St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

4 Fellesfråsegn, Bucuresti 4. april 2008

Møte i NATO–Ukraina-kommisjonen på stats- og regjeringssjefnivå

  1. Vi, stats- og regjeringssjefane i Det nordatlantiske forsvarssambandet og Ukrainas president Jusjenko, møttest i Bucuresti i dag for å drøfte status og utsikter i tilhøvet og samarbeidet mellom NATO og Ukraina, mellom anna dei euro­atlantiske ambisjonane som kjem til uttrykk i den ukrainske søknaden om ein eigen handlingsplan for medlemsskap (MAP). Vi stadfeste kor viktig tilhøvet mellom NATO og Ukraina er.

  2. Allianselanda minte om fråsegna si frå i går, der dei såg positivt på Ukrainas euroatlantiske ambisjonar om medlemskap i NATO. Dei var samde om at Ukraina kjem til å bli medlem av NATO. MAP er neste steg for Ukraina på den direkte vegen mot medlemskap. Allianselanda gjorde det klart at dei støttar den ukrainske søknaden om MAP-status. Difor vil dei frå no av samhandle intensivt med Ukraina på høgt politisk nivå for å ta hand om spørsmål rundt MAP-søknaden som enno er uløyste. Allianselanda har bede utanriksministrane i NATO om å gjere ei første evaluering av framgangen når dei møtest i desember 2008. Dei allierte utanriksministrane har fullmakt til å ta stilling til MAP-søknaden frå Ukraina.

  3. Vi minner om vårt engasjement for den spesielle partnarskapen mellom NATO og Ukraina, som feira tiårsjubileum i fjor, og var samde om ytterlegare å styrkje den politiske dialogen og det praktiske samarbeidet mellom Ukraina og alliansen, noko som vil vere med og fremje Ukrainas omlegging til demokrati, reformmålsetjingar og oppfylling av internasjonale forpliktingar. Vi sa oss på ny overtydde om at ukrainsk suverenitet, sjølvstende og territorial integritet er nøkkelfaktorar for å sikre stabilitet i Europa. Vi var òg samde om at NUC-ambassadørane skulle møtast meir regelmessig for å utdjupe den politiske dialogen og forbetre den distinkte partnarskapen mellom NATO og Ukraina.

  4. Vi tok føre oss utfordringane vi står overfor, og gledde oss over oppnådd framgang i gjennomføringa av handlingsplanen NATO–Ukraina og den intensiverte dialogen. Vi merkte oss framgangen Ukraina har oppnådd i aktuelle reformer, og understreka det viktige i at Ukraina forpliktar seg til å halde fram med å gjennomføre politiske og økonomiske reformer og reformer i forsvars- og tryggingssektoren. Vi ser fram til gjennomføringa av tiltaka i den årlege målplanen for 2008. Allianselanda er framleis bestemte på å støtte opp om denne innsatsen gjennom konsultasjonar og praktisk samarbeid.

  5. Denne partnarskapen har ytt eit vesentleg bidrag til fred og stabilitet både i og utanfor det euroatlantiske området, eit bidrag vi verdset høgt. Ukraina er den einaste partnaren som aktivt støttar alle NATO-leidde operasjonar og oppdrag. Vi verdset den innsatsen vi saman gjer for å fremje regionalt samarbeid, mellom anna at Ukraina framleis medverkar til tryggleik i regionen. Dei allierte stats- og regjeringssjefane såg positivt på at Ukraina som ikkje-NATO-land medverka til ISAF i Afghanistan og var parat til å halde fram med å delta i KFOR i Kosovo og opplæringsoppdraget NATO utfører i Irak. Dei allierte stats- og regjeringssjefane gledde seg dessutan over at Ukraina var villig til å finne fram til ordningar for transitt av utstyr og forsyningar til ISAF gjennom Ukraina. Vi merkte oss tilfreds at det sjømilitære samarbeidet vårt held fram gjennom NATO-operasjonen Active Endeavour i Middelhavet. Dei allierte stats- og regjeringssjefane sa seg takknemlege for at Ukraina var parat til å bidra til NATOs reaksjonsstyrke. Gjennom slike bidrag demonstrerer Ukraina forpliktande vilje til å ta på seg sin del av dei felles tryggingsoppgåvene.

  6. Dei allierte stats- og regjeringssjefane gledde seg over den ukrainske framgangen med reformer i forsvars- og tryggingssektoren, og gjentok at dette er ein innsats dei støttar opp om. Dei oppmuntra Ukraina til å fremje ytterlegare reformer ved å setje aktuell politikk ut i livet og stille tilstrekkelege ressursar til disposisjon. Dei rosa Ukraina for den nasjonale tryggingsstrategien landet har vedteke, og oppmuntra Ukraina til å halde fram med gjennomgangen av den nasjonale tryggingssektoren for å setje heile tryggingssektoren i Ukraina meir på linje med europeiske normer og standardar. Dei allierte stats- og regjeringssjefane oppmuntra Ukraina til å dra nytte av heile potensialet i verkemidla NATO–Ukraina-partnarskapen rår over, mellom anna den felles NATO–Ukraina-arbeidsgruppa for forsvarsreform.

  7. Vi merkte oss det breie spekteret av fellesaktivitetar mellom NATO og Ukraina, mellom anna den ukrainske deltakinga i aktivitetane til NATO-forskingsprogrammet for fred og tryggleik. Dei allierte såg positivt på at Ukraina forpliktar seg til å ta i bruk PFP-fondet til øydelegging av overskotslager av ammunisjon og små og lette våpen, NATO-støtta omskoleringsprogram for dimittert militært personell og programmet for profesjonell utvikling av sivilt personell tilsett i tryggingsinstitusjonar. Vi ser fram til gjennomføringa av eit program for utveksling av luftsituasjonsdata mellom Ukraina og NATO som eit positivt teikn på auka samarbeid, transparens og støtte i kampen mot terrorisme.

  8. Til slutt såg allianselanda positivt på den aukande innsatsen Ukraina gjer for å informere folket i landet om NATO–Ukraina-samarbeidet og om alliansen. Dei streka under det viktige i at Ukraina set av tilstrekkelege ressursar til dette arbeidet, og stadfeste si støtte til den folkeopplysninga Ukraina driv i heile landet.

Til forsida