Meld. St. 14 (2009-2010)

Noregs deltaking i Europarådet i 2009

Til innhaldsliste

3 Menneskerettar og demokratibygging

3.1 Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD)

Problema for EMD vart ytterlegare forsterka i 2009 som følgje av auken i talet på klagesaker, som framleis er dramatisk. Domstolen registrerte 57 100 nye klagar i 2009, 15 % fleire enn i 2008. Talet på uavslutta registrerte klagesaker hadde dermed ved utgangen av 2009 auka til 119 300, ein auke på 23 % samanlikna med 2008.

Den viktigaste grunnen til den veldige auken i saksmengda til EMD er at Europarådet sidan 1990 har fått 25 nye medlemsland. Vidare er det auka merksemd i mange medlemsland om den tilgangen enkeltpersonar har til å klage påståtte brot på menneskerettskonvensjonen (EMK) inn for Domstolen.

Det har funne stad ein jamn auke i talet på rettsavgjerder frå Domstolen dei seinare åra. I 2009 avsa Domstolen 35 460 rettsavgjerder som avslutta saker. Dette var 11 % fleire enn i 2008 og omtrent dobbelt så mange som i 2003. 2395 klagar vart avgjorde ved dom (i 1625 dommar). Domstolen søkjer å behandle så mange klagar som mogeleg i ei og same avgjerd, noko som leidde til ein auke på 27 % i talet på klagar som vart avgjorde ved dom i 2009 i forhold til 2008. Resten av avgjerdene (over 90 %) var saker som vart avviste eller strokne frå sakslista. Den store auken i talet på rettsavgjerder er likevel spist opp av den stadig veksande straumen av nye saker.

Klagar mot fire land utgjorde godt over halvparten av sakene til behandling også i 2009: Russland 28 %, Tyrkia 11 %, Romania 8 % og Ukraina 8 %. Når det gjeld tildømte menneskerettsbrot i 2009, ligg Tyrkia framleis øvst på lista med 341 dommar, følgd av Russland med 210 dommar, Romania 153, Ukraina 126 og Polen 123.

Det er ei prioritert oppgåve for Noreg å sikre effektiviteten til Menneskerettsdomstolen. Det er uheldig at Domstolen, som mellom anna fører tilsyn med at medlemslanda avgjer sivil- og strafferettslege saker innan rimeleg tid, ikkje sjølv er i stand til å etterleve dette prinsippet. Regjeringa er oppteken av å verne om den individuelle klageretten samtidig som det må finnast løysingar som gjer at Domstolen kan konsentrere tid og ressursar om dei viktigaste sakene. Det ekstremt høge talet på avvisingssaker viser m.a. at det trengst betre informasjon til potensielle klagarar om kriteria for at ei klagesak vert teken opp til behandling i Strasbourg.

Protokoll 14 til konvensjonen vil effektivisere saksbehandlinga ved Domstolen. Som mellombels tiltak i påvente av russisk ratifisering av protokoll 14 vedtok ministrane på utanriksministermøtet 12. mai 2009 foreløpig iverksetjing, for dei statane som samtykkjer særskilt til det, av to av prosedyrane i protokoll 14 som er særleg viktige saksbehandlingskapasiteten ved domstolen (jf. punkt 2.1 ovanfor).

Iverksetjing av protokoll 14, i sin heilskap og for alle medlemsland, er likevel framleis ei viktig målsetjing. Det er difor gledeleg at Russland 18. februar 2010 ratifiserte protokollen, og at han dermed vil tre i kraft 1. juni 2010.

Gruppa av vise personar under leiing av tidlegare president for EF-domstolen, Gil Carlos Rodriguez Iglesias, understreka i rapporten sin frå november 2006 at Domstolen står i fare for å bryte saman dersom det ikkje vert gjennomført nødvendige reformtiltak, og at gjennomføringa av protokoll 14 ikkje vil vere nok her. Gruppa fremja ei rekkje konkrete forslag, mellom anna etablering av eit nytt silingsorgan innanfor Domstolen. Silingsorganet skal behandle dei mest opplagte sakene slik at dei noverande dommarane kan konsentrere seg om prinsipielle saker. Eit anna forslag var å flytte organisatoriske fråsegner i EMK over i eit nytt instrument – domstolsvedtekter – for å gjere kontrollsystemet for EMK meir fleksibelt i framtida. Desse forslaga vart tekne opp i førebuingane til Interlaken-konferansen om framtida for Domstolen i februar 2010.

Interlaken-konferansen, som vart organisert av den sveitsiske formannskapen for Ministerkomiteen, hadde som mål å kome fram til politisk semje om eit vegkart for det vidare reformarbeidet for å sikre effektiviteten til domstolen. Eit hovudspørsmål var kva slags menneskerettsdomstol medlemslanda ønskjer for framtida, medrekna kva slags domstol dei er villige til å finansiere. Samtidig som restansane ved domstolens veks, er det ein aukande motvilje blant mange medlemsland mot stadig å auke budsjettet til domstolen når dette går ut over andre delar av Europarådet (sidan det er liten vilje til å auke totalbudsjettet til Europarådet). Det er òg ei aukande forståing av at problema ved domstolen ikkje utelukkande kan løysast med meir personell. Dette har gjort det endå meir presserande å få gjennomført grunnleggjande reformer av konvensjonssystemet.

Noreg har arbeidd for ein brei og open høringsprosess om dei ulike reformforslaga og organisert nasjonale konsultasjonar på ulike stadium i prosessen med representantar for relevante offentlege instansar og det sivile samfunnet. Med støtte frå Utanriksdepartementet arrangerte Norsk senter for menneskerettar eit seminar i Oslo om framtida for EMD 7.–8. desember 2009. Seminaret, som hadde brei nasjonal og internasjonal deltaking, var eit ledd i dei nasjonale førebuingane til Interlaken-konferansen.

Erklæringa frå Interlaken-konferansen inneheld eit vegkart og ein handlingsplan for vidare reformer på område som er heilt avgjerande for å få ei løysing på problema til Domstolen, mellom anna ei meir effektiv siling av saker som er openbert grunnlause, i tillegg til ei forenkla behandling av dei såkalla «repeterande» sakene. Bak den samrøystes erklæringa ligg det likevel stor usemje om korleis dei enkelte reformtiltaka skal utformast og finansierast. Oppfølgingsprosessen vil difor verte krevjande.

Frå norsk side vart det arbeidd for at Interlaken-konferansen skulle resultere i ein ambisiøs, heilskapleg og konkret handlingsplan for vidare reform, med klare tidsfristar. Noreg legg særleg vekt på følgjande tiltak:

  • betre gjennomføring av EMK i medlemsstatane, slik at talet på rettkomne klagar vert redusert,

  • redusere flaumen av klare avvisingssaker, m.a. ved å styrkje informasjonstiltak og utgreie om det kan vere føremålstenleg å innføre rettsgebyr,

  • auke saksbehandlingskapasiteten ved EMD ved å styrkje justissekretariatet, innføre ein ny silingsmekanisme og treffe ekstraordinære tiltak for å verte ferdig med restansane ved EMD,

  • styrkje Ministerkomiteens tilsyn med at statane etterlever dommar, m.a. ved å tilføre meir ressursar til denne delen av sekretariatet i Europarådet.

Frå norsk side har vi òg lagt vekt på at EMD må oppfordrast til å gjere det som er mogeleg for å bidra til å betre sin eigen situasjon og styrkje subsidiaritetsprinsippet.

Menneskerettsdomstolen er samansett av éin dommar frå kvar av dei 47 statane som er part i konvensjonen. Dommarane vert valde av Europarådets parlamentarikarforsamling på grunnlag av ei liste med tre nominerte kandidatar frå kvar stat. Funksjonstida for dommarane er i dag seks år. Å sikre EMD uavhengige og godt kvalifiserte dommarar er avgjerande for effektiviteten til domstolen og ikkje minst kvaliteten på avgjerdene som vert tekne der.

Noreg skulle etter planen nominere kandidatar til stillinga som norsk dommar ved EMD tidleg i 2010. Med iverksetjinga av protokoll 14 til EMK vert funksjonstida til dommarane utvida til ni år, og sitjande dommarar får automatisk forlenga perioden sin med tre år. Dermed vil det ikkje verte nominert norske dommarkandidatar i 2010.

EMK inneheld ikkje bestemte krav til kva prosedyre statspartane skal følgje for å utpeike kandidatane sine. Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet har likevel sett opp ei rekkje krav og tilrådingar til den nasjonale prosessen. For å sikre ein god nasjonal nominasjonsprosess vedtok regjeringa i 2009 ein fast prosedyre for nominering av norske kandidatar til EMD.

Etter den nye prosedyren skal Justisdepartementet lyse ut stillinga og oppnemne ein innstillingskomité på fem medlemer. Komiteen vert leidd av leiaren for Innstillingsrådet for dommarar (såframt han eller ho seier seg villig). Dei andre medlemene vert utnemnde etter framlegg frå Høgsterett, Regjeringsadvokaten, Norsk senter for menneskerettar og Den norske Advokatforening, som vert oppfordra til å føreslå ei kvinne og ein mann kvar.

Innstillingskomiteen skal vurdere søkjarane og fremje eit grunngjeve framlegg til ei liste med tre kandidatar (utan rangering). Så langt det er mogeleg, skal minst éin av kandidatane vere av det kjønnet som på den aktuelle tida er underrepresentert i EMD. Innstillingskomiteen sender framlegget sitt til Justisdepartementet. Det norske vedtaket om nominasjon av tre namngjevne kandidatar vert gjort av Justisdepartementet etter at namna er lagde fram for dei relevante statsrådane og Statsministerens kontor. Utanriksdepartementet sender deretter lista med dei nominerte til Parlamentarikarforsamlinga i Europarådet.

Som initiativtakar til Europarådets menneskerettsfond (HRTF) har Noreg òg ønskt å bidra til ei styrking av gjennomføringa av EMK i medlemslanda. Avtalen om oppretting av fondet vart underteikna i mars 2008, og fondet vart formelt oppretta i juli 2008 då Noreg betalte inn første bidrag, følgd av Tyskland og Nederland.

Gjevarforsamlinga møttest for andre gang i november 2009. Noreg, Tyskland og Nederland har til no skote inn til saman ca. 27 millionar kroner i HRTF. Noreg arbeider for å få fleire land til å slutte seg til HRTF.

Prosjektporteføljen til fondet omfatta per januar 2010:

  • tiltak for effektiv gjennomføring av nasjonale dommar – eit strukturelt menneskerettsproblem i ei rekkje medlemsland som fører til ei stor mengde klagar til EMD,

  • tiltak for etterleving av dommane frå EMD mot Russland for overgrep som er utførte av russiske tryggingsstyrkar i samband med antiterroroperasjonar i Tsjetsjenia i 1999–2000,

  • støtte til Menneskerettskommissærens overvaking av menneskerettssituasjonen i Sør-Ossetia,

  • fremjing av uavhengige nasjonale mekanismar for førebygging av tortur i Europa,

  • program for menneskerettsopplæring retta mot profesjonelle rettsaktørar (HELP-programmet).

3.2 Saker mot Noreg ved Menneskerettsdomstolen

Noreg er blant landa i Europarådet med færrast dommar mot seg. Fram til 31. desember 2009 har EMD avsagt totalt tjue fellande og sju frifinnande dommar i saker som Noreg var part i. Samtidig avviste eller strauk Domstolen frå lista si 89 klagar mot Noreg berre i 2009. Det viser at, som for andre land, er prosentdelen avviste klagar mot Noreg svært høg.

I 2009 vart det ført tre saker mot Noreg for EMD. Det vart avsagt to frifinnande dommar ( Egeland og Hanseid mot Noreg og P rocedo Capital Corporation mot Noreg ) og éin fellande dom ( A mot Noreg ). Dette er ein nedgang frå 2008, då Noreg var part i fem saker og det vart avsagt tre fellande og to frifinnande dommar.

I saken Egeland og Hanseid mot Noreg hevda klagarane at restriksjonar som Høgsterett har fastsett på tilgangen til å publisere diverse bilete som var tekne av tiltalte i retten, var i strid med ytringsfridomen i EMK artikkel 10. EMD frifann Noreg og fant at restriksjonane ikkje krenkte ytringsfridomen.

I saken Procedo Capital Corporation mot Noreg hevda klagaren (selskapet Procedo Capital Corporation) at selskapet i ei sivil sak for norske domstolar ikkje hadde fått ein rettargang av ein uavhengig og rettferdig domstol. EMD fann at dei norske domstolane hadde vore uavhengige, og at rettargangen hadde vore rettferdig. EMK artikkel 6 var difor ikkje krenkt.

I A mot Noreg hevda klagaren at då norske domstolar ikkje tilkjente han oppreising for framstillinga av han i ein avisartikkel, krenkte dette retten hans til privatliv etter EMK artikkel 8. Høyesterett fann, under dissens, at klagaren ikkje hadde rett til oppreising, ettersom ytringsfridomen tilsa at avisa kunne trykkje artikkelen. EMD kom derimot, òg i ei dissensavgjerd, til at retten klagaren har til privatliv etter EMK artikkel 8, var krenkt.

Ministerkomiteen i Europarådet fører tilsyn med at statane fullfører EMDs dommar, jf. EMK artikkel 46(2). Etter forholda kan statane vere forplikta til å setje i verk både individuelle og generelle tiltak for å fullføre dommane frå EMD. Individuelle tiltak kan rette seg mot å avslutte og reparere ei krenking, medrekna å betale erstatning. Statane vil berre i sjeldne tilfelle vere forplikta til å setje i verk generelle tiltak for å reparere dei konkrete følgjene av ein dom. For å unngå at EMK vert krenkt i framtida, vil det likevel ofte vere nødvendig å setje i verk generelle tiltak, som å endre lovgjeving eller forvaltningspraksis.

Som eit ledd i oppfølginga av fellande dommar mot Noreg vert det publisert eit samandrag av dommane på norsk på Lovdata sine sider på Internett. Det vert òg publisert samandrag av andre dommar frå EMD her. Dette gjer at dommane vert meir tilgjengelege for dommarar, advokatar og andre interesserte. I ein del tilfelle vert også norske domstolar informerte særskilt om dommar mot Noreg. I nokre tilfelle har det vore nødvendig å setje i verk andre generelle tiltak for å hindre at EMK vert krenkt i framtida. I Folgerø m. fl. mot Noreg (2007) vart det mellom anna sendt ut et rundskriv til alle barne- og ungdomsskulane i landet, i tillegg til at det vart gjennomført konkrete endringar i opplæringslova. Slike tiltak bidreg til å førebyggje liknande krenkingar i framtida.

I 2009 avslutta Ministerkomiteen tilsynet med følgjande dommar mot Noreg: A og E Riis mot ­Noreg (nr. 2) (2008) og Kaste og Mathiesen mot Noreg (2007).

Ministerkomiteen hadde per 31. desember 2009 enno ikkje avslutta tilsynet med følgjande dommar som er avsagde mot Noreg: A mot Noreg (2009), TV Vest og Rogaland pensjonistparti mot Noreg (2008), Orr mot Noreg (2008), Folgerø m. fl. mot Noreg (2007), Sanchez Cardenas mot Noreg (2007) og Hammeren mot Noreg (2003).

3.3 Den europeiske menneskerettskommissæren

Den europeiske menneskerettskommissæren skal fremje kunnskap om og respekt for menneskerettane slik dei er nedfelte i dei ulike menneskerettsinstrumenta til Europarådet. Menneskerettskommissæren behandlar ikkje individuelle klagar på menneskerettsbrot – noko som ligg til Den europeiske menneskerettsdomstolen – men overvaker, i samarbeid med nasjonale ombodsmenn eller tilsvarande nasjonale menneskerettsinstitusjonar, den generelle etterlevinga av menneskerettane i medlemslanda, i tillegg til at han gjev råd om korleis menneskerettane kan vernast mest effektivt.

Ved utgangen av 2009 hadde alle medlemslanda hatt minst eitt besøk av kommissæren sidan embetet vart oppretta i 1999. Kommissæren vil ikkje gjennomføre ein ny syklus for generell menneskerettsovervaking i medlemslanda, men satsar heller på ein meir fokusert dialog med medlemslanda basert på dei tidlegare landrapportane hans og aktuelle problemstillingar. Han prioriterer òg å vidareutvikle arbeidet sitt med strategiske tema gjennom m.a. utarbeiding av såkalla synspunkt (view points) og tematiske rapportar om aktuelle menneskerettslege problemstillingar.

Kommissæren publiserte i 2009 rapportar frå besøk til elleve land (Monaco, Nederland, Serbia, Hellas, Belgia, Italia, Kosovo, Moldova, Tyrkia, Russland og Georgia). Rapportane om Russland og Georgia hadde fokus på situasjonen i Tsjetsjenia og Ingusjetia og situasjonen i områda som er råka av konflikten mellom Russland og Georgia.

Kommissæren hadde i 2009 framleis eit særleg fokus på situasjonen til minoritetar, innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar og kampen mot diskriminering og intoleranse. Rapportane etter besøk til Hellas, Italia og Tyrkia fokuserte utelukkande på desse tema. Situasjonen for immigrantar og asylsøkjarar var eit sentralt tema òg for dei fleste andre landbesøka/rapportane. Kommissæren uttrykte alvorleg uro for ein europeisk trend i retning av kriminalisering av innvandrarar utan lovleg opphald, som han meiner ikkje samsvarer med Europarådets og internasjonale menneskerettsstandardar. Han organiserte difor i september 2009 eit ekspertseminar om kriminalisering av migrasjon i Europa ( Human Rights Responses to Criminalisation of Migration in Europe ).

Kommissæren fortsette arbeidet med å overvake gjennomføringa av seks prinsipp for å verne menneskerettane til sivilbefolkninga og for å avhjelpe den humanitære krisa i områda som er råka av konflikten mellom Russland og Georgia. Desse seks prinsippa har fått brei oppslutning frå medlemslanda og har tent som målestokk for Europarådets evaluering av framgangen i dei konfliktramma områda. Noreg støtta menneskerettsarbeidet til kommissæren i desse områda økonomisk via det norskinitierte menneskerettsfondet. Kommissæren fekk stor ros for arbeidet knytt til konflikten, medrekna for den faktiske og objektive karakteren til rapportane, noko som opna for eit godt samarbeid med alle partane i konflikten. Samarbeidet med Georgia har likevel etter kvart vorte noko vanskelegare. Georgia skuldar kommissæren for å vere partisk. Kommissæren fortsette i 2009 å spele ei nøkkelrolle for utveksling av fangar og avklaring av skjebnen til sakna personar.

Besøket til Russland fokuserte på menneskerettssituasjonen i Tsjetsjenia og Ingusjetia, med særleg vekt på situasjonen for menneskerettsforsvararar, behov for antiterrortiltak i tråd med menneskerettsprinsipp, klargjering av lagnaden til sakna personar og kamp mot korrupsjon. Medan kommissæren i 2008 rapporterte om sannsynleg vesentleg reduksjon i forsvinningar og påstandar om tortur i Tsjetsjenia , uttrykte kommissæren etter besøket til regionen i september 2009 uro over rapportar om ein ny auke i talet på forsvinningar i Tsjetsjenia sidan slutten av 2008. Mellom anna på bakgrunn av drapet på menneskerettsforsvararen Natalia Estemirova frå den frivillige organisasjonen Memorial uttrykte han alvorleg uro for ei forverring av tryggleiken til menneskerettsforsvararar i Tsjetsjenia. Mangel på effektiv etterforsking av menneskerettsovergrep og dermed straffridom for dei skuldige var, ifølgje kommissæren, eit stadig problem i Tsjetsjenia.

Menneskerettskommissærens besøk til Moldova og den påfølgjande rapporten hadde hovudfokus på påstandar om mishandling av personar som var fengsla i samband med demonstrasjonane etter valet i april 2009. Rapporten inneheld tilrådingar til moldovske styresmakter med sikte på m.a. å førebyggje politivald.

Kommissæren var òg oppteken av situasjonen for andre sårbare grupper, medrekna psykisk utviklingshemma, barn og lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT-personar). Han publiserte synspunkt og tematiske rapportar om respekt for menneskerettane til desse gruppene.

Kommissæren besøkte ikkje Noreg i 2009, utover deltakinga på justisministerkonferansen om vald i nære relasjonar i Tromsø i juni 2009 og opninga av Det europeiske Wergelandsenteret i Oslo i mai 2009.

3.4 Den europeiske torturovervakingskomiteen (CPT)

Den europeiske komiteen for førebygging av tortur (torturovervakingskomiteen – CPT) overvaker oppfølginga i medlemslanda av den europeiske konvensjonen mot tortur og anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Målet er å førebyggje brot på den europeiske menneskerettskonvensjonen, som forbyr tortur og umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. CPT besøkjer medlemslanda periodisk eller ad hoc for å føre tilsyn med behandlinga av personar som er fråtekne fridomen, og besøkjer m.a. fengsel, politiarrestar, psykiatriske institusjonar, eldreheimar, militærleirar og mottakssenter for immigrantar som er fråtekne fridomen. Komiteen skal ha fri tilgang til dei aktuelle stadene og høve til å ha fortrulege samtalar med dei som er fråtekne fridomen. Komiteen er òg i regelmessig dialog med styresmaktene i medlemslanda.

CPT presenterte 21. oktober 2009 den 19. årsrapporten sin (som dekkjer perioden 1. august 2008 til 31. juli 2009) for Ministerkomiteen.

Komiteen reiste i perioden på periodiske besøk til ti land (Austerrike, Ungarn, Italia, Luxembourg, Montenegro, Russland, Slovakia, Sverige, Tyrkia og Storbritannia) og ad hoc-besøk til ni land (Aserbajdsjan, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Frankrike (Fransk Guyana), Georgia (Abkhasia), Hellas, Italia, Moldova og Russland (Nord-Kaukasus)). Det var ingen besøk til Noreg i 2009, og det er heller ikkje planlagt besøk for 2010. Komiteen har besøkt Noreg fire gonger, seinast i 2005.

Rapportane frå CPT etter besøka vert i utgangspunktet ikkje offentleggjorde utan at det aktuelle medlemslandet samtykkjer i dette. CPT viser i årsrapporten til ein positiv trend når det gjeld offentleggjering av rapportane frå komiteen, men nemner spesielt Russland og Aserbajdsjan som to unntak her (Russland hadde offentleggjort éin av seksten rapportar og Aserbajdsjan éin av fem). Noreg held fram å arbeide saman med m.a. dei nordiske landa for at innsynslinja skal vinne så brei tilslutning som mogeleg.

Sjølv om medlemsstatane generelt viste god vilje til å samarbeide med komiteen i perioden, rapporterer CPT om tilfelle av forseinka tilgang til spesifikke institusjonar, tilsynelatande som følgje av utilstrekkeleg kunnskap om komiteens mandat og fullmakter.

CPT gjer i årsrapporten opp status etter 20 års arbeid og identifiserer hovudutfordringar framover. Komiteen viser til at han berre delvis har lukkast i å utøve det førebyggande mandatet sitt i regionar der dei sentrale styresmaktene ikkje har effektiv kontroll. CPT har så langt ikkje fått tilgang til Sør-Ossetia (der dei faktiske styresmaktene har signalisert at dei ikkje ønskjer CPT-besøk) og Nord-Kypros, og komiteen har heller ikkje besøkt Nagorno-Karabakh. Derimot har CPT nyleg besøkt Abkhasia (der dei faktiske styresmaktene samarbeidde fullt ut med CPT), Transnistria og Kosovo. CPT beklagar at det ofte vert vist til formelle hindringar for at CPT kan operere i dei nemnde regionane, hindringar som ifølgje CPT i visse tilfelle synest å vere politisk motiverte.

CPT meiner at hovudutfordringane framover vert kamp mot straffridom for tortur og umenneskeleg behandling, overfylte fengsel på tvers av Europa og den potensielle spenninga mellom statars plikt til å verne borgarane, for eksempel mot terrorisme, og behovet for å vareta grunnleggjande verdiar. Årsrapporten frå CPT har eit særleg tematisk fokus på situasjonen for migrantar utan lovleg opphald som er fråtekne fridomen, og gjev detaljerte synspunkt på kva rettsgarantiar denne gruppa bør nyte godt av medan dei er fråtekne fridomen.

Det har kome éi melding frå CPT til Noreg i 2009. Saka galdt ein innsett som hadde vore plassert i ein lengre periode i eit soningsregime med særleg høg sikring. Svaret frå Noreg vart sendt 1. juli 2009 med grunngjevinga for opphaldet under desse tilhøva basert på ei samla risikovurdering, ei framstilling av soningsforholda i denne perioden, opplysningar om helsetilstanden til den domfelte og ein meir generell oversikt over den svært avgrensa bruken av denne typen soning. Vedkommande vart overført til eit soningsregime med vanleg høg sikring allereie i november 2008.

3.5 Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen)

Den europeiske kommisjonen for demokrati gjennom lovgjeving (Venezia-kommisjonen) vart oppretta i 1990. Formålet var å støtte demokratiseringsprosessen i dei sentral- og austeuropeiske landa ved å gje juridisk assistanse til utforminga av grunnlover og andre sentrale lover i statar som er bygde på demokratiet og rettsstatsprinsippa.

Etter at Russland vart med i 2001, er alle medlemsstatane i Europarådet medlemer i kommisjonen, men andre er òg med. Ved utgangen av 2009 hadde Venezia-kommisjonen 57 statar med full medlemskap, 1 stat med assosiert medlemskap (Kviterussland) og 8 observatørstatar. Dessutan deltek EU og OSSE saman med Sør-Afrika og dei palestinske styresmaktene med spesiell status i Kommisjonen.

Den viktigaste oppgåva til Kommisjonen er å gje konkrete råd i pågåande lovgjeving. Kommisjonen gav i 2009 råd til Albania, Algerie, Armenia, Aserbajdsjan, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Egypt, Estland, Georgia, Kirgisistan, Latvia, Luxembourg, Moldova, Montenegro, Russland, Serbia, Tadsjikistan, Tyrkia, Ukraina, Ungarn og dei palestinske styresmaktene. I tillegg er Kommisjonen blitt orientert om utviklinga i konstitusjonelle spørsmål i medlems- og observatørstatane.

Kommisjonen arbeider dessutan med utgreiingar og studiar av meir generell karakter. I 2009 vart det vedteke vel 50 fråsegner om rettslege spørsmål i ein stat. Kommisjonen sluttførte arbeidet med 10 studiar, m.a. ein studie om private aktørar som utfører sikringsoppdrag, og ein studie om generelle spørsmål om grunnlovsendringar. Kommisjonen var med på å arrangere 23 seminar i medlemsstatane.

Venezia-kommisjonen har hand om eit praktisk og juridisk samarbeid mellom forfatningsdomstolane og høgsterett i medlemsstatane. Kommisjonen har i denne samanhengen oppretta ein database over rettsavgjerder (CODICES). Kommisjonen arrangerer, i samarbeid med ein eller fleire medlemsstatar, lokale seminar om spørsmål innanfor virkeområdet sitt. Dette skjer ofte innanfor ei seminarrekkje som Kommisjonen har sett i gang, UNIDEM.

Lovrådgjevar Jan Helgesen, UD, er norsk medlem av Venezia-kommisjonen. Han blei i 2007 vald til president for Kommisjonen og i desember 2009 til første visepresident. Professor Fredrik Sejersted, juridisk fakultet, Universitetet i Oslo, blei i 2008 oppnemnd som norsk varamedlem og møter fast i Kommisjonen når Helgesen presiderer.

3.6 Europarådets kommisjon mot rasisme og intoleranse (ECRI)

Den europeiske kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI) er eit uavhengig overvakingsorgan som har som målsetjing å nedkjempe vald, diskriminering og fordommar mot personar eller grupper av personar basert på m.a. rase, farge, språk, religion, nasjonalitet eller etnisk opphav. ECRI utarbeider generelle tilrådingar om tiltak for å nedkjempe rasisme og intoleranse. Ministerkomiteen behandla i februar 2009 den tolvte generelle tilrådinga frå ECRI om kamp mot rasisme og rasistisk diskriminering i idrett.

Vidare overvaker ECRI situasjonen med tanke på rasisme og intoleranse i medlemslanda og vurderer i denne samanhengen nasjonal lovgjeving og politikkutforming med sikte på å kunne gje nasjonale styresmakter råd om relevante tiltak for å nedkjempe rasisme og intoleranse.

ECRI legg i overvakinga si vekt på å ha nær kontakt med det sivile samfunnet i medlemslanda, i tillegg til nasjonale styresmakter, og har på grunn av dette vorte kritisert av enkelte medlemsland for å vere eit talerør for frivillige organisasjonar.

ECRI la i 2009 fram rapportar om følgjande land for Ministerkomiteen: Tsjekkia, Hellas, Sveits, Belgia, Tyskland, Slovakia, Bulgaria, Ungarn og Noreg.

ECRI presenterte i mai 2009 den siste årsrapporten sin for Ministerkomiteen, der ECRI m.a. gjer greie for hovudtrendar og utfordringar i Europa når det gjeld rasisme og diskriminering. Islamofobi, antisemittisme, diskriminering av rom og romani og diskriminering av personar med afrikansk utsjånad er, ifølgje ECRI, framleis utbreidde og aukande problem.

Når det gjeld tiltak for å nedkjempe denne rasismen og diskrimineringa, tilrår ECRI følgjande generelle tiltak:

  • styrkt rettsvern mot rasistiske handlingar og diskriminering på grunnlag av rase, farge, religion, nasjonalitet eller nasjonalt eller etnisk opphav,

  • oppretting av uavhengige, spesialiserte nasjonale organ for nedkjemping av rasisme og rasediskriminering,

  • oppmoding til alle land som enno ikkje har gjort det, om å ratifisere protokoll 12 til den europeiske menneskerettskonvensjonen om eit generelt forbod mot diskriminering.

Den fjerde rapporten frå ECRI om Noreg, som byggjer på kontaktbesøk til Noreg i mars 2008, vart vedteken av ECRI i desember 2008 og fremja for Ministerkomiteen i februar 2009. Noregs kommentarar er tekne inn som vedlegg til rapporten.

ECRI framhevar i rapporten at det er gjort framgang på ei rekkje område sidan publiseringa av den tredje rapporten frå ECRI om Noreg i 2004. Dette gjeld spesielt styrking av det rettslege vernet mot diskriminering. ECRI peiker på at trass i framgang er det fleire saker som gjev grunnlag for uro. Dette dreier seg hovudsakleg om situasjonen for ungdom på arbeidsmarknaden og i skulesituasjonen. Det er skeive forhold i bustadsektoren, og det er mangel på bruk av kvalifisert tolk innanfor helsesektoren og rettsvesenet. ECRI meiner det òg må gjerast meir for å skaffe data om faktiske tilfelle av rasediskriminering og om stillinga til minoritetsgrupper på fleire område.

Regjeringa la fram ein ny handlingsplan for å fremje likestilling og hindre etnisk diskriminering i april 2009. Planen inneheld 66 nye tiltak innanfor ansvarsområda til ni departement. Tiltaka skal gjennomførast i perioden 2009–2012. Eit av tiltaka i handlingsplanen er å vurdere tilrådingane frå ECRI nærare og følgje opp med nødvendige tiltak. Norske styresmakter var kjende med rapportutkastet og tilrådingane frå ECRI då handlingsplanen vart utarbeidd, og har teke omsyn til tilrådingane i arbeidet med planen. Handlingsplanen inneheld mellom anna ei rekkje tiltak innanfor arbeidslivet, offentleg tenesteyting og barnehage, skule og utdanning. Kartlegging av bruk av tolk i offentleg tenesteyting og betre bruk av kvalifisert tolk i offentleg sektor er blant tiltaka i planen.

I 2009 vart det innført ei aktivitets- og rapporteringsplikt for arbeidsgjevarar, offentlege styresmakter og organisasjonane i arbeidslivet i diskrimineringslova.

Eit lovutval la i juni 2009 fram forslag om ei samla diskrimineringslov (NOU 2009: 14 Et helhetlig diskrimineringsvern). Utvalet har òg vurdert om Noreg bør ratifisere protokoll 12 til den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Fleirtalet i utvalet tilrår at Noreg ikkje ratifiserer tilleggsprotokollen. Regjeringa vil ta stilling til spørsmålet om ratifisering i det vidare arbeidet med oppfølging av innstillinga frå utvalet.

3.7 Europarådets utviklingsbank (CEB)

Europarådets utviklingsbank (CEB) vart oppretta i 1956. Mandatet var opphavleg at banken gjennom utlånspolitikken skulle bidra til løysingar på flyktningproblem i Europa. Seinare er mandatet utvida slik at banken skal bidra til sosialt samhøyr i Europa. 40 av medlemslanda i Europarådet er òg medlemer av CEB. Blant landa som ikkje er medlemer av CEB, er Russland, Storbritannia, Ukraina og Austerrike.

Noreg blei medlem av CEB frå 1. januar 1978 og representerer 1,268 % av kapitalen i banken. Banken vert leidd av ein guvernør og har eit styre og eit administrasjonsråd der alle medlemslanda er representerte. Banken er juridisk og finansielt uavhengig, men er knytt til Europarådet gjennom ein delavtale.

Sidan opprettinga har CEB lånt ut til saman ca. 30 milliardar euro. Berre i 2009 lånte banken ut ca. 2,6 milliardar euro. Hovuddelen av utlåna frå CEB går til område som sosiale formål, miljøtiltak, utdanning og helse. Dei fattigaste medlemslanda er definerte som målgruppeland. Av nye prosjekt som vart godkjende i 2008, gjekk 65 % (27 av 39 prosjekt) til målgruppeland. Det har lenge vore ein diskusjon i CEB om kor stor del av utlåna som bør gå til målgruppelanda. Enkelte medlemer, mellom anna dei nordiske landa, arbeider for å auke denne delen. Sidan desse utlåna vert rekna som meir risikable, må ein òg sjå dette spørsmålet i samanheng med lånetilliten til CEB, som no er på det høgaste nivået (AAA).

Saman med dei andre nordiske og baltiske landa har Noreg dei seinaste åra spelt ei sentral rolle i arbeidet for å gjere Europarådets utviklingsbank meir fokusert på hovudoppgåvene til Europarådet og for å påskunde reform av utlånspolitikk, leiing og ekstern kommunikasjon. Noreg har tatt til orde for meir likestilling i toppleiinga, større innsyn i vilkåra og verva til toppleiarane, betre kontrollrutinar og ein meir aktiv og synleg ekstern kommunikasjonspolitikk. På mellom anna norsk initiativ vart det i 2009 gjennomført omfattande endringar i dei etiske åtferdsreglene for banken med sikte på å unngå interessekonfliktar og gje betre innsyn i omfanget av tilleggsinntekter frå verv toppleiarar har hatt utanfor CEB.

3.8 Forum for demokrati (FFD)

Forum for demokrati (FFD) vart oppretta i 2005 for å styrkje demokratiet, politisk fridom og borgarane sin medverknad i samfunnet. Forumet skal gje impulsar til det kontinuerlege arbeidet i Europarådet for å sikre og konsolidere demokratiet i den europeiske regionen. Det samlar deltakarar frå både politiske parti og sentral- og lokaladministrasjonen, frivillige organisasjonar og akademia. Det vert lagt vekt på dialog, debatt og utveksling av erfaringar.

Etter lanseringa av forumet i Warszawa i 2005 er det organisert fire samlingar. Den første fann stad i Moskva i 2006 og tok føre seg rolla dei politiske partia speler i bygginga av demokrati, medan den andre dreidde seg om det gjensidig avhengige forholdet mellom demokrati og menneskerettar. Samlinga vart halden i Stockholm, med svært brei deltaking frå alle partar.

Den tredje samlinga fann stad i Madrid i 2008 og hadde e-demokrati som tema, med hovudvekt på at denne tilleggskanalen for demokratisk praksis og deltaking kan bidra til betre innsyn og ansvarleggjering og gjere dei demokratiske institusjonane meir lydhøyre. Det kan også bidra til å styrkje det demokratiske engasjementet hos borgarane og auke tilgangen til den demokratiske prosessen.

Den fjerde samlinga vart organisert i Kiev i oktober 2009. Temaet var denne gongen korleis valordningar kan fremje demokratiet i det 21. hundreåret. Forumet drøfta prinsipp og regelverk, i tillegg til god praksis, på område som det interne demokratiet i politiske parti, finansiering av kampanjar, tilgang til media og appellordningar og kontrollmekanismar, medrekna internasjonal valovervaking.

Det er sett i gang ei evaluering av Forum for demokrati med sikte på å trekkje lærdom av dei erfaringane som er gjorde.

Til forsida