St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

7 Fråsegn, Brussel 19. august 2008

Møte i Nordatlantisk råd på utanriksministernivå i NATO-hovudkvarteret

Nordatlantisk råd møttest i særskild ministersesjon 19. august 2008, uttrykte si djupe uro over situasjonen i Georgia og diskuterte dei vidare implikasjonane denne situasjonen kan få for euro­atlantisk stabilitet og tryggleik. Ei fredeleg og varig løysing på konflikten i Georgia må vere basert på full respekt for prinsippa om sjølvstende, suverenitet og territorial integritet for Georgia som er godtekne i folkeretten og resolusjonar frå FNs tryggingsråd. Vi beklagar alle tap av liv og skade på sivile og på sivil infrastruktur som konflikten har ført med seg. Vi yter bistand til humanitær hjelpeinnsats. Vi møtte fungerande leiar i OSSE, den finske utanriksministeren Alexander Stubb, for å diskutere dei spørsmåla han meinte var dei viktigaste å ta fatt på.

Vi gler oss over avtalen som Georgia og Russland er komne til semje om og har underteikna etter diplomatisk innsats frå Den europeiske unionen, OSSE og USA, om å få slutt på kamphandlingane og få i stand ei politisk løysing på konflikten. Vi stiller oss fullt ut bak denne innsatsen. Vi understrekar det presserande i at avtalen blir sett i verk raskt, fullstendig og i god tru, mellom anna med ein ny internasjonal mekanisme for å sjå til at lovnadene blir etterlevde. Militær innsats må opphøyre fullstendig, og militære styrkar må vende tilbake til stillingane dei hadde før kamphandlingane braut ut. Det må setjast i gang verkeleg internasjonale diskusjonar om nærmare reglar for tryggleik og stabilitet i Abkhasia og Sør-Ossetia. Økonomisk aktivitet i Georgia, mellom anna internasjonal luftfart og skipsfart, må ikkje hindrast.

Vi er alvorleg bekymra over den humanitære situasjonen. Allierte regjeringar arbeider saman og i samråd med internasjonale organisasjonar og andre i verdssamfunnet for å sikre at sivilbefolkninga som er ramma av konflikten, får den hjelpa som trengst for å dekkje humanitære behov på kort og lang sikt. Vi ber om at alle partar, i samsvar med sine plikter etter den humanitære folkeretten, syter for at internasjonal humanitær hjelp kan nå fram til alle folkegrupper som er ramma.

Vi har i dag dessutan avtala å støtte Georgia, dersom dei ber om det, på ei rekkje område. I tillegg har vi avtala å gi det permanente nordatlantiske rådet i oppdrag å gå saman med Georgia om snarast å utarbeide nærmare detaljar for ein NATO–Georgia-kommisjon. Denne kommisjonen skal overvake prosessen som det blei lagt opp til i Bucuresti, mellom anna støttetiltaka som blei avtala på møtet i dag. Desse tiltaka skal hjelpe Georgia, ein velsedd NATO-partnar gjennom lang tid, å evaluere skaden den militære innsatsen har valda og å bidra til å gjenreise tenester som vanleg offentleg liv og økonomisk verksemd er heilt avhengig av. Det er viktig for alliansen at Georgia kjem seg på fote og har trygge og stabile tilstandar. NATO vil vidareføre samarbeidet med Georgia innanfor Partnarskap for fred og Georgias individuelle handlingsplan for partnarskap med NATO, og vi vil sjå nærmare på ytterlegare oppmodingar om bistand som Georgia måtte komme med. Vi såg òg positivt på at fleire av regjeringane våre har antyda at dei vil støtte aktivt opp om tiltak for å hjelpe fram økonomisk gjenreising i Georgia.

Konflikten mellom Georgia og Russland har kompromittert regional stabilitet og tryggleik. Vi beklagar djupt maktbruken i konflikten mellom Georgia og Russland. Vi gjentek at det ikkje finst noka militær løysing på den uløyste konflikten. Vi minner alle partar om at fredeleg konfliktløysing er eit nøkkelprinsipp i rammedokumentet til Partnarskap for fred.

Vi er framleis uroa over måten Russland har gått fram på under denne krisa, og minner om ansvaret Russland har for å sikre ro og orden i dei områda landet har kontroll over, særleg i lys av stadige meldingar om at Russland med vilje øydelegg sivil infrastruktur. Den russiske militærinnsatsen har vore urimeleg stor og ikkje i pakt med ei fredsbevarande rolle, og han strir mot prinsippa om fredeleg konfliktløysing som er nedfelte i Helsinki-sluttakta, Grunnakta NATO–Russland og Roma-erklæringa. Vi ber Russland om straks å gå i gang med å trekkje styrkane sine tilbake frå dei områda det er meininga at landet skal forlate etter seks­prinsippavalen som vart underteikna av president Saakasjvili og president Medvedev. Alliansen tenkjer alvorleg over kva følgjer Russlands handlingar skal få for tilhøvet mellom NATO og Russland. I 2002 etablerte vi NATO–Russland-rådet, ei ramme for diskusjonar med Russland, også i spørsmål der alliansen og Russland er splitta. Vi er komne til at vi ikkje kan halde fram som om ingenting var hendt. Vi oppmodar Moskva om å vise – både i ord og handling – at dei framleis kjenner seg forplikta av prinsippa som vi var samde om å byggje tilhøvet vårt på.

Vi stadfeste at vi er forplikta av vedtaka stats- og regjeringssjefane våre gjorde på toppmøtet i Bucuresti i april 2008, mellom anna om dei euroatlantiske ambisjonane i Georgia, og vil vidareføre det intensive engasjementet vi har med Georgia for at vi i desember skal kunne ta opp spørsmåla som gjeld MAP-søknaden deira sett på bakgrunn av utviklinga fram til då.

Til forsida