Høyring Forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova

Kunnskapsdepartementet sender med dette forslag til ny opplæringslov og endringar i friskolelova på høyring. Forslaget til ny opplæringslov er meint å erstatte dagens opplæringslov, og forslaga til endringar i friskolelova skal sikre god samanheng mellom dei to lovene. Forslaget til ny opplæringslov byggjer på utgreiinga frå opplæringslovutvalet (NOU 2019: 23 Ny opplæringslov) og dei over 700 fråsegnene som kom inn til høyringa. I tillegg har departementet innarbeidd forslag til tiltak frå fleire tidlegare stortingsmeldingar. I forslaget til ny opplæringslov blir mykje frå den noverande lova vidareført, noko er tatt ut, og nokre nye reglar er tekne inn. Det er eit mål at den nye lova skal bli enda betre for elevane enn lova som gjeld i dag. Dette handlar både om rettar i lova og at lova skal vere enklare å finne fram i og å forstå.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 20.12.2021

Viser 1-100 av 583 treff.

  • Side 1 av 6
  • Side 1 av 6