St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

10 Reform av NATO-hovudkvarteret

Generalsekretæren i NATO tok eit fornya initiativ i arbeidet med reform av NATO-hovudkvarteret i siste halvår 2008. Dette arbeidet fekk generell støtte på toppmøtet våren 2009. Det blir lagt opp til endringar i avgjerdsprosessar, stabsstrukturar, komitéstrukturar og arbeidsprosessar. Behov for rasjonalisering, tydeleggjering av ansvar, tydelegare prioritering mellom oppgåver, auka intern handlefridom for generalsekretæren med omsyn til ressurs- og personelldisponeringar, auka rotasjon av stillingar og ein større grad av interaksjon mellom militær og sivil side er av dei mest framtredande endringsforslaga.

Det har vist seg at det i forhold til tidlegare år er ein klart auka reformvilje blant dei fleste nasjonar. Samtidig ser ein heilt klare grenser hos enkelte allierte, spesielt når det gjeld endringar i avgjerdsprosessane og graden av interaksjon mellom sivil og militær side.

Til forsida