St.meld. nr. 38 (2008-2009)

Om samarbeidet i NATO i 2008

Til innhaldsliste

7 Nye tryggingsutfordringar

7.1 Missilforsvar

Utgreiingane om eit mogeleg territorialt alliert missilforsvar var i utgangspunktet baserte på oppdrag frå stats- og regjeringssjefane frå toppmøta i 2002 og 2006. Men etter at USA innleidde konsultasjonar og seinare inngjekk bilaterale avtalar med Polen og Tsjekkia om å byggje høvesvis utskytingsrampar for avskjeringsrakettar og radaranlegg i dei to landa som ein del av eit amerikansk missilforsvarssystem, vart premissane for diskusjonen i NATO endra. Det gav ikkje lenger meining å drøfte eit eige alliert missilforsvarssystem. I staden vart det ein diskusjon om NATO skulle knyte seg til det amerikanske systemet for å sikre dekning for heile alliansens territorium.

Under toppmøtet i Bucuresti erkjende NATO-landa at spreiing av ballistiske missil utgjer ein aukande trussel. Analysen var at missilforsvar kan utgjere ein del av ein brei respons for å møte denne trusselen og verne om væpna styrkar, territorium og befolkningar. Til grunn for analysen låg også prinsippet om udeleleg tryggleik, ein grunnleggjande premiss i NATO-samarbeidet. Det vart ikkje teke noka politisk avgjerd om å byggje opp eit eige missilforsvar i NATO, men det var semje om å utvikle alternativ for ein omfattande missilforsvarsarkitektur. Dette vil vere med og danne grunnlaget for framtidige politiske avgjerder. Utviklinga av slike alternativ er eit omfattande arbeid som krev vurdering av mange tekniske aspekt.

Frå norsk synsvinkel er det grunn til å vere fornøgd med at det i erklæringa frå toppmøtet i 2009 blir slått så tydeleg fast at ei endeleg avgjerd berre kan takast på grunnlag av ei grundig utgreiing av alle implikasjonar ved saka.

Russland har reagert svært negativt på dei amerikanske planane og oppfølginga i NATO. Dei hevdar at dette endrar den strategiske balansen, og fryktar at det skal svekkje den russiske kjernefysiske avskrekkingsevna. Både NATO og USA har gjort det heilt klart at mogelege missilforsvarsanlegg ikkje vil bli retta mot Russland. USA har med støtte frå allierte også freista å få Russland med i drøftingar om korleis ein kan samarbeide om å møte felles truslar. Noreg har lagt svært stor vekt på dette. Fleire konkrete framlegg om samarbeid og tillits- og tryggingsskapande tiltak er lagde fram og drøfta i 2008, hovudsakleg bilateralt mellom USA og Russland.

Noreg er eitt av dei NATO-landa som har stilt seg mest kritisk til utviklinga av allierte missilforsvarskapasitetar. Denne haldninga er basert på ei samla vurdering av truslane og faren for at eit slikt system kan føre til eit nytt rustingskappløp. Regjeringa har òg vore betenkt over det generelle tilhøvet til Russland og andre tredjeland og over uvissa som framleis knyter seg til kostnader og teknologiske utfordringar. Noreg har lagt stor vekt på å engasjere Russland i ein tettast mogeleg dialog med NATO i denne saka. Også i 2008 blei desse syna aktivt fremja frå norsk side i alle diskusjonar om temaet i NATO.

7.2 Rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing

Rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing har i lang tid vore viktige målsetjingar for NATO og er avgjerande for den overordna tryggleiken til alliansen. NATO-landa har lagt ned ein betydeleg innsats for å fremje desse målsetjingane. Mykje av arbeidet på desse felta har likevel i praksis funne stad nasjonalt og i andre internasjonale forum som FN og OSSE.

Noreg og Tyskland tok i 2007 eit omfattande initiativ for å styrkje NATOs engasjement innan rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing. Dette bar frukter og vart følgt opp i 2008. Ein omfattande rapport om korleis NATO kunne betre profilen sin på dette feltet, vart vedteken på toppmøtet i Bucuresti. Regjeringa ser ei viktig rolle for NATO i globale rustings- og ikkjespreiingsspørsmål og vil aktivt følgje opp initiativet også i åra framover.

Som eit resultat av initiativet vart det opna for betre samarbeid og koordinering mellom NATO på den eine sida og FN, OSSE og partnarland, deriblant Russland, på den andre. Det vart semje om å sjå på mogelege tiltak med omsyn til konvensjonelle våpen, kjernefysiske våpen og andre masseøydeleggingsvåpen. Ein eigen informasjonsstrategi vart utarbeidd på norsk og tysk initiativ. NATO har så langt ikkje vore effektive når det gjeld å informere publikum om det allierte arbeidet som vert gjort på desse områda. Det kan til dømes vere naturleg å leggje meir vekt på at NATO etter den kalde krigen har gjennomført omfattande reduksjonar i konvensjonelle styrkar og våpen, og at NATO-tilskrivne kjernevåpen er reduserte med meir enn 90 %. I tillegg kjem mykje annan internasjonal innsats, til dømes for ikkjespreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Det viktigaste med det norsk-tyske initiativet var at nedrustingsspørsmåla vart sette vesentleg høgare på dagsordenen i NATO, og at både aktivitetane og samarbeidet på dette feltet vart auka og intensiverte. På toppmøtet i Bucuresti gav stats- og regjeringssjefane full tilslutnad til å sjå rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing som ein naturleg del av NATOs overordna strategi for å sikre fred, tryggleik og stabilitet.

Ei viktig nedrustingssak som stod på NATO-saklista i 2008 var konvensjonen om klaseammunisjon. Denne vart både drøfta politisk og analysert militært, og norske synspunkt vart fremja også i NATO-ramma. Eit særleg relevant spørsmål var interoperabilitet, altså i kva grad konvensjonen ville leggje hindringar i vegen for militært samarbeid i operasjonar der både land som har signert konvensjonen og land som ikkje har signert konvensjonen deltek. Etter at konvensjonsteksten var ferdigforhandla i mai 2008, var det klart for alle partar at konvensjonen på ingen måte ville hindre NATO-interoperabilitet, og dette blei òg bekrefta på militær side.

Saman med USA leier Noreg i perioden 2008–2009 arbeidet i NATOs Senior Defence Group on Proliferation. Hovudprioriteringane for formannskapsperioden er å fullføre arbeidet med ein overordna NATO-strategi for ikkjespreiing og forsvar mot kjemiske, biologiske, radiologiske og kjernefysiske våpen, og å bidra til auka sivil-militært samarbeid på desse felta.

7.3 CFE-avtalen

Regjeringa ser framleis på avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE-avtalen) som ein tryggingspolitisk berebjelke i Europa. Sidan avtalen tredde i kraft i 1992, er meir enn 60 000 stridsvogner, pansra kampvogner, artillerieiningar, angrepshelikopter og kampfly fjerna frå europeisk territorium gjennom verifisert destruksjon. Avtalen fastset òg geografisk definerte styrkeavgrensingar og har omfattande informasjons- og verifikasjonsføresegner. For Noreg er ikkje minst dei særlege materiellavgrensingane i flankane, og spesielt i nordområda, svært viktige.

Russland suspenderte avtalen i desember 2007, noko verken Noreg eller NATO har akseptert. Bakgrunnen var usemje mellom allierte og Russland om vilkåra for iverksetjing av ein revidert avtale. Både før og etter den russiske suspensjonen har NATO-landa lagt fram samla forslag til løysingar på dei uteståande problema, men det har i 2008 også mangla på russisk vilje til å drøfte dette nærmare. Dei russiske militære handlingane i Georgia bryt òg med prinsippa som CFE-avtalen byggjer på.

Det har vore viktig for både Noreg og andre allierte å unngå ei ytterlegare svekking av avtalen. Difor har NATO vedteke at ein for sin del og inntil vidare vil halde fram med å oppfylle alle forpliktingane i CFE-avtalen og å vidareføre dialogen med Russland. Regjeringa legg stor vekt på dette. Allierte har likevel gjort det klart at denne situasjonen, der NATO-landa oppfyller krava medan Russland ikkje gjer det, er uhaldbar i lengda.

7.4 Energitrygging

På toppmøtet i Riga i 2006 vedtok stats- og regjeringssjefane å setje i gang eit arbeid med å vurdere ei mogeleg rolle for alliansen i samband med sikring av kritisk energiinfrastruktur, i erkjenninga av at ustabil tilgang på vitale energiressursar verkar inn på tryggleiken til dei allierte. Det blei lagt til grunn at ei slik rolle føreset at NATO bidreg med meirverdi i ein innsats som skal skje på oppmoding frå medlemslanda og koordinerast med nasjonal og annan internasjonal innsats.

Oppfølginga viste visse motsetningar blant dei allierte med omsyn til ambisjonane for ei slik rolle, primært i kva grad det kan vere aktuelt for NATO å ta stilling til meir politiske konfliktar knytte til energiforsyning, og kor vidt det kan vere aktuelt for alliansen å ta på seg ei rolle i vern av kritisk infrastruktur også utanfor alliert land- og sjøterritorium. Det var òg usemje knytt til ønske hos enkelte allierte om ei sterkare NATO-rolle som reaksjon på ein eventuell politisk bruk av energiressursar frå russisk side.

Fram mot toppmøtet i Bucuresti blei det utarbeidd ein felles rapport om alliansens rolle i samband med energitryggleik. Sentralt i rapporten står tilrådingar om samarbeid på følgjande område: etterretningsdeling internt i alliansen, informasjonsdeling med partnarlanda, stabilitetsfremjande tiltak, støtte til konsekvenshandtering og støtte til vern av kritisk infrastruktur. Etter toppmøtet er det jamleg blitt rapportert til NATO-rådet om tiltaka som er gjennomførte. Det er òg utarbeidd ein samla rapport til stats- og regjeringssjefane i samband med toppmøtet i Strasbourg/Kehl om status for gjennomføringa av tilrådingane frå Bucuresti-toppmøtet.

Som einaste større energieksporterande medlemsland i NATO heldt Noreg ein høg profil i diskusjonen. Noreg har støtta forsøka på å definere ei rolle for alliansen, med fokus på vakt- og sikringsoppdrag, støtte til nasjonal innsats og tillitsskapande samarbeid med ikkje-allierte energinasjonar. Noreg har òg argumentert for ei rolle for NATO i partnarsamanheng, med spesiell vekt på korleis berøringspunkta med Russland kan utnyttast innanfor rammene av NATO–Russland-rådet (NRC).

7.5 Vern mot dataangrep

Arbeidet med vern mot dataangrep («cyber defence») i NATO skaut fart i 2007 i kjølvatnet av angrepet på Estland. Det var semje i alliansen om at dataangrep, anten som enkeltståande og isolerte hendingar eller i kombinasjon med eit væpna angrep, kunne utgjere ei fundamental tryggingsutfordring. På toppmøtet i Bucuresti blei det semje om ei alliert tilnærming overfor kommunikasjons- og informasjonssystem av kritisk betydning for alliansen. Tilnærminga identifiserer kriterium for bruk, roller og ansvar og ulike prosedyrar til bruk i tilfelle dataangrep. Det er òg etablert ein konsultasjonsmekanisme som grunnlag for iverksetjing og koordinering av tiltak. Mekanismen skal òg kunne brukast av partnarnasjonane og internasjonale organisasjonar ved behov.

Til forsida