St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

2 NATO-operasjonar og norsk engasjement

2.1 Afghanistan (ISAF)

Den breie internasjonale innsatsen for å medverke til tryggleik, gjenreising og utvikling i Afghanistan er blitt ytterlegare forsterka i 2008. Politisk blei det særleg viktig at FN vedtok å ta på seg ei meir leiande rolle. I NATO er semja om premissane for allianseinnsatsen styrkt, med vektlegging av ei heilskapleg internasjonal tilnærming, afghansk kapasitetsbygging og eigarskap og ei regional tilnærming. Dette er i samsvar med synspunkt som lenge har vore fremja frå norsk side.

Tryggingssituasjonen er svært krevjande. Det gjer det sjølvsagt vanskelegare å etablere og gjennomføre nødvendige gjenreisings- og utviklingsprosjekt. Situasjonen i sør og aust var den største utfordringa også i 2008, men det er store variasjonar i desse områda òg. Over 70 % av alle tryggingsrelaterte hendingar finn stad i berre 10 % av distrikta, i hovudsak i sør og aust, der om lag 6 % av befolkninga bur. I store delar av Afghanistan er det difor akseptable rammevilkår for utvikling. Den norske regjeringa har lagt stor vekt på at mykje er oppnådd på relativt kort tid i Afghanistan, men at vedvarande internasjonal innsats blir nødvendig for å konsolidere og styrkje framgangen.

Den FN-mandaterte internasjonale stabiliseringsstyrken (International Security Assistance Force – ISAF) blei i løpet av 2008 utvida med om lag 12 000 soldatar, og ved årsskiftet 2008/2009 bestod styrken av i underkant av 55 000 soldatar. Heile 41 ulike nasjonar bidrog, deriblant Finland og Sverige. På amerikansk side er det beslutta å sende eit stort tal nye soldatar til Afghanistan i 2009. Det er komme signal frå Washington om at ein der ventar at også andre allierte aukar nærværet. Dette inneber at ISAF vil auke kraftig i omfang dei kommande par åra. Samtidig kjem det samla amerikanske bidraget til å utgjere ein relativt større del av den totale styrken enn i dag.

Militær innsats er nødvendig for å etablere tryggingsmessige rammevilkår som gjer det mogeleg å nå dei måla Afghanistan og det internasjonale samfunnet har sett seg, som blei formulerte under London-konferansen i januar 2006. Den gradvise styrkinga av NATO-engasjementet har difor også fått norsk støtte. Samtidig har ein frå norsk side understreka det avgjerande i ein styrkt sivil og politisk innsats over tid for å lukkast i Afghanistan. Dette byggjer på det synet regjeringa legg til grunn og som dei allierte deler, nemleg at konflikten ikkje kan løysast med militære middel åleine, og at tryggleik og utvikling må sjåast i samanheng. På støttekonferansen i Paris i 2008 gav regjeringa difor tilsegn om å bidra med 750 millionar kroner årleg i fem år. Noreg har òg teke til orde for at det internasjonale samfunnet må støtte opp under afghanske freistnader på å få i stand politiske forsoningsprosessar.

Som fleire andre land har Noreg arbeidd for ei sterkare rolle for FN i Afghanistan, mellom anna for å leggje til rette for sterkare koordinering av den internasjonale innsatsen. Difor var det svært positivt at FN i 2008 vedtok å ta på seg ei tydelegare leiarrolle i Afghanistan. Ved at den norske diplomaten Kai Eide blei utnemnd til spesialutsending for generalsekretær Ban Ki Moon, fekk FN og den internasjonale innsatsen ein klarare profil og ein markant talsmann. Det lukkast òg å skaffe fram dei nødvendige ressursane for å kunne gjennomføre ei styrking av FN-sendelaget UNAMA. I 2008 er samarbeidet mellom NATO og FN styrkt både i Brussel, Kabul og New York. På toppmøtet i Bucuresti blei det halde eit breitt samansett møte om Afghanistan der FNs generalsekretær, EU, Verdsbanken og alle troppebidragsytarar til den NATO-leidde ISAF-operasjonen deltok. Møtet viste brei semje om FNs nye og styrkte rolle når det gjeld bistandskoordinering og samarbeid mellom internasjonale aktørar og mellom det internasjonale samfunnet og den afghanske regjeringa. Frå norsk side har det vore eit hovudpoeng også i NATO at FN ikkje kan lukkast på desse områda utan at dei ulike aktørane i Afghanistan innordnar seg etter FNs leiande og koordinerande rolle. I 2009 vil regjeringa framleis leggje avgjerande vekt på at alle aktørar må akseptere og opptre i samsvar med prioriteringane til Afghanistan og FN.

I Bucuresti vart det òg vedteke ein strategisk politisk-militær plan for NATO-engasjementet i Afghanistan dei nærmaste åra. Noreg spela ei aktiv rolle i utarbeidinga, særleg for å styrkje vektlegginga av ei heilskapleg tilnærming. Planen er eit detaljert styringsverktøy for NATO og skal leggje til rette for at ISAF på best mogeleg måte støttar opp om den internasjonale innsatsen elles og om Afghanistans nasjonale utviklingsstrategi, som det internasjonale samfunnet forplikta seg til i erklæringa frå den store støttekonferansen i Paris 12. juni 2008. I planen, som stadfester NATOs langsiktige engasjement, er afghansk eigarskap og kapasitetsbygging og ei breiare regional tilnærming framheva som føresetnader for å stabilisere situasjonen i Afghanistan.

Eit hovudelement under toppmøtet i Bucuresti var vedtaket om at NATO skal styrkje innsatsen for å byggje opp den afghanske hæren. Dette blir sett på som ein avgjerande føresetnad for at Afghanistan på sikt kan overta ansvaret for sin eigen tryggleik. ISAF er no sterkt engasjert i trening av dei afghanske styrkane, både gjennom særskilde opptreningslag og gjennom regulære fellesoperasjonar. I tillegg bidreg NATO til oppbygging av sentrale institusjonar som er nødvendige for at Afghanistan på sikt skal kunne sikre sitt eige land.

Dei afghanske styrkane har hatt god framgang. Dei deltek i over 70 % av alle ISAF-operasjonar og leier planlegginga og utføringa av over halvparten av desse. Framleis er det behov for langsiktig støtte, ikkje minst fordi styrkane skal utvidast i tal til om lag 134 000 soldatar. Dei multietniske afghanske styrkane har legitimitet i den afghanske befolkninga. Over tid vil ein fullt utrusta og opplært afghansk hær vere ein sentral aktør for å sikre eit stabilt Afghanistan.

Angrepet på Serena hotell i Kabul 14. januar 2008 var ei påminning om at opprørsgruppene er i stand til å gjennomføre aksjonar også i hovudstaden. Auka bruk av sjølvmordsangrep og vegbomber og tettare samarbeid mellom Taliban og andre væpna grupper vil framleis vere ein stor trussel mot befolkninga og det internasjonale nærværet. Regulære kamphandlingar med opprørsstyrkar er no sjeldnare. Ei sentral oppgåve i tida framover blir å hindre asymmetriske angrep og regulære terrorhandlingar. Godt trena og erfarne internasjonale styrkar vil vere nødvendige for å handtere denne typen truslar.

I 2008 har det framleis vore episodar med sivile tap under militære operasjonar. Dette har utløyst sterke reaksjonar både i Afghanistan og mange NATO-land. Saman med ei rekkje andre allierte har Noreg spela ei aktiv rolle for å sikre at ISAF gjer alt i si makt for å unngå sivile tap. Regjeringa legg stor vekt på dette, først og fremst av huma­nitære årsaker, men òg for å unngå at ISAF får svekt legitimitet i Afghanistan og hos troppe­bidragsytande land. Det er inga usemje i NATO om dette, heller ikkje på militær side. Dei operative prosedyrane for ISAF for å unngå sivile tap blei ytterlegare stramma inn i 2008. Det medførte at situasjonen betra seg noko. Regjeringa vil ha eit stadig fokus på denne utfordringa og til kvar tid vurdere ytterlegare tiltak som kan hindre sivile tap.

Konflikten i Afghanistan er ikkje minst prega av utfordringar i nabolandet Pakistan. Samanhengen mellom opprøret i Afghanistan og verksemda til militante islamistar i delar av Pakistan krev tettare samarbeid med pakistanske styresmakter. Den lange og porøse grensa mellom landa er svært vanskeleg å kontrollere, og gamle konfliktar har i nokon grad prega samarbeidet landa imellom. Regjerings- og presidentskiftet i Pakistan synest å ha lagt til rette for ein betre dialog mellom leiingane i landa, noko som alt har fått positive følgjer for det konkrete samarbeidet om grenserelaterte spørsmål. Som eit ledd i det overordna siktemålet om å styrkje samarbeidet om tryggingsspørsmål i grenseområda, har NATO ein tett dialog med pakistanske militære leiarar. Frå norsk side er det argumentert for eit gradvis styrkt samarbeid mellom NATO og Pakistan, også på sivil side.

Slik regjeringa ser det, kan fleire av problema i Afghanistan berre løysast dersom alle sentrale regionale aktørar er involverte. Eit breitt regionalt samarbeid i spørsmål som tryggleik, flyktningar, kamp mot narkotika, grenseoverskridande kriminalitet, energi og miljø bør støttast av det inter­nasjonale samfunnet. I tillegg til Pakistan bør dei fem sentralasiatiske landa og Iran, Kina, India og Russland engasjerast tettare. Mens den pågåande NATO-dialogen med Pakistan og dei fem sentral­asiatiske landa er blitt følgd opp gjennom 2008, har dialogen med andre aktørar vore mangelfull. Frå norsk side har det vore vist til at andre internasjonale konfliktar ikkje må få stå i vegen for ein konstruktiv dialog med aktørar som kan spele ei positiv rolle i forhold til Afghanistan. I så måte er det gledeleg at stadig fleire aktørar no tek til orde for at ei breiare regional tilnærming er nødvendig.

Eit svært viktig grenseoverskridande problem er den omfattande narkotikatrafikken. Etter tran­sitt gjennom nabolanda endar store delar av narkotikaen frå Afghanistan til slutt opp i vestlege land. Sjølv om Afghanistan framleis er den klart største produsenten av opium i verda, er det verdt å merkje seg overslag som går ut på at produksjonen har minka med 6 % frå 2007 til 2008. Det var òg positivt at talet på narkotikafrie provinsar auka frå 13 til 18. Gitt den klare samanhengen som eksisterer mellom narkotikaindustrien og opprørsverksemda, blei det under forsvarsministermøtet i Budapest vedteke at land som deltek i ISAF, i ein prøveperiode vil engasjere seg meir aktivt mot foredling og transport av narkotika, til støtte for og i samarbeid med afghanske styresmakter.

Som åra før har Noreg i 2008 ytt betydelege og viktige militære bidrag. Samtidig har den norske støtta til sivil gjenreising og utvikling auka til om lag 750 millionar kroner årleg, noko som gjer Noreg til ein betydeleg bidragsytar. I det nordlege Afghanistan, og spesielt i provinsen Faryab, har Noreg vidareført ein militær og sivil innsats. Langsiktig arbeid, kontinuitet og lokalkunnskap gir her eit solid grunnlag for det norske engasjementet.

Den norske hurtigreaksjonsstyrken i Mazar-e-Sharif i Balkh-provinsen blei trekt tilbake sommaren 2008, mens eit logistikkelement og stabsoffiserar framleis har tilhald der. I tillegg stiller Noreg med personell til eit trenings- og mentoreringslag (Operational Mentoring and Liaison Team – OMLT), som trenar og rettleier personell i den afghanske hæren. I mars blei ei spesialstyrkeeining send til Kabul-regionen for ein periode på 18 månader. Den same styrken har operert her tidlegare. Bidraget er høgt verdsett av afghanske styresmakter og i NATO.

Også i 2008 leidde Noreg det såkalla stabiliseringslaget (Provincial Reconstruction Team – PRT) i Meymaneh i Faryab-provinsen. Gjennom langvarig innsats i dette området har Noreg medverka til at Faryab er relativt langt framme når det gjeld sivil utvikling, mellom anna skuledekning. I tillegg til dei om lag 300 norske soldatane i stabiliseringslaget er det knytt politi- og utviklingsrådgivarar til eininga. Ei endring av grensa mellom Faryab- og Badghis-provinsane førte til at Noregs PRT i Meymaneh fekk ansvaret for tryggleiken i Ghowrmach-distriktet, der Taliban har hatt fotfeste i lang tid.

2.2 Kosovo (KFOR)

Sjølvstendeerklæringa som Kosovo la fram 17. februar 2008, kom etter at ei internasjonal gruppe samansett av EU, USA og Russland til fånyttes hadde prøvd å nå fram til ei forhandlingsløysing på spørsmålet om Kosovos framtidige status hausten 2007. Ved årsskiftet 2008/2009 hadde Noreg og 52 andre land, deriblant alle allianselanda så nær som Hellas, Romania, Slovakia og Spania, anerkjent Kosovo som sjølvstendig stat. At ikkje alle har gjort det, gjer diskusjonen i NATO om premissane for alliansenærværet i landet vanskeleg.

NATOs tryggings- og stabiliseringsoperasjon i Kosovo (KFOR) omfatta ved årsskiftet 2008/2009 i underkant av 16 000 soldatar. Det er positivt at toppmøtet i Bucuresti og det seinare utanriksministermøtet i desember stadfeste ei brei semje om å vidareføre KFOR-engasjementet på ein slik måte at det sikrar operasjonen legitimitet i alle folkegrupper i Kosovo.

Primæroppgåva til KFOR er å medverke til å sikre stabiliteten i landet og å beskytte innbyggjarane. Alliansen har i tillegg teke på seg oppgåver i samband med nedlegging av den eksisterande tryggingsstyrken i Kosovo og oppretting av ein ny styrke, «Kosovo Security Force» (KSF). Den nye styrken har primært sivilforsvarsoppgåver. Han skal òg lærast opp i ikkje-offensive krisehandteringsoppdrag, men mandatet omfattar eksplisitt ikkje opprørskontroll. KSF blei operativ 20. januar 2009. NATO skal hjelpe til med å byggje ein demokratisk kontrollstruktur for styrken og bistå med trening og opplæring av personell. Serbiske styresmakter hevdar på si side at styrken manglar legitimitet.

Det norske bidraget til KFOR bestod i 2008 av seks stabsoffiserar i KFOR-hovudkvarteret og eit mindre etterretningselement. Noreg sekunderte i tillegg to sivile ekspertar til NATO-eininga for oppbygging av ein demokratisk kontrollstruktur for Kosovos nye tryggingsstyrke.

Etter å ha prøvd i lengre tid greidde FN å framforhandle ein avtale med Serbia som gjorde at EU kunne overta oppgåvene etter FN i Kosovo (UNMIK). EU-operasjonen i Kosovo (EULEX) blei sett i gang 9. desember 2008 og blir EUs største sivile operasjon med eit mannskap på nærmare 3000. Det er viktig at det blir etablert ei klar ansvarsfordeling mellom EULEX og KFOR.

2.3 NATO-operasjonen i Middelhavet (OAE)

Etter terrorangrepet i New York 11. september 2001 etablerte NATO ein maritim operasjon i Middelhavet, «Operation Active Endeavour» (OAE). Denne har medverka til å styrkje den maritime tryggleiken i dette sjøområdet. I nokre tilfelle, og etter samtykke frå flaggstaten og kapteinen om bord, blir fartøy borda. Sidan OAE blei sett i gang, er over 100 000 fartøy overvaka, og om lag 148 er borda.

På grunnlag av erfaringa frå OAE har NATO styrkt si evne til å handtere maritime tryggingsutfordringar. Nye operasjonskonsept og teknologibaserte overvakingssystem er blitt utprøvde i eit krevjande område. Det har gitt betre oversikt over sjøtrafikken og trusselbiletet i Middelhavet. Kompetanseoppbygginga har vore til stor nytte for alliansen og dei enkelte allierte. Det er brei semje om at operasjonen skal vidareførast.

Partnarland har dei siste åra vist interesse for å dra nytte av NATOs erfaringar frå OAE, og fleire har stilt med fartøy til operasjonen. Også landa i Middelhavsregionen viser positiv interesse. Dette kan vere med og vidareutvikle NATO-samarbeidet med partnarane innanfor Middelhavsdialogen, og illustrerer at middelhavslanda ønskjer eit samarbeid for å slå tilbake terrorismen. I 2008 har Georgia og Marokko utvikla eit tettare formalisert samarbeid med NATO om OAE. Russland har òg delteke i OAE, og erfaringane med dette har vore positive på militær side, men som følgje av Georgia-krigen blei ikkje det maritime russiske bidraget teke imot hausten 2008.

Frå norsk side har vi i fleire år delteke i OAE med ubåtar, fregattar, missiltorpedobåtar og maritime overvakingsfly. I 2008 stilte Noreg med ubåten KNM Ula i perioden 11. februar til 11. juni.

2.4 Innsats mot sjørøveri utanfor Afrikas Horn

FNs generalsekretær bad 25. september 2008 NATO om å eskortere dei maritime hjelpesendingane til Somalia i regi av FNs matvareprogram (WFP). Bakgrunnen var ønsket om å verne dei mot den aukande sjørøvartrusselen utanfor kysten av Somalia.

På dette grunnlaget vedtok NATO-rådet å setje i verk operasjonen «Allied Provider» (OAP) 8. oktober. NATOs ståande maritime styrkar (SNMG 2) blei på kort tid gjorde tilgjengelege for eskorteoppdraget. Det blei lagt til grunn at OAP skulle avsluttast når EU sette i verk sin planlagde ESDP-operasjon ATALANTA. Det skjedde 12. desember.

«Allied Provider» er eit eksempel på ei ny rolle for NATO og ei ny side ved alliansens engasjement i Afrika. Det var brei støtte for operasjonen blant dei allierte. Den norske handelsflåten er ein stor brukar av Suezkanalen. Regjeringa er sterkt oppteken av å sikre flåten, også gjennom NATO når det ligg til rette for det politisk. Frå norsk side blei det difor arbeidd aktivt for at NATO som ein av fleire aktørar skulle ta på seg eskorteoppdraget for FN, og at NATO skulle koordinere innsatsen med EU. Noreg hadde ikkje tilgjengeleg kapasitet til å delta i NATO-operasjonen på det aktuelle tidspunktet, men har meldt inn ein fregatt til EU-operasjonen ATALANTA. Seinare har NATO vedteke både å bruke delar av sine ståande maritime styrkar til antipiratoperasjonar utanfor Somalia i ein periode i første halvår 2009 («Allied Protector») og å setje i gang ein langsiktig antisjørøvaroperasjon utanfor Afrikas Horn.

2.5 Treningsoppdraget i Irak

Treningsoppdraget i Irak (NTM-I) blei oppretta under NATO-toppmøtet i Istanbul i juni 2004. NTM-I skal gjennom opplæring medverke til at irakiske tryggingsstyrkar på sikt kan ta ansvaret for tryggingsoppgåvene i eige land. Noreg ytte heller ikkje i 2008 treningsinnsats eller økonomisk støtte til NTM-I. På toppmøtet i Bucuresti blei det vedteke at ein skulle vidareføre og styrkje NTM-I ut 2009 og arbeide for eit tettare og meir strukturert samarbeid med Irak innanfor NATOs partnarskapsramme.

Til forsida