Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

8 Leiing av Husbanken

8.1 Gjeldande rett

Ifølgje gjeldande lov er det hovudstyret som leiar Husbanken. Lova seier òg at styret forpliktar banken ved underskrift av to styremedlemer og løyver lån. Hovudstyret har ansvar for rekneskap og skal avleggja rapportar til departementet. Det er òg hovudstyret som fastset formular for pantobligasjonar.

I medhald av særskild instruks, gjeve av departementet 29. juni 2001, skal hovudstyret leia Husbanken innanfor dei lover, budsjett, forskrifter, reglement, retningsliner og instruksar som vert vedtekne av Stortinget, Kongen og departementet. Styret fastset retningsliner for verksemda, medrekna instruks for regionstyra. I saker av større prinsipiell interesse gjev hovudstyret fråsegn på vegner av banken.

Lova fastset at Husbanken har ein administrerande direktør som vert utnemnd av Kongen i statsråd. Direktøren er direkte underlagt departementet gjennom tilsetjingsvilkår, og dette innskrenkar rolla til hovudstyret vesentleg. Det kan mellom anna ikkje seia opp eller gje direktøren avskjed. Det vert halde årlege kontraktsmøte mellom departementsråden og direktøren.

I praksis held Kommunal- og regionaldepartementet seg dels til hovudstyret og dels til administrasjonen. Tildelingsbreva til Husbanken er stila til hovudstyret, og det vert årleg halde eit møte mellom politisk leiing og hovudstyret. I tillegg vert det kvart kvartal halde formelle styringsmøte mellom embetsverket i departementet og administrasjonen i Husbanken. Den «daglege kontakten» finn stad mellom departementet og administrasjonen i Husbanken.

Handlefridommen til hovudstyret er i praksis avgrensa av di all aktivitet i Husbanken er avhengig av finansiering over statsbudsjettet. I realiteten har ikkje hovudstyret dei funksjonane og fullmaktene som vanlegvis er lagt til eit styre.

8.2 Høyringsutkast frå departementet

Departementet føreslo å avvikla hovudstyret i Husbanken. Det vart peikt på at den gjeldande organiseringa ikkje gjev nødvendig avklaring av ansvars- og rollefordelinga mellom hovudstyret, administrerande direktør og departementet. Sjølv om denne modellen har fungert bra, meinte departementet at dette er ei uklar mellomløysing som ikkje bør førast vidare. Den politiske styringa av Husbanken vert meir ryddig utan eit styre.

Det vart føreslått ei føresegn om at Husbanken skal leiast av ein administrerande direktør som vert utnemnd av Kongen i statsråd. Direktøren vil då fullt og heilt vera lagt direkte under instruksjonsretten til statsråden og departementet.

8.3 Merknader frå høyringsinstansane

Finansnæringens Hovedorganisasjon er einig i at gjeldande lov gjev ein uklar modell for ansvarsforholda mellom hovudstyret, direktør og departementet og gjev sin tilslutning til forslaget. Fornyings- og administrasjonsdepartementet og NBBL støttar òg forslaget om avvikling av styrestrukturen.

Husbanken ved sitt hovudstyre går i mot forslaget og viser til vurderingane i St.meld. nr. 23 (2003-2004) om Boligpolitikken (bustadmeldinga), der det vart konkludert med at styra skulle oppretthaldast. Hovudstyret har ansvaret for den overordna politikkutforminga som skjer i Husbanken. Styret har ei viktig rolle som diskusjonspartnar for administrasjonen – både til inspirasjon og til korrigering.

Husbanken har lang erfaring for at partane har forståing for rollene og respekt for rollefordelinga. Det har ikkje vore problem knytte til ansvars- og instruksjonsforholda. Innafor ei særlov er det fullt mogleg å ha klare forhold og samstundes halda på styrefunksjonen. Vidare meiner Husbanken at det kan skapa ulemper for departementet å ha ei slik nærheit til enkeltsaker som instruksjonsretten uvilkårleg opnar for.

Husbanken meiner prinsipalt at styremodellen bør oppretthaldast.

Justisdepartementet meiner at dei to paragrafane om leiing og organisering kan slåast saman.

8.4 Vurderingar frå departementet

Det følgjer av dei vanlege prinsippa for forfatninga at forvaltningsorgan i utgangspunktet bør høyra direkte under avgjerdsmakta og ansvaret til statsråden – også konstitusjonelt. Eit styre vil kunna representera eit ekstra styringsnivå og kan gjera styringsrelasjonane uklare.

Dette er òg tilrådingar som er gjevne i rettleiinga «Bruk av styre i staten», utgjeve av Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) i juni 2006. Som hovudregel bør det ikkje vera styrer for forvaltningsorgan. Styrer må berre nyttast i særlege høve og då ut i frå ei kritisk vurdering av styringsbehova til departementet, verksemda si karakter, statsråden sitt konstitusjonelle ansvar og om eit styre vil gje meirverdi og betre styring.

Husbanken er ein sentral premissgivar for utforming og gjennomføring av den statlege bustadpolitikken. Banken forvaltar viktige verkemiddel. Dei politiske styresmakter har eit stort behov for å kunna styra, både når det gjeld dei faglege og dei økonomiske prioriteringane. Både Regjeringa og statsråden må vera trygge på at Husbanken utfører oppgåvene i samsvar med dei føresetnader som styresmaktene gjev. Dette gjer at departementet må ha ei tett oppfølging, og det føreset hyppig og nær kontakt mellom departementet og administrasjonen i Husbanken.

Vidare er all verksemd i Husbanken finansiert over statsbudsjettet. Departementet gjev omfattande og detaljerte føringar gjennom tildelingsbreva. Eit styre vil såleis ikkje ha dei funksjonane og fullmaktene som vanlegvis er lagt til eit styre. Husbanken må til dømes kunna involverast i forkant av prosessane for statsbudsjettet og ved utforming av regelverket for dei enkelte ordningane. Tilsvarande vil ein i gjennomføringa av politikken kunna ha behov for direkte og aktiv styring, til dømes ved detaljering av dei retningslinene som gjeld for løyving av lån og tilskot og i fordeling av rammer. Det vil òg vera behov for ei fortløpande styring av pådrivarverksemda overfor andre aktørar. I slike prosessar vil eit ekstra styringsledd vera kompliserande. For at departementet skal kunna styra Husbanken politisk, er det difor naturleg at Husbanken ikkje skal leiast av eit styre.

Departementet meiner òg at dei faste rammene for administrering av forvaltningsorgan, gjer at eit styre vil ha avgrensa handlefridom. Styret vil heller ikkje vera nær den daglige drifta og vil i liten grad kunna påverka kostnadseffektiviteten i Husbanken.

Alt i alt meiner departementet at den beste løysinga er at Husbanken vert leidd av ein direktør som i alle forhold høyrer direkte under avgjerdsmakta og ansvaret til statsråden. Statsråden vil ha det fulle konstitusjonelle ansvaret for verksemda. Husbanken bør difor ikkje ha eit styre med avgjerdsmakt, og ordninga med hovudstyre vert føreslått avvikla.

Forslaget frå Justisdepartementet om å slå saman føresegnene om organisering og leiing er følgd opp i lovforslaget. Det er føreslått ei føresegn om at Husbanken vert leidd av ein administrerande direktør. Direktøren skal framleis verta utnemnd av Kongen i statsråd.

Til forsida