St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

9 Militær omforming

Arbeidet med å omforme alliansens og dei alliertes militære strukturar og kapasitetar for å møte ein endra og dynamisk tryggingspolitisk kvardag er i 2008 blitt vidareført langs ei rekkje ulike spor. Arbeidet har mellom anna teke utgangspunkt i vedtaka som blei fatta på toppmøtet i Bucuresti, og har samtidig utgjort ein del av førebuingane til alliansens jubileumstoppmøte i 2009. I sum dreier dette arbeidet seg om å vidareføre utviklinga av militære styrkar og strukturar som er fleksible, anvendelege og deployerbare, med sikte på å kunne løyse heile oppgåvespekteret til alliansen på ein effektiv måte. Fokus er difor ikkje berre på å sikre modernisering gjennom nødvendige investeringar i materiell, men i stor grad å vidareutvikle samarbeid mellom nasjonane, tenlege organisasjonsformer og kompetanse. Også på norsk side legg vi betydeleg vekt på desse aspekta, og dei har fått ein sentral plass i den siste langtidsplanen for Forsvaret.

Som eit ledd i drøftinga i NATO om handteringa av felles tryggingsutfordringar tok Noreg i 2008 initiativ til å styrkje fokuset på utfordringane i nærområda til medlemslanda. NATO har i ei årrekkje hatt sterkt fokus på å kunne skaffe fram kapasitetar og styrkar for operasjonar på strategisk avstand, som i Afghanistan. Dette har vore ei nødvendig og rett satsing, men har òg medverka til å skape eit visst inntrykk av at NATO primært er ein organisasjon som driv operasjonar i fjerne område. Formålet med nærområdeinitiativet er å påpeike behovet for å vareta NATO-oppgåvene i full breidd også innanfor eige geografisk nærområde. Initiativet set fokus på å forbetre NATOs evne til å handtere tryggingsutfordringar i alliansens nærområde og å styrkje NATO-profilen i medlemslanda, samtidig som ein oppfyller alle tilsegner i samband med internasjonale operasjonar. Viktige element i nærområdeinitiativet er at dei fellesoperative NATO-hovudkvartera (i Nederland og Italia) bør få eit klart geografisk ansvar i høvesvis Nord- og Sør-Europa. Kommandostrukturen i NATO bør knytast tettare til nasjonale fellesoperative hovudkvarter. Det vil gi betre innsikt i tryggingsutfordringane i ulike delar av alliansen. Det er òg føreslått at NATO bør skaffe seg betre situasjonsforståing og analysekapasitet på etterretningssida når det gjeld alliansens nærområde, og at NATO i større grad bør bli involvert i øvingsaktivitet på alliansens territorium.

Ein av dei mest sentrale prosessane i det forsvarspolitiske samarbeidet i 2008 har vore revisjonen av NATOs forsvarsplanprosess. Denne skal skape eit rammeverk for harmonisering av nasjonal og alliert verksemd. Det krev at prosessen blir gjort meir integrert og heilskapleg ved at dei ulike planmiljøa i alliansen i større grad arbeider saman om framskaffing og utvikling av kapasitetar. Frå norsk side har ein støtta aktivt opp om dette arbeidet. I framkant av toppmøtet i Strasbourg/Kehl i april 2009 blei det oppnådd semje om ein revidert forsvarsplanprosess.

Elles stod arbeidet med å vidareutvikle alliansens hurtigreaksjonsstyrke (NATO Response Force – NRF) sentralt. NRF har vist seg vanskeleg å realisere i samsvar med den opphavlege ambisjonen, mykje på grunn av ressurskrava i samband med operasjonen i Afghanistan. Difor har det vore nødvendig å søkje å skape betre samsvar mellom ambisjonar og ressursar. Arbeidet er ikkje avslutta. Det er brei semje blant dei allierte om at alliansen framleis treng ein slik kapasitet, og frå norsk side har ein spesielt understreka behovet for å gjere NRF til ein mest mogeleg tilgjengeleg og fleksibel kapasitet.

Ei anna hovudmålsetjing er å gjere kommandostrukturen meir effektiv og betre i stand til å leie alliansens militære operasjonar innanfor eit endra tryggingsbilete. Det er oppnådd semje om ei justering av kommandostrukturen, men det blir framleis arbeidd med å vurdere dei ressursmessige konsekvensane av føreslåtte endringar i organisasjon og personelloppsett.

Det er brei semje i alliansen om det operative behovet for alliert luftboren bakkeovervaking, og arbeidet med det fleirnasjonale programmet for å skaffe fram ein slik kapasitet (Alliance Ground Surveillance – AGS) er vidareført. Undervegs har det vore store vanskar med framdrifta i programmet. Trass i at fleire nasjonar har trekt seg, blei det i 2008 gjort større programmessige framskritt, og viktige milepælar blei nådde. Noreg bidrog aktivt til dette.

Det blei òg gjort viktige framskritt i programmet for anskaffing av strategiske transportfly. Noreg, ni andre allierte og partnarlanda Sverige og Finland inngjekk hausten 2008 ein felles, bindande avtale om å skaffe tre C-17 transportfly. Flya skal kunne brukast av deltakarnasjonane til ulike oppdrag der det er behov for strategisk flytransport, dvs. i oppdrag for NATO, men ved humanitære behov også i regi av EU og FN. Flya skal etter planen leverast i løpet av 2009.

Til forsida