Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

13 Pålegg om lettar i eigedomsskatten

13.1 Gjeldande rett og praksis

I medhald av lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane kan kommunane skriva ut eigedomsskatt på fast eigedom. Husbanken kan med heimel i husbankloven § 12 krevja at kommunane gjev lettar i eigedomsskatten for dei eigedomar som Husbanken gjev lån til.

Heimelen har eksistert sidan Husbanken vart oppretta i 1946, og må sjåast i samanheng med at kommunestyret kan frita bygning som vert nytta til husvære for eigedomsskatt i opptil 20 år.

§ 12 er ein «kan»-regel og gjev berre Husbanken ein rett til å krevja at kommunane gjev lettar i eigedomsskatten. Departementet ga 10. april 2003 instruks om at Husbanken ikkje skal nytta retten i medhald av føresegna, og paragrafen har difor ikkje nokon praktisk verknad i dag.

13.2 Høyringsutkastet frå departe­mentet

Departementet føreslo å oppheva føresegna som gjev Husbanken makt til å krevja at kommunen gjev lettar i eigedomskatten.

13.3 Merknader frå høyringsinstansane

Trondheim kommune og Finansnæringens Hovedorganisasjon støttar at den gjeldande føresegna vert oppheva.

13.4 Vurderingar frå departementet

Departementet meiner at eigedomsskatt skal vera ein frivillig kommunal skatt. I tillegg medfører den bustadpolitiske rollefordelinga mellom staten og kommunane at staten ikkje skal bruka den kommunale eigedomskatten som eit bustadpolitisk verkemiddel. Eigedomsskatt vil vera eit tilfeldig verkemiddel dersom føremålet er å redusera kostnadene ved etablering eller dersom føremålet er å stimulera til nybygging av bustader. Ein veit ikkje i kva grad eit fritak påverkar bustadprisane for dei aktuelle eigedomane eller generer nybygging av bustader. Vidare har ein inga oversikt over kor mykje støtte som vert kanalisert gjennom fritaket.

Departementet føreslår difor at føresegna som gjev Husbanken heimel til å krevja at kommunane gjev lettar i eigedomsskatten, ikkje vert vidareført.

Til forsida