St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

8 Den sivile dimensjonen

8.1 Sivil beredskap

Sivil beredskapsplanlegging og sivil krisehandtering er primært eit nasjonalt ansvar, men framveksten av internasjonale terrornettverk og truslar om bruk av masseøydeleggingsvåpen stiller særlege krav som nasjonale ressursar åleine ikkje alltid kan oppfylle. Hovudformålet med den sivile beredskapsplanlegginga i NATO er å samordne og oppnå ein mest mogeleg effektiv bruk av nasjonale sivile ressursar for å støtte opp om dei strategiske allianseoppgåvene og å verne sivilbefolkninga og infrastrukturen i tilfelle naturkatastrofar, krig eller terroranslag. Det sivile beredskapsmiljøet i NATO er aktivt med når alliansen yter bidrag etter humanitære katastrofar.

Sivil beredskap har òg ein vesentleg partnardimensjon som det største ikkje-militære programmet innanfor EAPC. Det omfattar mellom anna samarbeid om katastrofeberedskap, retningslinjer for bruk av sivile ressursar ved militær krisehandtering og humanitær bistand etter katastrofar. NATOs sivile kriseresponssenter (Euro-Atlantic Disaster Response Coordination Centre – EADRCC) spelar ei viktig koordinerande rolle overfor allierte og partnarland i samband med humanitære kriser.

I tråd med ønsket vårt om å styrkje det praktiske samarbeidet med partnarane var Noreg også i 2008 ein pådrivar i arbeidet med å fullføre felles retningslinjer for å styrkje EAPC-landa i evna til å handtere kjemiske, biologiske, radioaktive og kjernefysiske angrep og ulukker. Det blei sett i gang eit arbeid med å gjennomføre desse retningslinjene innanfor EAPC som vil bli følgt opp frå norsk side.

Frå norsk side var ein elles oppteken av å utvikle samarbeidet om sivil beredskapsplanlegging innanfor ramma av NATO–Russland-rådet. Noreg tek såleis sikte på å stå som vertsnasjon for ei felles sivil krisehandteringsøving i 2010.

8.2 Kvinner, fred og tryggleik

Noreg og nokre andre allierte tok i 2007 til orde for ei aktiv oppfølging frå NATO-hald av tryggingsrådsresolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. På dette grunnlaget fekk dei militære NATO-styresmaktene i oppdrag å utforme konkrete forslag til korleis kjønnsperspektivet kunne inkluderast i det militære arbeidet, med særleg fokus på alle fasar i NATO-leidde operasjonar. Arbeidet byggjer på ei erkjenning av at ei samla tilnærming til stabilitet og gjenreising også må omfatte kjønnsperspektivet. Militære retningslinjer for oppfølging av resolusjon 1325 i NATO blei lagde fram 11. mars 2009.

Parallelt med utarbeidinga av allierte retningslinjer tok Noreg, Sverige, Finland, Danmark og Nederland hausten 2008 initiativ til å utarbeide studien NATO in Afghanistan: Resolution 1325 as a tool for enhanced effectiveness. Studien fokuserer på korleis resolusjon 1325 blir følgd opp i PRT-ane som Danmark, Italia, New Zealand, Noreg og Sverige har i Afghanistan. Studien skal munne ut i konkrete tilrådingar. Den skal leggjast fram i mai 2009 som eit bidrag til å styrkje NATO-arbeidet med implementeringa av resolusjonen. Studien vil òg bli lagd til grunn for ytterlegare tiltak for å sikre at handlingsplanen til regjeringa blir betre gjennomført i den norske PRT-operasjonen.

8.3 Menneskehandel

NATO-politikken mot menneskehandel blei vedteken på toppmøtet i Istanbul i 2004 etter eit felles norsk-amerikansk initiativ. Han inneber at alliansen aktivt skal vere på vakt mot og reagere på menneskehandel i samband med sine operasjonar. Partnarane i EAPC har slutta seg til initiativet, slik at 50 land i det euroatlantiske området stiller seg bak målsetjinga om nulltoleranse for menneskehandel i samband med NATO-leidde operasjonar. I 2007 blei det utpeika ein eigen koordinator med ansvar for å følgje opp NATO-politikken på området. Mellom anna blei det utført ei spørjeunder­søking i mars 2008 om implementeringa av politikken i NATO- og partnarland. Resultata blei lagde fram i ein rapport i februar 2009. Denne anbefalte meir systematisk trening og opplæring i temaet for NATO-styrkar og NATO-institusjonar, standardisert NATO-rapportering om aktuelle tilfelle, betra offentleg kommunikasjon om emnet, og utbreidd samarbeid med andre aktørar på feltet. NATO-rådet har vedteke at anbefalingane skal implementerast. Noreg spelar ei aktiv rolle i dette arbeidet, spesielt med tanke på implementering i NATOs operasjonsplanar.

8.4 NATO-innsats i humanitære kriser

NATO-innsatsen i dei humanitære kriseoperasjonane etter orkanen Katrina i USA i september 2005 og i samband med jordskjelvkatastrofen i Pakistan fram til februar 2006 opna for ein diskusjon om kva rolle NATO skulle spele i humanitære kriser. Noreg har ei positiv innstilling til ei slik støtterolle basert på den premissen at NATO må tilby meirverdi og ikkje utvikle eigne kapasitetar på det humanitære området. Slik regjeringa ser det, er det svært viktig å unngå duplisering av den innsatsen FN og andre sivile aktørar anten gjer eller kan gjere betre. Frå norsk side blei det vidare lagt vekt på at innsatsen må vere basert på ei oppmoding frå landet som er råka, må vere i tråd med etablerte retningslinjer, må vere koordinert av FN og må sjåast i samanheng med innsats frå andre organisasjonar, også dei humanitære.

Til forsida