Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

10 Sentralt råd

10.1 Høyringsutkastet frå departe­mentet

Departementet føreslo at det skal etablerast eit sentralt råd som består av alle medlemene i dei regionale råda. Rådet skal ikkje ha avgjerdsmakt, men skal formidla erfaringar og peika på behov som må følgjast opp sentralt.

Det vart føreslått at det sentrale rådet i utgangspunktet bør møtast to gonger i året. Her bør representantar for Husbanken, embetsverket og den politiske leiinga i departementet òg delta. Organisasjonar og fagpersonar kan inviterast avhengig av tema som vert handsama.

10.2 Merknader frå høyringsinstansane

NBBL føreslår at det skal koma fram i lova at det sentrale rådet skal ha representantar frå dei regionale råda. Rådet bør ha ein brei representasjon og ein bør opna for at rådet kan ha ein litt annan samansetting og funksjon enn dei regionale råda, slik at institusjonar som NBBL, BNL (Byggenæringens Landsforening) og Forbrukarrådet kan vera med.

FFO føreslår at det nasjonale rådet skal supplerast med representantar for brukarorganisasjonane og at dette prinsippet vert innarbeid i lovteksten.

Husbanken meiner det sentrale rådet bør knytast til hovudkontoret på same måten som dei regionale råda vert knytt til regionkontora. Det vert òg peikt på at mandatet for rådet må vera klart.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet er einig i at bruk av råd kan forsvarast for å «formidla erfaringar som kan følgjast opp sentralt». Men FAD er i tvil om det er nødvendig å lovfesta bruken av råd i verksemda.

10.3 Vurderingar frå departementet

Departementet føreslår å vidareføra forslaget i høyringsutkastet om å oppretta eit sentralt råd. Rådet skal vera eit rådgivande organ for departementet.

Det sentrale rådet skal bestå av representantane frå dei regionale råda, som skal vera faste medlemer. Med brei politisk samansetning vil medlemene danna eit forum for diskusjon av bustadpolitikk. Her kan oppgåver, roller og forventningar presenterast og debatterast. Med sine regionale røynsler på det bustadpolitiske området vil medlemene kunna gje viktige innspel i utviklinga av bustadpolitikken. Det er derfor viktig at dette er eit rådgjevande organ for departementet som nedfeller politikken i St.prp. nr. 1 – Statsbudsjettet. Rådet kan tre saman ein til to gonger i året, alt etter behov.

Departementet meiner det ikkje er føremålstenelig at organisasjonar, fagpersonar og andre aktørar innafor bustadpolitikken inngår som faste medlem i rådet, men ønskjer å invitera desse etter kva for tema som vert sett på dagsorden. Rådet vert på denne måten ikkje for stort, men vil vera egna til å gje eit konstruktivt engasjement omkring bustadpolitikken. Forholdet til aktuelle institusjonar og sentrale aktørar tek Husbanken vare på, bl.a. gjennom samarbeidsavtaler. Departementet held gjennom året kontakt med mange ulike organisasjonar på bustadsektoren og med brukarorganisasjonar.

Departementet ser ikkje behov for at hovudkontoret i Husbanken skal ha eit eige råd. Dei regionale råda vil nå fram til hovudkontoret og den sentrale leiinga gjennom regionkontora. I tillegg vil representantar frå den sentrale leiinga og hovudkontoret delta på møta med det sentrale rådet. Eit eige råd for den sentrale leiinga vil tvert i mot kunna svekkja rolla til dei regionale råda.

Til forsida