Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

11 Klageordning

11.1 Gjeldande rett

Forvaltningslova gjeld i utgangspunktet for verksemda til Husbanken. Etter § 20 første ledd i husbanklova er enkeltvedtaka om lån og tilskot unnatekne frå føresegnene i forvaltningslova om klage og omstøyting.

Med heimel i denne paragrafen er det gitt forskrift av 14. september 1992 nr. 692, som fastset at §§ 29 – 34 i forvaltningslova om sakshandsaming av klage skal gjelda, med unnatak av føresegnene om klageinstans. Forskrifta fastset at det er ei særskild klagenemnd, og ikkje departementet, som handsamar klager på vedtak om løyving, utmåling, avvising og avslag på lån og tilskot.

§ 20 andre ledd slår fast at det òg er klagerett når kommunane treffer vedtak om lån og tilskot. Klagene vert handsama internt i kommunane etter dei generelle føresegnene om kommunal og fylkeskommunal klagesakshandsaming i § 28 andre ledd første punktum i forvaltningslova.

For bustønad er det òg gjort unnatak frå føresegnene om klageinstans i forvaltningslova. Klager på avgjerder om bustønad vert avgjorde administrativt i Husbanken. Dette følgjer av forskrift gjeve med heimel i forvaltningslova.

Husbanken treffer òg andre enkeltvedtak – til dømes i samband med innsynskrav og i personalsaker. I desse sakene gjeld reglane i forvaltningslova fullt ut, og det er departementet som er klageinstans.

11.2 Høyringsutkastet frå departe­mentet

Departementet føreslo at føresegnene i forvaltningslova skal gjelda for enkeltvedtak om lån og tilskot, som Husbanken treffer, og at det framleis skal vera høve til å klaga på vedtaka. Det skal kunna fastsetjast forskrift om særskilt klageordning for vedtaka.

Når det gjeld klage på kommunale vedtak, vidareførde departementet føresegna om at klagene vert handsama internt i kommunane etter dei generelle føresegnene om kommunal og fylkeskommunal klagesakshandsaming i forvaltningslova § 28 andre ledd første punktum.

11.3 Merknader frå høyringsinstansane

Husbanken meiner at gjeldande føresegn i lova, som gjev generelt unnatak frå klagereglane, bør førast vidare.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet peiker på at ei grunngjeving for ei nemndordning kan vera ynskje om å avlasta departementet med denne type oppgåver, spesielt når det er mange klager. Når det ikkje er mange klager, kan det vera vanskeleg å forsvara ordninga med klagenemnd berre ut i frå at behovet for nemnda kan auka – om eller viss ho får nye oppgåver.

Justisdepartementet peiker på at utkastet til føresegn har ei uklar utforming. Dette gjeld om det er nødvendig å presisera kva som skal reknast som enkeltvedtak, og om § 28 andre ledd andre punktum i forvaltningslova, om klage på vedtak som er gjort i kommunestyret, skal gjelda.

11.4 Vurderingar frå departementet

Departementet føreslår at forvaltningslova framleis skal gjelda for Husbanken og at det skal vera høve til å klaga på enkeltvedtak. Dette gjeld òg for enkeltvedtak om lån og tilskot. Departementet ser ikkje behov for eit generelt unnatak frå alle føresegnene om klage og omstøyting i forvaltningslova, slik gjeldande lov fastset, og som Husbanken føreslår vidareført. Forskrifta om klagenemnda medfører at det einaste unnataket som i dag gjeld er at det er ei særskild klagenemnd som handsamar klagesakene. Sjølv om det årleg er svært få saker som det vert klaga på (9 i 2006 og 13 i 2007), og ei marginal mengd som vert omgjort (ingen i 2006 og to i 2007), tilseier likevel omsynet til rettstryggleiken at det bør vera klagerett på desse vedtaka.

Klagenemnda i Husbanken fungerar godt, men departementet ser at mengda av saker har gått ned. Noko av grunngjevinga for skipinga av nemnda kan difor seiast å ha falle vekk, slik Fornyings- og administrasjonsdepartementet hevdar. Kommunal- og regionaldepartementet har ikkje teke stilling til om det framleis skal vera eit særskild klageorgan, men vil vurdera behovet for ei klagenemnd fortløpande. Departementet bør difor stå fritt til å fastsetja om det er departementet eller ei særskild klagenemnd som skal handsama klagesakene. Det vert difor føreslått ei føresegn som gjev departementet heimel til å fastsetja forskrift om særskilt klageinstans for dei enkeltvedtak som er gjevne av Husbanken.

Det bør òg vera klagerett på vedtaka i kommunane i dei sakene der kommunane tildelar midla frå Husbanken vidare.

Husbanken og kommunane tek òg avgjerder om forvaltning av lån, som gjeld privatrettslege høve. Desse er ikkje enkeltvedtak, og det er difor ikkje klagerett på slike avgjerder.

Departementet føreslår å forenkla føresegna om klage slik at det berre er unnataket om klageinstans for vedtaka til Husbanken, som vert tatt med i husbanklova. Når lova er klar på at Husbanken er eit forvaltningsorgan, er det ikkje nødvendig å seia at dei vanlege føresegna om klage gjeld for Husbanken. Det er heller ikkje nødvendig å seia at dei vanlege føresegnene om klage gjeld for kommunane i slike saker. Merknaden frå Justisdepartementet om § 28 andre ledd andre punktum i forvaltningslova, jf. omtala ovanfor, er tatt omsyn til slik at det ikkje er tvilsamt at denne føresegna skal gjelda.

Husbanklova vil ikkje gjelda for klage over vedtak om bustønad, som framleis vil verta handsama av Husbanken. Regelverket for handsaming av bustønadsaker vil verta vurdert i samband med ein eigen gjennomgang av denne ordninga.

Til forsida