Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

9 Regionale råd

9.1 Gjeldande rett

Lova fastset at kvart regionkontor skal ha eit regionstyre. Styremedlemene vert utnemnde av departementet for fire år om gongen. Det er ikkje regulert i lova kva slags kvalifikasjonar medlemene skal ha. I praksis vert det ved utnemninga lagt vekt på ei balansert geografisk og partipolitisk tilhørsle, samt oppfølging av krava til balansert representasjon av begge kjønn.

Regionstyra treffer vedtak om lån og tilskot innafor rammene av dei fullmaktene, retningsliner og instruksar, som vert gjevne av hovudstyret. Hovudstyret kan òg gje regionstyra fullmakt til å treffa vedtak i andre saker.

Regionstyra har òg roller som ikkje kjem fram i lova, mellom anna som kommunikator ovafor kommunane og som dialogpartnar for regiondirektøren.

Styra har ikkje fullmakter og ansvar knytt til administrering av regionkontora.

9.2 Høyringsutkastet frå departe­mentet

Departementet føreslo at dagens regionstyre vert erstatta med regionale råd. Råda skal vera rådgjevande organ og ikkje ha avgjerdsfullmakter. Dei skal vera bindeledd til andre aktørar, spesielt ovafor kommunane, og på denne måten hjelpa til med utvikling og gjennomføring av bustadpolitikken. Medlemene vil kunna vera betre målberarar mot dei politiske nivåa i kommunane enn dei regionale administrasjonane i Husbanken.

Gjeldande prinsipp for utnemning av medlemer vart føreslått vidareførte, og departementet skal fastsetja nærare mandat, samt utnemna medlemene.

9.3 Merknader frå høyringsinstansane

Finansnæringens Hovedorganisasjon, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og NBBL støttar avvikling av styrestrukturen.

NBBL støttar at det vert oppretta råd i staden for styrer, men meiner føresegna skal seia at det «skal» og ikkje «kan» opprettast råd. Vidare meiner NBBL at kommunane kan verta den viktigaste aktørgruppa i dei regionale råda, men ynskjer ikkje at råda i hovudsak skal vera sette saman av representantar frå kommuneadministrasjonane.

Husbanken deler synet til departementet når det gjeld verdien av organ der medlemene har politisk tilhørsle. Husbanken meiner prinsipalt at styremodellen bør oppretthaldast. Dersom Husbanken skal ha råd, meiner Husbanken at han sjølv bør utnemna råda.

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) ynskjer å kunna delta i dei regionale råda og føreslår at det i lovteksten skal slåast fast at dei regionale råda skal ha brukarrepresentantar. Subsidiært føreslår FFO at det nasjonale rådet skal supplerast med representantar for brukarorganisasjonane og at dette prinsippet vert innarbeid i lovteksten. Innspelet er omhandla under vurderingar knytte til sentralt råd, nedanfor.

9.4 Vurderingar frå departementet

I dag er hovudoppgåva til regionstyra å handsama og vedta søknader om lån og tilskot. I og med at hovudstyret vert føreslått avvikla, vil det heller ikkje vera naturleg med regionstyre med avgjerdsfullmakter. Den politiske styringa vil òg verta svekkja med politiske organ med avgjerdsfullmakter. Dessutan har departementet inntrykk av at regionstyra i ulik grad førestår sjølvstendige vurderingar i desse sakene.

Eit alternativ ville vera å ikkje ha politisk valde organ ved regionkontora i det heile tatt. Departementet meiner Husbanken bør ha slike organ med medlemer som kan ha nær kontakt med dei politiske styresmaktane i kommunane. Med god innsikt i dei politiske prosessane kan dei påverka gjennomføringa av bustadpolitikken og gjera det lettare og få gjennomført bustadpolitikken lokalt. Dei kan sørgja for å overføra kompetanse og gje rettleiing til kommunane på det bustadpolitiske området. Dette vil gje verksemda til Husbanken ei brei politisk forankring lokalt. Departementet meiner at denne rolla best kan førast vidare gjennom å oppretta regionale råd.

Råda vil i tillegg kunne vera viktige bindeledd ovafor samfunnet og dei ulike brukargruppene og medverka til utvikling av bustadpolitikken. Eit råd kan òg ha ei viktig rolle som rådgivar og diskusjonspartnar for regiondirektør og administrasjon ved å tilføra ekstern kompetanse og røynsle.

Dette vert støtta av ein rapport laga av Statskonsult, Rapport 2003: 20 «Vurdering av behovet for Husbankens regionstyre». Her vert det framheva at regionstyra har viktige roller som rådgivarar og diskusjonspartnarar regionalt. Kartlegginga viser at regionstyra har – og kanskje bør få ein enda viktigare rolle – som kommunikator mot kommunane. Regionstyra si rolle som døropnarar for Husbanken inn i kommunane og moglegheita for styret til å fungera som ein lyttepost, bør etter vurderinga til Statskonsult utviklast vidare. Vert regionstyra fråtekne fullmakter og avgjerdsmakt, vert dei kollegiale organ som berre har rådgivande funksjonar og bør få nemninga råd.

Departementet føreslår å setja saman råda på same måten som regionstyra vert satt saman i dag, med ei balansert geografisk og partipolitisk tilhørsle, samt krava til representasjon av begge kjønn. Sjølv om departementet ser at representantar for andre brukarar enn kommunane òg vil kunna koma med nyttige innspel, slik høyringsinstansane peikar på, bør slike innspel heller koma fram i eit større forum enn i dei regionale råda, jf. forslaget om eit sentralt råd i punkt 10 nedanfor.

Departementet meiner det vil vera riktig at det er departementet som utnemner medlemene og gjev mandat til råda. For det første vil det gje råda større tyngde, dessutan skal råda – i tillegg til å vera regionale råd – òg vera råd og talerøyr inn til dei sentrale myndigheiter, jf. punkt 10. I utgangspunktet bør det vera opp til Regjeringa å avgjerda organisering av forvaltningsorgana, og lova bør difor seia at departementet kan og ikkje skal oppnemna råda.

Til forsida