Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

16 Merknader til føresegnene

Til § 1

Paragrafen omhandlar dei oppgåvene Husbanken skal ha og som er omtala i punkt 5 ovanfor.

Første ledd fastslår at Husbanken skal fremja bustadføremål i samsvar med overordna retningsliner. Det skal vera ei vid forståing av kva som ligg i dette føremålet. I tillegg til bustadpolitikken kan dette omfatta element frå andre politikkområde, blant anna verksemda som gjeld betre kvalitet i bygg, byggjeskikk og område- og stadutvikling.

Andre ledd omhandlar verkemidla til Husbanken. For det første skal Husbanken forvalta bustønad, låne- og tilskotsordningar. «Lån» vil òg kunne omfatta byggjelån. Omgrepet «forvalta» dekkjer alle deloppgåver både før og etter at lån og støtte vert gjeve. Det kan fastsetjast forskrifter for verkemidla, jf. siste ledd. Føremålet til dei enkelte verkemidla som Husbanken forvaltar skal koma fram i forskriftene.

Husbanken skal vera eit kompetansesenter innanfor det bustadpolitiske området, ved å medverka til å utvikla og formidla kunnskap om mål, metodar og resultat.

I tredje ledd vert det gjeve heimel for å påleggja Husbanken andre oppgåver. Dette kan mellom anna vera oppgåver på andre politikkområde, til dømes som i dag å forvalta ordningar for bygging av barnehagar, omsorgsbustader, studentbustader med vidare.

Det siste leddet i paragrafen understrekar departementet sitt overordningsforhold, jf. òg § 3 og merknadene til denne paragrafen.

Til § 2

Paragrafen slår fast at lova i utgangspunktet vil gjelda for Svalbard. Departementet kan gje særlege reglar ut ifrå tilhøva på staden. For den gjeldande lova er slike reglar i forskrift av 23. juli 1976 nr. 3829.

Til § 3

Paragrafen avklarar den rettslege statusen til Husbanken og departementet sitt overordningsforhold.

Som forvaltningsorgan er Husbanken rettsleg og økonomisk ein del av staten og følgjer det sentrale regelverket for statleg verksemd. Dei nærare følgjene av at Husbanken er eit forvaltningsorgan er omhandla under punkt 7.5, ovanfor.

Overordningsforholdet gir departementet rett til å instruera Husbanken. Paragrafen fastset ingen materielle avgrensingar i instruksjonsfullmakta. Departementet skal ha heimel til å gje så vel generelle instruksar som instruksar om konkrete enkeltsaker, og instruksar om så vel sakshandsaming som innhaldet av dei vedtaka Husbanken treffer. Statsråden vil vera konstitusjonelt ansvarleg for verksemda.

Departementet sitt overordningsforhold kjem òg fram av § 1 siste ledd, sjå merknadene til denne paragrafen.

Til § 4

Første ledd i paragrafen fastset at Husbanken skal ha ein administrerande direktør, og at denne skal leia Husbanken. Administrerande direktør vert utnemnd av Kongen i statsråd. Sakshandsamingsreglane i tenestemannslova gjeld. Det følgjer av § 17 i tenestemannslova at eventuell oppseiing av direktøren òg skal skje i statsråd.

Departementet er næraste overordna til direktøren og har dei styringshøva som følgjer av arbeidsgivar sitt overordningsforhold.

I andre ledd vert det presisert at Husbanken skal ha eit hovudkontor. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett.

Tredje ledd gjev departementet avgjerdsmakt til å oppretta regionkontor og fastsetja lokalisering av desse. Vidare er det gjeve heimel for departementet til å oppnemna regionale råd for kvart regionkontor. I tillegg kan det opprettast eit sentralt råd med representantar frå dei regionale råda. Det er opp til departementet å setja saman råda og fastsetja funksjonane til råda.

Til § 5

Første ledd gir Husbanken heimel til sjølv å opptre som part i søksmål som gjeld verksemda. Dette er i samsvar med gjeldande ulovfesta praksis. Av di Husbanken no vert eit forvaltningsorgan, er det viktig at partsevna vert gjort klar i lova.

I medhald av andre leddet kan departementet likevel sjølv opptre som part i staden for Husbanken.

Til § 6

Forvaltningslova gjeld for Husbanken, og det kan klagast på enkeltvedtak til Husbanken. Dette omfattar mellom anna vedtak om tildeling, utmåling, avvising og avslag på lån eller tilskot. Det kan òg klagast i dei sakene der kommunane vidaretildelar midla frå Husbanken. Forvaltning av lån vert sett på som oppfølging av privatrettslege forhold, som fell utanfor føresegna om klage og omstøyting i forvaltningslova.

Det følgjer av forvaltningslova at departementet, som overordna organ, er klageinstans for dei enkeltvedtaka som er fatta av Husbanken. Paragrafen i husbanklova gjer at det kan fastsetjast forskrift om anna klageinstans for enkeltvedtaka. For tida vert klager på vedtak om lån og tilskot behandla av ei klagenemnd.

Det er ikkje fastsett særlege reglar om handsaming av klager på vedtak i kommunane om vidaretildeling av lån og tilskot frå Husbanken. Klagene vert handsama i kommunane etter føresegna i forvaltningslova.

Til § 7

Paragrafen om finansiering legg opp til ei vidareføring av gjeldande § 9 og praksis. Paragrafen presiserer at verksemda i Husbanken fullt ut er finansiert over statsbudsjettet. Husbanken kan ikkje ta imot lån frå andre enn statskassa og fell såleis utanfor den definisjonen av kredittinstitusjonar, som følgjer av EØS-regelverket og finansieringsverksemdlova.

Til § 8

Paragrafen omhandlar rammevilkår som gjeld for utlånsverksemda i Husbanken.

Første ledd er ei vidareføring av gjeldande rett om at dei lånevilkåra som vert tilbodne skal fastsetjast med heimel i stortingsvedtak. Dei privatrettslege forholda mellom Husbanken og låntakarar vert ikkje regulerte direkte av føresegna, men vil koma fram i låneavtalar med vidare.

Andre ledd gjev departementet heimel til å fastsetja meir detaljerte lånevilkår og å fastsetja reglar om gebyr.

Tredje ledd er ei vidareføring av gjeldande rett, som gjev Husbanken høve til å gje debitor utsetjingar med betaling. Husbanken kan òg delta i gjeldsforhandlingar. Dette gjeld både rettslege og utan­omrettslege gjeldsforhandlingar.

Til § 9

Paragrafen er ei vidareføring av føresegner i gjeldande §§ 14 og 19. Stortinget gjev i lova Husbanken ein eigen heimel til å ettergje statlege krav slik «Bestemmelser om økonomistyring i staten», fastset 12. desember 2003, legg opp til. Det er ikkje meint å endra dei materielle vilkåra for å ettergje dei økonomiske krava. Ifølgje gjeldande rett skal det framleis vera eit vilkår at debitor manglar evne til å betala, og at kravet til Husbanken overstig verdien av pantet, slik at kravet må seiast å vera tapt.

Eit krav kan òg ettergjevast dersom kostnadene ved innkrevjing overstig forventa innbetaling. Husbanken skal elles følgja dei sentrale statlege reglane på dette området. Også krav om tilbakebetaling av bustønad vert omfatta av paragrafen.

Til § 10

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande § 16 og medfører ikkje endringar i gjeldande rett. Føresegnene er omsatt til nynorsk, og det er gjort ei rettsteknisk gjennomgang.

Til § 11

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande § 17 og medfører ikkje endringar i gjeldande rett. Føresegnene er omsatt til nynorsk, og det er gjort ei rettsteknisk gjennomgang.

Til § 12

Paragrafen er ei vidareføring av gjeldande § 18 og medfører ikkje endringar i gjeldande rett. Føresegnene er omsatt til nynorsk, og det er gjort ei rettsteknisk gjennomgang.

Til § 13

Paragrafen omhandlar ikraftsetjing av lova og verknadene for forskrifter som gjeld på tidspunktet for ikraftsetjing.

Til forsida