Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

12 Handsaming av husbanksaker i kommunane

12.1 Gjeldande rett

Gjeldande lov har ei føresegn om at departementet kan gje forskrifter om handsaming av husbanksaker i kommunane. At denne heimelen for forskrifter er fastsett i lova må sjåast i samanheng med at kommunelova gjev kommunane status som sjølvstendige, politisk valde og styrte forvaltningsorgan. Kommunane er, som rettsleg hovudregel, ikkje omfatta av den formelle kontrollen og instruksjonsretten til regjeringa. Pålegg til kommunane skal difor i utgangspunktet ha heimel i lov.

Husbanklova inneheldt tidlegare detaljerte føresegner om sakshandsaming av husbanksaker i kommunane, så som føresegner om husnemnder, lånesakshandsaming, takstar o.a. Dei detaljerte reglane vart oppheva i 1986. Ein vedtok ei tilføying i lova, som i dag står i § 21 første ledd: «Departementet fastset nærare forskrifter om verksemda i banken. Forskriftene kan omfatta føresegner om kommunane si handsaming av husbanksaker.» Denne generelle forskriftsheimelen har ikkje vore nytta overfor kommunane.

Lova har òg ei føresegn om at kommunane skal ha oppgåver knytt til administreringa av bustønadsordninga, om ikkje anna er fastsett av departementet.

12.2 Høyringsutkastet frå departe­mentet

Departementet føreslo å oppheva den generelle føresegna om at departementet kan gje forskrifter om handsaming av husbanksaker i kommunane. Føresegna om bustønad vart føreslått vidareført.

12.3 Merknader frå høyringsinstansane

Finansnæringens Hovedorganisasjon og Trondheim kommune støttar forslaget.

Husbanken ser ikkje bort i frå at det kan vera behov for å påleggja kommunane oppgåver/plikter i samband med husbanksaker. Departementet bør ha ei fullmakt til å fastsetja dette i forhold til bustønadordninga. Dersom lova skal ha ein heimel for å gje forskrift om dette, meiner Husbanken at han bør gjerast open. Husbanken tilrår at den generelle heimelen til å påleggja kommunane oppgåver vert ført vidare.

12.4 Vurderingar frå departementet

Den bustadpolitiske verksemda i kommunane, som til dømes bruk av startlån, skjer i utgangspunktet på frivillig basis frå kommunane si side. Husbanken skal leggja til rette for dette arbeidet.

Departementet legg til grunn at Husbanken kan knytta vilkår til dei midlar han gjev til kommunane, utan særskild lovheimel. Vilkåra vil kunna koma fram i forskriftene og retningslinene for ordningane, samt i dei enkelte tilsegn om løyving av lån / tilskot til kommunane. Slike vilkår omfattar gjerne korleis kommunane skal gje midlar vidare til sluttbrukarar.

Andre typar statlege pålegg overfor kommunane krev heimel i lov. Dette kan til dømes vera deltaking i kartleggingsarbeid eller sakshandsamingsreglar for enkelte typar kommunale vedtak.

Regjeringa har vedteke retningsliner for framtidig statleg regelverk retta mot kommunesektoren. Staten skal generelt sett vera tilbakehalden med å påleggja kommunane nye oppgåver og plikter.

Når det i meir enn 20 år ikkje har vore aktuelt å påleggja kommunane oppgåver knytte til Husbanken, meiner departementet at det ikkje er praktisk behov for ein heimel for dette. Departementet meiner at det ikkje føreligg sterke grunnar til at husbanklova skal ha ein heimel om å påleggja kommunane oppgåver, og gjeldande føresegner vert ikkje førte vidare i forslaget til ny lov.

Føresegna om at kommunane skal vera med å administrera ordninga med bustønad er føreslått vidareført.

Til forsida