Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

7 Tilknyting til staten

7.1 Gjeldande rett

Husbanken har i dag eit hovudstyre og eit regionstyre for kvar av dei seks regionkontora. Klager på vedtak om lån og tilskot vert handsama av ei uavhengig klagenemnd.

Det følgjer av § 5 i den gjeldande lova at hovudstyret leiar Husbanken. Dette gjev hovudstyret eit formelt sjølvstende, noko som òg vert understreka ved føresegna om at banken vert forplikta ved underskrift av to styremedlemer, og at Husbanken har eit grunnfond på 20 millioner kroner og eit risikofond på 10 millioner kroner.

Når § 11 seier at hovudstyret gjev lån, er det lagt opp til at Husbanken ikkje skal instruerast i dei enkelte avgjerder om å gje lån, sjølv om lova gjev departementet heimel til å gje retningsliner og forskrifter om dette. Utgangspunkta i lova har medført at Husbanken i juridisk teori er definert som eit stiftingliknande organ utanfor staten.

Trass i dette har Husbanken i dag så mange og nære tilknytingar til dei statlege styresmaktene at han i realiteten må reknast som ein del av staten. Husbanken følgjer dei lovene som gjeld generelt for offentleg verksemd, og heile det gjennomgåande statlege regelverket gjeld for Husbanken. All verksemd, medrekna låne- og tilskotsramma, er bruttobudsjettert over statsbudsjettet. Administrerande direktør vert utnemnd av Kongen i statsråd.

Styringa av Husbanken er i praksis lik anna etatsstyring i statsforvaltninga. I tråd med moderne styringsprinsipp gjev departementet Husbanken stor fridom med omsyn til korleis han løyser oppgåvene. Husbanken har i dag ikkje vidare fullmakter enn andre forvaltningsorgan ein kan samanlikna med, og vert handsama administrativt som eit statleg forvaltningsorgan.

Departementet sitt overordningsforhold kjem òg fram i gjeldande lovreglar om rekneskap og revisjon. Ved lovendring i 2000 vart det fastslått at Riksrevisjonen fører kontroll med verksemda. Prinsippa for finansiering og rekneskapsføring i statsbankane vert fastsette av Finansdepartementet.

7.2 Høyringsutkastet frå departe­mentet

Departementet føreslo at Husbanken skal vera eit statleg forvaltningsorgan underlagd departementet. Husbanken vil såleis både juridisk og økonomisk vera ein del av staten. Staten vil hefta for skyldnadene til Husbanken, og når leiinga i Husbanken disponerer over midlar, vil det vera midla til staten det vert disponert over.

Når Husbanken skal vera eit statleg forvaltningsorgan, direkte underlagt departementet, vert behovet for føresegner i lova redusert. Sjølv om det ikkje vil vera nødvendig med lovføresegner om verksemda og organiseringa av Husbanken, føreslo departementet likevel nokre føresegner om dette.

Gjeldande §§ 4 og 5, 3.ledd, om oppretting av regionkontor og utnemning av administrerande direktør, vart føreslått vidareførde i forenkla former.

Av di Husbanken skal vera eit forvaltnings­organ, vart gjeldande føresegner om grunnfond og risikofond, samt føresegner om rekneskap og kontroll, ikkje førte vidare i lovforslaget.

Departementet føreslo ei lovføresegn som inneber at Husbanken sjølv kan opptre som part i rettssaker som er knytte til verksemda.

7.3 Merknader frå høyringsinstansane

Dei høyringsinstansar som har uttala seg om dette, støttar forslaget om at Husbanken skal vera eit forvaltningsorgan.

Husbanken meiner det er uheldig at departementet kan fastsetja organisering av hovudkontor og regionkontor. Direktøren bør framleis ha ansvar for organisering/omorganisering med omsyn til ein forsvarlig, effektiv og målretta organisering av kontora.

7.4 Vurderingar frå departementet

Statlege verksemder kan anten vera ein del av staten eller vera fristelde som eigne rettssubjekt utanfor staten. Departementet meiner at ingen av tilknytingsformene utanfor staten er tilpassa dei oppgåver Husbanken har. Som det sentrale gjennomføringsorganet for den statlege bustadpolitikken må Husbanken kunna styrast utover det som følgjer av generelle lovføresegner om føremål og verkeområde. Regjeringa og departementet må ha tryggleik for at Husbanken framleis utfører oppgåvene i samsvar med føresetnadene, og må ha høve til å justera praksisen om nødvendig.

Organisasjonsformer tilpassa verksemder som driv etter forretningsmessige prinsipp, til dømes aksjeselskap og statsføretak, passar difor ikkje for Husbanken. Husbanken kan heller ikkje organiserast som eit stiftingliknande organ, då desse er særprega av ein høg grad av sjølvstende. Heller ikkje særlovsselskap er ein eigna tilknytingsform, då behovet for politisk styring av Husbanken går utover det som er naturleg for slike selskap.

Departementet bør framleis kunna styra den statlege bustadpolitiske verksemda i samband med tildeling av budsjettmidlar. Departementet meiner at det ikkje er grunn til å endra dei økonomiske fullmaktene til Husbanken i forhold til budsjettet, og dette gjer òg forvaltningsbedriftsforma uaktuell.

Departementet har difor føreslått at Husbanken skal vera eit forvaltningsorgan underlagt statsråden og departementet. Dette samsvarer best med den faktiske situasjon i dag og vil medføra at Husbanken vil ha same tilknytingsform som ein samanliknbar institusjon: Statens lånekasse for utdanning. Det er foreslått at tilknytingsforma kjem fram i ein eigen paragraf i lova.

7.5 Konsekvensar av at Husbanken vert eit forvaltningsorgan

Dersom Husbanken skal vera eit forvaltningsorgan, vil dei vanlege føresegnene om organisering og leiing av slike organ gjelda for Husbanken. Dette påverkar kor mykje som skal fastsetjast i lova.

Som forvaltningsorgan vil departementet ha rett til å instruera Husbanken, sjølv om det ikkje vert fastsett i lova. Dette gjeld òg for organisering og lokalisering av Husbanken. I den grad endra organisering får konsekvensar for budsjett, vil dette uansett verta handsama i Stortinget. Departementet meiner at det likevel kan vera føremåls­teneleg at lova tydeliggjer instruksjonsretten på dette området. Det er difor føreslått at lova skal fastsetja at Husbanken skal ha eit hovudkontor og at departementet kan fastsetja at Husbanken skal ha regionkontor og kor kontora skal liggja. Dette er ikkje til hinder for at leiinga i Husbanken kan gjevast ansvar for organisering og resultat.

Som eit statleg forvaltningsorgan vil Husbanken vera ein del av staten, både juridisk og økonomisk. Husbanken skal framleis finansierast over statsbudsjettet, på same måten som i dag. Når leiinga disponerer over midla i verksemda, er det midla til staten som vert disponerte. Som eit statleg forvaltningsorgan vil ikkje Husbanken ha bruk for eigenkapital som grunnfondet var meint å vera. Dei same prinsipielle vurderingane gjer seg òg gjeldande for risikofondet. Så lenge Husbanken er eit statleg forvaltningsorgan, vil overordna organ kunna fastsetja korleis tapsfullmakter skal gjevast, utan at dette følgjer av lov. Departementet føreslår difor at lova ikkje skal ha føresegner om grunnfond og risikofond. Spørsmålet om Husbanken skal ha fond vil verta vurdert uavhengig av lovarbeidet.

Den store økonomiske aktiviteten i Husbanken medfører omfattande rekneskaps- og kontrollarbeid. Som statleg forvaltningsorgan følgjer Husbanken dei føresegner og retningsliner for rekneskap og revisjon, som elles gjeld i staten. Føresegnene for økonomistyring i staten har departementet felt ned i ein særskild økonomiinstruks for Husbanken. Departementet ser ikkje behov for å endra praksisen på dette området. Det er ikkje lenger behov for særeigne lovreglar om rekneskap, revisjon og kontroll, og slike føresegner er difor ikkje føreslått vidareført i den nye lova.

Den forretningsmessige oppfølginga av låneforholda til Husbanken fører med seg at ein del saker må handsamast av rettsapparatet. Det følgjer i dag av juridisk teori og praksis at Husbanken opptrer som part i rettssaker, som eit eige rettssubjekt. Som forvaltningsorgan vil utgangspunktet vera at det er staten v/ departementet som opptrer som part. Departementet føreslår ein heimel i lova, som gjev Husbanken rett til å opptre som part på vegner av staten i desse søksmåla. Rettssakene har eit omfang og karakter som gjer at det ikkje er nødvendig og føremålstenleg å involvera departementet. Vidare tilseier krav til rask gjennomføring av sakene at det ikkje er ynskjeleg å bruka tid på å innhenta fullmakter frå departementet i konkrete saker. Ein heimel i lova vil òg gjera det klart for partar, namsmenn og domstolar at Husbanken kan opptre som part på vegner av staten. Departementet ynskjer likevel ikkje å gje frå seg all mynde, men vil ha høve til å ta stillinga som part sjølv i saker kor det vil vera føremålstenleg. Det er difor føreslått ei føresegn som gjev heimel for departementet til å kunne opptre som part i enkelte saker.

Reglane i forvaltningslova, offentleglova, tenestemannslova og tenestetvistlova vil gjelda for Husbanken. Når det gjeld føresegna i forvaltningslova om klage, er dette òg omtale nedanfor under punkt 11.

Til forsida