St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

9 Fråsegn frå leiaren, Brussel 3. desember 2008

Møte i NATO–Georgia-kommisjonen på utanriksministernivå i NATO-hovudkvarteret

NATO–Georgia-kommisjonen (NGC) på utanriksministernivå møttest for første gong i Brussel i dag for å diskutere tryggingssituasjonen i den euroatlantiske regionen, den pågåande reformprosessen i Georgia og NATO-bistanden til desse reformene, og den vidare utviklinga i NATO–Georgia-partnarskapen.

NGC-ministrane stadfeste det viktige i tilhøvet mellom NATO og Georgia og sin forpliktande vilje til å skape meir substans i dette tilhøvet. Dei sa seg glade for den raske utviklinga av NATO–Georgia-kommisjonen. Dei tok for seg framgangen i tilhøvet mellom NATO og Georgia sidan Bucuresti-toppmøtet i april 2008 og gledde seg over det stadig djupare politiske og praktiske samarbeidet mellom NATO og Georgia. Dei merkte seg tilfreds den vellukka gjestinga av Nordatlantisk råd i Georgia i september 2008, det første forsvarsministermøtet i NGC-format i oktober 2008 og den konkrete bistanden NATO har ytt på ei rekkje område etter konflikten i august.

NATO-ministrane minte om fråsegna dei gav 19. august 2008, der dei stadfeste tilsegnene frå Bucuresti, og uttrykte djup uro over den militære konflikten i Georgia og måten Russland hadde opptredd på under krisa. Dei minte òg om fråsegna frå Nordatlantisk råd i fast sesjon 27. august 2008, der rådet fordømde Russland for å ha anerkjent dei georgiske regionane Sør–Ossetia og Abkhasia. NATO-ministrane stadfeste at dei NATO-allierte støttar Georgias fulle sjølvstende, suverenitet og territoriale integritet, slik det er anerkjent av folkeretten og resolusjonar frå Tryggingsrådet. NATO-ministrane tok til orde for omgåande og fullstendig gjennomføring av sekspunktsplanen frå 12. august 2008 og avtalen frå 8. september 2008 mellom presidentane Saakasjvili og Medvedev. Dei allierte ministrane uttrykt si sterke støtte til den internasjonale forhandlingsprosessen i Genève og bad alle sider innstendig om å engasjere seg konstruktivt i desse samtalane med sikte på å få i stand fredelege og trygge tilstandar i regionen.

NATO-ministrane orienterte sine georgiske kollegaer om vedtaka om Georgia og Ukraina som blei gjorde på møtet i Nordatlantisk råd 2.–3. desember 2008. På det møtet stadfeste NATO-ministrane alle elementa i vedtaka om Ukraina og Georgia som stats- og regjeringssjefane i NATO gjorde i Bucuresti. Dei merkte seg at Georgia har gjort framgang, men òg har mykje ugjort. Difor vedtok dei å støtte Georgia vidare med reformer som landet må gjennomføre på vegen mot NATO-medlemskap. Gjennom ein resultatbasert prosess var NATO-ministrane også samde om å gjere maksimalt ut av NATOs rådgiving, bistand og støtte til Georgias reforminnsats innanfor ramma av NATO–Georgia-kommisjonen, som har ei sentral rolle i tilsynet med prosessen som blei sett i gang på toppmøtet i Bucuresti. NATO-ministrane vedtok òg å forsterke NATO-liaisonkontoret i Tbilisi. Endeleg avtala dei, utan å forskottere andre vedtak som må gjerast om MAP, at det under NATO–Georgia-kommisjonen skal utviklast eit nasjonalt årsprogram som skal fremje reformarbeidet i Georgia og skal reviderast av dei NATO-allierte kvart år.

NATO-ministrane sa seg framleis fast bestemte på å hjelpe Georgia med den demokratiske utviklinga og reformprogrammet i regi av NGC. Dei rosa Georgia for den vedvarande innsatsen for å styrkje vala, den politiske pluralismen og profesjonaliteten og sjølvstendet i det juridiske apparatet. Dei merkte seg den nyleg avslutta evalueringa av den individuelle handlingsplanen for partnarskap (IPAP) og oppmuntra Georgia til å halde fram med meir djuptgåande reformer, særleg på område som valreform, innsyn og ansvarleggjering i statsstyringa, mediefridom og fungerande rettsstatsordningar. Dei allierte ministrane slo fast at alliansen kjem til å følgje nøye med på at Georgia held fram med å gjennomføre reforminitiativ, og understreka sin forpliktande vilje til å assistere Georgia i desse reformene.

NATO-ministrane oppmuntra Georgia til å halde fram med reformer på forsvars- og tryggingsområdet, etter først å ha sett på kva lærdommar som kan trekkjast av konflikten nyleg, og deretter innarbeide desse lærdommane i den planlagde breie gjennomgangen av tryggingspolitiske dokument. Dei oppmuntra Georgia til vidare innsats for å betre personalforvaltninga i militæret, transparensen i forsvarsbudsjettet og interoperabiliteten mellom georgiske og NATO-allierte styrkar. Dei allierte ministrane gav uttrykk for at dei verdsette det georgiske bidraget til NATO-leidde operasjonar. Som på andre område uttrykte ministrane sin forpliktande vilje til å hjelpe Georgia med dei forsvarsreformene det må gjennomføre for å nå NATO-standard.

Utanriksminister Tkesjelasjvili gav uttrykk for at Georgia var takksam for støtta og bistanden frå NATO i kjølvatnet av konflikten med Russland i august, og understreka Georgias forpliktande vilje til å halde fram med reformer og å gå vidare på vegen mot medlemskap i NATO. Ministeren understreka at den georgiske regjeringa er forplikta til fredeleg konfliktløysing, konstruktiv deltaking i den internasjonale forhandlingsprosessen i Genève og full gjennomføring av sekspunktsavtalen frå 12. august 2008 og avtalen frå 8. september 2008. På vegner av Georgia hevda ministeren at Russland bryt både 12. august- og 8. september-avtalane, og bad NATO-landa om hjelp til å sikre full gjennomføring av desse avtalane, mellom anna i form av full tilgang for internasjonale kontrollørar til regionane Sør-Ossetia og Abkhasia i Georgia. Ministeren gjentok òg at Georgia akta å delta fullt og gjennomsiktig i den EU-leidde granskinga av augustkonflikten. Endeleg skisserte utanriksminister Tkesjelasjvili fornya innsats frå den georgiske regjeringa si side for å gjennomføre demokratiske reformer med sikte på å føre Georgia nærmare den euroatlantiske integrasjonen landet har til mål.

Avslutningsvis streka ministrane i NATO–Georgia-kommisjonen under at jamleg dialog var viktig for å forsterke det praktiske samarbeidet, og forplikta seg til å gjere full bruk av dei eksisterande verktøya og mekanismane for samarbeidet NATO–Georgia, mellom anna utarbeidinga av eit nasjonalt årsprogram. NGC-ministrane var samde om at tilhøvet mellom NATO og Georgia er til fordel for tryggleiken og stabiliteten i det euroatlantiske området, og at dialogen burde halde fram på alle nivå.

Til forsida