St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

5 Forholdet til landa på Balkan, Ukraina og Georgia

5.1 Balkan

Noreg vidareførte i 2008 arbeidet for ei regional NATO-tilnærming overfor landa på Balkan. Regjeringa er oppteken av å unngå at det blir skapt kunstige eller unødvendige skiljelinjer som følgje av at landa har så ulik grad av tilknyting til NATO. Frå norsk side blir det difor lagt vekt på å styrkje samarbeidet med alle Balkan-landa for å bidra til stabilitet på det europeiske kontinentet. I 2008 medverka Noreg såleis både til dei individuelle programma for tryggingssektorreform i regi av NATO og til styrking av regionale samarbeids­forum og prosjekt som støttar opp om tryggingssektorreform.

Toppmøtet i Riga i 2006 tok opp Bosnia-Hercegovina, Serbia og Montenegro som medlemmer i Partnarskap for fred (PFP). Dette programmet gav i si tid alle dei dåverande landa på Balkan ei formell tilknyting til NATO gjennom partnarskapsordningar. Sidan har tempoet i integrasjonsprosessane variert. Albania, Kroatia og Makedonia har i 2008 hatt kandidatstatus gjennom deltaking i NATOs medlemskapsprogram (MAP). Albania og Kroatia fekk invitasjon til medlemskap på toppmøtet i Bucuresti og blei tekne opp som medlemmer på toppmøtet i Strasbourg/Kehl. Samarbeidet med Montenegro og Bosnia-Hercegovina blei oppgradert til såkalla intensivert dialog (Intensified Dialogue – ID) i Bucuresti. Dette er ein mellomstasjon som medfører ei styrking av samarbeidet på vegen mot kandidatstatus. I 2008 blei også samarbeidet med Serbia auka innanfor den gjeldande partnarskapsramma.

5.1.1 MAP-prosessen (Albania, Kroatia og Makedonia)

Regjeringa meiner at NATO-medlemskap for Albania, Kroatia og Makedonia vil innebere eit viktig bidrag til europeisk og regional stabilitet og vere ein naturleg konsekvens av den reformprosessen landa har gjennomgått. Dei har vist vilje og evne til å ta på seg byrdene eit NATO-medlemskap inneber, gjennom deltaking i alliansens operasjonar og annan innsats. Dei har teke på seg og er i ferd med å gjennomføre eit breitt sett reformer både i forsvarssektoren og innanfor demokratisering og rettsstatsutbygging. Eit viktig poeng for NATO er at ein invitasjon til medlemskap ikkje er eit endepunkt for reformene, men ei følgje av at reformene er komne til eit punkt der dei må reknast som irreversible, og at kandidatlandet er i stand til å bidra til det kollektive forsvaret av alliansen. Noreg har aktivt støtta reformprosessane i kandidatlanda både gjennom NATO og bilateralt.

På grunn av den bilaterale konflikten med Hellas om namnespørsmålet lét det seg ikkje gjere i 2008 å komme fram til semje om å invitere også Makedonia som NATO-medlem i Bucuresti. Hellas aksepterer ikkje det konstitusjonelle namnet på Makedonia. Noreg og andre allierte har oppmoda til arbeid for ei snarleg løysing på denne konflikten gjennom dei pågåande forhandlingane i FN-regi. Sluttkommunikeet frå Bucuresti slår fast at Makedonia skal få ein medlemskapsinvitasjon så snart ei gjensidig akseptabel løysing er funnen.

I mars 2008 ble det signert ein avtale mellom Noreg og Makedonia om samdeployering i ISAF på sanitetssida. Dette gjer situasjonen meir føreseieleg for den norske styrken. Makedonia får for første gong høve til å deployere kirurgiske kapasitetar til internasjonale operasjonar, noko som gjer at landet blir meir synleg i NATO og får verdifull operativ erfaring.

Albania og Kroatia tiltredde formelt som medlemmer av alliansen på toppmøtet i Strasbourg/Kehl i april 2009. Dette utvida medlemskaps­krinsen i NATO til 28 gjennom den tredje ut­vidingsrunden sidan Berlinmuren blei riven. Tiltredinga kravde ratifikasjon av tiltredingsprotokollane til Traktaten for det nordatlantiske området (Washington-traktaten av 1949) i alle medlemslanda. For Noregs del gav Stortinget sitt samtykke til ratifikasjon 20. november 2008, og regjeringa ratifiserte deretter tiltredingsprotokollane i statsråd 28. november.

5.1.2 Partnarskapslanda på Vest-Balkan (Serbia, Bosnia-Hercegovina og Montenegro)

Frå alliert side er det lagt vekt på at Serbia og Bosnia-Hercegovina må oppfylle sine plikter overfor FNs internasjonale krigsforbrytardomstol for det tidlegare Jugoslavia (ICTY). Utleveringa av den krigsforbrytarettersøkte Radovan Karadzic og den positive vurderinga av samarbeidsviljen hos serbiske styresmakter som ICTY gav uttrykk for i desember 2008, var viktige framskritt i så måte. Det svekte motstanden hos enkelte allierte mot å styrkje samarbeidet med Serbia. Hausten 2008 gav den serbiske regjeringa på si side uttrykk for at landet ville gjere seg full nytte av PFP-medlemskapen sin, men understreka òg at ein legg alliansefridom til grunn for tryggingspolitikken. NATO er enno lite velsett, mellom anna som følgje av bombinga i 1999 og støtta til den nye tryggingsstyrken i Kosovo (KSF).

Regjeringa ser på eit stabilt Serbia med sterkast mogeleg tilknyting til euroatlantiske og regionale strukturar som ein føresetnad for varig stabilitet på Balkan. Noreg vidareførte eit omfattande bilateralt program innanfor forsvarssektorreform i landet i 2008. Dette resulterte i støtte til ei rekkje tiltak, særleg på område som auka demokratisk kontroll med væpna styrkar, kapasitetsbyggjande tiltak (mellom anna utdanning for deltaking i fredsoperasjonar) og spesifikke problemstillingar knytte til konfliktane på 90-talet. Leiarrolla vår i NATO-støttefondet for reintegrering av overflødig serbisk forsvarspersonell i sivil sektor stod òg ved lag. Fondet er eit viktig element i forsvarsreformene i Serbia og den vanskelege omstillinga dei væpna styrkane må gjennom. Sidan 2006 har nærmare 2400 tidlegare tilsette i det serbiske forsvaret fått direkte støtte frå fondet.

Innleiinga av såkalla intensivert dialog med Bosnia-Hercegovina og Montenegro på toppmøtet i Bucuresti kom som følgje av framdrift i forsvarsreformprosessane i begge landa og klart uttrykte ønske frå regjeringane i dei to landa om nærmare integrasjon med alliansen.

Utviklinga i Bosnia-Hercegovina var dessverre framleis prega av aukande polarisering på etnisk grunnlag, ei utvikling som har vart sidan opptakten til parlamentsvalet hausten 2006. Motsetningane gjaldt i hovudsak maktfordelinga mellom entitets- og statsnivå, og dei illustrerte at statsdanninga i Bosnia-Hercegovina framleis er skrøpeleg 13 år etter fredsavtalen i Dayton. Sjølv om det er gjort enkelte framsteg i dei politiske reformprosessane i landet, gjer mangelen på politisk semje om nøkkelreformer og det generelt høge konfliktnivået i politikken at vidare framgang er vanskeleg.

Noreg har eit omfattande bilateralt samarbeidsprogram med Bosnia-Hercegovina og yter mellom anna praktisk bistand til partnarskapsprogrammet med NATO og til forsvarsreformer. Regjeringa ser dette som viktig for å kunne medverke til at landet blir best mogeleg integrert i partnarskapsmekanismane og kan nyttiggjere seg den assistansen NATO tilbyr.

EU vidareførte i 2008 det militære engasjementet i Bosnia-Hercegovina (EUFOR ALTHEA) på eit redusert nivå. Det norske bidraget til EU-styrken blei ikkje vidareført i 2008. Sidan 1. januar 2007 har Noreg hatt rolla som kontaktambassade for NATO i Sarajevo. I desember vedtok NATO å vidareføre denne rolla ut 2010. I tillegg gjorde norsk personell teneste ved NATO-hovudkvarteret i Sarajevo. Slik kan vi bidra til og delta i dialogen mellom NATO og styresmaktene.

Noreg støttar aktivt opp om forsvarsreformprosessen i Montenegro, mellom anna gjennom ein utsend ekspert frå Forsvarsdepartementet som arbeider som rådgivar i det montenegrinske forsvarsdepartementet. Dette kjem i tillegg til konkret bistand innan ei rekkje prosjekt knytte til forsvarsplanlegging og forvaltningsrutinar.

5.2 Samarbeidet med Ukraina

Det omfattande samarbeidet mellom NATO og Ukraina er formalisert gjennom NATO–Ukraina-kommisjonen (NUC). Intensivert dialog og praktisk samarbeid vart vidareført i 2008, både på politisk nivå og i ekspertgrupper. Ukraina deltek i alle NATOs internasjonale operasjonar og har som første partnarland sagt seg villig til å stille styrkar til disposisjon for NATOs utrykkingsstyrke (NRF).

Spørsmålet om å gi Ukraina status som kandidatland innanfor medlemskapsplanen MAP dominerte diskusjonane om tilhøvet mellom NATO og Ukraina i 2008. Dette vart ei av dei viktigaste stridssakene i samband med NATO-toppmøtet i Bucuresti. Den ukrainske regjeringa gav klart uttrykk for at ho ønskte MAP-status og ytterlegare tilnærming. Fleire allierte støtta dette. Andre meinte at Ukraina framleis hadde ugjort reformarbeid som måtte gjennomførast før det kunne bli aktuelt å innvilge MAP-status. Desse la òg vekt på at vidare NATO-tilnærming var svært politisk omstridt i Ukraina og splitta befolkninga. Ein annan relevant faktor var det strategiske tilhøvet mellom NATO og Russland, sjølv om det er klart at Russland ikkje har nokon vetorett i spørsmål om NATO-utviding.

Kompromisset i Bucuresti vart at Ukraina og Georgia fekk lovnad om at dei ein gong i framtida ville bli NATO-medlemmer, men at dei ikkje fekk innvilga MAP-status. På utanriksministermøtet i desember 2008 vedtok dei allierte at dei ville syte for auka rådgjeving, assistanse og støtte til reformprosessen i landet, styrkje NATOs informasjons- og kontaktkontor i Kiev og innføre ei ordning med årlege nasjonale program for reformarbeidet og samarbeidet.

Frå norsk side har ein lagt vekt på å vidareføre støtta til reformarbeidet i Ukraina både bilateralt og gjennom NATO. Det blir mellom anna gitt støtte til å byggje opp demokratisk orienterte leiingsstrukturar i forsvarssektoren. I diskusjonane om MAP-spørsmålet har Noreg lagt vekt på behovet for omfattande reformer, politisk stabilitet og folkeleg oppslutnad. Etter norsk syn er det både nyttig og naturleg at NATO tek seg tid til å vurdere alle sider ved tilhøvet til Ukraina før nye avgjerder skal takast. Elles har regjeringa vore oppteken av å bidra til konsensusavgjerder i NATO om utviklinga av tilhøvet til Ukraina.

5.3 Samarbeidet med Georgia

På toppmøtet i Bucuresti fekk Georgia, på same vis som Ukraina, lovnad om at landet vil bli medlem av NATO ein gong i framtida, men det fekk ikkje status som MAP-land. Krigen mellom Georgia og Russland i august 2008 kom av naturlege grunnar til å setje sitt preg på diskusjonane om NATO–Georgia-samarbeidet og om Georgia si vidare NATO-tilnærming.

Som ei direkte følgje av krigen kom utanriksministrane i NATO saman til ekstraordinært møte 19. august 2008. Her tok ein unisont avstand frå krigshandlingane, kritiserte den russiske invasjonen av Sør-Ossetia og Abkhasia, uttrykte sterk uro over den humanitære situasjonen og gav støtte til det arbeidet EU og OSSE hadde sett i verk for å finne ei fredeleg løysing på konflikten. I tillegg vedtok NATO-landa ein pakke med teknisk assistanse til Georgia for å bidra til å gjenopprette livsviktige tenester for sivilbefolkninga i dei krigsråka områda. NATO fordømde dessutan den russiske anerkjenninga av Sør-Ossetia og Abkhasia. Konflikten i Georgia sette òg nye premissar for diskusjonane om NATOs tilhøve til Russland.

Krigen intensiverte diskusjonen om Georgias vidare tilnærming til NATO. Det vart semje på det ekstraordinære utanriksministermøtet om å opprette ein eigen NATO–Georgia-kommisjon (NGC) etter mønster av partnarskapen med Ukraina for å auke samarbeidet og støtta ytterlegare. Spørsmålet om MAP-status stod òg på dagsordenen fram mot utanriksministermøtet i desember. Nokre meinte at den russiske invasjonen hadde aktualisert MAP-spørsmålet og vidare integrering, og at NATO måtte gjere meir for å støtte Georgia politisk. Andre meinte at Georgia hadde behov for omfattande politiske, demokratiske og militære reformer før dette kunne verte aktuelt. Dei allierte utanriksministrane konkluderte med at det ikkje var aktuelt å innvilge MAP-status, men vedtok samstundes å styrkje assistansen ytterlegare, mellom anna gjennom eit årleg nasjonalt program for reformer og samarbeid.

Frå norsk side har ein halde fram med å understreke behovet for ytterlegare reformer i Georgia, ikkje minst når det gjeld utvikling av demokratiske institusjonar og rettsstatsprinsipp. I NATO har Noreg vore særleg aktiv i arbeidet med å utforme kompromiss mellom allierte, slik at Georgia-krigen og den påfølgjande diskusjonen om MAP-status ikkje skulle føre til noka form for splitting i NATO. Noreg var mellom anna ein viktig premissleverandør når det gjaldt utforminga og konkretiseringa av samarbeidet i NGC og NUC, ved at vi før utanriksministermøtet i desember la fram forslag til korleis dette kunne gjerast.

Til forsida