St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

3 Samarbeidet med andre organisasjonar

3.1 Sivil-militært samvirke – ei samla tilnærming

Erfaringane frå Afghanistan, men også Kosovo, har skapt forståing blant allierte av behovet for nært samarbeid med andre internasjonale organisasjonar, NGO-ar og lokale aktørar i krisehandteringsoperasjonar. Dette byggjer på ei brei erkjenning av at ei samla tilnærming til internasjonale operasjonar, der ein ser sivil og militær innsats i samanheng på alle nivå i planlegging, gjennomføring og oppfølging, er nødvendig for å oppnå varig stabilitet og utvikling. Militære verkemiddel åleine er ikkje nok. Denne erkjenninga er i samsvar med eit konsekvent og vedvarande norsk syn.

Regjeringa legg stor vekt på at det må vere eit klart skilje mellom sivil og militær innsats. Difor bør NATO i utgangspunktet ikkje engasjere seg i funksjonar som overlappar innsatsen til FN og andre sivile aktørar, mellom anna på det humanitære området. Etter norsk syn er dette ikkje minst viktig for å unngå samanblanding og rolleforvirring som kan setje dei humanitære aktørane i fare.

Samtidig er det frå norsk side lagt vekt på at tryggingssituasjonen på bakken i enkelte tilfelle kan vere så krevjande at militære styrkar unntaksvis vil måtte bidra med ein viss gjenreisingsinnsats til støtte for eller i mangel av sivile aktørar. Ved større humanitære operasjonar bør dessutan NATO på førespurnad kunne støtte andre aktørar, som etter jordskjelvet i Pakistan i februar 2006.

På grunnlag av eit vedtak på toppmøtet i Riga i november 2006 kom dei allierte på toppmøtet i Bucuresti til semje om ein handlingsplan for NATOs bidrag til ei samla tilnærming til stabilisering og gjenreising i operasjonar. I handlingsplanen er det lagt spesiell vekt på behovet for å leggje til rette for jamlege politiske og praktiske konsultasjonar med andre internasjonale organisasjonar, i første rekkje EU, FN og Verdsbanken, i planlegging og gjennomføring av operasjonar. Planen legg òg opp til auka erfaringsutveksling og felles øvingar og opplæring med dei andre organisasjonane. Dette er i samsvar med norske posisjonar.

I tillegg til sjølve handlingsplanen blei det under toppmøtet slått fast at den pågåande NATO-operasjonen i Afghanistan treng tett koordinering og samarbeid med UNAMA. Også i NATOs strategiske politisk-militære plan for ISAF-operasjonen, som blei vedteken under toppmøtet, blei det lagt avgjerande vekt på sivil-militært samvirke. Noreg var ein pådrivar i dette arbeidet også i 2008, og vi var spesielt opptekne av å styrkje NATO i evna til å samarbeide meir effektivt med andre internasjonale organisasjonar, spesielt FN og EU.

3.2 Samarbeidet med EU

Dessverre lét det seg heller ikkje i 2008 gjere å utvikle det institusjonelle og praktiske samarbeidet mellom NATO og EU i nemneverdig grad, trass i at 21 allierte også er medlemmer av EU. Dermed var det institusjonelle samarbeidet som før hovudsakleg avgrensa til den EU-leidde stabiliseringsoperasjonen i Bosnia-Hercegovina (EUFOR ALTHEA) og konsultasjonar om utviklinga av militære kapasitetar. ALTHEA er no den einaste operasjonen som blir gjennomført etter den såkalla Berlin Pluss-ordninga, som nettopp opnar for støtte frå NATO til militære operasjonar som EU planlegg og leier.

Ein sentral grunn til den fastlåste situasjonen var det problematiske forholdet mellom Tyrkia og EU, som i stor grad er ein konsekvens av Kypros-konflikten. Haldningar hos Hellas og Kypros må òg sjåast i dette lyset og gjorde sitt til manglande framgang. Enkelte land har dessutan halde att for eit utvida samarbeid mellom NATO og EU for å verne om EU som sjølvstendig tryggingspolitisk aktør.

Dette inneber at ambisjonen om å byggje ein strategisk fellesskap basert på ei felles tilnærming til felles utfordringar og ei arbeidsdeling som speglar kompetansen og ressursane til dei to organisasjonane, heller ikkje kunne oppfyllast i 2008. Dertil var nasjonale posisjonar til hinder for at NATO og EU kunne utvikle optimale samarbeidsmekanismar mellom KFOR og EULEX i Kosovo. Av same årsak var det liten framgang med omsyn til å utvikle eit tettare samarbeid mellom ISAF og EUPOL i Afghanistan. Samtidig ser vi ei rekkje eksempel på godt praktisk samarbeid mellom personell frå NATO og EU i operasjonane. Det er først og fremst det strategiske nivået i planlegging, gjennomføring og oppfølging av operasjonar som er ramma av manglande formalisering.

Frankrikes nyorientering mot NATO og president Sarkozys ambisjonar om å styrkje relasjonane mellom NATO og EU kom særleg til uttrykk under den franske formannskapen i EU i andre halvdel av 2008. Også frå norsk side blei det i 2008 arbeidd aktivt for å styrkje samarbeidet, mellom anna gjennom tett dialog med den franske formannskapen. Eit felles brev frå utanriksministrane i Finland, Sverige og Noreg sette spørsmålet på dagsordenen under den transatlantiske middagen på NATOs utanriksministermøte 6. mars 2008. Initiativet vart seinare følgt opp i form av eit innspel med konkrete forslag som Danmark og Island òg stod bak. Dei grunnleggjande problemstillingane er likevel så pass komplekse og krevjande å handtere, både i NATO og EU, at resultata så langt har vore få.

Noreg er nært knytt til det tryggings- og forsvarspolitiske samarbeidet EU (ESDP) og deltek i dei to sivile ESDP-operasjonane i Afghanistan, men avslutta bidraget til ALTHEA i 2008. Norsk deltaking med 150 soldatar i den nordiske innsatsstyrken på 1500 personar som var i beredskap i første halvår 2008, gav direkte tilgang til ein vesentleg komponent i tryggings- og forsvarspolitikken i EU. Regjeringa vil leggje stor vekt på å vidareføre samarbeidet innanfor denne ramma fram mot neste beredskapsperiode for gruppa i 2011. Den bilaterale avtalen med EUs organ for samarbeid om utvikling av kapasitetar (European Defence Agency) har styrkt tilknytinga til ESDP ytterlegare.

3.3 Samarbeidet med FN

Samarbeidet på bakken mellom NATO og FN blei vidareført i 2008. Det var særleg viktig i samband med dei FN-mandaterte NATO-operasjonane i Afghanistan og Kosovo. Under planlegginga og gjennomføringa av desse operasjonane var det blitt stadig klarare at samarbeidet mellom dei to organisasjonane måtte styrkjast på strategisk nivå. Regjeringa såg eit slikt tettare samarbeid som naturleg ut frå behovet for ei samla tilnærming til internasjonal krisehandtering. Frå norsk side blei det i eit meir langsiktig perspektiv òg lagt vekt på behovet for eit meir formalisert samarbeid gjennom å etablere samarbeidsstrukturar som kan lette koordinert innsats i kommande operasjonar.

På denne bakgrunnen var det gledeleg at ei felleserklæring om eit meir formelt og utvida samarbeid blei underteikna av generalsekretærane i dei to organisasjonane i samband med opninga av FNs generalforsamling 23. september 2008.

I 2008 la Noreg særleg vekt på at FN måtte styrkje nærværet og den koordinerande rolla si i Afghanistan. I den samanhengen blei det påpeika at alle aktørar, deriblant NATO og dei enkelte allierte, måtte vise praktisk vilje til å la seg koordinere. Regjeringa argumenterte for at generalsekretæren i FN måtte utnemne ein ny spesialutsending til Afghanistan med mandat til å styrkje den samla internasjonale koordineringa. Utnemninga av den norske diplomaten Kai Eide blei difor sett som positiv med norske auge og blei godt motteken av andre allierte. Frå norsk side blei det lagt stor vekt på at FN skulle stille dei nødvendige ressursane til rådvelde for spesialutsendingen.

3.4 Samarbeidet med AU

NATO innleidde eit praktisk samarbeid med Den afrikanske unionen (AU) våren 2005 på grunnlag av ei oppmoding frå AU om å yte støtte til transport av styrkar frå afrikanske land til AU-operasjonen i Sudan (African Union Mission in Sudan – AMIS). Etter førespurnad frå AU i mai 2007 vedtok NATO òg å yte troppetransport til AU-operasjonen i Somalia (African Union Mission in Somalia – AMISOM), fram til årsskiftet 2007–2008. Parallelt med forlenginga av mandatet til AMISOM blei støtta suksessivt vidareført i 2009. Støtta til AMIS og AMISOM var koordinert med EU og FN.

På eit møte i april 2008 oppmoda den nyvalde presidenten for AU-kommisjonen, Jean Ping, generalsekretær de Hoop Scheffer om ei vidareutvikling av samarbeidet med NATO i operasjonaliseringa av AUs «African Standby Force» (ASF). Denne oppmodinga etterkom NATO. Vidare, etter ei ny oppmoding frå AU, vedtok NATO-rådet 22. oktober 2008 å bistå med støtte til transport av militært materiell til AMISOM. Støtta har etter kvart også omfatta noko opplæring av AU-offiserar. På førespurnad frå FN deltok NATO i den internasjonale innsatsen mot sjørøveri utanfor kysten av Somalia hausten 2008. Dette var bakgrunnen for semja blant allierte utanriksministrar i desember 2008 om å medverke til maritim kapasitetsbygging i AU, igjen på førespurnad.

Støtta til AU var i utgangspunktet ikkje uproblematisk i alliansen, då enkelte allierte har prøvd å halde NATO unna ei rolle i Afrika til fordel for eit breiare engasjement frå EU-hald. Regjeringa har på si side lagt stor vekt på at NATO måtte etterkomme oppmodingane frå AU. Særleg gjennom samarbeid på opplæringssida kan alliansen vere med og setje dei afrikanske landa betre i stand til å i vareta eigen tryggleik. Samtidig har det vore semje i alliansen om at støtta til AU må vere basert på prinsippet om afrikansk eigarskap, vere etterspørselsdriven og ta omsyn til sensitiviteten på afrikansk side.

Den norske ambassaden i Addis Abeba har sidan 2005 vore NATO-kontaktambassade for AU. Denne sivile funksjonen blei vidareført i 2008 og inn i 2009, og AU samarbeidde her med det militære sambandselementet i NATO. Ambassaden var såleis med og la til rette for den jamlege kontakten mellom NATO og AU. NATO var svært nøgd med den støtterolla ambassaden spela.

3.5 Samarbeidet med OSSE

NATO-samarbeidet med OSSE er avgrensa. Det går i stor grad føre seg på bakken, og berre i lite omfang mellom hovudkvartera. Også i 2008 var samarbeidet særleg tett på Vest-Balkan, og då spesielt i Kosovo og Bosnia-Hercegovina. I tillegg var det god kontakt i Sentral-Asia, Sør-Kaukasus og Moldova, der begge organisasjonane har konkrete og ofte tilstøytande prosjekt innan reform av tryggingssektoren. I tråd med etablert praksis heldt OSSE-formannskapet ved ambassadør Aleksi Härkönen 10. desember 2008 ei orientering for Euroatlantisk partnarskapsråd (EAPC) om viktige saker og prioriteringar i den finske formannskapsperioden. Dåverande OSSE-formann, den finske utanriksministeren Alexander Stubb, gav ei orientering om Georgia på det ekstraordinære NATO-utanriksministermøtet i august 2008.

Til forsida