte at det var nødvendig å utarbeide eit juridisk bindande instrument for å førebyggje vald mot kvinner, verne offer for slik vald og å straffe overgriparane.

I desember 2008 fatta Ministerkomiteen i Europarådet vedtak om at det skal utarbeidast ein konvensjon om vald mot kvinner og vald i nære relasjonar og oppnemnde ein ad hoc-komité for å leie arbeidet med å utarbeide konvensjonen.

Justisdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet representerer Noreg i arbeidsgruppa. Det er i 2009 halde to møte i arbeidsgruppa, som kom fram til ein foreløpig rapport partane kunne vere samde om, i mai 2009. Rapporten vart vedteken av Ministerkomiteen i Europarådet 1. juli 2009. Det skal haldast tre møte i arbeidsgruppa i 2010.

Noreg var vertskap for Europarådets 29. justisministerkonferanse som fann stad i Tromsø 17.–19. juni 2009. I underkant av 200 deltakarar, mellom dei 23 justisministrar og visegeneralsekretærane frå FN og Europarådet, deltok på konferansen for å diskutere vald i nære relasjonar ( Breaking the Silence, United against Domestic ­Violence ).

Konferansedeltakarane drøfta vald i nære relasjonar m.a. med utgangspunkt i ein rapport frå den norske justisministeren. Rapporten peiker på at det trengst eit heilskapleg perspektiv, menneskerettar, strafferettslege tiltak, vernetiltak og tiltak for barn som er eksponerte for vald i nære relasjonar.

Konferansen vedtok ein resolusjon om førebygging av og respons på vald i nære relasjonar.

4.5 Livskvalitet og rettar for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (lhbt)

Etter vedtak i Ministerkomiteen og styringskomiteen for menneskerettar vart det i 2009 etablert ein ekspertkomité (DH-LGBT) for spørsmål som gjeld rettane for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar. I tråd med mandatet leverte ekspertkomiteen i november 2009 eit forslag til tilråding om lhbt-politikken i medlemslanda til styringskomiteen for menneskerettar. Noreg var medlem i ekspertgruppa og deltok både i arbeidet i komiteen og i nettverket av styresmaktsrepresentantar frå land som har interesse i ein meir aktiv politikk for å sikre rettar og ein betre livskvalitet for lhbt-befolkninga i Europa.

Forslaget til tilråding fokuserer mellom anna på at lovverk må tilpassast eller innførast, og handhevast, at andre nødvendige politiske tiltak må setjast i verk, og at kunnskapsutvikling må gjennomførast for å motarbeide diskriminering som skjer på grunnlag av seksuell orientering eller kjønnsuttrykk. I vedlegg til utkastet til tilråding vert det gjort greie for korleis landa bør gjennomføre ein ikkje-diskrimineringspolitikk for lhbt-personar på ei rekkje samfunnsområde, mellom anna i idretten, på arbeidsmarknaden, i bustadsektoren, innanfor helse-, utdannings- og asylfeltet, når det gjeld familieliv, privatliv og interessepolitisk arbeid og på politi- og justisområdet. Det vert foreslått at ein skal gå gjennom implementeringa av tilrådinga tre år etter at ho er vedteken. Forslaget skal etter planen behandlast i Ministerkomiteen i 2010.

Til forsida