Ot.prp. nr. 77 (2005-2006)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

9 Skattefritak for Verdipapirforetakenes sikringsfond

9.1 Innleiing

Med verknad frå 1. januar 2006 skal det skipast eit sikringsfond for verdipapirforetak. Fondet er nærmare regulert i forskrift av 22. desember 2005 nr. 1672. Departementet legg fram forslag om at fondet skal vere fritatt frå skatt på inntekt og formue, slik mellom anna Bankenes sikringsfond er.

9.2 Bakgrunn

Sikringsfondet for verdipapirføretaka vert skipa for å gje dekning for krav som følgje av medlemmene sin handsaming av middel og finansielle instrument til kundar i dei tilfella medlemmene ikkje har økonomisk evne til å dekke desse krava sjølve. Fondet skal hindre at kundane vert påført tap som følgje av dette. Skipinga av fondet er såleis eit sikringstiltak på linje med Bankenes sikringsfond som vart skipa med verknad frå 1. januar 1997.

Det er vedteke at fondet skal ha ein samla ansvarleg kapital på 50 millionar norske kroner. Kapitalen skal komme frå midlar betalt av medlemmene og avkastinga av desse midla. Oppbygginga skal skje gradvis gjennom ei årleg avgift.

9.3 Departementet sine vurderingar og forslag

9.3.1 Frådrag for beløp betalt til fondet

Etter skattelova § 6-1 kan skattytar trekke frå kostnadar som han har hatt til å erverve, vedlikehalde eller sikre skattepliktig inntekt.

Etter verdipapirhandellova § 8-13 pliktar verdipapirføretak å vere medlem av Verdipapirforetakenes sikringsfond. Avgifta til sikringsfondet er såleis ei lovbestemt utgift knytta til erverv av skattepliktig inntekt. Etter departementet si oppfatning kan utgifta difor trekkast frå i inntekta med heimel i skattelova § 6-1. Det er då ikkje naudsynt med ei ny lovendring for å etablere slik frådragsrett for verdipapirføretaka.

9.3.2 Skattefritak for Verdipapirforetakenes sikringsfond

I skattelova § 2-30 første ledd bokstav k er visse sikringsfond gitt fritak frå plikta til å svare skatt av inntekt og formue. Dette gjeld mellom anna Bankenes sikringsfond, jf. skattelova § 2-30 første ledd bokstav k nr. 1.

Verdipapirforetakenes sikringsfond vert skipa for å hindre at kundane vert påført tap i dei tilfella medlemmene ikkje har økonomisk evne til å dekke ansvar for erstatning som medlemmene har pådratt seg under utøving av verksemda. Fondet skal ikkje sjølv drive næringsverksemd, men det skal innrettast som eit eige rettssubjekt, og ingen av medlemmene vil ha eigedomsrett til nokon del av fondet, jf. § 3 i forskrifta. Skattefritak for fondet vil innebere at avkastinga av midla til fondet ikkje vert skattlagt på fondet si hand.

Departementet meiner at dei ulike sikringsfonda bør handsamast likt. Også Verdipapirforetakenes sikringsfond bør vere fritatt frå skatteplikt for inntekt og formue. Departementet legg med dette fram forslag om å endre skattelova § 2-30 første ledd bokstav k slik at Verdipapirforetakenes sikringsfond vert inntatt som nytt nr. 2 i føresegna.

9.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet legg til grunn at dei økonomiske konsekvensane av forslaget er små, og at det same vil gjelde dei administrative konsekvensane.

9.5 Når endringane tek til å gjelde

Departementet legg fram forslag om at endringane tek til å gjelde med verknad frå 1. januar 2006.

Til forsida