Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

5 Oppgåvene til Husbanken

5.1 Gjeldande rett

Hovudtrekka i gjeldande føremålsparagraf har stått uendra sidan 1946. Det følgjer av § 1 at føremålet til Husbanken først og fremst er knytt til finansiering av bustader. Lova nemner konkret at Husbanken skal gje lån eller garanti for lån mot tryggleik i påbygde eigedomar, formidla støtte frå staten og kommunane til bustadbygging og andre bustadføremål, og løyva eller garantera byggjelån. Departementet kan i særlege høve gje Husbanken oppgåver som ikkje er nemnde i lova.

Vidare kan departementet gje nærare retningsliner og forskrifter for verksemda. Dei meir konkrete politiske føremåla vert fastsette i dei enkelte forskriftene for låne- og tilskotsordningane, som vert utforma med utgangspunkt St. prp. nr. 1.

5.2 Høyringsutkastet frå departe­mentet

Departementet meinte at lova burde ha ein «føremålsparagraf» som skulle fastsetja føremålet med å ha Husbanken som ein særskild institusjon. Departementet føreslo difor at føremålsparagrafen kort skulle nemna politikkområdet og gje ein generell omtale av oppgåvene.

Det vart føreslått at Husbanken skal fremja den statlege bustadpolitikken, og at Husbanken skal forvalta låne- og støtteordningar og medverka til å utvikla og formidla kunnskap om mål, metodar og resultat. Vidare vart det føresett at departementet skal kunna gje Husbanken andre oppgåver, medrekna å forvalta ordningar på andre statlege politikkområde, slik han gjer i dag. Til sist vart det føreslått at departementet kan gje nærare retningsliner og forskrifter om verksemda til Husbanken.

Det vart ikkje føreslått føresegner om føremålet med dei økonomiske verkemidla til Husbanken. Desse føremåla skal framleis regulerast i dei enkelte forskriftene.

5.3 Merknader frå høyringsinstansane

Justisdepartementet meiner det er lite føremålstenleg å ha ei eiga føresegn om føremål i lova, og føreslår å omforma paragrafen til «oppgåvene til Husbanken». Vidare meiner dei at ein lov ikkje bør nytta omgrep som «den statlege bustadpolitikken» og «det bustadpolitiske området». Justisdepartementet meiner òg at formuleringa om å «utvikla og formidla kunnskap om mål, metodar og resultat» ikkje er avklarande, og at det bør skiljast mellom dei organisatoriske føresegner om Husbanken og departementet på den eine sida og føresegner om tilhøve til tredjepersonar på den andre sida.

Riksrevisjonen føreslår å innarbeida ei setning i lova om samanhengen mellom lova og forskriftene om dei økonomiske verkemidla.

Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) ynskjer at lova skal gje klarare signal om føremålet til Husbanken og føreslår å ta inn i lova at Husbanken skal vera eit statleg bustadpolitisk verkemiddel for å korrigera bustadmarknaden. Vidare ynskjer NBBL ei klarare markering av den rolla Husbanken har som bustadfaglig kunnskaps- og kompetansesenter i bustadsektoren.

NBBL meiner at det berre bør vera unnataksvis at Husbanken skal driva med finansieringsproblematikk rundt barnehager, skuler og kyrkjer, medan Miljøverndepartementet støttar at lova opnar for at Husbanken kan føra vidare det arbeid som banken gjer på det miljøpolitiske området.

Husbanken meiner at bustønad bør nemnast utrykkeleg som ei av dei ordningane som Husbanken skal forvalta. Vidare føreslår Husbanken at det skal presiserast at rolla som kompetansesenter skal vera «innafor det bustadpolitiske området».

5.4 Vurderingar frå departementet

Departementet er samd med Justisdepartementet i at føresegna ikkje gjeld føremålet og at «oppgåver» difor er ei betre nemning av paragrafen.

Kjerneoppgåva til Husbanken er og skal framleis vera å fremja den statlege bustadpolitikken. Dette er i samsvar med Stortingets handsaming av bustadmeldinga. Kommunalkomiteen slutta seg i Innst. S. nr. 229 (2003-2004) til den etablerte rollefordelinga i norsk bustadsektor der Husbanken har fått eit hovudansvar som utøvande aktør. Dette må difor framhevast i føresegna. I tråd med forslaget frå Justisdepartementet heiter det i lovforslaget at «Husbanken skal fremja bustadføremål i samsvar med overordna retningsliner».

Sjølv om det ikkje kjem fram i gjeldande lov, er Husbanken nært knytt til oppgåva med å setja folk i stand til å skaffa seg ein bustad. Låne- og tilskotsordningane til Husbanken skal framleis medverka til å dekkja det grunnleggande behovet for å kunna bu godt og trygt. Departementet meiner likevel at lova ikkje skal fastsetja kva slags økonomiske verkemiddel Husbanken skal ha og måla for ordningane. Desse vert fastsette av Stortinget ved handsaming av St.prp. nr. 1 og i forskrifter. Til dømes vart «ein velfungerande bustadmarknad» sett som eit hovudmål for programområde Bustad, bumiljø og bygg i St.prp. nr. 1 (2008-2009). Denne praksisen overfor Stortinget balanserer omsynet mellom politisk forankring og handlefridom for statsråden. Departementet er difor ikkje samd i at lova skal fastsetja måla om å korrigera bustadmarknaden, slik NBBL føreslår.

Gjeldande praksis, med å forankra verkemidla i forskrift og ikkje i lova, har vist seg svært godt egna. Måla for dei enkelte ordningane kan endrast i takt med endring av dei politiske prioriteringane til regjeringa. Dette kan skje oftare enn det som er mogeleg å få til ved å følgja dei pålagte prosessar for lovendringar. Stortinget styrer uansett verkemiddelbruken ved vedtak om økonomiske løyvingar. Regjeringa har elles styringa og kontrollen med Husbanken. Merknaden frå Riksrevisjonen, om å synleggjera samanhengen mellom lov og forskrift, er tatt til følgje i § 1 som seier at departementet kan gje forskrift om både verksemd og om verkemiddel. Dette tek òg omsyn til ein merknad frå Justisdepartementet slik at ein får fram skilnaden mellom forskrifter om verksemda, som vil gjelda for Husbanken, og forskrifter om verkemidla, som òg vil gjelda for tredjepersonar.

Husbanken skal forvalta låne- og tilskotsordningar. Sjølv om bustønad kan medreknast under tilskot, ser departementet at det kan vera føremålstenleg at bustønad vart nemnd særskild i føresegna, slik Husbanken peikar på.

Husbanken skal i tillegg kunna forvalta andre oppgåver, medrekna oppgåver på andre statlege politikkområde. Føresegna tek høgde for dette, utan at oppgåvene vert nærare nemnde i lova. Husbanken har ei rekkje oppgåver på andre statlege politikkområde, mellom anna å finansiera barnehagar, kyrkje, skule og studentbustader. Husbanken har kompetanse og praktiske føresetnader for å løysa og forvalta slike oppgåver på ein god måte, ved sida av dei bustadpolitiske oppgåvene. Departementet er difor ikkje samd med NBBL i at lova skal seia at dette berre skal skje unnataksvis.

Det er ikkje gjevne forskrifter for informasjons- og påverknadsarbeidet i Husbanken, og desse oppgåvene vert difor omtalt særskild i lovforslaget. Ved å presisera at Husbanken skal medverka til å utvikla og formidla kunnskap om mål, metodar og resultat «innafor sitt saksområde», vert rolla som kompetansesenter betre konkretisert, slik både Husbanken, Justisdepartementet og NBBL ynskjer.

Til forsida