Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovforslaget

Dei bustadpolitiske oppgåvene til Husbanken vart drøfta av Stortinget ved sakshandsaminga av St.meld. nr. 23 (2003-2004) om Boligpolitikken (bustadmeldinga), Innst. S. nr. 229 (2003-2004). Hovudtrekka i rollefordelinga i bustadpolitikken har i lang tid lege fast. Staten fastset bustadpolitiske mål og juridiske rammevilkår, tilbyr økonomisk stønad til særlege føremål og hjelper med tiltak for å heva bustadfagleg kompetanse. Husbanken skal vera det statlege organet for gjennomføring av bustadpolitikken.

Stortinget gjennomgår òg bustadpolitikken og verkemidla til Husbanken ved handsaming av dei årlege statsbudsjetta. Hovudmålsettinga er at alle skal kunna bu godt og trygt. Husbanken har fått i oppgåve å gje grunnlån til bustadbygging og startlån til kommunar for vidare tildeling til dei som har vanskar med å få lån andre stader. Vidare forvaltar Husbanken fleire tilskotsordningar og den statlege bustønadordninga. Husbanken er eit kompetansesenter som samlar og spreier kunnskap om gode arbeidsmetodar og vellukka løysingar, mellom anna for stadutvikling og byggjeskikk og for å skaffa bustad for dei bustadlause. Denne typen oppgåver får stadig større aktualitet.

Sjølv om Husbanken først og fremst har ein bustadpolitisk funksjon, høyrer ein rekkje av oppgåvene inn under andre statlege politikkområde. Over tid har Husbanken hatt verkemiddel knytt til sosialpolitikk, helse og omsorg, integrering, utdanning, kultur, miljø, nærings- og distriktspolitikk. Husbanken finansierer i dag bygging av nye barnehagar, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, studentbustader, skuleanlegg og istandsetjing av kyrkjer.

Medan statsbudsjettet omhandlar det politiske fundamentet for verksemda, gjev husbanklova det rettslege fundamentet til Husbanken. Lova er endra ei rekkje gonger, men det er ikkje tidlegare gjennomført ein fullstendig revisjon av lova. Siste gongen Stortinget gjorde vesentlege endringar i lova var ved handsaminga av Ot.prp. nr. 74 (1999-2000), der det mellom anna vart vedteke endringar om dei styrande og kontrollerande organa til Husbanken.

Lova må spegla den verksemda Husbanken har i dag og kan forventa å få. Husbanken er ei verksemd som står overfor raskt endra rammevilkår. Regelverket må difor gjera det mogleg å føra ein aktiv og effektiv bustadpolitikk og gje samstundes rom for framtidig politisk handlefridom. Dei verkemidla ein har i dag er i det vesentlege nedfelte i forskrifter gjevne av departementet og i retningsliner gjevne av Husbanken. Departementet har i dette forslaget lagt opp til at denne regelverkstrukturen skal førast vidare.

Husbanklova gjev grunnlaget for organiseringa av Husbanken og tilknytinga til dei politiske styresmaktene. Hovudtrekka i tilknytinga til staten skriv seg frå etableringa i 1946, då den vart tilpassa den statlege bankverksemda. Denne verksemda var meir forretningsprega enn anna statleg forvaltningsverksemd og kravde difor eit visst sjølvstende i forhold til staten.

Parallelt med endringane av oppgåvene til Husbanken har det vore ei generell utvikling i organiseringa av statsforvaltninga. Det vert trekt eit klarare skilje mellom statlege forvaltningsorgan og dei organa som er skilt ut som sjølvstendige rettssubjekt. Institusjonar som er karakteriserte som statsbankar har òg vore omfatta av denne utviklinga. Dette kjem tydeleg fram i forskjellen mellom lov 19. desember 2003 nr. 130 om Innovasjon Noreg og lov 3. juni 2005 nr. 37 om utdanningsstøtte, som omhandlar Statens lånekasse for utdanning. Førstnemnde er eit sjølvstendig rettssubjekt, medan sistnemnde er eit forvaltningsorgan.

Styringsprinsippa og organiseringa av den statlege forvaltninga har òg utvikla seg, og statlege forvaltningsorgan har fått vidare fullmakter. Dei kontroll- og styringssystema departementa har overfor underliggjande organ er tilpassa denne utviklinga.

I lys av den generelle utviklinga og endringane i oppgåvene til Husbanken, føreslår departementet ein fullstendig revisjon av husbanklova.

Dei administrative føresegnene for Husbanken, medrekna føresegnene om tilknyting og organisasjon, legg premissar for den direkte politiske styringa av verksemda. For å sikra ei effektiv styring er det føreslått at Husbanken skal vera eit statleg forvaltningsorgan utan hovudstyre. Regionstyra vert erstatta med regionale råd, og dei regionale råda vil saman utgjera eit sentralt råd for departementet. Desse endringane fører til forenklingar i lova, mellom anna vert det ikkje nødvendig med føresegner om rekneskap, revisjon og kontroll av verksemda. Fleire føresegner om låneverksemda er òg føreslått oppheva.

Til forsida