Ot.prp. nr. 6 (2008-2009)

Lov om Husbanken

Til innhaldsliste

15 Økonomiske og administrative forhold

Lovforslaget legg ikkje opp til materielle endringar i verkemidla. Dei økonomiske rammene til Husbanken, medrekna rammer for lån, tilskot og anna støtte, vert omtala i St.prp. nr. 1 og vert vedtekne av Stortinget i dei årlege budsjetta.

Overgang frå regionstyre til regionale råd vil ikkje få økonomiske følgjer. Avviklinga av hovudstyre i Husbanken vil kunna redusera dei administrative ugiftene. Noko av denne reduksjonen vert veid opp ved utgifter i samanheng med at medlemene i dei regionale råda vert samla i eit sentralt råd to gonger i året.

Ei lovendring som inneber at fonda skal bestå, men at husbanklova ikkje skal omhandla dette, vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

Til forsida